BRANNSTRATEGI PROSJEKTNAMN: Mari-Jakobvegen 1, Lærdal DATO: 21.03.2016 PROSJEKTNUMMER: REVISJON: OPPDRAGSGJEVAR: Lærdal Utvikling AS UTFØRT AV: Atle Magne Strandos KONTAKT: Ark. Erling Haugen AS KONTR. AV: Torfinn Slåtto Bakgrunn: Tiltaket omfattar eit nybygg med leilegheitsbygg (bygg A) i 3 etasjar og 14 leilegheiter for bustadføremål. Det er tilrettelagt for eit byggetrinn 2, leilegheitsbygg B og C, i 2 etasjar. Prosjektet skal i første omgang førast fram til eit salsprospekt, der følgjene av det vil avgjere korleis og når prosjektet vert ført vidare mot rammeløyve, anbod og realisering. I denne fasen ynskjer tiltakshavar, Lærdal Utbygging as, ei førebels vurdering av branntryggleiken for byggetrinn 1, og med særleg vekt på rømingsvegar og branncelledeling for å sikre at ikkje hovudløysingar må endrast. Brannteknisk prosjektering skal ta utgangspunkt i preaksepterte løysingar som går fram av vegleiinga til TEK. Dette dokumentet viser strategien for brannsikringsarbeidet, og skal vere ein del av eigar/tiltakshavar sitt grunnlag for vidare avgjerder, samt evt. grunnlag for søknad om rammeløyve. Ved avgjerd om vidare prosjektering og bygging, må det mellom anna utarbeidast brannkonsept (inkl. brannteikningar) og som grunnlag for detaljprosjektering. I det vidare arbeidet bør det vere tett dialog mellom tiltakshavar (eigar), arkitekt og brannteknisk rådgjevar (og andre rådgjevarar). Grunnlag: 6 teikningar mottatt pr. e-post 14.03.16. Tekniske forskrifter 2010 (TEK) Vegleiinga til TEK (VTEK) Generelt: Denne brannstrategien har som grunnlag at krav i TEK skal tilfredsstillast. Vi har gått ut i frå preaksepterte løysingar i VTEK. Brutto grunnflate på for bygg A er ca. 500 m 2. Garasjebygg er ca. 450 m 2. Byggetrinn 2 (bygg B og C) er stipulert til ca. 500 m 2 grunnflate, og eit eksisterande bygg er oppgitt med 280 m 2. Samla brutto grunnflate vert ca. 1730 m 2. Det ser ut til at bygg C ligg ca. 8m frå næraste bygg. Side 1 av 4
Kontroll Byggverk i brannklasse 2 og risikoklasse 4 vert plassert i tiltaksklasse 2. For bygg i tiltaksklasse 2 er det krav om uavhengig kontroll av brannkonseptet. Tiltakshavar må inngå eigen avtale med føretak som er godkjent for å gjennomføre slik kontroll. 11-2 Risikoklasser Leilegheiter (bustadføremål) skal plasserast i risikoklasse 4. Garasje/parkeringshus ligg samanbygd med leilegheitsbygg A, 3 etasjers bygg, og skal plasserast i risikoklasse 2. 11-3 Brannklasser Bygning i risikoklasse 2 og 4 med 3 etasjar, skal oppførast i brannklasse 2. 11-4 Bæreevne og stabilitet Generelt skal bæresystem oppfylle krav til brannmotstand R60. Dette gjeld også for sekundært bæresystem, etasjeskiller og takkonstruksjonar. Trappeløp skal oppfylle krav til brannmotstand R30. 11-6 Tiltak mot brannspreiing mellom byggverk Avstanden til andre bygningar skal vere minst 8 m. 11-7 Brannseksjonar Bruttoarealet pr etasje for bygg med mindre avstand enn 8m til nabobygg er ca. 1500 m 2. Arealgrense for seksjonering er 1200 m 2 utan tiltak, inntil 1800 m 2 med brannalarmanlegg med varsling direkte til nødalarmsentral (110-sentral) og inntid 10000 m 2 når bygget er sprinkla. Leilegheitsbygg i 3 etasjar med krav om heis har også krav om sprinkling, jfr. 11-12. Det gjer at arealgrensa for seksjonering er 10000 m 2. 11-8 Brannceller Mottekne skisser viser at det er planlagt 14 leilegheiter bygg A (byggetrinn 1). Prinsipp for inndeling i eigne brannceller: Kvar leilegheit, garasje, rømmingsveg og trapp, bod-avdeling, evt. sluse mot garasje, evt. teknisk rom. Endeleg løysing for branncelleinndeling vert utarbeida i samband med brannkonsept og brannteikningar. Branncelleskiljer (veggar og etasjeskiller inkl. verandagolv) skal generelt ha brannmotstand EI60. Dører til og i rømmingsveg skal ha brannmotstand EI30. Der det vert krav om brannklassifiserte vindu så må dei ha same brannklasse som veggen dei er montert i. Det er opplyst frå arkitekt at svalgang skal utformast som rømmingsveg. Kommentar: Planløysinga tyder på av branncelledelinga kan løysast. 11-9 Materialer og produkters egenskaper ved brann Overflater og kledningar har tilfredsstillende eigenskapar m.h.t. antenning, brann- og røykspreiing når det vert nytta produkt med branntekniske eigenskapar som gitt i tabell 1B i VTEK. Nokre utsnitt Mari-Jakobvegen 1, Lærdal Side 2 av 4
av preaksepterte løysingar viser mellom anna: Kledning i brannceller (som ikkje er i rømmingsveg), K 210 B-s1,d0 [K1] Overflater på vegger og i himling/tak (som ikkje er i rømmingsveg), B-s1,d0 [In 1]. Kledning i rømmingsveg, K 210 A2-s1,d0 [K1-A] Overflater i rømmingsveg B-s1,d0 [In 1] Kledning i sjakter og holrom, K 210 A2-s1,d0 [K1-A] Overflater i sjakter og holrom, B-s1,d0 [In 1]. Overflater på ytterkledning, B-s3,d0 [Ut 1] Overflater på golv, D fl-s1 [G] All isolasjon skal i utgangspunktet vere ubrennbar (A2,s1,d0). 11-10 Tekniske installasjoner Kanalar, kablar og andre installasjonar som vert ført gjennom branncellebegrensande konstruksjonar, må ikkje svekke konstruksjonen sin brannmotstand. Gjennomføringar skal brannisolerast/branntettast med dokumenterte og typegodkjende løysingar. 11-11. Generelle krav om rømming og redning For å tilfredsstille et godt tryggleiksnivå i ein bygg, må tilgjengeleg rømmingstid vere vesentleg lengre enn nødvendig rømmingstid, og løysing må dokumenterast ved brannkonseptet og detaljprosjektering. 11-12 Tiltak for å påverke rømmings- og redningstider Byggverk, eller del av byggverk, i risikoklasse 4 med krav om heis, skal ha automatisk brannsløkkeanlegg. Deler av et byggverk med og utan automatisk sløkkeanlegg skal vere ulike brannseksjonar. I bustaddel kan nyttast bustadsprinkling i samsvar med NS-INSTA 900 type 2. Byggverk i risikoklasse 2-6 skal ha brannalarmanlegg. Detektorar i leilegheiter i bustadbygg må dekke områda kjøkken, stove og sone utanfor soverom. For bustadbygg er det anbefalt at alarm utløyst i leilegheit som ikkje er kvittert ut i løpet av 2 minutt, varslar alle. Manuell melder anbefalast installert i trapperom og ved hovudinngang. Denne utløyser alarm som varslar alle. 11-13 Utgang frå branncelle Kvar leilegheit (branncelle) skal ha utgang til sikker stad, tilgang på 2 uavhengige rømmingsvegar eller utgang til korridor med 2 rømmingsretningar. Dersom vindu skal nyttast som rømmingsveg, må rømmingsvindu ha høgde minimum 0,6 m og breidde minimum 0,5 m. Summen av høgde og breidde må vere minimum 1,5 m. Svingvindu med dreieakse, må ha tilsvarande effektiv opning. Rømmingsvindu må vere lett å opne utan bruk av spesialverktøy og må være hengslet slik at det er lett å komme ut av vinduet. Utgang til balkong/veranda er å sjå på som likeverdig med rømmingsvindu når tilhøyrande ytingar for å lette rømming er oppfylt. Golv/dekke på balkong må vere utført som branncellebegrensande konstruksjon i EI60. Fri breidd (lysopning) gjennom dør ut frå branncella skal vere minst 90 cm. Mari-Jakobvegen 1, Lærdal Side 3 av 4
11-14 Rømmingsveg Fri breidd i rømmingsveg (korridor og trapperom) skal vere minst 90 cm. Trapp bør vere stor nok til å frakte båre. Svalgang skal utformast som rømmingsveg. Utarbeida planløysing viser tilfredsstillande løysing for svalgang og trapper. Detaljar med breidder, kledning, overflater, brannskiller mot leilegheitene, sikring av trapper og heis m.m. vert å avklare i brannkonseptet. 11-16 Tilrettelegging for manuell slokking Kvar bueining og fellesareal (garasje m.m.) skal utstyrast med brannslange og/eller anna typegodkjent manuelt sløkkeutstyr som kan nyttast i alle rom. 11-17 Tilrettelegging for rednings- og sløkkemannskap Eventuelle sjakter skal ha inspeksjonsluker. Bygget skal ha god tilkomst for brannvesenet. Sløkkjevatn og andre tiltak med betydning for brannvesenet sin innsats på staden må avklarast med brannvesenet som del av den vidare brannprosjekteringa. Mari-Jakobvegen 1, Lærdal Side 4 av 4
BRANNNOTAT PROSJEKTNAMN: Mari-Jakobvegen 1, Lærdal DATO: 11.04.2016 PROSJEKTNUMMER: REVISJON: OPPDRAGSGJEVAR: Lærdal Utvikling AS UTFØRT AV: Atle Magne Strandos KONTAKT: Ark. Erling Haugen AS KONTR. AV: Viser til e-post av 06.04.16, og påfylgjande samtale pr. telefon. I dette notatet har vi i hovudsak lagt inn opplysningar/svar på dei forhold som er spurt om. Risikoklasse og brannklasse Leilegheiter (bustadføremål) skal plasserast i risikoklasse 4. Garasje/parkeringshus ligg samanbygd med leilegheitsbygg A, 3 etasjers bygg, og skal plasserast i risikoklasse 2. Bygning i risikoklasse 2 og 4 med 3 etasjar, skal oppførast i brannklasse 2. Branncelleskiller Branncelleskiller skal generelt ha brannmotstand EI60. Vegg mot svalgang: Trapper frå svalgang er teikna opne, og plassert rett ut for svalgangen. Då må yttervegg mellom bustaddel og svalgang utførast som branncellekonstruksjon (EI 60) til minst 5m til side for ytterkant av trapp. Dør i same feltet må ha brannmotstand EI30. Vindu skal i utgangspunktet ha same brannklasse som veggen, men sidan bygget vert sprinkla så vil vi tilrå eit fråvik for vindu og plassere dei med brannklasse som dørene (EI30). Garasjedel: Oppgjeve areal på garasjedel er ca. 500 m 2. Garasje med større bruttoareal enn 400 m 2 må vere skilt frå resten av byggverket med bygningsdeler med brannmotstand minst EI 90, A2-s1,d0 [A 90]. Gjeld skillevegg og tak (inntil 8m frå bustaddel). For garasje over 400 m 2 må mellomliggande rom utførast som brannsluse med brannmotstand minst EI 60, A2-s1,d0 [A 60]. På teikninga kan det sjå ut til at dør frå garasja går ut i open del ved svalgangstrapp. I så tilfelle kan brannsluse sløyfast. Dersom garasjedel kan reduserast til under 400 m 2, så vil krav til brannskiller verte redusert til EI 60 (B60). Vindu i yttervegg over garasjetak (akse G-F og akse 1) kan utførast utan brannklasse. Brannskillet ligg i garasjetaket (EI90). Automatisk slokkeanlegg (sprinkling). Byggverk, eller del av byggverk, i risikoklasse 4 med krav om heis, skal ha automatisk brannsløkkeanlegg. Dersom det er ynskjeleg å unngå sprinkling i resten av bygget, t.d. i garasjedelen, må sprinkla og usprinkla område vere skilt som eigne brannseksjonar med konstruksjonar (vegg og dekke/tak) i brannklasse REI 120-M, A2-s1,d0 [A 120]. I bustaddel kan det nyttast bustadsprinkling i samsvar med NS-INSTA 900 type 2. I garasjedel må sprinkling prosjekterast og utførast etter NS-EN 12845. Side 1 av 1