Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Tysdag 22. september kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Morten Sangedal, Anne Sunde, Jakob Bø, Frida Hole Runestad, Magnus Hovda Rørheim, Pål Rune Grønås, Dag Olav Sæbøvåg, Kristel Borgemyr, Aud Marie Bøe, Kristine Bø og Håvard Østhus Forfall: Elin Bø og Gerd Bøe. levande og lærande
Sak 01 15/16: Godkjenning av innkalling og sakliste Innstilling frå rektor: SU godkjenner innkalling og sakliste. Vedtak: Kristine ville ta opp ei sak om bålhuset under saka «Ymse». Elles som innstilling frå rektor. Sak 02 15/16: Godkjenning av referat frå førre møte Innstilling frå rektor: SU godkjenner referat frå førre møte. frå rektor. Sak 03 15/16: Konstituering av SU 2015-16 Saksutgreiing: Vi skal velje både leiar og nestleiar av SU. Innstilling frå rektor: Ingen Vedtak: Morten Sangedal blei valt til leiar og Anne Sunde til nestleiar. Sak 04 15/16: Møteplan for SU/SMU 2015-16 Saksutgreiing: I sak 29-14/15 la rektor fram eit forslag til datoar for SU/SMU sine møter skuleåret 2015-16. SU gjekk då inn for at dette framlegget skulle presenterast for det nye SU til hausten, med endeleg vedtak då. I tillegg til møtet 22. september, har rektor forslag om desse møtedatoane: Tysdag 24. november kl. 18.00 Tysdag 9. februar kl. 18.00 Tysdag 24. mai kl. 18.00 Innstilling frå rektor: SU seier seg einige i årsplanen for SU/SMU 2015-16. Vedtak: Vi vart einige om desse datoane: Tysdag 1. desember kl. 18.00 Tysdag 23. februar kl. 18.00 Tysdag 3. mai kl. 18.00 levande og lærande
Sak 05 15/16: Orienteringar frå rektor Saksutgreiing: Her vil rektor orientere om Barnehage- og skuleoppstarten denne hausten IKT-utfordringar og kva vi gjer for å koma vidare U-landsaksjonen 2015 Budsjettarbeid 2016 Evt. anna informasjon Innstilling frå rektor: SU tek orienteringa til etterretning. Sak 06 15/16: Barnehageferie 2016 Saksutgreiing: Sommaren 2015 hadde vi ei ferieavvikling i barnehagen, som gjorde at barnehagen var stengt i siste halvdel av juli og første halvdel i august. På denne måten vart ferien lagt opp etter barnehageårets avslutning og byrjing. Det var ikkje alle som likte denne nye ordninga, og som heller ville ha barnehageferie i heile juli, då det gjerne er fellesferie. Difor kom dette som ei sak frå FAU før sommaren, og rektor vart beden om å kome attende med ei ny sak om barnehageferie til SU hausten 2015. Dette med avvikling av ferie har vore diskutert i barnehagepersonalet etter sommaren. Det er ulike syn på dette, men det er stort sett ei felles oppfatning av at det beste vil vere å gå attende til å ha ferie i heile juli, sjølv om det gjer at dei borna som skal byrja på skulen til hausten, gjerne må ein tur innom barnehagen i august, dersom foreldra ynskjer å gjere det på denne måten. Innstilling frå rektor: Barnehageferien vert lagt til 4.-29. juli 2016, altså veke 27-30. Dersom ikkje anna vert bestemt, vil barnehageferien verta gjennomført i fire veker i juli, også i dei komande åra. levande og lærande
Sak 07 15/16: Lokale endringar i skuleruta 2015-16 Vi hadde ei sak (28-14/15) om dette før sommaren. No kjem det ytterlegare forslag om endringar i skuleruta. I og med at U-landsaksjonen vert gjennomført på kveldstid denne hausten, skal denne avspaserast for. Både elevar og skuletilsette avspaserer difor måndag 4. januar, som står som ein planleggingsdag i skuleruta, men som eigentleg skulle vore ein skuledag hjå oss pga planleggingsdagen 13. november. Vi har julefest torsdag 17. desember. Denne er på kveldstid, og både elevar og skuletilsette avspaserer difor fredag 18. desember. Vi har grillfest måndag 20. eller tysdag 21. juni (dato for avslutningsfest på Finnøy avgjer). Denne er på kveldstid, og elevar og skuletilsette avspaserer difor onsdag 22. juni. Innstilling frå rektor: SU går inn for dei skisserte endringane i skuleruta. Sak 08 15/16: Sakliste for SMU (Skulemiljøutvalet) Sak 01-15/16: Godkjenning av innkalling og sakliste Sak 02-15/16: Godkjenning av referat frå førre møte i SMU Sak 03 15/16: Nytt leikeområde. Presentasjon av planar. Rom for innspel. Sak 04 15/16: Informasjon om skuleveg og sykling, lovendring. Sak 05 15/16: Drøfting av biltrafikk/parkering på skulens område i skule og SFO-tida. Sak 06 15/16: Ymse. Innstilling frå rektor: SU tek SMU si sakliste til orientering levande og lærande
Sak 09 15/16: Ymse Kristine Bø frå barnehagen spelte inn ein sak om bålhuset på uteplassen. Dette er ikkje heilt ferdig. Det manglar litt på hatten (vannbord på hjørnene), vi skal ha benker inne og det står eit dieselaggregat der oppe som gjerne kan fjernast. I tillegg må det snekrast grinder som kan halda dyr ute frå bålhuset, og grindene inn på området (ved drivhuset) burde også byttast ut. o Vi vart einige om at Jakob snakkar med Terje og høyrer om det er OK at vi kjøper inn ny grind, og setter denne opp på dugnad. Jakob snakker med Håvard og dei kjøper inn grind + hengsler. Morten kallar inn til dugnad. På denne dugnaden prøver dei også å ferdigstille hatten, fjerne dieselaggregat og lage grinder til bålhuset. o Tømming av utedoen ved uteplassen. Dette har blitt gjort ein gong for lenge sidan, av vaktmeister, men det ligg ikkje rutiner for dette. I og med at ein må køyre opp for å tømme tanken, vert dette utsett til våren. Møte slutt kl. 19.10. Ref: Håvard Østhus levande og lærande