VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.
TUSSAFIBER VELKOMEN SOM FIBERKUNDE Dette heftet vil gi deg litt informasjon om det arbeidet som skal gjerast for å få lagt fiber inn i huset ditt og nokre tips om korleis utstyret som trengst skal monterast. Det er viktig at du tenkjer nøye gjennom og planlegg det innvendige nettet ditt, då slepp du unødig meirarbeid når sjølve monteringa startar. Les difor nøye gjennom informasjonen du har motteke. Har du spørsmål kan du kontakte kundesenteret vårt på telefon 70 04 63 00 eller gå inn på www.tussafiber.no for meir informasjon. Vi er glade for at du valde Tussafiber og vi skal gjere alt vi kan for at du skal bli fornøgd med produktet. Tussafiber gjer framtida kjekkare!
TUSSAFIBER KVEN GREV GRØFTA? Tussa grev grøft for fiberkabelen i bustadområdet heilt fram til tomtegrensa di. Grøfta vert grave enklaste veg og den vegen som fører til minst mogeleg ulempe for deg som bur her. Tussa samarbeider med kommunen i grave spørsmål. Du må grave sjølv frå husveggen, der skøyteboksa skal stå, til tomtegrensa eller anna definert punkt. Fiber heilt heim Dersom du ikkje ønskjer å grave sjølv, kan du kontakte entreprenøren som grev i feltet. Kontakt ansvarleg representant på anleggstaden eller ta kontakt med kundesenteret vårt på tlf. 70 04 63 00. Kostnad med graving av eiga grøft vert ikkje dekt av Tussa. Du er sjølv ansvarleg for oppussing av grøfta (såing av gras osb.). Skøyteboks Fiber Tussa - graving Kunden grev sjølv
Graving og utforming av grøfta Tussa deler ut kart, som syner om lag kvar grøfta skal gå. Grøfta skal vere minimum 30 cm djup. Skal du grave langt, bruk ein spade som er smal, då går arbeidet lettare. Du må også rydde grøftebotnen for steinar. Grøftedjupn min. 30 cm Merkeband Rør Finmasse Når grøfta er graven og reinska for stein, kan fiberrøret leggjast. Hugs å unngå knekk på røret, og det må ikkje krummast meir enn omkrinsen på ei CD-plate. Du kan deretter fylle grøfta med same masse som du grov opp. Pass på at dei første 10 cm er fri for stein. Er det mykje stein i massen, kan du leggje sand eller hagesingel rundt røret. Oppå den fine massen (5-10 cm over røret) legg du det raude merkebandet langs heile grøfta. Då er det lettare å oppdage grøfta ved graving i framtida, utan å skade røret. Deretter fyller du att grøfta med jordmassen du har. NB! Det er lurt å lage ein liten kul på toppen då masen normalt sig litt saman etter tid. Røret du mottek frå Tussa, skal ikkje kappast. Rør-enden som vender mot husveggen skal ha om lag 2 meter lengde opp frå bakken. Den andre rør-enden skal kveilast saman og leggast ved tomtegrense, stolpe eller hovudgrøft, slik det syner på kartet. Deretter skal grøfta stellast att. VIKTIG: Endetoppane må vere påmontert i kvar ende av røret.
TUSSAFIBER MONTERING AV SKØYTEBOKS OG HEIMESENTRAL Skøyteboks Det vert montert ein skøyteboks utvendig på husveggen. Boksen er om lag 15 x 20 x 5 cm. Frå dette punktet skal det leggjast ein innandørs fiberkabel fram til heimesentralen. Skøyteboksen må plasserast slik at grøfta vert kortast mogeleg og slik at kabelen vidare til heime sentralen får ei gunstig plassering. Tussa vil ha meiningar om plassering av skøyteboksen og prøver å finne ei god plassering saman med deg som kunde. Skøyteboksen vert montert av Tussa. Det vert sett opp berre ein utvendig skøyteboks for kvar bygning. Dersom det er fleire bueiningar i bygningen, må ein ev. leggje rør/fiberkabel frå denne boksen til kvar kunde/heimesentral i bygningen. Skøyteboks Fiber Heimesentral Fiber frå skøyteboks til heimesentral Kabelen mellom skøyteboksen og heimesentralen vert montert av Tussa. Heimesentralen skal monterast maksimalt 12 kabelmeter frå den utvendige skøyteboksen. NB! Den utvendige skøyteboksen kan maks. plasserast 2 meter over bakken.
Heimesentral Heimesentralen er det tekniske utstyret og utgangspunktet for tilkopling av TV, internett og telefoni. Det ideelle er difor å plassere heimesentralen i nærleiken av der du har dei fleste tilkoplingspunkta. Når fiberkabelen er lagt fram til bustaden din, kjem Tussa og installerer heimesentralen. Det er viktig at du tenkjer gjennom ein del ting før du bestemmer deg for plassering. PLASSERING AV HEIMESENTRAL Heimesentralen må plasserast maksimalt 12 kabelmeter frå det punktet der den utvendige skøyteboksen er plassert (der fiberkabelen kjem inn til bustaden din). Heimesentralen bør ikkje plasserast på stader der det er høg fukt, mykje støv, under 5 plussgrader, fare for mus, osb. Det vil seie ikkje på vaskerom, kaldt loft eller bod. Treng du hjelp til å leggje nye kablar frå heimesentralen til TV, PC eller telefon, avtalar du direkte med det firmaet du ønskjer å nytte eller du kan kontakte ansvarleg representant på anleggstaden.
TUSSAFIBER ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON? Ring kundesenteret vårt på tlf. 70 04 63 00, eller send ein e-post til fiber@tussa.no. tussafiber.no