Medlemsnytt frå Bøfjord IL



Like dokumenter
BØFJORD IL 70 ÅR Bøfjord Idrettslag vart stifta i årsjubileet fekk ei enkel markering på Bøfjord-helga 2016.

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

INVITASJON til Etne Cup 2007

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

IDRETTSLAGET HAVDUR Postboks TJELTA

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

1 Utgreiing av søknaden

SJØPOSTEN. September 2012

Vekeplan 9. klasse. Namn:.. Veke 38. Eng British English. RLE: Likeverd og likestilling Natur:

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Terminprøve i matematikk for 8. trinn

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Terminprøve i matematikk for 8. trinnet

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 15. september.

Hallo i nedslagsfeltet!

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Årsmøte Ænes og Mauranger Bygdalag

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET

Sandeid skule SFO Årsplan

SJØPOSTEN HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE. Februar Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag»

Årsmelding for fotballgruppa 2016

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om koordinatsystem og rette linjer

RAPPORT FRÅ KONVERTERINGSPROSJEKT 2008, DET NORSKE INSTITUTT I ATHEN (NIA)

Det er nå klart for påmelding det årlige barnekretsturnstevnet som i år arrangeres på Gjøvik juni.

Ha ein flott vinterferie neste veke! Alle må ha underskrift + rette målsjekken kvar veke!

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Held fram med nytt styre og nytt namn fredag 15. august :12. Ny leiar for Coloria, Elna Tvedt Bauge (53). 1 / 9

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

ÅRSMØTE BØFJORD I.L

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Treningsavgifter :

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Skarphedin Handball. Lagsmappe

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Bjørnehiet SFO - informasjon

Kommunedelplan for oppvekst

Foreldreundersøking i skule 2006

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MAL /VEGVISAR FORRETNINGSPLAN FOR ETABLERARAR Sjå også Bedin Bedriftsinformasjon sitt oppsett og omtale av forretningsplan

Plan for Liabygda SFO

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Stemnehandboka for NKSF

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

Månedsevaluering fra Perlå januar 2011

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG

PROTOKOLL ETTER ORDINÆRT ÅRSMØTE I ÅIL for 2013

Eksamen APO3002 Kommunikasjon og samhandling. Programområde: Apotekteknikk. Nynorsk/Bokmål

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2014

FYLKESMANNEN I ROGALAND Utdanningsavdelinga

VELKOMMEN SOM ELEV HOS OSS

Rekrutteringsplan FBK Voss

Månadsplan for Hare November

FAU/SU I SKODJE BARNEHAGE

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Transkript:

Medlemsnytt frå Bøfjord IL

Til alle medlemmar i Bøfjord IL Sommaren står for døra, og vi vil gjennom dette skrivet gje deg litt informasjon frå idrettslaget. Det er for tida mykje som skjer: Herrane er i gang med seriespel i 6.divisjon, Bøfjord/Bæverfjord (BB) stiller med 2 lag fotballag i G10, og trimgruppa har lagt planer for våren/sommaren med både sykkeltrim og mosjonsløp. Bingo rullar og går kvar onsdag kveld, og skigruppa er i gang med Gapahuk-prosjekt innpå Kjølen. I tillegg har hovedstyret fleire små og store prosjekt på gang, så aktiviteten er stor! Vi er heldige som har mange medlemmar som bidreg på ulikt vis med ulike verv, trenarar og dugnadsfolk. Som du vil sjå nedanfor vil det bli mange dugnadskveldar i sommar så denne sesongen treng vi ekstra mykje hjelp! Alle idrettslag fått pålegg om ein del endringar frå NIF som trer i kraft dette året. Dette har betyding for deg som medlem, så vi er glade om du les dette skrivet og da særleg viktig informasjon på baksida! Har du tips eller spørsmål til idrettslaget kan du kontakte hovedstyret. God lesing! Helsing styret v/ Bodil Kvam Aasbø

ARKIVDUGNAD Bøfjord IL er i år 70 år! Det har gjennom alle desse åra hopa seg opp med papir og bilag på idrettslaget sitt lager i Grendahuset. Det nærma seg 100 permar! Dette tok stor plass og det var vanskeleg å finne viktige papir. Vi har difor hatt ein ryddedugnad, og fekk god hjelp frå veteranar i idrettslaget: Ola Sæter, Jon Moen, Inger Lise Heggem, Edvard og Torbjørg Settem. TAKK! Dersom det framleis er nokon som har permar og papir som høyrer idrettslaget til, kan dei leveras til hovedstyret. Og så håpar vi at alle som brukar lageret hjelper til med å halde orden i hyllene. Ola Sæter og Jon Moen sette seg ned i lag og tok fram ein perm. Dei opna permen og såg til si store overrasking at det fremste papiret var signert i 1972 av nettopp dei to. Vi skjøna at vi hadde fått med riktig folk på dugnaden! GAPAHUK Skigruppa er i gang med å få opp ein gapahuk innpå Kjølen. Bøfjorden Sag har produsert gapahuken, og den er alt frakta inn til trimposten. Gapahuken kan fritt nyttast av alle som ynskjer det sommar og vinter. Vi har kjøpt inn bålpanne og anna utstyr som skal stå der. Så snart snøen har smelta og området har tørka opp vil det bli satt i gang dugnadar. Først grunnarbeid, så oppsetting av gapahuken og til slutt taktekking. Dersom du kan tenkje deg å stille på dugnad ein eller fleire dagar kan du kontakte Bjørge Aasbø på tlf.: 99643085

PUMPTRACK-BANE Hovedstyret og Allidretten er i gang med planlegging av ein pumptrackbane (sykkel-kuleløype). Det vil bli eit anlegg som passer for barn og vaksne. Området er ikkje avklart enno, men vi ser på fleire alternativ. For å redusere kostnadane til prosjektet treng vi dugnadshjelp. Det vil m.a. bli rydding av området med motorsag, arbeid med gravemaskin, frakt av masse med traktor og hengar, handarbeid med spade, rive og snekkering. Alle som kan tenkje seg å bidra kan kontakte Bodil Kvam Aasbø på tlf. 48269549. TRIMROM PÅ BØFJORD SKULE Skitrenar Tore Sannes m.fl. er i gang med å lage eit styrketreningsrom på eit av klasseromma på Bøfjorden skule. Tore har ordna med det meste av utstyret, og i tillegg vil idrettslaget kjøpe inn ein del. Det kjem meir informasjon om nøkkel og bruk av rommet når det er klart. Har du utstyr og matter til trimrom ståande heime som ikkje blir brukt, og som du gjerne vil gje bort eller låne bort, kan du kontakte Tore på tlf.: 92444344.

KAJAKK Å padle kajakk er ein fantastisk fin måte og oppleve naturen på! Det har fleire og fleire oppdaga. Idrettslaget har to kajakkar. Den eine er ein dobbelkajakk som ligg på Bø. Utstyret består av: Argo-Maxi dobbelkajakk, 2 årer, 2 vestar, 2 spruttrekk, flyteelement og pumpe. Kajakken kan benyttas av alle medlemmar i Bøfjord IL. Kontakt Tommy Bøe på tlf 91821300 dersom du vil bruke denne kajakken. Den andre kajakken er ein singelkajakk som idrettslaget eig i lag med Historielaget. Denne ligg i naustet til Hjelmkonna på Åsskard, og kan fritt benyttast av medlemmar i laget. I naustet ligg det også 4 andre kajakkar som kan leigast for kr 50. Kontaktperson er Tore Sannes tlf.: 92444344. ESKIMORULLEKURS Vi har planlagt å ha eit eskimorullekurs innandørs i basseng tre kveldar i mai/juni. Dette kurset er svært nyttig for alle som likar å padle kajakk. Det blir to grupper med 6-8 deltakarar og det blir 2 eller 3 kveldar, alt etter behov. Mange har allereie meldt sin interesse, men det nokre plassar igjen. Bodil Kvam Aasbø er kurshaldar. Kurset kostar kr 150. Er du interessert, så send melding til Bodil på tlf. 48269549. Vi har fått svømmehallen følgjande tidspunkt: Måndag 23.05 kl.17-19 (gruppe 1) Måndag 30.05 kl.17-19 (gruppe 2) Måndag 06.06 kl.17-18 (gruppe 1) og 18-19 (gruppe 2)

HEIMEKAMPAR FOTBALL 2016 I sommar blir det mange kampar på Leikarvollen for vaksne og ungar. Der blir det også kiosksal, og alle er velkommen til å heie fram laga våre! Vi treng hjelp til å halde banen fin. Kan du tenkje deg å klippe plena eller stå i kiosken, er vi glad for tips! Kontakt Henrik Blekken tlf.: 94873103. Herrar 6.divisjon på Leikarvollen 12.05 Bøfjorden Surnadal 2 26.05 Bøfjorden Valsøyfjord 02.06 Bøfjorden Ertvågsøya 25.08 Bøfjorden - KFK 2 17.09 Bøfjorden Smøla 22.09 Bøfjorden - Surnadal 2 09.10 Bøfjorden - Valsøyfjord NB! Det kan bli endringar. Følg med på www.bofjorden.net Bøfjord/Bæverfjord Gutar/jenter 10 år I år er det to G10-lag for BB. Heimekampane vil bli spelt på Leikarvollen og i Bæverfjord. Foreløpig oppsett for heimekampar er satt opp, men følg med på www.bofjorden.net for endringar og kva bane kampane skal spelast på. Foreløpig oppsett for heimekampar er: Onsdag 25.05 Onsdag 01.06 Onsdag 08.06 Onsdag 31.08 Onsdag 14.09 Onsdag 21.09 Onsdag 28.09 I tillegg blir det mange cupar for desse laga og knøttelaga (frå 5 år).

TRIMGRUPPA 2016 Trimgruppa har alltid mykje på programmet i sommarhalvåret. Det meste er bestemt til dato og veke, men det kan i tillegg komme fleire arrangement som f.eks. trimtreff og fellesturar. Følg med på plakatar og www.bofjorden.net. 22. mai Åsskardfjorden rundt Mosjonsløp til fots eller på sykkel rundt Åsskardfjorden. 29. mai Kyrkjetrim til Bøkleppnausta Vi går, syklar eller ror frå Bø til gudsteneste i Bøkleppnausta. 03. juli Blåfjelløpet Mosjonsløp frå Dragset til Halsa. Sykkeltrimmen Det blir satt opp kasse med bok for registrering ulike stader i bygda. Kassen blir flytta kvar veke. Born under 12 år som syklar på minst 6 postar får ein medalje. Det same får born frå 12 til 16 år om dei syklar på 8 postar. Syklar du på 8 postar er du med i trekninga av gavekort på kr. 300. Postane blir i år slik: Veke 21 Kallset (minimum frå Heggemsneset) Veke 22 Osen (trimposten) Veke 23 Mjøksanden (ved enden av vegen) Veke 24 Bøgeilen (ved snuplassen) Veke 25 Settemslia (Lunneplassen) Veke 26 Grustaket i Settemsdalen Veke 32 Bøfjorden oppvekstsenter Veke 33 Osen Veke 34 Lysløypa Veke 35 Skyttarbanen Veke 36 Mjøksanden Veke 37 Kallset

Trimpostar Trimgruppa har 11 trimpostar rundt omkring i Bøfjorden: Kalset 4 km t/r Kvalnesvika 7 km t/r Skarhaugen 5 km t/r Håkkåsteinen 8 km t/r Settemsvarden 5 km t/r Svarttjønna 2 km t/r Kjølen 3 km t/r Osen 5 km t/r Hyllrabben 7 km t/r, Stordalsvarden 7 km t/r Sæterbekken NY! 6 km t/r Kvar haust blir det trekt vinnarar på dei ulike bøkene. Trimbøkene blir bytta ut 1. oktober. Turar i Bøfjorden Bøfjord IL har merka og skilta 26 turar. Alle turane er beskrive i eit hefte som du kan kjøpe på Bøfjorden Samvirkelag eller på museet. Det er også laga eit klippekort der du kan samle klipp på dei ulike turmåla. Samlar du nok klipp får du merket «Turar i Bøfjorden». (Sjå reglar på neste side). Klippekortet skal leveras på Bøfjorden Samvirkelag før 1.oktober.

REGLAR FOR KLIPPEKORTET «TURAR I BØFJORDEN» Det er 30 turmål som er skilta og merka i samband med «Turar i Bøfjorden». Nummeret på turmåla samsvarar med nummeret i heftet «Turar i Bøfjorden» og på klippekortet. På kvar av dei 30 turmåla heng det ei orienteringsklype som ein lagar merke med på rett nummer. Poeng blir rekna slik: TUR POENG Grøn 2 Blå 3 Raud 5 Maksimal oppnåeleg poengsum for alle 30 turmåla er 106. Dersom du får nok poeng, får du utdelt merket i bronse, sølv eller gull alt etter kor mange år du har klart merkekravet. Merkekrava er slik: ALDER MERKEKRAV 0-5 12 poeng 6-12 40 poeng 13-69 60 poeng 70 + 40 poeng Premiering etter kor mange år du klarar merkekravet: ÅR MERKE 1. år Bronsemerke 3. år Sølvmerke 5. år Gullmerke! Tur-året går frå 1. oktober til 1. oktober neste år. Kortet leverast Bøfjord Samvirkelag innan 1. oktober. GOD TUR!

TRENINGSKOLLEKSJON Alle som er medlemmar i Bøfjord I.L kan kjøpe plagg frå idrettslaget sin kolleksjon til reduserte prisar. Det er gode klede frå Swix, og dei kan kjøpast i dame-, herre- eller barnemodell i ulike størrelsar frå 6 år. Det vil bli bestillingar ca. 2 gongar i året. Bestilling: Send SMS med namn, telefonnummer, plagg og størrelse til Gry Norshusstuen på tlf.: 942 63 514. Luene vil etter kvart bli å få kjøpt på Bøfjord Samvirkelag. NB: Bøfjord IL sponsar ytterlegare 600 kr på den første treningsdressen til medlemmar under 16 år. (Dvs at dei betaler 500 kr sjølv). Prisar vaksne: Plagg Pris Jakke 850 Bukse 650 Jakke og bukse 1500 Konkurransedress 1350 Vest 850 Lue/panneband 170 Prisar barn (opp til 16 år): Plagg Pris Jakke 650 Bukse 450 Jakke og bukse 1100 Konkurransedress 930 Vest 650 Lue/panneband 170

NB: VIKTIG INFORMASJON! MEDLEMSSKAP I BØFJORD IL Idrettslaget har i dag 346 medlemmar, og vi er glade for kvar og ein som vil vere medlem, da dette har stor betyding for idrettslagets økonomi. Takk for at du vil vere medlem! Vi har no fått pålegg om ein del endringar frå NIF i medlemsskap og kontingentinnkreving som vil få betyding for oss frå 2017. Som medlem i Bøfjord IL har du ein del medlemsfordelar. Alle medlemmar får: - bli med i trekninga på trimpostar (trekkjast på årets haustbasar) - reduserte prisar på idrettslagets treningskolleksjon - 25% rabatt på fotballrelaterte varer på Sport 1 - låne kajakk og dobbelkajakk gratis - dekt startkontingent på skirenn/løp utanfor Bøfjord opp til 16 år Pålagte endringar frå 01.01.2017 1. Vi må auke medlemskontingenten til kr 100 pr. pers (dette gjeld og barn) 2. Vi må føre elektronisk medlemsliste på www.klubbadmin.no 3. Kontingentinnkrevinga må frå 2017 foregå ved utsending av faktura på mail eller i postkasse. Bøfjord IL har ei god blanding av medlemmar, med både familiar og einslege, unge og eldre. Vi ønskjer å legge til rette for at ALLE som vil, skal kunne vere medlem i idrettslaget. Men for at det skal bli minst mogleg arbeid for oss er det fint om så mange som mogleg går inn på www.minidrett.no og legg inn eller korrigerer opplysningar om seg sjølv, og då særleg epostadresse og legge til familiemedlemmar som du skal betale kontingent for. Gå inn på «ny bruker» om du ikkje har vore inn på sida før. Dersom du ønskjer å melde deg ut av idrettslaget gjer du følgjande: Send SMS eller ring til Maria Yoon Garthe på tlf.: 98008012 og skriv: Utmelding Bøfjord IL og namn.