Fyresdal Ungdomsklubb og Dalen Ungdomsklubb Inviterer deg til årets SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER 2015 Påmeldingsfrist 11. september 2015. Kven kan delta? Alle frå 8. klasse til 18 år. Kva er Seek and Find? Seek and Find er ein gjømsleleik som går føre seg på eit avgrensa skogsområde. Du går saman med nokre andre og dannar eit lag. Laget består av minimum fire personar. Laget ditt lagar en leir/base i skogen. Godt synleg i leiren henger de opp eit kort med eit kodeord. Spelet går ut på å finne og skrive ned så mange andre leirkodar som mogleg, og at så få som mogleg finn dykkar leirkode. Det er ingen som blir slått ut av spelet alle er med til siste slutt. Påmelding
Gå saman i lag og fyll ut ein laglapp pr. deltakar. Få underskrift frå føresette, og lever alt samla til oss. Det kostar kr. 50,- å delta (påmeldinga er bindande). Pengane må du levere saman med tillatelse frå føresette og laglappene. Oppmøte Laget møter opp ved Stykkjevika kl. 18.00, laurdag 19. september. Her blir det innsjekking og utdeling av konvolutt med info. Sjølve spelet startar kl. 22.00. Alle må vere i eigen base til sjølve spelet startar kl. 22.00. Spelet avsluttas ved at laget går samla til Hovudbasen og melder seg ut mellom kl. 08.00 og 09.00 sundag morgon. Premier Det er premiar i fleire kategoriar, blant anna beste lag og finaste leir. Premieutdeling vil foregå nokre veker etter arrangementet. Nærare informasjon kjem seinare. Utstyr Tak med mat, drikke og snacks (gjerne også varm drikke.) Ha med deg varme klede, gode vanntette sko, sovepose og liggeunderlag. Husk at veret kan vi ikkje gjere noe med, desverre! Laget bør ha med seg eit telt, eller en presenning og litt tau. Minst to lommelykter med gode batteri er til hjelp i mørket. Minimum to på laget må ha med fullada mobiltelefon. Telefonen MÅ alltid vere skrudd på! På hovudbasen vil det alltid være vaksne til stades og der kan ein grille medbrakt mat. Reglar - Det er ikkje lov å kutte tre/greiner for å bygge leiren. Bruk det som ligg på bakken i skogen. Vidare er det bare tau/hyssing som kan brukast i bygginga av leiren. - Kodekortet skal vere synleg i leiren til einkvar tid. - Bruk av eingangsgrill eller bål er ikkje tillete. - Bandet de får ved innsjekking skal være på under heile arrangementet. - Gå alltid samla. Dette er viktig for din eigen sikkerhet. - Ta vare på kvarandre, og meld ifrå til dei vaksne om de treng hjelp. - Under arrangementet er det forbode å bruke alkohol eller andre rusmidlar. Det er ikkje lov å drikke, oppbevare eller være i nærleiken av nokon som har alkohol eller andre rusmidlar. Føresette vil øyeblikkelig bli varsla og bedt om å hente personen heim ved regelbrudd. INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE
VELKOMMEN TIL SEEK AND FIND 19. SEPTEMBER 2015 Kort om spelet Enkelt fortalt er det ein gjømsleleik som går føre seg ei heil natt i eit avgrensa skogområde. Deltakarane melder seg på i lag. Ved frammøte kl. 18.00 får laga utlevert ein konvolutt med nødvendig info. Deretter finner dei ein egna plass og etablerer ein base. Spelet startar klokka 22.00. Alle må opphalde seg i eigen base til sjølve spelet startar kl. 22.00. Kodekortet hengest då opp i basen på ein godt synleg stad. Spelet går ut på å finne og skrive ned så mange andre leirkodar som mogleg, og at så få som mogleg finn dykkar leirkode. Sjølve spelet varar frem til sundags morgon klokka 06.00 (da kan kodekortet tas ned i leiren). Utsjekking skjer på hovudbasen mellom kl. 07.00 og 08.00. Det er ingen som blir slått ut av spelet alle er med til siste slutt. Utstyr som er viktig å ha med seg denne natta er telt eller presenning og tau, ei lommelykt med gode batteri, ekstra batteri, sovepose, liggeunderlag, varme klede, regntøy, vanntette sko, mat og drikke. Seek and Find arrangeras for ungdommar frå 8. klasse til 18 år. Seek and Find - eit rusfritt arrangement Vi ønskjer å understreke at dette er eit rusfritt arrangement, og at vi legg ned mykje arbeid for å halde det rusfritt, også den natta det blir gjennomført. Vi tek umiddelbart kontakt med føresette som må komme og hente den som har brote reglane. Det er derfor viktig at alle påmeldingsskjema inneheld eit telefonnummer der vi får tak i føresette eller andre vaksne som kan hente den aktuelle kvelden. Det same telefonnummeret er viktig for oss dersom ein av deltakarane ikkje møter til innsjekking/utsjekking. Da tek vi også kontakt. For å ivareta sikkerheten har vi inngått ei avtale med Røde Kors som vil være til stades under heile arrangementet. Kven arrangerer? Fyresdal ungdomsklubb har ansvaret for å arrangere Seek and Find. For å gjennomføre eit så stort arrangement er vi midlertidig avhengige av hjelp frå foreldre. Vi treng hjelp av føresatte til: Hjelpe til i starten, for dei som treng litt hjelp på basen sin. De får utdelt kart. Området er veldig greitt avgrensa. Gå rundt i skogen kveld, natt og morgon. Være til hjelp for ungdommane. Vere tilgjengelege for ungdommane. Hjelpe til å vekke ungdommane som søv, slik at dei rekk å rydde og sjekke ut mellom kl. 08.00 og 09.00. Hjelpe til å rydde i skogen.
Kor skjer det? Spelet går føre seg i skogsområdet i Stykkjevika. Hovudbasen blir på utescenen. Tidspunkt og gjennomføring Kl. 17.30: Oppmøte ved klubben for føresette. Informasjon og utdeling av kart. Kl. 18.00: Ungdommane blir sjekke inn og sendt ut i skogen. Vi hjelper dei ut i skogen, dannar baser, slår opp telt og passar på at dei har det bra. Vi er også oppmerksame på at det ikkje dannar seg soner kor mange leirar ligg tett saman. Kl. 22.00: Spelet byrjar. Kl. 07.30: Vekking av leirar som søv. Vi ser til at nedrigging og rydding av basane og området rundt blir gjort. Ungdommane blir minna om at dei må sjekke ut på hovudbasen og levere søppelsekkar. Kl. 08.00-09.00: Utsjekking. Spelet er slutt. Takk for nå! Anna Dersom barnet ditt har sjukdom/allergi eller det er andre forhold de meiner det er viktig at vi veit om, så ta kontakt med oss før arrangementet. For ytterlegare informasjon, ta gjerne kontakt med: Svein Slyngstad, mob: 992 25 709, e-post: svein.slyngstad@fyresdal.kommune.no Tor Øystein Gravdal, mob: 975 39 809, e-post: tor.oystein.gravdal@tokke.kommune.no
SEEK AND FIND 19.09.15 LAGPÅMELDING (min. 4, maks. 6 pers.) Klubb: Lagnamn: Lagleiar: SKRIV TYDELEG BRUK BLOKKBOKSTAVAR! 1 2 3 4 5 6 FULLT NAMN MOBILNUMMER KLASSE Lurar du på noko, kan spørsmål rettas til: Svein Slyngstad, mob: 992 25 709, e-post: svein.slyngstad@fyresdal.kommune.no Tor Øystein Gravdal, mob: 975 39 809, e-post: tor.oystein.gravdal@tokke.kommune.no
NB! VENNLIGST FYLL UT ALLE FELT! Ja, gis tillatelse til å delta på årets Seek and find. ELEVENS NAMN OG KLASSE Eg/vi, bekreftar å ha gjort meg/oss kjent med FØRESETTES NAMN informasjonsskriv til føresette. For evt. kontakt i forkant av arrangementet, treffes eg/vi på tlf.: For evt. kontakt under arrangementet, treffes eg/vi på tlf: (Vi må på dette nummeret treffe en voksen som kan hente ved evt. skade eller regelbrot.) Vi er opptatt av ungdommens tryggleik. Derfor er vi avhengig av hjelp frå føresette. Eg/vi stiller sjølvsagt opp som hjelp/vakt under arrangementet, slik at ungdommen min kan få ei fin natt ute i skogen. Ja Nei Om Ja, venlegast fyll ut: 17.30-24.00 00.00-06.00 06.00-10.00 Namn: E-post: Mobiltelefon: Evt. annan informasjon: Føresettes underskrift: