ORDENSREGLAR FOR TRESFJORD SKULE



Like dokumenter
ORDENSREGLAR TRESFJORD OPPVEKSTSENTER

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Tiltaksplan mot mobbing

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan for et godt læringsmiljø ved Sandvollan skole

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

Plan for arbeid mot mobbing og krenkende atferd Skoger skole

Øystese barneskule April - 08

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Kvalitetsplan mot mobbing

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Foreldreundersøking i skule 2006

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Forord

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for tryggleik og trivsel ved Tangen skule

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Handlingsplan mot mobbing ved Høyland ungdomsskole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Bø skule

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Strategi for oppvekst- og læringsmiljø - SOL i Samnanger kommune mai Strategi for oppvekst- og læringsmiljø SOL. i Samnanger kommune

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Rutineplakat for udokumentert fråvere i skulen

Sandeid skule SFO Årsplan

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Rutineperm. Ambjørnrød skole. 2009/2010 Kap. 3: Planer Side 1

I NNKALLING MED SAKSUTGREIING

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Handlingsplan mot mobbing på Gudeberg skole

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

HANDLINGSPLAN Side 1

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

TILTAKSPLAN MOT MOBBING VED EIDSVÅG SKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan


NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

På bakgrunn av Manifest mot mobbing som er en aktiv innsats mot mobbing satt i verk av regjeringen, har Stortuva barnehage utarbeidet en mobbeplan.

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Handlingsplan mot mobbing

Transkript:

ORDENSREGLAR FOR TRESFJORD SKULE Slik vil vi ha det: Gjennom allsidige aktivitetar og varierte arbeidsmåtar ynskjer vi at elevane skal trivast og lære ved skulen vår. Alle elevar ved skulen vår har både rettar og plikter, derfor er det viktig at alle deltek og viser ansvar. Trivsel og tryggleik Du skal gjere ditt for at det vert triveleg og trygt på skulen for oss alle. Tresfjord skule skal vere fri for mobbing og uønska åtferd. Dette betyr at: du har fin språkbruk og viser god folkeskikk du har ansvar for straks å seie frå om du meiner at nokon blir mobba. du syner respekt og omsorg for andre, og for det andre eig. du skal gjere ditt for at det er god orden, både ute og inne. du hengjer frå deg yttertøy i garderobane og nyttar innesko i skuleanlegget. Læring Du har sjølv ansvar for å få best mogleg utbytte av skuledagen din og gjennom samarbeid at også andre elevar får utbytte av skuledagen sin. Dette betyr at: du deltek som fullverdig medlem i gruppe-/prosjektarbeid, samtalar og framføringar. du hjelper andre og du får hjelp sjølv. du møter til avtalt tid og har med deg nødvendig utstyr du kan gje uttrykk for eigne synspunkt og meiningar på ein positiv måte, samtidig må du respektere at andre har dei same rettane. Det er ikkje lov med tobakk og rusmiddel på skulen vår. Kvar klasse lagar eigne klassereglar med utgangspunkt i ordensreglementet. Alle reglar og rutinar som gjeld for skulen er ein del av ordensreglementet. Ordensreglane skal gjerast kjent for foreldre og elevar. SAMAN SKAPER VI EIN GOD SKULE FOR ALLE!

Innhald: Definisjon av omgrep s.1 Målsetjing s.1 Føresetnader for å lukkast med å førebyggje mobbing s.1 Inndeling av plan s.1 A Førebyggjande arbeid s.1 A1. Skape eit positivt miljø mellom alle i skule- s.1 samfunnet A2. Arbeide for å skape trygge tilhøve for s.2 skuleskyssen/på skulevegen B Tiltak når ein oppdagar mobbing s.3 C Samarbeidspartnarar s.3

Definisjon av omgrep: - Ein person blir mobba når han eller ho, gong etter gong og over ei viss tid blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar. Ein viktig føresetnad er også at det er ubalanse i styrkeforholdet mellom den som blir utsett, og den eller dei som utfører dei negative handlingane. (Dan Olweus, professor i psykologi ved Universitetet i Bergen) - Med mobbing meiner vi gjenteken negativ eller "vondsinna" åtferd frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskar med å forsvare seg. Gjenteken erting på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing. (Elevundersøkelsen) Målsetjing: Tresfjord skule skal vere fri for mobbing og uønska åtferd. Skulen skal arbeide kontinuerleg for å sikre elevane sine rettar til eit godt læringsmiljø. Skulen skal drivast etter 9a i opplæringslova ofte kalla elevane si arbeidsmiljølov- slik at det blir tatt omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa/utviklinga til elevane. Det inneber at vi ikkje aksepterer mobbing eller andre former for krenkjande åtferd verken på skulen, på skulevegen eller på arrangement i regi av skulen. Føresetnader for å lukkast med å førebyggje mobbing: - Gode rutinar for tilsyn og kontroll. - Eit skulemiljø prega av trivsel og tryggleik. - Skulerte og engasjerte lærarar og andre tilsette som tek problemet alvorleg. - Eit ope og tillitsfullt samarbeid med foreldra. Planen er delt inn i tre hovuddelar: A) Førebyggjande tiltak - skal skape trivsel og tryggleik - byggjer på skulen sine trivselsreglar B) Tiltak når ein oppdagar mobbing C) Samarbeidspartnarar A) Førebyggjande arbeid A1. Skape eit positivt miljø mellom alle i skulesamfunnet Her må vi byggje vidare på dei tiltaka vi allereie har i gang. ( sjå skulen sin årsplan for sosiale aktivitetar) Mellom elevane: - Kvar haust utarbeider klassane trivselsreglar, der mobbing er tema. - Elevundersøkinga obligatorisk for alle elevar frå 5. 10. klasse. (1. 4. klasse gjennomfører eiga undersøking) 1

- Miljøarbeid i klassane. Kontaktlærarar deltek i klasseråd og har fokus på dette. - Aktiv deltaking frå elevrådet. Skulemiljøarbeid - fast sak på saklista i kvart møte. - Sosiale aktivitetar. Overnattingsturar. - Aktivitetsdagar. (sjå Plan for sosiale aktivitetar.) - Internasjonal dag. Solidaritetsarbeid. - Deltaking på arrangement i regi av Kultursekken. - Felles fjellturar både sommar og vinter. - Uteskule, 1.-4.klasse - aldersblanda. - Aktivitetar på tvers av klassestega (t.d. vere ute i lag, halde på i gymsal, leseøkter, spele spel, songstunder, lage og ete"enkel" mat i lag, førestillingar og framføringar). - Store og små i lag (leike, spele spel, teikne, halde på med leikar, hoppe tau o.l.). - Fadderordning for 1. og 2. klasse. - Vekas elev. Positiv merksemd frå medelevar - Varierte arbeidsmåtar for å skape motivasjon og trivsel. Mellom dei vaksne: - Skulering framstå som tydelege og profesjonelle yrkesutøvarar. - Arbeide med felles haldningar til grensesetjing. Felles praktisering av reglar. - Kort drøfting i teamtida ein gong i månaden. Teamleiar ansvarleg. Rapporterer til plangruppa. - Lærarar og assistentar har regelmessige samtalar om observasjonar som er gjort i timar og friminutt. Aktuelle moment må noterast ned. - Oppsummeringsmøte på klassenivå etter kontaktmøta haust/vår. - Medarbeidarsamtalar.(lærarar og assistentar) - Gjennomgang av elevundersøkelsen på foreldremøta i vårhalvåret. Mellom dei vaksne (tilsette og foreldre) og elevane: - Elevsamtalar (jfr. instruks for kontaktlærarar) m/fokus på temaet. - Sosiale aktivitetar. - Samarbeid med foreldrekontaktane for å skape felles plattform heim/skule. Faste møte før foreldremøta på kvart klassesteg (haust og vår) mellom foreldrekontaktane og kontaktlærarane. - Ta opp temaet mobbing på kontaktmøta. - Drive aktivt tilsyn i friminutta for å skape trivsel og tryggleik. Tydelege og synlege tilsynsvakter der alle nyttar refleksvestar. - Drive aktivt tilsyn der ein motiverer alle aldersgrupper til positiv aktivitet. - Aktivitetskveld på skulen i regi av FAU på fredagskveldar 1 gong haust/vår for m- steg/u-steg. - Temakveldar der elevar og foreldre deltek saman. (t.d. sosial kveld, MOT-aktivitet, foreldrekveld med presentasjon av yrke) A2. Arbeide for å skape trygge tilhøve for skuleskyssen/på skulevegen Skulen og FAU må samarbeide med kommunen og busselskapet for å: - Unngå unødig lang ventetid for elevane om morgonen/etter skuletid. - Sikre at elevane kjem til skulen i god tid før skuledagen begynner. - Utveksle informasjon til det beste for elevane. - Felles forståing for kva som er høveleg åtferd. - Skape eit triveleg miljø på bussane. (t.d. sikre at alle får sitjeplass, unngå vandring i bussen) 2

B) Tiltaksplan på individnivå når mobbing blir avdekt ( viser til gjeldande rutinar i Vestnes kommune når mobbing blir oppdaga i skulen datert 18.06.10). Den vaksne/den tilsette grip inn i situasjonen der og då, og snakkar med dei involverte elevane, deretter seier den vaksne i frå til aktuelle kontaktlærarar. Kontaktlærar(ar) vurderer om dette er konflikt eller mobbing. Dersom mobbing vert avdekt drøftar kontaktlæraren situasjonen med rektor, før problemhandterar eventuelt vert kopla inn. Problemhandteraren samtalar med dei involverte etter følgjande framgangsmåte. Kort momentliste som viser vidare saksgang: * Innhenting av presis informasjon av nyare dato frå: lærar(ar), foreldra til offeret, offeret, ev. andre som har opplysningar. Ei observasjonsveke kan vere aktuelt. * Problemhandteraren avklarar med rektor: kven ein skal prate med, når samtalar skal skje. * Problemhandteraren snakkar med offeret, inngår allianse, forklarer kva han vil gjere og bestemmer tidsplan. * Problemhandteraren orienterer foreldra til offeret om kva som bør/må skje. * Problemhandteraren samtalar med mobbarar (ein etter ein) etter klar tidsplan, der dei ikkje har høve til å prate med kvarandre i mellomtida. Lærar som har timen passar på dette. * Problemhandteraren samtalar med alle mobbarane samla, oppsummerer, skisserer arbeidsoppgåver framover. * Problemhandteraren går gjennom arbeidsoppgåver og tidsplan med offer og mobbar(ar) i lag. * Problemhandteraren gjennomfører oppfølgingsmøte med offer og mobbar etter ein fast oppsett plan. Første møte etter 3-4 dagar, deretter ein gong i veka (så lenge det er naudsynt) i minimum eit par månader. Seinare kan det vere lengre mellom oppfølgingsmøta. * Problemhandteraren vurderer når han skal ta kontakt med mobbar(ar) sine foreldre. (Fullstendig tiltaksplan - Sjå PedIT, Vestnes kommune: "Rutinar når det blir oppdaga mobbing i skulen".) Bortvising skal berre nyttast i særhøve. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vurderast først. Ved skade eller øydelegging av ein annan elev sine eigendelar som skuldast mobbing, blir mobbaren stilt økonomisk ansvarleg. 3

C) Samarbeidspartnarar - Foreldre/føresette. - PPT - gjennom faste møte med skulen. - Helsesøster - gjennom faste kontordagar ved skulen. - BUT (Barne- og ungdomstenestene i Vestnes v/team aust når det er behov for tverrfagleg kompetanse eller når barnevernet må koplast inn.). - BUP / BUA (Barne- og ungdomspsykiatri ved alvorlege åtferdsavvik som treng spesialkompetanse.). - Vestnes kommune som skuleeigar blir orientert om alvorlege tilfelle av mobbing. Som ein del av skulevurderinga skal denne planen vere ei rettesnor i det vidare arbeidet. Elevrådet og FAU skal drøfte planen ein gong i året. Etter desse drøftingane rullerer leiinga ved skulen planen, og legg han fram for samarbeidsutvalet eller evt skulemiljøutvalet for endeleg godkjenning. Planen skal vere ein del av Tresfjord skule sin plan for kvalitetsutvikling. Handlingsplanen er handsama og godkjent: Råd eller utval Elevråd Arbeidsutvalet for foreldrerådet(fau) Skulemiljøutvalet I personalet Dato og sign.. 4