Ta barn på alvor. Ein av dei store samfunnsendringane i vår tid er synet på barn. I. Barnepolitiske anbefalingar. Ta barn på alvor



Like dokumenter
Ta barn på alvor. Barnepolitiske anbefalinger

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Kommunedelplan for oppvekst

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Foreldreundersøking i skule 2006

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Driftseining Sunnfjord. Skole, kommune, politi og samarbeid

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Betre tverrfagleg innsats. Handlingsrettleiar. Åd Årdal lkommune

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Du må tru det for å sjå det

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

FNs barnekonvensjon. Møte med friskolene

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Høstkonferansen : Rustet for livet Barn og unges psykiske helse

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

NYTT KAPITTEL 9A OM SKOLEMILJØ

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Kartleggingsspørsmål 2012

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 9. og 10. mars 2016 tilsyn med Voss kommune, barneverntenesta.

Nye regler om farskap og morskap

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

beskrive utviklingen av menneskekroppen fra befruktning til voksen

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

3. APRIL 2018 ÅRSRAPPORT 2017 TIL KUNNSKAPS-OG INTEGRERINGSDEPARTEMENTET BARNEOMBODET

Plan for arbeid mot mobbing og krenkende atferd Skoger skole

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

Høyanger kommune erfaringar etter tilsyn og politisak

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Gulen kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Anita Bjørk Ruud Arkiv: 010 Arkivsaksnr.: 08/970. Røysterett for 16-åringar. Deltaking i forsøksordning.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Tiltaksplan

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Tone Viljugrein 5. november 2015

Vurderingsrettleiing 2012

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

HANDLINGSPLAN Side 1

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Årsaker til nedlagde skular i perioden 2007/ /2010

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Sel kommune Utskrift av møtebok

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side Retningslinjer side Reglement side Samarbeidsutvalet side 3. 5.

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

«Tid for lek og læring» Kompetanse for mangfold

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Barneombudets innspill til arbeid med stortingsmelding om primærhelsetjenesten, En utdyping av innlegg holdt i Helse- og omsorgsdepartementet 10.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Skolemiljøutval. Rettleier til medlemmene

Tiltaksplan mot mobbing

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

MANIFEST MOT MOBBING eit forpliktande samarbeid for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Retningslinjer for utsatt skolestart i Stavanger kommune

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

BARNEHAGEFORUM 16. JUNI 2016

Tokke kommune. Vedlegg statistikk og analyse, kommuneplanens samfunnsdel

10/60-14/N-211//AMS

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

BARN I SÅRBARE LIVSSITUASJONER. Til barns beste Fylkesmannen i Vestfold 15.mars 2013 Barneombud Anne Lindboe

Tilsyn med fosterhjem

PLAN FOR TILSYN MED BARNEHAGANE I VESTNES KOMMUNE

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Kvam herad. Utegruppe /naturavdeling ved Tolomarka barnehage og Sjydnahaugen barnehage. Arkiv: N-211 Objekt: Avgjerd av: Saksh.: Mali Grete N.

Barneombudets innspill til Nasjonal helse- og sykehusplan Innhold

RETNINGSLINJER FOR LINDESNES KOMMUNE SKOLETILHØRIGHET OG SKOLESKYSS. Vedtatt av Kommunestyret

Kommunedelplan for oppvekst

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

Transkript:

Ta barn på alvor Ein av dei store samfunnsendringane i vår tid er synet på barn. I Noreg ser vi ikkje på barn berre som ein del av familien, men som individ med sjølvstendige rettar. Men vi er ikkje i mål. Barn blir ikkje alltid lytta til, sjølv om FNs barnekonvensjon gir dei rett til det. Og kor ofte vert det ikkje tatt avgjerder som angår barn, utan at kva som er til det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn, slik det skal i følgje barnekonvensjonen. Nokre verkeleg vonde saker, som Monikasaka og Christoffersaka, viser dessutan korleis rettssikkerheita til barn framleis er altfor dårlig. Og Odin, 13-åringen som tok livet av seg, opna for alvor mange sine auge for kor alvorleg mobbing er. I dette heftet presenterer vi nokre av dei sakene eg meiner det er viktig at politikarane i landet grip fatt i for å sikre at barn og unge får oppfylt rettane sine. Ta barn på alvor Barnepolitiske anbefalingar Barneombudet skal vere ein pådrivar for barnerettane, og ein talsperson for barn og unge. Dei aller fleste av anbefalingane våre er laga med utgangspunkt i barn sine eigne stemmer og i FNs barnekonvensjon. I fjor fylte barnekonvensjon 25 år. Den er vaksen no, og det er på tide at den slår skikkeleg rot i politikken. mars 2015, Anne Lindboe, barneombod 2

Innhald Ta barn på alvor Vald og seksuelle overgrep mot barn 4 Mobbing og krenkingar i skulen 5 Bemanningsnorm i barnehagen 6 Lytt til barna ved samlivsbrot 7 Barn som lever i fattigdom 8 Retten til kultur 8 Barnevern til det beste for barn 9 Ungdomskriminalitet 10 Helse på barns premisser 11 Retten til ikkje å bli diskriminert 12 Barn som søkjer asyl 13 Barnepolitikk i utanrikspolitikken 14 Demokratiske rettar også for barn 15 Vald og seksuelle overgrep mot barn Vald og overgrep mot barn er eit enormt samfunnsproblem, og kostar den enkelte og samfunnet dyrt. Dette er alvorleg kriminalitet, og får store konsekvensar for livet og helsa til dei barna det gjeld. Stortinget bør vedta ein forpliktande opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn, og setje av midlar til denne. I alle saker med mistanke om vald eller seksuelle overgrep bør medisinsk undersøking og avhør gjennomførast på eit barnehus. Barn i barnehage og skule bør få opplæring om at barn bestemmer over sin eigen kropp. Kommunane bør tilby foreldrerettleiing som eit tiltak mot familievald Vald og overgrep mot barn bør sikrast høgare prioritering og status i politiet. Sterkare fagmiljøer er nødvendig. Kommunane bør sikre eit variert oppfølgingstilbad til valdsutsatte barn, for eksempel samtalegrupper. 3 4

Mobbing og krenkingar i skolen 17.000 barn og unge opplever mobbing og krenkingar i skulen. For ein del er mobbinga så alvorleg at det går ut over helse og skulegang. Barn og foreldre som ikkje opplever å bli høyrt på skulen, møter eit klagesystem som er lite tilgjengeleg, og som ikkje har dei nødvendige maktmidla for å stanse alvorlege lovbrot. Dermed kan mobbinga følgje barn gjennom hele skuleløpet. Regjeringa bør syte for at det finst ein lett tilgjengeleg klageinstans med heimel til å pålegge kommunar å setje i verk alle moglege tiltak i alvorlege mobbesaker. Barn og foreldre som treng det, bør få uavhengig hjelp lokalt, slik at fleire saker blir løyst raskare og på lågast mogleg nivå. Bemanningsnorm i barnehagen Over 280.000 barn går i norske barnehagar. Barnehagen skal vere eit solid tilbod som kombinerer omsorg med eit pedagogisk tilpassa tilbod til det enkelte barnet. Dette krev nok og kvalifisert bemanning. Øie-utvalet (2012) forslo ei tydeleg, lovregulert norm for forholdet mellom talet på barn og tilsette i ein barnehage. Det bør innførast ei nasjonal norm om maks tre barn under tre år per tilsett, og maks seks barn over tre år per tilsett. Dispensasjonar frå kompetansekrav for tilsette bør berre løyvast for kortare tidsrom. Opplæringslova bør endrast, slik at den gir heimel for tydelege verkemiddel ved lovbrot: - Sanksjonar overfor kommunar som bryt kapittel 9a i lova. - Erstatning for tort og svie til elevar som opplever alvorleg mobbing. - Reaksjonar overfor tilsette som krenkjer elevar. 5 6

Lytt til barna ved samlivsbrot Barn har rett til å bli høyrt, også når foreldra går frå kvarandre. Konfliktnivået ved samlivsbrot viser seg ofte å bli mindre der barn blir høyrt. Konflikt mellom foreldre er blant dei viktigaste årsakene til psykiske og sosiale problem blant barn som ikkje bur saman med begge foreldra. Barn og unge som opplever samlivsbrot bør få tilbod om ein eigen time på familievernkontoret. Ved usemje bør foreldra møte til tre timar obligatorisk mekling hos familievernkontoret før saka blir tatt inn for domstolen. Familievernkontora bør automatisk invitere familiar som har inngått avtale under mekling til ein ny samtale, for å evaluere om avtalen fungerer til det beste for barnet.. Barn som lever i fattigdom 78.000 barn lever i relativ fattigdom i Noreg. Fattigdom fører til blant anna utestenging og helseproblem. Barnekonvensjonen pålegg norske myndigheiter å leggje til rette for at desse barna når sitt fulle potensial. Barneombodet meiner derfor det er viktig å vurdere behova til barna ved utmåling av hjelp til fattige familiar. NAV bør vurdere omsynet til barna i alle vedtak om sosialhjelp. Barnefamilier som treng kommunal bustad, bør få førsteprioritet på trygge bustader eigna for barn. Barn i låginntektsfamiliar (jf. SSBs definisjon) bør få gratis barnehageplass. Retten til kultur FNs barnekonvensjon, artikkel 31, gir barn rett til fritid og leik, og til å delta i kunst- og kulturliv. Kommunane må ha eit variert kulturtilbod til barn og unge som er tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsnivå, etnisk bakgrunn og inntekta til foreldra. 7 8

Barnevern til barns beste 53.000 barn fekk hjelp av barnevernet i 2013. Mange av desse er blant dei mest sårbare i samfunnet. I dag får ikkje alle barn i barnevernet den hjelpa dei har krav på. Barneombodet er spesielt bekymra for psykisk sjuke barn i barnevernet. Barnevernlova bør bli ei rettigheitslov, slik at alle barn får rett til hjelp frå barnevernet. Barnevernet bør få plikt til å undersøkje alle saker der ein er urolege for vald. Ungdomskriminalitet Barn i konflikt med loven har ofte omfattande behov for oppfølging av mange instansar. Barnevernet bør i endå større grad enn i dag forpliktas til å følgje opp unge i konflikt med lova. Politidistrikta bør få klare føringar på korleis barn i politiarresten skal handterast. Statistikk frå politiet om barn på glattcelle må bli betre. Alle barn i fosterheimar må få tilsyn, slik dei har rett på. Det bør opprettast felles institusjonar for barn og unge som har behov for både barnevern og psykisk helsevern. 9 10

Helse på barns premisser I rapporten «Helse på barns premisser» (2013) avdekker Barneombodet manglar i kompetanse, rutinar, organisering og rettar. Helseanbefalingane våre er i hovudsak henta frå arbeidet med denne rapporten. Den anbefalte minstenorma for årsverk i skulehelse- og helsestasjonstenesta bør gjerast rettsleg bindande. Midlar til skulehelsetenesta bør øyremerkast. Helseføretaka bør påleggast å legge til rette for at nyfødde som er sjuke eller for tidlig fødde, får vere saman med begge foreldra sine heile døgnet. Ved varig, alvorleg sjukdom hos barn bør foreldre få pleiepengar når dette er til det beste for barnet. Foreldre bør få informasjon om helserisikoen ved å omskjere gutebarn. Retten til ikkje å bli diskriminert Alle barn har rett til vern mot diskriminering. Ingen kan utsetje barn for annleis eller urettferdig behandling ut frå etnisk bakgrunn, kven dei forelskar seg i, kva de trur på, eller om dei har funksjonsnedsetjingar. Myndigheitene må legge til rette for dette. Dei må også ta særlig omsyn til at minoritetar har særskilte kulturelle og språklege rettar. Læremiddel på samisk bør være tilgjengelig i alle fag på alle nivå i skulen, slik at samane som Noregs urfolk kan ivareta sin kultur og sitt språk. Opplæring i samisk som andrespråk bør være tilgjengeleg og ikkje gå på kostnad av anna undervisning. Kommunar der det bur rom, bør sikre at barna fullfører grunnskulen, for eksempel ved at ein romlos følgjer dei opp. 11 12

Barn som søkjer asyl Barneombodet meiner at utanlandske barn som søkjer asyl i Noreg, blir diskriminert på fleire område. Artikkel 2 i barnekonvensjonen forbyr diskriminering. Langvarig usikkerheit, og det å leve over tid på asylmottak, er en stor belastning for barn. Barna bør rustast best mogleg for framtida, anten det er her i Noreg eller i opphavslandet. Alle barn som oppheld seg i Noreg, bør få lik rett til barnehageplass og vidaregåande opplæring, uavhengig av opphaldsstatus. 8-8 i utlendingsforskrifta bør endrast, slik at det ikkje lenger er mogleg å gi avgrensa opphaldsløyve til barn mellom 16 og 18 år. Omsorgsansvaret for alle einslege, mindreårige asylsøkjarar bør overførast til barnevernet. Utlendingslova bør ha klare reglar om når og kor lenge barn kan fengslast i samband med uttransportering. Barnepolitikk i utanrikspolitikken Mange land ser til Noreg som eksempel på korleis ein skal vareta barnerettane. Det er i dag ei stor utfordring internasjonalt å få verkeleggjort barnerettane i praksis. Ein overvakingsmekanisme for barnerettane, noko som liknar på eit barneombod, er eit viktig verkemiddel for å få dette til. Noreg bør ratifisere tredje tilleggsprotokoll til FNs barnekonvensjon, slik at barn i Noreg får klagerett til FNs barnekomité. Det bør lagast ein handlingsplan som konkretiserer korleis arbeidet med barnerettane i utanrikstenesta skal følgjast opp. Norske myndigheiter bør jobbe for å sikre uavhengige nasjonale overvakingsinstitusjonar for barnerettane, slik FNs barnekomité anbefaler. 13 14

Demokratiske rettar også for barn Barn og unge har rett til å seie meininga si og bli høyrt på alle nivå i samfunnet. Det finst forskjellige deltakingsmodellar i norske kommunar og fylker, men mange sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad at dei som deltar er demokratisk representative nok. Barn og unge har dessutan sjeldan reell påverknad på viktige saker som betyr mykje for dei. 16-åringar bør få stemmerett ved lokalvalg, for å styrke engasjement deira for politikk og løfte fram viktige saker for barn og unge i val. Det bør etablerast eit nasjonalt kompetansesenter for medverknad. Det bør etablerast retningslinjer for ungdomsråd på kommune-, fylkes- og nasjonalt nivå. BARNEOMBODET Barn og unge med funksjonsnedsettingar og behov for helsetenester bør få delta aktivt i si eiga behandling, gjennom barne- og ungdomsråd ved alle sjukehus. 15 Postadresse: Postboks 8889 Youngstorget 0028 Oslo Besøksadresse: Barneombudet Karl Johans gate 7 0154 Oslo E-post: post@barneombudet.no Tlf: 22 99 39 50 Org.nr: 971 527 765