Program 2015-2019 HYLLESTAD HØGRE d a t s e l l y h
Viktig for Hyllestad Hyllestad kommune er inne i ein positiv utvikling med vekst i folketalet, og dette vil Høgre fortsette å halde fram med. Hyllestad skal framleis vere ein attraktiv kommune å bu og leve i. Vi vil legge til rette for at dei som kjem og buset seg her skal bli ivaretekne med tanke på behov når det gjeld bustad, arbeid og fritid. Høgre vil at kommunen skal fortsetje å ta i mot innflyttarar frå nært og fjernt med ein positiv innstilling, og at kommunen fortsatt skal sikre god norskopplæring, noko som er grunnlaget for god integrering. Høgre vil også at kommunen skal gje innbyggarane tilbod om opprydding av større avfall som i dag ligg rundt omkring i kommunen, noko som er ein mogeleg trussel. Me ynskjer at kommunen lagar ein fast ordning med henteruter både vår og haust. Hyllestad Høgre vil jobbe for at alle kyrkjebygga vert oppretthaldne og vedlikehaldne, samstundes som vi vil styrke budsjetta åt kyrkja. Hyllestad Høgre vil jobbe for at det vert bygd fleirbrukshall på Hyllestad. Perioden 2011 2015 Hyllestad Høgre har hatt tre representantar i kommunestyret i den siste perioden. Til tross for at me er eit mellomstort parti har vi ved kvart budsjettforlik fått gjennom at aktiviteten ved dagsenter og aktivitetssenter skal oppretthaldast. Hyllestad Høgre har også vore pådrivar for å få på plass næringsområde og utbygging av mobilnett i Hyllestad. Vi har støtta alle private initiativ til næringsutbygging og private utbyggingar av bygg og tomtereguleringar. Hyllestad Høgre har hatt, og har framleis, eit godt samarbeid med alle partia elles i Hyllestad.
SKULE OG BARNEHAGE Gode skular og barnehagar er ein av berebjelkane i samfunnet. Hyllestad Høgre vil at alle born skal få mogelegheit til å delta aktivt i samfunnet og til å bruke evnene sine. Både barnehagen og skulen skal gi trygg, god omsorg, og samstundes stimulere til leik og utvikling på borna sine premissar. Hyllestad Høgre sitt mål er å skapa ein skule som tek vare på lærelysta, og som ser den einskilde eleven sitt behov og mogelegheiter. Ha ein framleis framtidsretta skule med moderne læremiddel. At elevane skal ha eit mangfaldig og trygt læringsmiljø som ivaretek den einskilde sine faglige og sosiale behov. At dei tilsette i barnehage og skule som ynskjer vidareutdanning skal få tilstrekkelege mogelegheiter til dette. At kommunen skal ha kontinuerleg opptak til barnehagen. Jobbe for at barnehagen vert samla under eitt tak. Støtte ein eventuelt utbygging av eksisterande barnehagar og eit godt tilrettelagt uteområdet for borna i Hyllestad. KULTUR OG IDRETT For at det framleis skal vere godt å leve og bu i Hyllestad er det viktig vi har eit variert og attraktivt fritidstilbod. Mangfaldet må ivaretakast. Stimulere til eit breitt og variert fritidstilbod for born, unge og vaksne. Støtte opp om kulturskulen og oppretthalde det varierte tilbodet. Støtte opp om og arbeide for at det vert bygd ein fleirbrukshall på Hyllestad. KOMMUNESAMANSLÅING Hyllestad Høgre er positive til kommunesamanslåing, med forbehald om at dette fører til at dei gode tilboda som Hyllestad allereie har vert betre. Det er viktig for Høgre at tenestetilboda som vi har i dag vert oppretthaldne også i framtida. Når utgreiingane om ein framtidig storkommune er ferdig skal dette avgjerast med folkerøysting om kva for alternativ Hyllestad skal gå for. Hyllestad Høgre er mot tvangssamanslåing av kommunar.
HELSE OG OMSORG Hyllestad har i dag eit variert helsetilbod for innbyggarane, som me ynskjer å vidareutvikla. Alle eldre og pleietrengande skal sikrast plass i ei verdig omsorgsteneste som tilbyr dei tenestene dei har behov for. Valfridom i omsorga aukar den einskilde sine mogelegheiter til å meistre sitt eige liv. Det er ei viktig målsetjing at alle som ynskjer sjukeheimsplass skal få det, men dette må ikkje skugge for at dei fleste eldre vil bu heime so lenge som mogeleg. Vidareutvikle helsetilbodet i kommunen. Eit lågterskelilbod til born/unge med fokus på psykisk helse og velferd ville vere førebyggande og bidra til å styrke den totale helsa. I framtidige budsjett styrke det mentale helsetilbodet. I framtidige budsjett oppretthalde og ved behov styrke tilbodet på tenester kring helsesyster og jordmor. At ambulansen framleis skal vere i Lavik. Oppretthalde frisklivssentralen. Oppretthalde kjøkenet og vaskeriet på Eikelund. Oppretthalde tilbodet på dagsenteret og aktivitetssenteret. Jobbe for at det kjem på plass eit pårøranderom.
NÆRING OG UTVIKLING Støtte opp under eksisterande næringsliv og nyetableringar. Jobbe for betre infrastruktur spesielt med tanke på fiber og 4G mobildekning. Jobbe for framleis tilrettelegging av næringsområde med god infrastruktur. Jobbe for at Hyllestad utviklingspark vert utbygd med næringsbygg og større kai. Jobbe for ein liberal praksis når på bu og driveplikt. Jobbe for at grunneigarane skal ha råderett over eigen eigedom. SAMFERDSLE Næringsdrivande, yrkessjåførar, pendlarar, skuleelevar, småbarnsfamiliar - vi er alle avhengige av trygge og gode vegar. Også den framtidige kunnskapsøkonomien vår vil vere avhengig av ein moderne infrastruktur. Jobbe for å utbetra vegen frå Lavik til Lutelandet (Riksveg 607) med prioritet på Leirvik Lavik i fyrste omgang. Jobbe for at alle dei kommunale vegane vert rusta opp med generelt vedlikehald. Jobbe for at alle dei kommunale vegane vert asfalterte. Jobbe for at ekspressbåtruta til og frå Rysjedalsvika vert oppretthalden. Jobbe for at det kollektive transporttilbodet vert oppretthalde minst som i dag. Jobbe for at kystvegen (RV57) og fjordkryssing via Solund vert teke inn på Nasjonal Transportplan.
Våre kandidater Hyllestad 1. Geir Helge Nordstrand Ordførerkandidat 1. Geir Helge Nordstrand 1973 Hyllestad 2. Eva Mette Bodilsdatter Høie 1968 Leirvik 3. Rune Risnes 1963 Hyllestad 4. Maren Lie Malm 1985 Leirvik 5. Jørgen Solvang 1984 Leirvik 2. Eva Mette Bodilsdatter Høie 6. Jeanette Storehaug Herstad 1988 Hyllestad 7. Øyvind Høie 1966 Leirvik 8. Renate Friedrich 1955 Sørbøvåg 9. Knut Olav Skår 1959 Leirvik 10. Marion Olga Brendehaug 1953 Leirvik 3. Rune Risnes 11. Fredrik Olsen Høie 1993 Leirvik 12. Reidun Skår 1962 Leirvik 13. Thor Halvor Nygaard 1982 Leirvik 14. Bjarne Anselm Pedersen 1950 Hyllestad 15. Arne Lie 1935 Leirvik 16. Andreas Nordstrand 1939 Hyllestad 4. Maren Lie Malmo GLØYM IKKJE Å BRUKE FYLKESTINGSLISTA! 5. Jørgen Solvang 5. Kandidat OLE GUNNAR KRAKHELLEN Solund Hyllestad Høgre Lifjorden 6957 HYLLESTAD Mobil: 970 00 012 E-post: ghn@multioffshore.com 6. Jeanette Storehaug Herstad