Vanylven kommune MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Combisenteret, Fiskå Møtedato: 02.02.04 Tid: 12.55-14.40 Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 27.01.04 Desse medlemene møtte: Dei faste medlemane i kommunestyret er: Arbeidarpartiet: Høgre: Kristeleg Folkeparti: Senterpartiet: Venstre: Kystpartiet: Sosialistisk Venstreparti: Fremskrittspartiet: Sissel Stokke, Lasse Rindal, Jermund Rekkedal. Helge Svarstad, Idar Brekke. Jan Helgøy, Hallstein Ljoså, Magne Vik Arset. Tormod Hvattum, Magne Løvoll, Liv Ranveig Sunde, Sigurd Rovde. Lena Landsverk Sande. Einar Ebbesen, Eli Tefre Nordal, Harald Søvdsnes. Sigrid-Marie Lillebø. Nils Olav Moen, Arild Henriksen, Kjartan Otneim, Brita Hoel Drage. Forfall: Varamedlemer: Idar Brekke, Høgre Helge Svarstad, Høgre Lena Landsverk Sande, Venstre For Idar Brekke møtte Ranveig Velle Vedeld For Lena Landsverk Sande møtte Kjell Arne Myklebust. For Helge Svarstad møtte ingen. Det var 20 representantar tilstades på møtet. Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Frå administrasjonen møtte: Rådmann Gunnar P. Strand og Kåre Kvangarsnes Merknader: Ingen merknader til innkallinga. Til å skrive under møteprotokollen vart Hallstein Ljoså og Liv Ranveig Sunde valde. Saker som vart handsama: 03/04-08/04 Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Hallstein Ljoså Liv Ranveig Sunde Fiskå, 02.02.04 Side 2 av 8
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0003/04 04/00007 MØTEPLAN 2004 FORMANNSKAP OG KOMMUNESTYRE 0004/04 03/00221 OMSTILLING OG UTVIKLING I NÆRINGSLIVET ORGANISERING 0005/04 03/00810 FORLIKSRÅD - VAL AV 3. VARAMEDLEM 0006/04 03/00808 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA - VAL 0007/04 03/00865 LIKNINGSNEMND 2004-2008 - SØKNAD OM FRITAK 0008/04 04/00038 KOSTNADSOVERSLAG FLYTTING AV LANDBRUKSKONTOR Side 3 av 8
0003/04 MØTEPLAN 2004 FORMANNSKAP OG KOMMUNESTYRE Framlegg til vedtak: Formannskapet tilrår: Kommunestyret til vitande at Formannskapet har møte desse dagane i 2004: 13. januar, 19. januar, 16. februar, 1. mars, 15. mars, 19. april, 10. mai, 7. juni, 28. juni, 23. august, 20. september, 11. oktober, 8. november, 6. desember Møta skal normalt starte kl. 14.30. Kommunestyret har møte desse dagane i 2004 12. januar, 2. februar, 9. februar, 29. mars, 24. mai, 21. juni, 6. september, 25. oktober, 22. november, 20. desember Møta skal normalt starte kl. 12.00. Det vart gjort merksam på at formannskapet har gjort vedtak om at formannskapsmøta skal normalt starte kl. 12.00 og ikkje kl. 14.30. Tilrådinga med denne endringa vart samrøystes vedteke. Kommunestyret tek til vitande at Formannskapet har møte desse dagane i 2004: 13. januar, 19. januar, 16. februar, 1. mars, 15. mars, 19. april, 10. mai, 7. juni, 28. juni, 23. august, 20. september, 11. oktober, 8. november, 6. desember Møta skal normalt starte kl. 12.00. Kommunestyret har møte desse dagane i 2004 12. januar, 2. februar, 9. februar, 29. mars, 24. mai, 21. juni, 6. september, 25. oktober, 22. november, 20. desember Møta skal normalt starte kl. 12.00. 0004/04 Side 4 av 8
OMSTILLING OG UTVIKLING I NÆRINGSLIVET ORGANISERING Framlegg til vedtak: 1. Det vert oppretta eit kommunalt føretak som skal arbeide med - å sikre noverande arbeidsplassar - å arbeide for å skaffe nye arbeidsplassar 2. Føretaket får namnet Vanylven Vekst 3. K-styret er øvste organ for føretaket og gjev ramer for det gjennom vedtekter,planar og budsjett. 4. Det skal veljast eit styre på 6 personar. To skal oppnemnast av k_styret. Dei resterande fire vert å velje av næringslivet etter samråding med kommunen Fylket og SND kan få observatørar om dei ynskjer 5. Vedtekter for styret vert å kome attende til etter samråding med fylket 6. Rådmannen vert pålagt å søkje fylket om støtte til Vanylven Vekst Til punkt 4: Rådmannen gjorde merksam på at heile styret på 6 personar skal veljast av kommunestyret. Næringslivet må difor kome med framlegg på 4 personar. Votering: Pkt. 1 vart samrøystes vedteke. Pkt. 2 vart utsett til neste møte - samrøystes. Pkt. 3 vart samrøystes vedteke. Pkt. 4 går ut. Rådmannen sette fram framlegg om nytt pkt. 4: Det skal veljast eit styre på 6 personar. To av desse skal representere kommunen. Dei resterande 4 skal representere næringslivet. Næringslivet kjem med framlegg på representantar. Pkt. 5 vart samrøystes vedteke. Det vart samrøystes vedteke slikt pkt. 6: Rådmannen vert pålagt å søkje om fylket om støtte til prosjektet. Tormod Hvattum sette fram slikt framlegg til pkt 7: Ordføraren tek kontakt med næringslivet for å få inn forslag på styremedlemar Side 5 av 8
1. Det vert oppretta eit kommunalt føretak som skal arbeide med - å sikre noverande arbeidsplassar - å arbeide for å skaffe nye arbeidsplassar 2. Namnet på føretaket vert utsett til neste møte. 3. K-styret er øvste organ for føretaket og gjev ramer for det gjennom vedtekter, planar og budsjett. 4. Det skal veljast eit styre på 6 personar. To av desse skal representere kommunen. Dei resterande 4 skal representere næringslivet. Næringslivet kjem med framlegg på representantar. 5. Vedtekter for styret vert å kome attende til etter samråding med fylket 6. Rådmannen vert pålagt å søkje fylket om støtte til prosjektet. 7. Ordføraren tek kontakt med næringslivet for å få inn forslag på styremedlemar. 0005/04 FORLIKSRÅD - VAL AV 3. VARAMEDLEM Framlegg frå Tormod Hvattum: Som 3.varamedlem til forliksrådet vert Randi Aarønæs vald. Som 3.varamedlem til forliksrådet vert Randi Aarønæs vald. 0006/04 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA - VAL Det vart sett fram slikt framlegg: Som medlemar av råd for funksjonshemma for denne valperioden vert desse valde frå organisasjonane: Oddrun Eikrem med vara Jorunn Strand Bjarthild Slagnes med vara Målfrid Rindal Paula Nerbø Sofie Røv. Side 6 av 8
Som medlemar av råd for funksjonshemma for denne valperioden vert desse valde frå organisasjonane: Oddrun Eikrem med vara Jorunn Strand Bjarthild Slagnes med vara Målfrid Rindal Paula Nerbø Sofie Røv. 0007/04 LIKNINGSNEMND 2004-2008 - SØKNAD OM FRITAK Det vart sett fram framlegg på Sonja Riste som nytt medlem av likningsnemnda i istadenfor Inger Anne Bjørneseth som får innvilga fritak frå vervet. Som nytt medlem av likningsnemnda vert vald Sonja Riste i istadenfor Inger Anne Bjørneseth som får innvilga fritak frå vervet. 0008/04 KOSTNADSOVERSLAG FLYTTING AV LANDBRUKSKONTOR Framlegg til vedtak: Formannskapet tilrår: Ombygginga av landbrukskontoret vert godkjend. Kostnader vert å dekke over kapitalfondet. Framlegg frå Nils Olav Moen: Vanylven Frp. ynskjer saka om ombygging av landbrukskontoret utsett til den igangsette omorganisering av kommunen er lagt fram. Ved voteringa fekk framlegget frå Nils Olav Moen 6 røyster. Tilrådinga frå formannskapet fekk 14 røyster. Side 7 av 8
Ombygginga av landbrukskontoret vert godkjend. Kostnader vert å dekke over kapitalfondet. Sissel Stokke fekk innvilga permisjon og forlet møtet. Eventuelt: Hallstein Ljoså tok opp sak vedk. manglande venterom på ferjekaia i Volda og bad om at det vert purra på i saka. Jermund Rekkedal tok opp sak vedk. kjøp av Syvde kvileheim - manglande betaling. Ordføraren opplyste om at det vert arbeidd med saka. Einar Ebbesen etterlyste fortgang i sak frå planutvalet 12.12.03 - endring av reguleringsplan for gnr. 138, bnr. 2 Åram krins. Vidare tok han opp spørsmål om ankringsplass, utarbeiding av hamnekart for Åheim hamn og oppjustering av anløpsavgift til same nivå som nabokommunane. Han tok også opp sak vedk. feieavgift. Rett utskrift 03.02.04 Kåre Kvangarsnes Side 8 av 8