Særavtale til tenesteavtale 7 Særavtale Samarbeid om utlysing og tilsetting i kobla turnuslegestillingar 1. Bakgrunn Ny turnusordning for legar blei vedtatt av Helse- og omsorgsdepartementet desember 2012 i Forskrift om spesialistgodkjenning av helsepersonell og turnusstillinger for leger 1 (spesialistgodkjenningsforskriften). Etter ny ordning har ein ikkje lenger rett til turnusplass, og ordninga er søknadsbasert. Utlysing skjer sentralt gjennom Helsedirektoratet sin turnusportal, med tilsetting lokalt i kommunar og sjukehus. Mål og innhald i turnusordninga blir vidareført i noverande form. Kommunar og sjukehus skal samarbeide om å lyse ut og tilsette i turnuslegestillingar, jf. 12 i spesialistgodkjenningsforskriften. Partane har valt å inngå avtale om dette samarbeidet. Avtalen bygger i tillegg på: 1.1 «Ny turnusordning for leger Informasjon og veiledningsmateriell» frå Helsedirektoratet 1.2 Tenesteavtale 7: «Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid» 2. Partar Avtalen gjeld mellom kommunane i Helse Bergen HF sitt føretaksområde som har etablert legeturnus i kommunehelsetenesta og sjukehusa Haraldsplass Diakonale Sykehus AS og Helse Bergen HF, her under også Voss sjukehus. I tillegg til kommunane i Helse Bergen sitt føretaksområde gjeld avtalen også Eidfjord kommune. 3. Føremål Partane skal saman legge til rette for best mogleg fagleg kvalifisering av nyutdanna legar. Avtalen skal bidra til eit langsiktig samarbeid om: best mogleg rekruttering og tilsetting av turnuslegar i kommunane og sjukehuset å sikre tilsetting av rette kandidatar i høve avtalepartane sine behov å styrke partane sitt omdømme som profesjonelle og attraktive utdanningsarenaer og arbeidsgjevarar for turnuslegar Avtalen skal konkretisere oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom kommunane og sjukehusa når det gjeld: søknadsutlysing og tilsettingsprosessar tidspunkt for når tilsetting i turnusstilling i kommunen seinast skal finne stad 1 FOR-2000-12-21-1384 Side 1
4. Virkefelt og avgrensingar 4.1. Avtalen gjeld for tilsetting i turnuslegestillingar kobla etter 12 i spesialistgodkjenningsforskriften. Partane er samde om kobling etter modellen i 12 bokstav b), nærare beskrive nedanfor i pkt. 7, 8 og 11. 4.2. Kandidatar med rett til turnusplass og særplass etter gammal ordning skal prioriterast. 4.3. Turnustenesten i kommunane kan ikkje ta til før turnusen i sjukehusa er godkjent. 4.4. Sjukehusa er ikkje forplikta til å sørge for at det er turnuslege til turnusteneste i kommunen dersom turnuslegen av nokon grunn ikkje kan tiltre eller fullføre sin teneste i kommunen. 5. Begrepsavklaringar 5.1. Turnusteneste er første obligatoriske del av spesialistutdanninga for legar. Alle som har eller kvalifiserer for autorisasjon som lege eller turnuslisens, og som ikkje tidligare har gjennomført norsk turnusteneste, kan søke på stilling som turnuslege. Turnuslegen tenestegjør i underordna legestilling, med same rettar og plikter som gjeld for andre legar, men slik at turnuslegen arbeider under tilsyn, vegleiing og supervisjon av overordna legar. 5.2. Kobla turnuslegestilling: Etter spesialistgodkjenningsforskriftens 12 skal tilsetting i ei turnuslegestilling gje rett til tilsetting både i sjukehus og kommune. Turnustenesten i ei kobla stilling er på tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunen. Tilsettinga i sjukehuset og tilsettinga i kommunen er to ulike arbeidsforhold. Tilsettinga skjer først i sjukehus og deretter i kommune. 6. Sjukehusa og kommunane sitt ansvar Sjukehusa og kommunane har ansvaret for utlysing og tilsetting av turnuslegar i kobla stillingar. 7. Sjukehusa sitt ansvar Sjukehusa har ansvar for å administrere og koordinere arbeidet med utlysing og tilsetting av turnuslegar i kobla stillingar på ein slik måte at også kommunane sine interesser blir best mogleg ivareteke. Sjukehusa samarbeider om kobling av stillingar med dei kommunane partane på førehand er samde om. Fastsetting og endring av kommunar og sjukehus som samarbeider 2 skjer i dialog mellom alle avtalepartar. Oversikt over samarbeidskommunar skal finnast på nettsida www.saman.no. Sjukehusa lyser ut ledige stillingar i Helsedirektoratet sin turnusportal etter nasjonalt fastsette fristar. Aktuelle søkarar blir innkalla til intervju, og sjukehusa føretar tilsetting. 2 Ved første utlysing av kobla turnuslegestillingar i området våren 2013 samarbeidde følgjande kommunar og sjukehus: Radøy, Lindås og Haraldsplass Diakonale Sykehus. Vaksdal, Voss, Granvin/Ulvik, Eidfjord, Kvam og Voss Sjukehus, Helse Bergen HF. Masfjorden, Austrheim, Meland, Osterøy, Askøy, Bergen, Fjell, Sund, Austevoll, Øygarden, Os og Helse Bergen HF. 2
Sjukehusa held samarbeidskommunane sine representantar eller kontaktpersonar orientert om framdrifta og gjev representantane tilbod om å delta i prosessen, både når det gjeld utforming av kriterium i stillingsannonsane, deltaking i intervju og utveljing av kandidatar. Helse Bergen HF ivaretek den koordinerande rolla der det er naturleg med samarbeid mellom alle avtalepartane. 8. Kommunane sitt ansvar Samarbeidskommunane vel representantar eller kontaktpersonar for samarbeidet med sjukehusa i prosessen med utlysing og tilsetting av turnuslegar i kobla stillingar. Representantar eller kontaktpersonar for kommunane har ansvar for å formidle informasjon vidare til den/dei kommunane dei representerer. Kommunane administrerer og koordinerer arbeidet med fordeling av turnuslegar til kommunar, i samsvar med føringar for kobling gjort i utlysinga. Avtale med turnuslegen om tilsetting i kommunane skal vere inngått i løpet av dei første seks månadene etter tilsetting i sjukehuset. 9. Helse Vest RHF si rolle Det regionale helseføretaket har overordna ansvar for struktur og innhald i sjukehusdelen av turnustenesta i sin helseregion, og skal opprette det nasjonalt årleg tildelte tal turnusstillingar innan helseregionen. 10. Fylkesmannen sin rolle Fylkesmannen skal godkjenne turnusplassar i kommunane og halde oversikt over disponible plassar. Fylkesmannen kan tilrå Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK) å pålegge kommunane å opprette fleire plassar dersom det trengst. SAK gir Fylkesmannen lister over kven som har rett til turnusplass i kommunehelsetenesta etter gammal ordning og såleis skal prioriterast, og administrerer dessutan særplass for turnuslegar i den gamle ordninga. Fylkesmannen held sjukehusa og kommunane orientert om turnuslegar som har rettar etter gammal ordning. 11. Søknadsutlysing og tilsettingsprosess Sjukehusa og representantar frå kommunane skal i samråd utforme minimumskriterium for utveljing knytt til søknadsutlysing og tilsetting. I dette arbeidet skal tillitsvalde involverast. Minimumskriterium ved søknadsutlysing er: Søkjarar må dokumentere norsk autorisasjon eller turnuslisens før oppstart. Det vert kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten. Ynskjeleg med referansar frå praksis eller relevant arbeidserfaring. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Motivasjon for stillinga. 3
Utveljing og intervju blir gjennomført av representantar frå sjukehuset med særleg kompetanse innan rekruttering og/eller innhald i turnustenesta. Samarbeidskommunane blir gitt høve til å delta under intervju. 12. Handtering av usemje, tvisteløysing, herunder misleghald I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og tenesteavtale 7 eller overordna samarbeidsavtale, har tenesteavtalen og overordna samarbeidsavtale forrang. Usemje og tvist skal løysast i tråd med overordna samarbeidsavtale. Konsekvensen av eventuelle avtalebrot er regulert i overordna samarbeidsavtale. 13. Evaluering av samarbeidet Avtalen og samarbeidet om kobla stillingar skal første gong vere evaluert innan 2 år frå tidspunktet for iverksetting av avtalen. Evaluering skal skje i samarbeid mellom avtalepartane, på initiativ frå Helse Bergen HF. I tillegg skal eventuelle endringar i lovverk eller sentrale krav som kan medføre endra oppgåvedeling, bli lagt til grunn for ein gjennomgang, og ved behov, nødvendig revidering av avtalen, jf. punkt 14. 14. Iverksetting, revisjon og moglegheit for oppseiing av avtalen Partane pliktar å gjere avtalen kjent for eigne tilsette og sikre implementering i eigen organisasjon. Avtalen gjeld frå 1.7.2013 og følgjer elles føringar for varigheit, revisjon og oppseiing fastsett i tenesteavtale 7. 15. Publisering av avtalen Avtalen vert publisert på www.saman.no, saman med dei andre gjeldande samarbeidsavtalane i området. Partane pliktar å gjere avtalen kjent for eigne tilsette og sikre implementering i eigen organisasjon. 16. Dato og underskrift av partane Lindås kommune Haraldsplass Diakonale Sykehus 4
Radøy kommune Helse Bergen HF Vaksdal kommune Voss kommune Granvin/Ulvik kommune Eidfjord kommune Kvam kommune Masfjorden kommune 5
Austrheim kommune Meland kommune Osterøy kommune Askøy kommune Bergen kommune Fjell kommune Sund kommune Austevoll kommune 6
Øygarden kommune Os kommune 7