STRYN 19-20 SEPTEMBER. Opningstider Fredag: 20 02 Laurdag: 13-02



Like dokumenter
Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

MEDLEMSINFO. august 2009

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Plassebakken Barnehage

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

mmm...med SMAK på timeplanen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Brukarrettleiing E-post lesar

Velkommen til songarstemne i Florø!

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

FANTASTISK FORTELJING

Stemnehandboka for NKSF

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

INFORMASJON om førestellinga:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Kva kompetanse treng bonden i 2014?


Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Bruk av driftsmidlar Frifond

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009


BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Bitraf Resultatregnskap0per


Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

«Ny Giv» med gjetarhund

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Månedsbrev april 2015

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Referat frå MINTA møte

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Søknadsinfo:

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

I N N H O L D. Forord

Transkript:

STRYN Opningstider Fredag: 20 02 Laurdag: 13-02 Aaslandbros Polkabjørn og Kleine Heine Oslo Blåseorkester Kokken Tor Musikklag Husbandet Merkesteinane 090035 380010 7 www.oktoberfeststryn.now w.ok

2 STRYN Velkomen til bartefest! Du er no den lukkelege ihendehavar av den aller første oktoberfestavisa. Avisa byr på nokre smaksprøvar på det du kan oppleve under årets arrangement. Her kan du mellom anna lese om banda som spelar i teltet, om oktoberfest som fenomen, om ølbrygging og bart. Ikkje minst kan du her få tips til kvar du kan skaffe deg årets oktoberfestantrekk både for damer og herrer. Årets oktoberfest i byr på ei velprøvd blanding av god musikk, god mat og spretne nordfjordingar iført bondepikedrakter, skinnbukser og tvilsom ansiktsbehåring. Har du ikkje byrja å spare til bart enno, er du lovleg seint ute. Men ikkje for seint! Det er mykje betre med nokre sjenerte pubertetsfjon på overleppa enn ingenting. God oktoberfest! Meir info sjå www.oktoberfeststryn.no For billettar sjå: www.billettluka.no Ivar John Erdal redaktør Årets høgdepunkt! Til fjorårets oktoberfest stilte Sven Flo, den ellers så glattbarberte ordføraren i, med fyldig heilskjegg som vart trimma til ein spenstig bart under direktesending på NRK. Dermed var stilen under den tradisjonsrike paraden sikra. Og det er ikkje tvil om at ordføraren gledar seg til årets fest. Eg skal vere med i år også, det er eitt av årets høgdepunkt, seier Sven Flo. For meg betyr oktoberfesten at har eit flott arrangement i litt roleg periode etter turistsesongen, og festen skapar stort engasjement i bygda. Eg er stolt over at oktoberfesten blir arrangert i, og er imponert over kva Ping Pong-klubben får til på rein og skjær dugnad. Flo tykkjer det er viktig at oktoberfesten er eit uformelt arrangement. Eg likar at ein ikkje treng å ta seg sjølv så høgtideleg. Vi får ei anledning til å kle av oss det skalet vi har på til dagleg, og ta på oss kostyme som bryt ned grenser. Eg trur det er sunt for alle å ta ein pause frå kvardagen og løsne litt på snippen. Ordføraren vil spesielt ynskje tilreisande både frå nær og fjern velkomne. Når eg høyrer at det kjem tilreisande frå heile landet, mellom anna ein eigen oktoberfestbuss frå Oslo, seier det litt om at folk syns dette er spennande. Eg vil gjerne ønske alle hjarteleg velkomne til og ei fantastisk oppleving! Ordførar Sven Flo: Ordføraren vil spesielt ynskje tilreisande både frå nær STRYN Hovudredaktør: Ivar John Erdal Nyhenderedaktør: Geir Tonning Kulturredaktør: Olav Næss Sportsredaktør: Thomas Thaule Fotografar: Ole Eltvik, Gunnhild Sindre, Jørn Sønsterudbråten, Roy-Aron Myklebust, Benny Hammer, Torstein Breivik, Henning Dispen, Geir Tonning, Arne Vik, Fjordingen og NRK. Kardinal: Kim Rune Flo Konsul: Kåre Tonning Nokre av dugnadskarane i Ping Pong Club: Frå venstre: Åge Rustøen, Benny Hammer og Ole Jakob Osvold. Dugnadsgjeng SPPC har ca. 60 aktive medlemmar, og med ein festival som krev over 1500 dugnadstimar, både med møtetid, førebuing, logistikk, maskinkøyring, samkøyring og hard fysisk arbeid, er det viktig å ha både godt organisert arbeidsstab, gode planar og godt humør. Her er tre som har vore sentrale organisatorar med rigging av festivalområdet siste åra, og som verkeleg har levert varene. I tillegg har ein fleire store apparat i sving for underhaldning, marknadsføring, økonomi, booking, mat, logistikk, gjennomføring, klessal, servering, vakthald, førstehjelp, avis og mykje mykje meir. Klubben ønskjer å takke: Arbeidsgjevarar, lokalt næringsliv, innbyggjarar, kommunen, og ikkje minst familiane for støtte, tolmod og samarbeid. Fest også for borna Ping-Pong Club ynskjer at heile familien skal ha glede av oktoberfest i. Vi vil derfor ha fleire familievennlege aktivitetar på dagtid laurdag. Mellom anna parade gjennom gatene kl. 12.30, med hestefølgje og ompamusikk. Etterpå blir det gratis barne-show frå scena i «lisjeteltet». Her blir det også mogleg for dei unge sjeler å få prøvesmake oktoberfestpølse. Ute blir det barneaktivitetar frå ca. 13.30 til kl. 15. Her vil det vere anledning til å få vere med på barnesumobryting, bygging med kjempelego og riding i hestevogn. Deskleiar: Henning Frode Dispen Layout og trykk: Fjordingen Leik og moro: Her frå eit tidlegare arrangement til barneunderhaldar Roger Skar. Vi oppmodar også foreldre som skal på festen om kvelden å anten nyte leskedrikk på ein slik måte at borna knapt merkar at ein har vore ute neste morgon, eller å skaffe seg barnevakt også påfølgjande dag. Vi ynskjer store og små ei fornøyeleg helg! Gesundtheit!

STRYN 3 Oktoberfestkardinal Kim Rune Flo har ordet Kardinal Flo: Medlemmane i SPPC er klare og ønskjer velkomen til Oktoberfest! r og fjern velkomne til. Bürgermeister Fru Tonning Oktoberfesten i er eit fantastisk arrangement, seier Bürgermeisteren entusiastisk. Ho er ikkje meir beskjeden enn at ho utnemner Sommarglade og karnevalet på byrjinga av 80-talet til ein mogeleg arnestad for vår oktoberfest. Det kan nok vere mykje sant i det, for mange av arrangørane bak oktoberfesten er avkom av dei som var sentrale i Sommarglade. Anne Margrethe Tonning fortel entusiastisk frå fjorårets fest, om den unge karen som sat blyg og såg ned i bordet inne i oktoberfestteltet. Han gjekk ut, og då han kom inn igjen hadde han fått på seg ein grøn tyrolerhatt. Berre den hatten forandra heile karen. Borte var den blyge, og ved bordet sto det no ein smilande, gjøglande og sjølvsikker kar. Den ekte gleda og det at fleire generasjonar har det kjekt i lag er faktorar Bürgermeisteren trekkjer fram. Dessutan er paradar og opptog alltid kjekt, seier ho. Fru Tonning held fram med å skryte av all den gode underhaldninga frå scena i teltet, og legg ikkje skjul på at ho har stor sans for Husbandet med kapellmeister Svidal i spissen. Avslutningsvis kan vi konstatere at Bürgermeisteren ser fram til årets oktoberfest med spenning og glede. Og i år har eg ikkje seinvakt på sjukeheimen! Etter at ein del nøkkelpersonar ynskte seg eit pauseår, fekk eg det ærefulle oppdraget med å leie Oktoberfest frå ide til opning. Oktoberfesten er som kvart år godt organisert med eigne ansvarsområder for kvar komité. Vi kan nemne at vi har eigen økonomiansvarleg, sikkerheitsansvarleg, underhaldningsansvarleg, arrangement / gjennomføringsansvarleg, matansvarleg, bookingansvarleg, marknadsansvarleg, og nytt av året; eiga avis. Totalt er det eit 60-talls personar som er sorterte under dei ulike områda. Alle desse, i klubben SPPC, jobbar på dugnad, og utan tvil er det dugnadsånda som er suksessfaktor nummer ein, for at vi i det heile kan gjennomføre oktoberfest i. Eit ekte dugnadsgilde med andre ord Det heile starta på det tradisjonelle årsmøtet i desember, der det med eit godt forankra vedtak vart bestemt at vi og i lyt arrangere Oktoberfest! Vi tok til på oppgåvene tidleg i januar, med planlegging mellom dei ulike komiteane. Stikkord; godt oppmøte og stort pågangsmot. Februar kom og det var dags for nytt møte der vi fekk oversikt på dei ulike prosjekta. Vi bestemte oss då for å ha møte kvar månad, dette for so å sikre ei god framdrift mot hausten. Mai var ein milepæl; den formelle søknaden til kommune og politi om å arrangere oktoberfest vart sendt! Juni kom snøgt på, og vi såg no at det drog seg til. Søknaden vart sjølvsagt godkjent, og gleda var stor då vi såg og høyrde at bestilling av overnatting allereie var starta. Vi samla oss i juli før ferien starta, og nye idear poppa opp, mellom anna ølbryggingskonkurranse! Med dette tok dei fleste ferie, vel vetande om at hausten verkeleg er noko å glede seg til. Oktoberfesten : Bürgermeister Anne Margrethe Tonning ser fram til årets oktoberfest med spenning og glede. August og snart september, no ser vi at det er nær, samtidig som det er eit lite vakuum, før ein kan setje i gang med rigginga andre veka i september, og gjestane kan valfarte til. På First Friday august såg ein klart at sommarferien har gjort godt for medlemmane i SPPC, dei blesma over av entusiasme og spenning. Vi er klare til Oktoberfest!! Eg, Kardinal Flo, ønskjer med dette dykk alle hjarteleg velkomne til og Oktoberfest! Vel møtt!

4 STRYN Ti år sidan stiiftinga av SPPC: Møte i oktober 2004 på Hotel. Kvifor Oktoberfest? Tradisjonen har sitt opphav i München i 1810. Men det var dog ikkje heilt slik som vi kjenner det i dag, då den fyrste Oktoberfesten rett og slett var eit godt gammaldags hesteveddeløp. No kan det nok vere at nokre av den gamle garde memorerar tilbake til islagt Svingesetvatn, Oldevatn, Honndalsvatn og andre eigna stader ein kunne drage fram hesten, køyre om kapp i ull og vadmålsklede, medan sterk drikke måtte halde varmen i dei delane av kroppen som var for dårleg isolerte. Gjerne leskerestar frå haustens grendakveld eller romjulsfest. Ein har ikkje meir moro enn det ein lager sjølv, med mindre ein er viljug til å kjøpe billett. Og det var nettopp aktivitetar og drikking av denne typen som fann stad, men då med litt meir pomp og prakt enn ein fann lokalt tidleg på det 19. århundre, det fyrste arrangementet var nemleg ein del av bayerske kong Ludwig 1. og kona Therese sin bryllaupsfest. Folket likte avkoplinga med hesteveddeløp og fest etter ei elles grå og travel haustingstid. Ja, dei likte det så godt at det altså vart tradisjon, då kombinert med landbruksmarknad. Ein tradisjon som så utvikla seg gjennom årlege arrangement til det vi kjenne som Oktoberfest i dag. Og med industriell revolusjon og auka levestandard har også fokuset skifta meir og meir, bort frå veddeløp og haustmarknad, og over til ei tilstelling med hovudvekt på øldrikking, festivitas, mat, musikk, klede og underhaldning. Det fyrste hesteveddeløpet varte berre i ein dag, då både folk og hestar hadde andre oppgåver som stod på vent. Men etter som åra gjekk forsvann hesten ut av både landbruk, transport og festen, og då det ikkje var nokon som måtte følgje dyra heim, forsvann også eit tidleg oppbrot. Gjennom tidens gang varte den originale Oktoberfest lengre og lengre, inntil den nådde ei varighet på 16 dagar, slik som den gjer i dag. Det er tross alt begrensa kor lenge ein kan klare å halde seg på beina, uansett livvidde. Då det har vist seg å kunne bli kaldt i Bayern i midten av oktober, har ein funne det fornuftig å starte Oktoberfesten noko tidlegare, vanlegvis helga før fjerde veka i september. Så då veit du det, om nokon skulle byrje å kverulere på namnet. Hovudgrunnen til at det er øl som har blitt så populært fest- og tystedrikk, er at kvaliteten på drikkevatnet i dei mest folkerike områda av Europa rett og slett har vore ei stor utfordring sidan bydanningane byrja. Den dårlege kvaliteten på drikkevatnet har mest sannsynleg vore årsak til ei rekke tilfelle av pest og kolera opp gjennom åra. Så då drakk folk i München heller øl, då dette var mykje tryggare å drikke, sidan dei fleste bakteriar vart drepne under bryggeprosessen. Den vanligaste drikk å bestille på Oktoberfest er «eine Maß Bier.» «Mass» betyr at du vil få ein liter øl. «Mass» tyder «mål» eller «eining» på tysk. Ein halv liter øl kallar ein for ein «Halbe», eller «Hoibe» på bayersk. Ølet vert stort sett produsert av lokale ølbryggeri, og serveringa finn stad i fleire stortelt, nokre av dei største kan huse opp mot 10000 besøkande. I fjor, i 2013, var der over 6 millionar besøkande på Oktoberfesten i München, og det vart servert over 6 millionar liter med øl. Dei siste åra har Oktoberfest som fenomen spreidd seg til nordlegare breddegrader, og ein av Skandinavias største oktoberfestar finn du i nettopp. Historia ba 10 års jubileum for Ping Pong Club i : Konsul Kåre Tonning gle

STRYN 5 Svalbard: SPPC på oktoberfest på Svalbard. München: SPPC på oktoberfest i Tyskland. ak Oktoberfest i edar seg over at heile året er eit jubileumsår. Konsul Kåre Tonning, har ordet: Ping Pong Club est. 2004. Som den observante lesar oppdagar, feirar altså SPPC 10 års jubileum i år. Dette vart feira på medlemsmøtet i april, men heile året er eit jubileumsår, vi får stadig nye medlemmar og har høgt oppmøte på First Friday, våre faste medlemsmøter fyrste fredag i kvar månad. Det heile starta i eit middagselskap. Jørn Peder var akkurat flytta heim til. Arve Aaning og underteikna hadde gjort heimreise nokre år tidlegare. Diskusjonen rundt bordet gjekk i det å bu i by kontra å bu på landet. Då kom det frå Jørn: Vi burde laga ein klubb, slik at vi har ein legitim grunn til å treffast ein gong i månaden.» Vi tykte dette var ein genial idè, drodla litt på det, men skifta etter kvart samtaleemne. Men Aaningen gløymde aldri desse orda. Nokre veker seinare hadde han kontakta, då dansegalla-/ discogeneral, Jan Egil Flo, som disponerte lokale nede på Hotell. Invitasjonen kom på SMS: Velkomen på BånnSki for uhøgtidleg ping-pong tevling med noko attåt» Dette var fyrste fredag i april 2004. Underteikna laga til og med ein «tulle»-reportasje til Fjordingen, der Arve Aaning vart fronta som leiar. Ping Pong Club, SPPC, var skipa. Etter nesten to år med «drift» hadde vi vårt første årsmøte, med formelle val, årsmøtesaker og vår alles favoritt; YMSE. På årsmøta våre, alltid helde på 5. juledag, freistar vi å bestemme kva klubben skal drive med i året som kjem. Og sjølvsagt oppsummerar vi året som var. Før vår første klubbtur i 2007, skulle vi på eit medlemsmøte bli einige om kvar turen skulle gå. «Formannjen», Aaning, var diverre ikkje tilstades på dette møtet, og tilstanden var derfor tilnærma kaotisk. Dette også til tross for at vi hadde fått vår eigen lovmann i 2005, Endre Bø. Det var nemleg 25 ulike karar og 25 ulike reisemål, ingen ville gje seg. Noko måtte gjerast. Underteikna og Torstein Breivik kuppa møtet på ein snedig måte. Vi hevda at Torstein hadde vore i kontakt med eit reisebyrå og at det var ca. 30 plassar ledig på eit fly til München under Oktoberfest. Men ville vi ha desse måtte dei ha beskjed dagen etter. Plutseleg var alle einige, øl og hornmusikk og.. Ja, det er noko vi tykkjer svært om. Dermed var 26 stryningar på flyet til Munchen få månader seinare, med Torstein Breivik som turleiar. Visst hadde vi lest om Oktoberfest, men du verden! Ingen ting kunne ha førebudd oss på det vi møtte på Wiesn i Munchen. Men allereie etter første øla var det bestemt at dette skulle vi arrangere i også! Det starta forsiktig, i 2008, med 3-400 gjester i boblejakker i eit revytelt ved sidan av Base Camp. Men år for år, vart vi betre og tryggare på kva vi ville ha, og ikkje minst, publikum sette pris på det vi lagde til, og storkosa seg. Ja, vi har til og med vore til Svalbard, med Husbandet og full pakke, for å lære dei korleis ein skal lage ein skikkeleg fest. I 2010, mitt fyrste regjeringsår, fekk SPPC Miljøprisen i, for framifrå miljøskaping i bygda, gjennom våre revyar, festar, dugnad, innsamlingar og aktivitetar. Dette sette medlemmane stor pris på, og kreativiteten, dugnadsviljen og godstemninga når fortsatt stadig nye høgder. Det er derfor eg i dag kan seie: Hjarteleg velkomen til Noregs største og mest autentiske Oktoberfest! Prost!

6 STRYN Frøken Oktoberfest og Beste Bart Beste Bart og Frøken Oktoberfest 2013: Bartevinnaren frå 2013, Arve Fjellkårstad, nominerer 10 flotte damer til Frøken Oktoberfest. Frøken Oktoberfest 2013, Drude Aarnes Søgaard, nominererer dei 10 flottaste bartane. Bart og skjegg var høgaste mote i Tyskland i 1810. Som kronprins Ludwig bestemte alle Ping-Pongarane seg for å spare til bart det første året dei arrangerte Oktoberfest. Dette har utvikla seg kvart år, og i desse dagar går fleire hundre mann i Nordfjord rundt og sparar til årets Oktoberfestbart. Damene på Oktoberfest kler seg i tradisjonelle Dirndl damedrakta frå alpane som best kan samanliknast med ein kort og lett variant av den norske bunaden. Under Oktoberfest kårast alltid Beste Bart og Frøken Oktoberfest laurdag kveld. Bartevinnaren frå 2013-Arve Fjellkårstad- nominerer 10 flotte damer til Frøken Oktoberfest. Frøken Oktoberfest 2013 Drude Aarnes Søgaard- nominererer dei 10 flottaste bartane. Alle nominerte får ein flott medalje. Vinnarane får i tillegg eit flott krus, heider og ære, og biletet sitt i lokalavisa Fjordingen. Prost - Der Gemûtlichkeit!! Miljø i fokus I likheit med andre festivalar rundt i landet har Oktoberfest fokus på miljø. Oktoberfestshopen satsar i år på ei eiga avdeling med second hand-kle. Det er i år seks år sidan vi selde våre første oktoberfestkle i. Vi veit at mange har liggande både kjolar og drakter frå tidlegare år. Vi tilbyr oss å kjøpe dine gamle klesplagg og selje desse ut for ein billeg penge. I tillegg til fokus på gjenbruk kan du og bidra til at alle som ynskjer å kjøpe kle til festivalen har sjansen til dette. Kleda som vert kjøpt skal vere reine og heile og i generell god stand. Vi ser fram til ein god handel og ein kjekk prat på Oktoberfestshopen i vekene før Oktoberfesten. Oktoberfestshopen Ein av suksessfaktorane til Oktoberfesten i er at publikum tek på seg lederhoosen, drindl og andre kle inspirert av den ekte festen i München. Mange er kreative og lager sine eigne antrekk av det dei finn heime eller kan låne av andre. Om du manglar kreativitet, utstyr og tid, eller alt i hop, vil SPPC gjenta suksessen med Oktoberfestshop frå byrjinga av september. Eigen butikk i sentrum Grunna dei massive ordremassane har Oktoberfestshopen flytta til større lokaler i Perhusvegen 27 i sentrum, også kjent som gamle Fryd, rett ved sidan av Øvreberg. Butikken vil vere open kvar torsdag, fredag og laurdag fram til Oktoberfesten. Under sjølve festivalen vert varene flytta inn på festivalområdet. Vi vil også i år kunne tilby kle i fleire prisklassar. Vi gjer til ei kvar tid vårt yttarste for å kunne tilfredsstille kundane våre, og prøver å gjere vårt varesortiment betre for kvart år som går. Utvidar damekolleksjonen Etter fjorårets suksess med ekte lederhosen for menn, blir også damekolleksjonen i år utvida med ekte lederhosen og dirndl. Til desse kan vi også tilby toppar, trøyer og underskjørt. Våre populære halssmykker er også tilbake i år etter at dei fauk ut av butikken ein knapp time etter opningstid i fjor. Vi vonar damene set pris på desse varene og ser seg synet med å kome innom vår butikk for å sjå på årets kolleksjon. I tillegg til lederhosen og dirndl fører vi også eit vidt sortiment av strømper, hattar, bukseselar, skjorter og zubehör for både kvinner og menn. Endre Bø tilbyr flott kle i oktoberfestshopen: Skal det vere ein flott drindl?

STRYN 7 Dei er der for deg! Oktoberfesten tek vakthald på alvor. I takt med at oktoberfesten har blitt større og større vil det i år vere fleire vakter enn tidlegare på bartefesten. Eit tett samarbeid mellom vakter og politi er heilt nødvendig. Oktoberfestavisa har snakka med både lensmann Inger Lill Lanes og vaktsjef Terje Mundal, og begge er einige i at eit trygt og godt vakthald er nødvendig på eit arrangement av denne storleiken. Politiet har gode erfaringar og samarbeider godt med vaktstyrken på oktoberfesten, og vi har fleire møter i forkant. Vi snakkar bl.a. om kvar vi skal legge «lista». Vi diskuterer sikkerheita og ulike problemstillingar når det gjeld paraden på laurdag til dømes. Dette seier lensmann Inger Lill Lanes. Politiet kjem til å stille rikeleg med folk denne helga, mellom anna fire innleigde politifolk i tillegg til ordinær styrke, og med ein UP-patrulje i bakhand. For oss er det viktig å vere synleg til stades under arrangementet, men så lenge folk er i godt humør og stemninga er god vil ikkje politiet vere nokon festbrems, fortel lensmannen. Arrangøren har også eigne møter angåande vakthaldet. Vi er godt førebudde på innrykket av publikum, seier Oktoberfesten sin eigen vaktsjef, Terje Mundal. Gode erfaringar frå oktoberfesten: Politiet har gode erfaringar og vil ikkje vere nokon festbrems. Oslo Blaaseorkester Oslo Blaaseorkester: Kven av vokalistane våre som har høve til å vere med til er enno ikkje avklart, men uansett kven det blir så skal det nok garantert bli livleg frå den kanten, seier talsmann Smerud. Oslo Blaaseorkester, med mellom anna stryningen Nils Are Karstad Lysø i rekkene, kjem også i år for å spele på oktoberfesten. Oslo Blaaseorkester kjem til med ei besetning som tel 10 musikantar. Vi koste oss så mykje i fjor at det var berre å takke ja då vi fekk spørsmål om å stille på i år og, seier talsmann Dag Henning Smerud på telefonen frå hovudstaden. Vidare fortel han at dei ser verkeleg fram til ein ny oktoberfest, og dei gler seg til å spele i sirkusteltet. Vi har spelt på mang ein oktoberfest rundt omkring, men tilstellinga i er nok noko av det beste vi har vore med på. Publikum, atmosfære og stemninga var berre heilt topp. Fjoråret kan absolutt måle seg med den originale oktoberfesten i München, vi har spelt der og. Erfaren gjeng Det er ein erfaren gjeng som kjem til, og mange av medlemmane i orkesteret har sine plassar i velkjente Kampen janitsjar. Kvaliteten på det dei kjem til å presentere skulle det med andre ord ikkje vere noko i vegen med. Her osar det av erfaring og samspel. Noko av det kjekkaste vi har gjort var då vi spelte i Ruhpolding i forbindelse med verdscupen i skiskyting. Gode norske plasseringar gjorde sitt til at stemninga var ekstra god, som kjent er det jo massevis av nordmenn som er til stades og set sitt preg på skiskyting nedover i Europa, fortel ein engasjert Dag Henning Smerud. Breitt repertoar Oslo Blaaseorkester spelar på eit breitt spekter musikalsk sett, og dei har meir enn 20 års erfaring frå scena. Gjerne iført läderhosen og artige hattar. Dei spelar mykje tradisjonell tyrolermusikk og kjende øl- og drikkeviser frå inn- og utland, men også folkemusikk, 70- og 80-talspop og storbandswing. I tillegg til dyktige musikarar har orkesteret også med seg ein særs dyktig vokalist rundt på sine mange speleoppdrag. Mange vil kanskje hugse ein energisk, langhåra og skjeggete vokalist som stod på scena i fjor. På spørsmål om han kjem til å dukke opp på årets oktoberfest, seier talsmann Smerud: - Vi har eigentleg to vokalistar. Kven av dei som har høve til å vere med til er enno ikkje avklart, men uansett kven det blir så skal det nok garantert bli livleg frå den kanten. Oktoberfest gler seg over at Oslo Blaaseorkester kjem for å underhalde festdeltakarane. Dei kjem med eit godt konsept som garantert vil engasjere årets publikum, så her er det berre å hive seg med når dei entrar scena. Her er det musikk for ein kvar smak. Desse karane kan dette med oktoberfest!

8 STRYN Aaslandbros vart starta av brørne Jørgen og Christoffer Aasland, som ein duo i anledning festivalspeling i 2004. Bandet vart fort utvida med storebror Erlend og etterkvart Kenneth Andersen. I mange år eksisterte Aaslandbros tilnærma kun som eit lokalt festivalband, men sommaren 2008 hadde dei sin fyrste Cash-konsert, og Cash-repertoaret slo an. Aaslandbros har etter dette blitt kjent som eit tributeband av svært høg klasse. Fredag og laurdag skal dei løfte stemninga endå nokre hakk i storeteltet. Vi gledar oss, aldeles! Erlend Aasland er solist og gitarist, med ei stemme som høyres ut som Cash sjølv. Jørgen spelar gitar og saksofon, og yngstemann Christoffer er kontrabassist. Kenneth Andersen speler trommer. Frå Hidra i sør til Senjahopen i nord har dei for fulle hus, og utselde billettluker, blitt prisa for si unike tolking av Johnny Cash. Dei av dykk som har vore så heldige å få vere tilstades på ein av dei utselde konsertane siste åra forstår kvifor: dette er rett og slett ei musikalsk oppleving langt utanom det vanlege. Med gitarvirtuos Erlend si særeigne stemme framførar bandet både kjente og meir obskure låtar frå Jonny Cash sin enorme diskografi i klassisk boom-chicka-boom-stil med fantastisk kassegitar-, telecaster- og kontrabasspel. Her er det berre å fylle seidelen og nyte! Musikklag Oktoberfesten sin bart-o-mat! Vanskeleg med å finne rette bartefasongen til oktoberfesten? Prøv oktoberfesten sin eigen bart-o-mat! Klipp ut bartane og finn ut akkurat kva for ein bart DU bør stille med! Musikklag er, i lag med Ping-pongklubben sitt eige husband, det einaste musikalske innslaget som har vore med på alle oktoberfestane sidan den spede oppstarten i 2008. Dei er ikkje vanskelege å be i år heller. Det er ein travelt oppteken dirigent, Jon Are Steen, Oktoberfestavisa møter for å slå av ein liten prat. Han har tydelegvis mange jarn i elden denne eminente musikaren. I tillegg til å ha hatt det musikalske ansvaret for musikalen «Årringar» ved Sagedammen er han også i full gang med å førebu haustsesongen til musikklaget. Vi skal vere med på konkurransespeling i slutten av oktober, og det kjem naturleg nok til å ta mykje av tida vår på øvingane framover. Men ein oktoberfest seier vi sjølvsagt ikkje nei takk til, så vi skal nok få tid til å børste støv av gode gamle ompa-låtar, samt rydde plass til noko nytt materiale, seier Steen med eit lurt smil om munnen. Kjekt å vere med Musikklaget er liksom noko som høyrer oktoberfesten til. Då byter dei ut uniform og hattane sine med läderhosen og bondepikedrakter i alle fargar, og spelar tradisjonell ompamusikk med stor innleving. For i ompatakt må det gå, ingen tvil om det! Vi er veldig glade for å få vere med på dette, det er ein stor «happening» for oss. Alle musikantane ser fram til oktoberfesten, og det er eit kjekt «avbrekk» frå det vi vanlegvis spelar, seier dirigent Steen. Han ser heller ikkje vekk frå at han tek Kokken Tor lovar fullt trøkk - Vi har høyrt at Oktoberfesten i er noko heilt spesielt, og vi lovar å levere varene. Det seier vokalist og gitarist Torbjørn Gran i coverbandet Kokken Tor. Gran fortel at han har fleire artistvener som har spelt på Oktoberfesten tidlegare, og at han kun har høyrt lovord. Stemninga er utruleg god er eg blitt fortalt, så her er det berre å gje full gass frå første låt. Vi har store forventningar til både fredagen og laurdagen. Dei fire medlemmane i bandet kjem frå ulike delar av Sogn og Fjordane. Ein kjem frå Sandane, ein i frå Florø, medan to kjem frå Bremanger. Dei har mange år bak seg i bransjen, og dei siste åra har bandet blitt kjent som eit av dei beste coverbanda i landet. Kokken Tor kjem med eit repertoar stappfullt av kjende norske slagerar. Her får ein låtar av Dum Dum Boys, Postgirobygget, de Lillos, Jokke og Valentinerne, CC Cowboys med fleire, på rekke og rad. Låtar oktoberfestpublikummet garantert vil la seg begeistre av. Og skal ein tru heimesida til bandet så har dei eit rykte på seg for å vere det «galnaste» og «råaste» partybandet som rullar langs norske vegar.

STRYN 9 Polkabjørn og Kleine Heine Deltaking på Jodlerfest i Huttwil, Sveits, sommaren 2007 resulterte i duoen Polkabjørn & Kleine Heine. 7 år seinare har dei spelt for både konge og fyllikar, bokstaveleg talt. Repertoaret er variert og består av jodling frå både Tyskland, Sveits, Østerrike og Noreg. Kven huskar vel ikkje hurralåta frå 1939; Mein Vater ist ein Appfenzeller, eller landeplaga frå 1942; Jeg er fra Romsdalen, Norges Tyrol. Er atmosfæren riktig, hender det at dei diskar opp med ei gravferdslåt eller to. Tross rykter om interne stridigheiter, og problem knytt til alkohol og dop, hevder duoen at dei er meir fit for fight enn nokon gang og at dei er klar til å blåse taket av festivalteltet i løpet av helga. Det som er sikkert er at Polkabjørn & Kleineheine er ein duo som det ikkje er mogleg å vere mentalt budd på. Og på Oktoberfest slår dei til nettopp når du minst ventar det! Ein Prosit! k - t l r m - - r - å - t k fram mikrofonen og stemmer i «Wir kommen alle in den Himmel» i lag med resten av sirkusteltet. Også andre allsongar vil nok dukke opp frå musikklaget si side, i tillegg til anna ompamusikk som garantert vil få publikum til å trampe takta. Fleire scener musikklag kjem til å spele både på scena i sirkusteltet og i intimteltet. Dirigent Steen kjem til å stille «fullt lag» når dei spelar i hovudteltet, det vil seie med rundt 30 musikantar. Nytt av året er at dei også vil spele i intimteltet, då sjølvsagt med langt færre på scena. Dette gler vi oss veldig til, seier Jon Are Steen i det han kastar seg i bilen for å førebu fleire musikkoppdrag. Vi ønskjer musikklag hjarteleg velkomne på scena i år også! Musikkgruppa Merkesteinane vart stifta i 1993. Bandet var meint som eit pedagogisk tilbod for personar med psykisk utviklingshindring. Medlemmane i bandet har møttest jamt og trutt til øving og prat kvar torsdag opp gjennom åra. Og dei har hatt mellom 30 og 35 speleoppdrag kvart år. Fleire av bandmedlemmene har vore med sidan starten. Det som gjorde at vi starta Merkesteinane, var for å bruke musikk som eit pedagogisk verktøy for å stimulere til læring, få ein betre kvardag og auka livskvalitet for brukarane, seier Øyvind Lied, ein av grunnleggjarane av musikkgruppa. I 2006 kom dokumentarfilmen «It s Hard to be a Rock n Roller» ut på kinoar over heile landet. Rett etter kom CD-plata «Greitt nåkk». Musikkvideoar vart det også. Merkesteinane vart med eitt landskjende, og dei to primus motorane Øyvind Lied og Jostein Bjørndal har fått mykje skryt for det dei fekk til. Grunna manglande støtte, både offentleg og privat, har gruppa sett seg nøydt til å avslutte. Det er derfor med både glede og vemod vi ynskjer vår eigen Thor Heine, sjå eige intervju i nettavisa, og Merkesteinane, hjarteleg velkomne til avsluttingskonsert på scena på laurdag.

10 STRYN Nytt av året: Frode Briksdal er garderobeansvarleg. Kva er oktoberfesten utan øl og mat? Jens Isehaug og Kristian Hool Egge har lang erfaring med serveringa på tidlegare festar. I år har dei også fått med seg Frode Briksdal. Dei har ingen planer om å gjere store forandringar i det velfungerande opplegget frå fjorårets oktoberfest, men nokre nyheiter er der likevel. Vi utvidar ølsortimentet. Det blir sjølvsagt tradisjonelle literseidlar og Paulaner i år og, men i tillegg har vi nye, spennande, ølsortar, seier Hool Egge. Nytt av året er det også at det vert garderobe ved inngangen, i regi Frode Briksdal, så publikum kan henge frå seg ytterkleda. Oktoberfesten har vakse mykje dei siste åra. Tidlegare var emessa det største arrangementet når ein ser på omsetninga til serveringsstadane, no har motorfestivalen og oktoberfesten gått forbi. Det er utruleg viktig at det skjer noko i bygda. Eg syns folk har vore flinke til å finne på ting i periodar der det ikkje skjer så mykje frå før, seier Isehaug. Berre i storteltet er det til ein kvar tid eit tjuetals servitørar i sving fordelt på tre barar, i tillegg til ryddepersonale. Tek ein med dei som jobbar inne på Isehaug kafeteria, er det om lag 60 personar som sørgjer for vått og tørt til oktoberfestdeltakarane. Mange som jobbar i teltet på kvelden har allereie hatt full dag i kafeteriaen på dagtid, så eg må skryte av innsatsen til personalet, seier Isehaug. Peter Hallor i Ping Pong-klubben har ansvaret for koordinering av matserveringa under årets oktoberfest. Han kan lokke med bayerske fristelsar i form av schnitzel og bratwurst med tilbehør. Vi skal tilby klassisk oktoberfestmat i teltet på Per Bolstad plass. Både på fredagskvelden frå klokka 20, og på laurdag mellom klokka 13 og 17. Nordfjord kjøtt er fast leverandør av dei offisielle oktoberfestpølsene, og vi er også i dialog om å lage andre, spennande pølsetypar. I matteltet på Per Bolstad plass går også den årvisse oktoberfestmiddagen av stabelen. Her blir det servert Schweinshaxe med potetstappe og Sauerkraut av ypperste kvalitet. Peter Hallor har ei klar oppfordring til gjestene: Her gjeld det å møte opp svoltne! Husbandet: Frå venstre: Svein Ove Solum (gitar), Thomas Thaule (trommer), Olav Næss (fele), Ivar John Erdal (saxofon). kapellmeister Johan Olai Svidal, Kristian Roset-Hansen (althorn og vokal), Elling Sølvberg (fele), Ingebrigt Kyrkjeeide (trompet) og visekapellmeister Jørn Peder Sætre (tuba). Konkurranse i ølbrygging Når Ping Pong-klubben i ber inn til oktoberfest i september i år, inviterer dei samtidig til ølbryggingskonkurranse for aller første gong. Tanken er at dette skal bli eit årvisst arrangement under oktoberfesten. Konkurransen er inndelt i to klassar: Tradisjonelt konnjøl og internasjonale ølstilar. Juryen vil legge vekt på faktorar som smak, farge og lukt. Arrangørene vil likevel setje pris på om deltakarane gjer ein god jobb med emballasje, etikett og historieforteljing, med meir. For deltakarar i klassen «internasjonale ølstilar» er det viktig å spesifisere kva for stil ølet er laga i. Innleveringsfrist for øl som skal vere med i konkurransen er onsdag 17. september kl 17.00. Leveringsstad er Isehaug kafeteria. Ølet må merkast med namn, adresse og mobilnummer, samt informasjon om ølet og kva klasse ein konkurrerer i. Det skal leverast inn 3 liter øl for bedømming, valfri emballasje. Kvar deltakar kan stille med maksimum 4 øltypar i konkurransen. Alle som vil delta må melde seg på ved å sende epost til brygging@oktoberfeststryn.no seinast 14. september. Juryformann er Espen Lothe frå Kinn Bryggeri, og han har fått med seg fleire lokale storheiter på laget. I løpet av fredagen vil juryen bestemme kva øl som går til finalen, som vert gjennomført i det store teltet på dagtid laurdag. Kvar ølbryggar som kjem til finalen vil få anledning til å fortelje om sitt øl, og det blir sjølvsagt fantastiske premiar til vinnarane. Vi oppfordrar ølbryggarar frå heile landet til å stille opp i konkurransen. For meir informasjon kontakt konkurranseansvarlege Even Flo eller Svein O. N. Solum eller brygging@oktoberfeststryn.no. Bratwurst: Jannike Sunde kosa seg med god mat på oktoberfesten i fjor.

STRYN 11 Ompa til du strør - Publikum kan vente seg ei flott, emosjonell og auditiv oppleving! Kapellmeister Johan Olai Svidal er ikkje i tvil om at Ping Pong-klubben sitt faste husband vil levere på oktoberfesten. - Vi køyrer gode, gamle slagerar som garantert vil skape god Stimmung i teltet. Allsong-klassikarar som Anne Mari og Ein Prosit er sjølvskrevne. Vi har også nye låtar på gang, som vi reknar med blir slagerar i løpet av helga. Svidal har vore aktiv med trekkspelet sidan han var ein neve stor, og har vore kapellmeister under oktoberfesten sidan oppstarten i 2008. Han er også omreisande i ompa-musikk, mellom anna har han traktert tangentane under oktoberfesten på Svalbard i tre år. Det eine året tok han like godt med heile husbandet også. sin eigen Jularbo kan røpe at fleire gjesteartistar vil supplere husbandet under oktoberfesten. - Både lokale og nasjonale stjerner har meldt sin ankomst, men eg vil ikkje øydelegge spenninga. Folk får møte opp og sjå. Husbandet består i tillegg til kapellmeister Johan Olai Svidal av vise-kapellmeister Jørn Peder Sætre (tuba), Kristian Roset-Hansen (althorn og vokal), Thomas Thaule (trommer), Svein Ove Solum (gitar), Olav Næss (fele), Elling Sølvberg (fele), Ingebrigt Kyrkjeeide (trompet) og Ivar John Erdal (saxofon). Samt Kåre Tonning og Endre Bø med scenekunst, vokal og godt humør. Kva veit du om oktoberfest? 1. Når er årets oktoberfest i München? 2. Kva årstal vart den første oktoberfesten arrangert i München? 3. Kva årstal vart den første oktoberfesten arrangert i? 4. Kva er dirndl? 5. Kor mykje øl vart konsumert på oktoberfest i 2013? 6. Kor mykje øl vart konsumert på oktoberfesten i München i fjor? 7. Har musikklag spelt på alle oktoberfestane i? 8. Kvar finn vi verdas nordlegaste oktoberfest? 9. Kva er schweinshaxe? 10. Kven er kapellmeister i Husbandet? Kva for eit ord? Set bokstavane i rett rekkefølgje, og du finn eit ord som har med oktoberfesten å gjere. Det kan godt vere at du får høyre desse orda slik dei er skrivne i løpet av festhelga. TTKRSSLUEI PAMMSKIOKU LESDEI AADEPR ILDDNR Svar, kva for eit ord SIRKUSTELT OMPAMUSIKK SEIDEL PARADE DIRNDL Ølbryggingskonkurranse under Oktoberfesten: Konkurransen blir delt inn i to klassar, tradisjonelt konnjøl og internasjonal ølstil. Vinnarane vert kåra på dagtid laurdag i det store teltet. Svar, oktoberfestquiz: 1. Frå 20.september til 5. oktober. 2. 1810. 3. 2008. 4. Type kjole som tradisjonelt vert brukt av kvinner og jenter frå Bayern. 5. 6000 liter. 6. Om lag 7 millionar liter. 7. Ja. 8. Longyearbyen. 9. Steikt fleskeknoke. 10. Johan Olai Svidal

12 STRYN OMPA-tilbod! Dolomite Tofana gtx fjellsko 27,5 Førpris 1.799,- OMPA-tilbod! t.o.m. 20. september Xeed XC comp Førpris 12.999,- Alle fjellsko 30-50% 7999,- 29 899,- Alle syklar 30-50% Fleire godbitar i butikken! Tonningsgt. 32, - Tlf. 57 87 10 62

STRYN Laurdag OKTOBERFEST! Grandiosa 2 pk kr. Pepsi Max 4 pk. kr Tonning Vest 50,- 59 90 +pant støvlar får du kun hos SKOBUTIKKEN 20. september kl. 11.00. Klovnen BUSTER kjem med lykkehjulet sitt Popcorn og sukkerspinn til alle Oktoberfest -prisar Vi rydder - alt skal vekk! BÅT 2 stk. Pioner 8 veil. 10.950,- NO 8.950,- 1 stk. Pioner 14 veil. 29.900,- NO 27.900,- 1 stk. Pioner 15 veil. 32.990,- NO 29.900,- MOPED 1 stk. Sym orbit veil. 12.900,- NO 9.900,- 1 stk. Sym jet 4 veil. 13.990,- NO 11.990,- 1 stk. Daelim 4t veil. 12.990,- NO 10.990,- PÅHENGSMOTOR 2 stk. Yamaha 20 hk veil. 27.523,- NO 23.990,- GRASKLIPPER Alle Honda 20% på veil. pris - Premiar til alle - Ballongfigurar - Song og underhaldning Hos oss finn du: Matstova Cubus Eurosko Nille Notabene Clip Frisør Studio Basis Sparebanken Vest Rema 1000 Vinmonopolet Upstairs Opningstider: Måndag -fredag 10.00-18.00 Laurdag 10.00-16.00 Rema 1000: 07.00-23.00 (21) Sjå vår nettside: www.stryntorg.no www.stryntorg.no post@stryntorg.no 57 87 74 50

Vi feirer i lag OKTOBERFEST Paletten Expert - Øvreberg Euronics Pretre AS DesignStudio FRISØR - MAKEUP Ytre-Eide Sport AS Sport 1 - Ping Pong Club Riccovero - Olden Miljøservice AS Byggtorget Trelast AS Bilverksted AS Tlf. 481 95 555 Flis- og steinbutikken Birger Flo AS Tlf. 918 65 612 Toyota Nordfjord AS Tlf. 57 87 60 00 Kveen AS Tlf. 57 87 20 00 Fjord Helikopter www.fjordhelikopter.no Esso Bensinstasjon Tlf. 57 87 14 11 KIWI Thor Tenden Transport AS

Vi feirer i lag OKTOBERFEST Kr. A. Vik Comfort Camping Bokhandel AS Penselmesteren AS Weltklasse YX Fagre Bensinstasjon Tlf. 57 87 66 00 Hotel Tlf. 57 87 07 00 Skarstein & Walaker AS SEAS Elektro AS Tlf. 57 87 29 20 STRYVO AS SKOGSTAD - Olden - Innvik Enten Eller Frisør, Hud & Velvære Tlf. 57 87 22 01 - XL-BYGG Sølvberg AS Con Vita Isehaug Kafeteria Johans Pub Midt på festivalområdet Fjordingen