Møteinnkalling Utval: Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: 103, Fylkeshuset i Molde Dato: 11.05.2015 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Mia Smørdal på e-post mia.smordal@mrfylke.no eller tlf. 71 25 89 21, som kallar inn varamedlem. Varamedlemer møter difor berre etter eiga innkalling. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall. Grunn til forfallet skal difor opplysast. Den som ønskjer å stille spørsmål om sin habilitet i ei sak jf forvaltningslova 6 og kommunelova 40 nr. 3 skal melde inn dette til utvalsekretæren eller juridisk avdeling i god tid før møtet. Dette også grunna eventuell innkalling av varamedlem jf forvaltningslova 8 3.ledd. Program: Kl 10.30 - Orientering om «Kartlegging og tiltak universell utforming i fylkeskommunale bygg» v/prosjektleiar Bjørn Erik Hjellset frå bygg- og vedlikehaldsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune. - Kort orientering om regional samling for fylkesråda for likestilling av funksjonshemma på Stiklestad v/leiar Lilly-Gunn Nyheim. - Kort orientering om fellesmøte med fylkesråda for likestilling av funksjonshemma i Sogn og Fjordane og Hordaland i Førde v/nestleiar Aud Mork. Side1
Saksnr Innhald Uoff FF 10/15 Landskonferansen for fylkesråd i 2015 FF 11/15 Oppnemning av nye råd for personar med nedsett funksjonsevne hausten 2015 FF 12/15 Fylkeskryssande bussruter RS 5/15 Rekneskap pr april 2015 - Rådet for likestilling av funksjonshemma RS 6/15 Folkehelsemeldingen: Mestring og muligheter RS 7/15 Planlegger nasjonal rammeavtale - velferdsteknologisk responssenterløsning Godkjenning av protokoll Side2
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 04.05.2015 30444/2015 Paula Næss Skår Saksnr Utval Møtedato FF 10/15 Rådet for likestilling av funksjonshemma 11.05.2015 Landskonferansen for fylkesråd i 2015 Landskonferansen for fylkesråd for likestilling av funksjonshemma blir arrangert i Bodø 19.- og 20. august. Temaet på konferansen blir todelt. Første tema blir tilgjengelegheit på kulturarrangement. Andre deltema blir medverknad av barn og unge. Programmet starter onsdag 19. august klokka 10 med registrering og opning av konferansen klokka 11. Programmet blir avslutta torsdag 20. august klokka 13 med lunsj. Programmet er lagt ved saka. Tidlegare år har det vore oppmoda om at alle som kan av rådsmedlemmane tek del på landskonferansen. Påmeldingsfrist er 30. juni. Forslag til vedtak: Rådet for likestilling av funksjonshemma vel følgjande medlemmar til å delta på landskonferansen for fylkesråd i Bodø 19. og 20. august:. Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Vedlegg 1 Program - Landskonferansen for fylkesråd for funksjonshemma i 2015 Side3
Landskonferanse fylkesra d for funksjonshemmede Tilgjengelighet til kulturarrangementer Utfordringer ved medvirkning for ungdom med funksjonsnedsettelser. Foreløpig program 19.8.2015 10:00 11:00 Registrering med kaffe og frukt. 11:00 11:10 Åpning ved Rådsleder Øivind Mathisen 11:10 11:30 Velkommen til Nordland og Bodø ved fylkesordfører Sonja Steen ordfører Ole-Henrik Hjartøy 11:30 12:00 Statsråd Solveig Horne 12:00 13:00 Lunsj 13:00 14:00 Presentasjon av prosjektet Tilgjengelighet Kultur-Norge ved representant for paraplyorganisasjon for kulturarrangører, en arrangør og medvirkere. 14:00 14:15 Pause 14:15 16:00 prosessarbeid: Hvordan stimulere til målrettet arbeid med kulturarrangement i eget fylket med gruppearbeid, pause og plenumsdebatt 16:00 16:30 Medvirkning ved ungdom. Presentasjon av prosjektet #funkis2014 16:30 17:00 Presentasjon av Frukt i Bodø «verdensmester i ungdomsmedvirkning» - tanker om hvordan man kan få til vellykket ungdomsmedvirkning. 17:00 18:00 Pause 18:00 Bussavgang til Kjerringøy 20:30 Middag 23:00 Retur til Bodø nb! Mulig det blir tidligere, eller at det blir mulighet for tidligere retur. 20.8.2015 09:00 09:15 Oppsummering dag 1 ved prosessleder 09:15 10:00 Tanker om ungdomsmedvirkning og utfordringer for de med funksjonsnedsettelser. 10:00 10:30 Samarbeid mellom medvirkningsorganer fylkesvaraordfører? 10.30 11.45 Gruppearbeid hvordan forbedre ungdomsmedvirkning i eget fylke med tilgang til mat og drikke. Selvstyrt pause / gruppearbeid 11:45 12:15 Utsjekk 12:15 13:00 Oppsummering av gruppearbeid og konferansen ved Øivind Mathisen 13:00 Lunsj og farvel. Side4
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 30.04.2015 30166/2015 Paula Næss Skår Saksnr Utval Møtedato FF 11/15 Rådet for likestilling av funksjonshemma 11.05.2015 Oppnemning av nye råd for personar med nedsett funksjonsevne hausten 2015 Bakgrunn Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har i brev av 14. januar 2015, gitt ei orientering om dei lovpålagte prosessane kommunane og fylkeskommunane må gjennom for å etablere råd eller annan representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne. Ovannemnte brev vart lagt fram som referatsak i møte 12. mars. Det vart gjort slikt samrøystes vedtak: «Rådet for likestilling av funksjonshemma ber om at dette blir sett opp som sak i neste rådsmøte» Vurdering Informasjonsskrivet er retta mot ordførarar/fylkesordførar, rådmenn/fylkesrådmann og saksbehandlarar. I tillegg ber ein om at brevet blir gjort kjent for rådet. Det blir presisert viktigheita av at råda kjem raskt på plass etter valet og at medlemmane får god opplæring og nødvendige rammer for det arbeidet dei skal gjere. Følgjande 7 kulepunkt er lista opp som viktige i prosessen kommunane og fylkeskommunen må gjennom for å etablere råda: Organisasjonane har forslagsrett ved oppnemning av nye rådsmedlemmar Det blir ikkje tilrådd at kommunetilsette/tilsette i fylkeskommunen skal vere representert i råda. Ein må passe på god aldersfordeling Råda bør ha eige budsjett Kommunestyret/fylkestinget vedtek mandat for rådet Rådet må ha nok sekretærressurs frå kommunen/fylkeskommune Kommunen/fylkeskommunen må syte for at rådet får nødvendig opplæring, gjerne gjennom deltaking i folkevaltopplæringa. Fylkeskommunen har teke omsyn til alle dei punkta som er spesielt nemnt ovanfor. Det er likevel slik at ting kan gjerast enno betre. Det er særleg to punkt som det må takast særleg omsyn til når nytt råd skal veljast til hausten. Det eine er å sikre enno betre bredde i alderssamansetjinga i rådet. Slik rådet er samansett i inneverande valperiode, så er ikkje dei heilt unge godt nok representert. Det andre punktet er å arbeide enno betre med å gi god nok opplæring til dei nye medlemmane. Dette er særs viktig for å kome raskt inn i rolla som rådsmedlem. Det er viktig å legge opp til at medlemane i rådet kan ta del i folkevaltopplæringa. Side5
Saka blir lagt fram til drøfting i rådet. Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Side6
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.04.2015 29380/2015 Paula Næss Skår Saksnr Utval Møtedato FF 12/15 Rådet for likestilling av funksjonshemma 11.05.2015 Fylkeskryssande bussruter Ørsta Arbeidarparti og Rådet for likestilling av funksjonshemma i Ørsta kommune har sendt brev til Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal og fylkesrådet for likestilling av funksjonshemma om utfordringar knytt til eventuelle endringar i det gjennomgåande busstilbodet E-39 Ålesund/Ørsta til Bergen. I samband med eit planlagt fellesmøte med fylkesråda for likestilling av funksjonshemma i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal, vart ovannemnte brev teke opp som sak. Resultatet av drøftingane vart følgjande felles uttale: «Rådet for likestilling av funksjonshemma i Møre og Romsdal, Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland samt Fylkesrådet for funksjonshemma i Sogn og Fjordane, har i eit samarbeidsmøte i Førde 20.april 2015 drøfta sak om fylkeskryssande bussruter. Det er svært problematisk for menneske med nedsett funksjonsevne å reise kollektivt gjennom fylka våre. Dette er i strid med intensjonen i Nasjonal Transportplan der eit av hovudmåla er fleire samanhengande reisekjeder med universell utforming. I samband med nye anbods-utlysingar vil vi presisere kor viktig det er at alt materiell skal vere universelt utforma, også reservemateriellet. Sjåføropplæringa er også ein del av universell utforming. Det er ikkje nok at bussen har heis dersom ikkje sjåføren kan bruke den. For å sikre reell gjennomføring av universell utforming er det viktig med rutinar for etterkontroll og kvalitetssikring. Ved eventuelle bussbyter er det vesentleg at korresponderande bussar er utstyrte på same måten og at bagasjen vert handsama slik at dei som treng det får hjelp. Dette vil sikre at kollektivtilbodet kan nyttast av alle. Råda meiner at det beste er ein buss gjennom heile rutestrekninga.» Uttalen blir lagt fram for fylkesrådet for likestilling av funksjonshemming til behandling. Lilly Gunn Nyheim Leiar i fylkesrådet for likestilling av funksjonshemma Side7
Side8
Side9
Side10
Side11
Side12
Side13
Godkjenningavprotokoll Side14