«AKTIVT LIV I SENTRUM» Universell utforma turveg, Rauland, Vinje Kommune Prosjektskildring A Hovudansvarleg utførande verksemd. Organisering Kontaktinformasjon: Næringsrådgjevar Aud Irene Kittelsen Verksemd: Vinje Kommune Samarbeidspartnarar: Vinje Kommune: Næringskontoret, Helse og omsorg, Rauland Skule. Lag og organisasjonar: IL Dyre Vaa, Rauland Historielag, Rådet for eldre og funksjonshemma, Rauland Turist Vinje kommune vil i prosjektet ha dialog med Tokke kommune som har erfaring med utbygging uu-turvei knytt til sentrum i Dalen. Kvinesdal kommune vil også vere ein samarbeidspartnar knytt til erfaringar som dei har gjort med informasjon og opplæring på tvers av sektora internt i kommunen. Hjartdal kommune er i dag ein partner som me har eit samarbeid med i forhold til kompetanseheving, P, og vi ser for oss å dra nytte av kvarandres kompetanse og erfaringar vidare i prosjektet. Prosjektnamn: «Aktivt liv i sentrum- Universelt utforma turveg, Rauland sentrum». Planlagd start- og sluttdato: haust 2014 haust 2017 Veilederen er utarbeidet av Prosjektforum AS ~ www.prosjektforum.no Side 1
A. Prosjektskildring Bakgrunn: Vinje kommune og rådet for eldre og funksjonshemma tok hausten 2014 initiativ til å utvikle ein universelt utforma turveg i Rauland sentrum. Rauland har eit sentrum med stort utviklingspotensiale. Busetnaden er tett og dei som bur her er jamt fordelt i alder. Rauland er også ein turistdestinasjon, som gjer at det i store delar av året er mange menneskje i sentrum. Nært knytt til sentrumsområdet er det flotte friområde som er lite nytta. På bakgrunn av dette har kommunen organisert prosjektet «Aktivt liv i sentrum». Folkehelseprofilen for Vinje kommune 2015 (Folkehelseinstituttet 2015) og Ungdata 2014 syner at dei fleste ser ut til å ha det bra i Vinje og på Rauland. Sjølv om andelen med psykiske lidingar i alderen 15-29 år er lågare enn landsgjennomsnittet, oppgjev likevel unge i Vinje å ha få samlingsstader. Forventa levealder for kvinner er dessutan lågare, og kvinner er meir overvektige, enn elles i landet. Andelen som leggast inn på sjukehus med hjerteog karsjukdom er også høgare for Vinje enn i landet elles. For å førebygge sjukdom og fremje folkehelse ynskjer vi å legge til rette for ein aktiv livsstil, noko som er i samsvar med kommuneplanen sin samfunnsdel, der satsing på langsiktig, tverrfaglig og systematisk folkehelsearbeid blir vektlagd. Kommunedelplan for trafikksikring fokuserar på tryggleik og høve til å koma seg ute i det fri. Vinje kommune ynskjer dessutan å samarbeide med friviljuge lag og organisasjonar om å styrke lokalsamfunnet og utvikle eit nærmiljø som gjer det lett å ta vare på eiga helse. Me ynskjer difor å opparbeide ein universelt utforma turveg med ulike aktivitetar som kan stimulere til fysisk aktivitet, og vere ein sosial møteplass på tvers av aldersgrupper. Området der prosjektet er plassert er i dag i ei ljosløype med dårlig grunn som ligg nær omsorgsbustad, skule, bustadområde, barnehage og næring. I det tiltenkte området vil ein også fokusere på ivaretaking av kulturminna som er knytt til kolgroper som finst. I det utvida samarbeidet som vert knytt til prosjektet så vil ein også kunne trekke inn aktivitetar knytt til handicap idrett både vinter og sommar. Veilederen er utarbeidet av Prosjektforum AS ~ www.prosjektforum.no Side 2
Prosjektet har valgt å ikkje involvera offentlig transport sidan tilbodet innanfor transport er lite i det aktuelle område. Effektmål 1. Å utvikle metodar for deltakande dialogbasert samhandling, og erfaringsutveksling og kompetanseheving mellom Vinje, Tokke, Hjartdal og Kvinesdal kommune, lokale organisasjonar og turistnæring for å utvikle lokalsamfunnet ved å tilrettelegge for sosiale møteplassar og fysisk aktivitet for alle. 2. Å utvikle ein universelt utforma turveg som er lett tilgjengeleg og gir auka livsglede for alle uavhengig av funksjonsnivå. Sjå effektmål pr. målgruppe seinare i skildringa. 3. Auke den kommunale kompetansen ved meir målretta planar for universelt utforma lokalsamfunn. Blant anna i planprogrammet til kommuneplanens samfunnsdel. Auka kompetanse vil også kome fram gjennom samarbeid med tidlegare nemnde kommunar. 4. Å styrke samarbeidet mellom ulike sektorar, friviljuge lag og organisasjonar og involvere flest mogeleg brukargrupper til aktiv medverknad. Målet vil vere å få rutinar i et tverrsektorielt samarbeid innanfor universell utforming. Planforum og ledermøter i kommunen vil vere ein arena kor dette vil vera i fokus. Veilederen er utarbeidet av Prosjektforum AS ~ www.prosjektforum.no Side 3
Effektmål pr. målgruppe Målgruppa for dette prosjektet er alle innbyggjarar og tilreisande i Vinje kommune. Vi er særleg opptekne av at turvegen blir til glede og nytte for: 1. Funksjonshemmede/eldre: Sosial møteplass for gammel og ung gir økt livskvalitet. Tilgang til friluftsområde, helsegevinst fysisk ved større bevegelsesfrihet 2. Barn/unge/voksne: Glede av ferdsel på sykkel/til fots uten å ta hensyn til biler. Bygging av sosialt miljø i et naturområde Resultatmål: Ein universelt utforma ljos-sett og skilta turveg på 2,5 km med møteplassar for barn, unge, eldre, funksjonshemma og turistar. Løypa skal ha treningsapparat, frisbee-golf og historieformidling knytt til eldre kolgroper. Delar av løypa skal vere asfaltert til bruk for rulleski knytt til idrettslaget sitt skiskyttaranlegg. B. Hovedtiltak ~ Aktiviteter Prosjektet vektlegg lokal medverknad ved at: o Rauland skule deltek i prosjektet ved å nytte timar knytt til faget: o Fysisk aktivitet og helse o Natur miljø og friluftsliv o Kroppsøving o Mat og Helse o IL Dyre Vaa vil nytte timar knytt til dugnadsarbeid i form av å legge til rette for delar av traseen., få på plass Frisbeegolf og området for treningsapparat. o Historielaget vil skaffe materiell knytt til historikken som omhandlar kolgroper. o Rådet for eldre og funksjonshemma vil bli trekt inn knytt til universell utforming. o Barnehagen og omsorgsbustaden vil bidra med timar knytt til utforming av fysiske møteplassar og aktivitetar langs løypa ut i frå eigne behov. Veilederen er utarbeidet av Prosjektforum AS ~ www.prosjektforum.no Side 4
Nr Navn Oppgaver Hvem skal delta Resultat HA1 Prosjektplan Utarbeide prosjektplan, som skal godkjennast av PA HA2 Brukargrupper Møte med brukargrupper, framskaffe ønske og behov HA3 Vurdering Vurdere foreinlighet mellom aktivitet/ brukergruppene HA4 Kostnadsoverslag Innhente pris på grunnarbeid Prosjektleiar Prosjektansvarleg Prosjektleiar Prosjektleiar/ IL Dyre Vaa Prosjektleiar Klart for start Referat med behov/ ønske. Konklusjon Prisoverslag HA5 Skissere løype Lage forslag til trasse Prosjektleiar/IL Dyre Vaa Kart med løype HA6 Finansiering/budsjett Gjennomgang på mogeleg finansieringsplan og budsjett Prosjektansvarleg Prosjektleiar IL Dyre Vaa Finansieringsplan Budsjett HA7 Aktivitet langs løypa Val og plassering av aktivitets-fremjande utstyr IL Dyre Vaa, Rauland skule. Rauland omsorgssenter og Rauland Barnehage, Rådet for eldre og funksjonshemma Innkaup og montering av utstyr HA8 Entreprenørarbeid Utføre grunnarbeid og asfaltering Avhengig av innhenta anbod Universelt utforma turveg HA9 Innkaup skilt, bord og benkar Bestille og montere Prosjektleiar, Rauland Elektriske, IL Dyre Vaa Skilta turveg, lys langs vegen og møteplassar Veilederen er utarbeidet av Prosjektforum AS ~ www.prosjektforum.no Side 5
Framdriftsplan Framdriftsplan (mnd) Hovudaktiviteter Ans. mnd mnd mnd mnd mnd mnd mnd HA1 Utarbeide/revidere prosjektplan Jan- Juni HA2 Møte med brukargrupper, framskaffe ønske og behov Jan- Juni HA3 Vurdere om brukargruppene sine ønske er foreinelege Aprilmai HA4 Innhente pris på grunnarbeid Mai HA5 Lage forslag til trassê April HA6 Gjennomgang av finansieringsplan og budsjett PA Juni IL DV HA7 Val og tilrettelegging av aktivitet og rydding langs turvegen - dugnad, IL DV, PA, REF Mai 2015 Juni. 2017 HA 8 Entreprenørarbeid Aug. 2015- okt. 2017 HA 9 Innkaup og montering skilt, bord og benkar, IL DV, REF Juni Sept. 2017 Veilederen er utarbeidet av Prosjektforum AS ~ www.prosjektforum.no Side 6
C. Organisering Prosjekteigar i kommunen: Næringskontoret Vinje Kommune v/næringssjef Toril Nicolaisen Prosjektleiar: Næringsrådgjevar Aud Irene Kittelsen Prosjektmedarbeidarar Helse- og omsorg v/ Astrid Marie Kvaal, Teknisk Drift og vedlikehald v/kjetil Vaagen og Geir Hagen Andre bidragsytere og samarbeidspartnere:), IL Dyre Vaa, hytteeigarar i Rauland, næringsdrivande, grunneigar, Rauland Turist, Rauland skule, IL Dyre Vaa, Kvinesdal kommune, Hjartdal kommune, Tokke kommune Referansepersonar: Birger Killingtveit, (Rauland Historielag og Rådet for eldre og funksjonshemma), Einingsleiar Sten Rune Sannerholt og elevrådsrepresentant (Rauland Skule) Avdelingsleiar Anne Langen (Rauland Omsorgssenter), Ingar Bjørnø (IL Dyre Vaa). Veilederen er utarbeidet av Prosjektforum AS ~ www.prosjektforum.no Side 7
D. Ressursrammer ~ økonomi HA-nr Kalkulert kostnad: Timar Time- Direkte kostnadar kostnadar HA-01 Møte med brukargrupper 20 7000 HA-02 Vurdere om ulike ønske er foreinlege 4 1400 HA-03 Innhente pris 2 700 Sum Planlegging 9100 0 HA-04 Trassê- forslag 20 7000 HA-05 Prosjektplan 30 10500 HA-06 Finansiering/budsjett utarbeiding 4 1400 HA-07 Prosjektleiing og dugnad, aktivitet og rydding 200 70000 HA-08 Prosjektleiing og entrepenørarbeid 120 42000 1 750 000 HA-09 Innkaup og montering skilt, bord, benkar 200 000 Sum timekostnadar 130900 0 Sum Direkte kostnader inkl. mva 0 130900 1 950 000 Finansiering Type finansiering Beløp Spelemidlar 975 000 Vinje kommune, midlar frå næringskontoret 975 000 Totalt 1 950 000 Veilederen er utarbeidet av Prosjektforum AS ~ www.prosjektforum.no Side 8