Innlegg på historieseminaret under Nynorske litteraturdagar, Flåm 30. oktober 2010



Like dokumenter
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Jon Fosse. For seint. Libretto

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Brødsbrytelsen - Nattverden

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

mmm...med SMAK på timeplanen

Til deg som bur i fosterheim år

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Psykologisk førstehjelp i skulen

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

6. trinn. Veke 24 Navn:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

FANTASTISK FORTELJING

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Klepp kommune Tu skule

Kva er økologisk matproduksjon?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Frå novelle til teikneserie

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kva kompetanse treng bonden i 2014?


8 tema for godt samspel

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Ny strategiplan for Høgskulen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor


Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Informasjon til elevane

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Lønnsundersøkinga for 2014

Brukarrettleiing. epolitiker

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Tilgangskontroll i arbeidslivet

MEININGSFULL LESING. Engasjer deg med. Rebecca Strandheim Forfod

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Rådgjevarkonferanse 2009

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Psykologisk førstehjelp i skulen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Den nye seksjon for applikasjonar

Transkript:

Innlegg på historieseminaret under Nynorske litteraturdagar, Flåm 30. oktober 2010 KVA SKIL, OG KVA SAMLAR? Av Johs. B. Thue No tenkjer vi fylkeshistorie, ei stor og samlande historie om Sogn og Fjordane, frå dei eldste tider og fram til i dag. Ståplass er alltid viktig når du skriv, anten skjønnlitteratur eller historie. Derfor var det ei særs viktig påminning til oss alle det momentet som professor Kåre Lunden drog fram i jubileumsfesten for han i Naustdal den 9.oktober i år: Dersom vi har hundre historieverk som er skrivne frå borgar- og embetsmannssynspunkt, vert den totale balansen kanskje ikkje så altfor stor om det også kjem eitt frå synsstaden til bonde med fire kyr og ein hest. Ei fylkeshistorie for vårt fylke, bygde-, landbruks- og fiskerifylket i landet, er viktig fordi vi då kan sjå på fortida med våre auge. Vi veit at det fylkeskommunale forvaltningsnivået er under politisk press. Slik kan sjølve eksistensen til dette forvaltningsnivået stå som døme på ein aktuell europeisk debatt, som krinsar kring demokrati, fridom og politiske mål. Dessutan har alltid kampen om forståinga av fortida ein tendens til å bli særleg aktuell då mykje står på spel for framtida. Vi talar om ein kamp. Limer alt og loddar kaldt Framtida til fylkeskommunen som forvaltningsnivå står på spel og er nemleg ikkje berre eit spørsmål om økonomisk innsparing, ein kamp mot veksande byråkrati. Det er også ein kamp om politisk nærleik, ein kamp for lokaldemokratiet sin eigenverdi. Ein kommune, ein fylkeskommune, kan også karakteriserast som eit ideologisk prosjekt. I dette prosjektet inngår felles møtestader, felles språk, felles kulturytringar, felles mytar, felles skule, og langt på veg felles religion. Felles historie kan best samanliknast med Karlssons lim, som som limer alt og loddar kaldt. Vi ser i dag at mange spørsmål blir stilte på ny. Gjenopning er eit mykje nytta omgrep både for filosofar, politikarar og historikarar. Ideologiar og ideologiske debattar har fått ei ny oppstode. Slik blir drivkrefter bak politiske handlingar avkledde og gjort synlege på ein ny måte, kanskje også ut frå synsstaden til ein bonde med fire kyr og ein hest. I ei tid då ideologiske frontar igjen bryner seg mot kvarandre kan, som alltid, historiefaget brukast til å skapa identitet, kjærleik til bygder, hjelpa til slik at folk kan plassera seg sjølv som gruppe og som einskildindivid i ein større samanheng. Mykje av det vi ser i vårt fylke i dag, er nemleg eit ålment og globalt fenomen. Folk drar frå utkantar inn til byar og tettstader. Folket i europeiske utkantar er våre søstrer og brør, og sit ved det same matbordet som vi gjer. Historiske særdrag Sogn og Fjordane fylke har det særdraget at til lenger vi går attover i tid til viktigare blir fylket sin funksjon og rolle i det nasjonale, historiske hendingsløpet. Det er nok å minna om rikssamling, Gulatinget, landnåmet på Island, vikingrika rundt Nordsjøen, innføringa av kristendommen, slaget på Fimreite, Stårheimætta, Audun Hugleiksson med sjølve Landsloven, og ætta frå Losna, som er den grøna øya som flyt laust mellom Krakhellesundet og Tollesundet. Like innafor, under skuggane av Lihesten, og med Gygrekjeften glefsande etter seg, eksporterte dei tilhogne kvernsteinar til ein stor europeisk marknad alt på 900-talet.

Dessutan er vi jo krossfylket i landet. Om ikkje lenge vil Irene Baug publisera doktoravhandlinga si som også handlar om krossfunn i Hyllestad, funn frå verkstader til eit eineståande handverk. Truleg vil då både kristenfolket, krossfolket, og det etablerte nasjonale historikarmiljøet få seg eit sjokk. Slaget på Stiklestad kan bli redusert til ei sekundærhending med omsyn til kristendommens gjennomslag i Norge. Sjokk for historikarar er forresten ein uhyre langsam prosess. Det tok mest førti lange år frå Olafia Einarsdottirs klare påvising at Harald Hårfagre var sogning til dette faktum nedfelte seg i eit historieverk. Korleis skal vi møta den utfordringa som nye funn og nylesing/nytolking av kjelder gjev oss? Korleis kan dette inkorporerast i vår ålmenne bygging av omdøme? Utan særlege atterhald kan vi nemleg seia trygt: Nasjonen si historie, Nordsjøområdet si soge, Baltikum si historie er også vår historie, Sogn og Fjordane si historie. Langtoga våre rekk langt. Far du sør til Dublin. Det er fregast ferd, sa den høgætta aurlendingen til son sin, som hadde forsett seg på og røva ei hersedotter frå Fjordane. Han bad om krigsskip frå far sin før han rømde landet, men fekk eit handelsskip. Dei tre fylka Arkeologiske funn syner oss også at det finst ikkje noko område i landet som må ha hatt større kontakt ut over landets grenser enn vårt fylke, som er summen av det gamle Sygnafylket, Fjalirfylket og Firdafylket. Fylkesamnet blei seinare avløyst av omgrepet fogderi. Namnet vårt: Sogn og Fjordane fylke har ein interessant bakgrunn. Spørsmålet om amtet, Nordre Bergenhus amt, kom opp i 1907. Ei fagnemnd under Kyrkjedepartementet rådde til at namnet skulle vera Sogn og Fjordane syssel. Amtstinget si fleirtalstilråding blei til slutt, etter mange avrøystingar: Sygna og Firda syssel. Ved ei eiga lov av 14.august 1918 blei namnet fastsett til Sogn og Fjordane fylke. Sentralt avgjort, altså. Fylkestingspolitikarane i Sogn og Fjordane visste nemleg kva eit mellomalderfylke var. Spennet i tid frå 800-talet og fram til i dag er langt. Langt attanfor dette att skin steinalderfunna under Grønehelleren, ytst i Solund, der havet leikar med tungene sine langs reinskura sva og berg. Steinalderfunna frå fjella her i Aurland er kanskje bleikna av tidas tann, men dei er til stades som vår soge. Det er også dei kunstnarane som skapte helleristingane våre i Vingen og i Ausevikja. Historiske fenomen Likevel kan vi festa oss litt med dette: Røyndomsspennet frå stordom på 800-talet til avmakt i dag er meir dramatisk enn nokon historisk roman eller nokon konstruert fiksjon kan gje oss. Kompliserte og samansette storleikar, kompliserte hendingsløp, krev som regel alltid enkle spørsmål. Ja, korleis kunne dette gå til? Når stod avfolking og avmakt som ein orkan inn over fylket vårt? Over heile fylke, til og med. Mi oppgåve i dag er å peika på historiske fenomen, røra litt på overflata, og knapt nok det. Svara kan vi først gje etter å ha sett på fylkessoga på ny, med nye periodiseringar, nye tilnærmingsmåtar slik som til dømes å nytta ideane frå fransk mentalitetshistorie. Då kan vi setja det skiljande og samlande i ny og fruktbar relieff. No får vi nøya oss med å erkjenna at historia vår er fylkets felleseige, med gullaldrar, svartedaude, pest og fattiggjering, nyskaping, folkevekst, demografiske kriseår, industrireising, kvitmåla hotell, tjørebrædde stavkyrkjer. Vår historie er vårt røynlege omdøme. For min eigen del vil eg seia; Eg misunner den nye generasjonen av historikarar som har så mange nye kjelder å ausa av, så mange nye solrenningstindar å bestiga. Svaret på spørsmålet mitt om vår dramatiske historie, vekst og fall, for å bruka eit forslite uttrykk, har eg klåre tankar om. Som alt sagt: Dette er ikkje rommet for å presentera dette svaret. Men noko dramatisk skjedde med oss dette fylket mellom 1850 og 1900. Så mykje er sikkert.

Fotballreiser som fylkeslim Kva samlar, ved sida av vår felles fortid? Ofte brukar eg personleg nærleik som eksempel for å få fram meiningane mine. Eitt av barnebarna mine heiter Ole Johannes. Han er vel 17 år gamal, frå Lærdal, bur no på hybel i Sogndal, der han er elev på den vidaregåande skulen. Han spelar fotball for 4. divisjonslaget til Lærdal il. I 2010 har han vore i Selje, i Skavøypollen, i Askvoll, i Eikefjorden,i Førde, i Gaular pluss spela kampar mot nærlag som: Veitastrondi, Kaupanger, Årdal og Syril på Leikanger. Gjennom organisert idrett har han altså fått ny kunnskap om fylket vårt, og han kjenner truleg landskapet og lendet. Han har fått prøvd sportslege krefter med jamaldringar og unge menn i storparten av Sogn og Fjordane. Til og med Gaularfjellet har han køyrd. Slik blir altså dei frivillige organisasjonane våre, over heile feltet, noko som festar oss saman. Eg har også merka meg at idrettslaga våre, til dømes, har framifrå heimesider, der du kan finna fotballreferat, som er skrivne med glød og entusiasme. Alltid på godt og flytande nynorsk. Gløden og skrivegleda er kan henda størst på Veitstrondi sine heimesider. Under kampane på Leikvoll blir det forresten servert får-i-kål. Potetstappa til pausepølsene tilverkar veitastrendingane med sementblandar. Eg skriv dette som eit lite døme på kor samlande og mangfaldige vi kan vera, her i utkantane av Norges rike. Dei unge les fotballreferat frå heile fylket, og dei går jo til sengs med PC-en sin. Snart er desse, den nye generasjonen, omflødde med sosiale medier, klare til å overta politiske posisjonar. Eg reiser eit nytt spørsmål: Vil desse sjå på grenser, kommunegrenser og fylkesgrenser, på same måten som besteforeldra deira. Det tvilar eg sterkt på. Dei har levd eit kvardagsliv i eit informasjonssamfunn mest utan grenser. Korleis skal vi møta ei slik utfordring? Vatn som omveg For å svara på dette spørsmålet kan vi først byrja slik: Vatn er sunt. Steinalderfolket vårt drakk vatn og åt stort sett berre protein: fisk, fuglar, egg, skjel, rein og villsvin. Steinaldermenyen er i dag dagleg diskusjonsemne. Blå vassdunkar med vatn er derfor plasserte på dei fleste stadene der helsepasientar ventar på tur og behandling. Helse Førde held oss med gratis vatn. Sogn og Fjordane er eit vassfylke. Vi regnar bort i periodar. Flaumen går. Grunnvatnet står høgt. Derfor er det eit paradoks at det vatnet vi drikk frå dei blåe dunkane i rom som Helse Førde disponerer, ja, det vatnet er importert frå Sverige. Godt vatn finst over alt her i fylket. Årdal kommune har til og med vunne prisar for det gode vatnet i årdalsspringane. Eg nyttar dette vassdømet for å syna kva delar av den nye og kløyvande helsepolitikken står for, som partipolitisk retning, som teknokratisk trolldomstru. Oppsummert kan truleg innhaldet i denne retninga skildrast slik: Det som er nær oss, held ikkje helsepolitiske mål. Ein må disponera annleis, søkja etter omvegar, leggja jostedalskvinner inn i Lærdal, køyra dei til Førde for å fø, køyra dei så attende til Lærdal for å få kvild etter fødsel og transport, forklarer ein direktør oss, tidlegare tilsett i A-pressen. Vatn frå springane er heller ikkje omveg stor nok. Løysinga ligg i Sverige. Direktørane i Helse Førde, som langt på veg definerer innhaldet i det politiske rommet, likar ikkje reint vatn frå spring. Det blir for enkelt. Vatn må bli gjenstand for tilbod, transport, møte, tingingar, ferjerabattar, kvalitetssikring, HMS-drøftingar og vinlotteri om fredagen for dei som skal administrera dette svenske vatnet. Byråkratiseringa i helsesektoren etter at føretaksmodellen blei innførd, har fått eit omfang så stort og vitlaust at folk flest ville få sjokk dersom

forholdstalet mellom direkte helsepersonell og merkantilt tilsette kom på bordet. Der spring pengane. Å få fram forholdstal, og å drøfta desse, er ein gamal og velkjend historisk metode. Modellenes tyranni Eit anna kjenneteikn ved denne politikken, som no i støynivå overdøyver det meste vi har sett i fylket, knyter seg til bruken av modellar som politisk reiskap. Her nemner eg debatten mellom Stein Rokkan og Jens Arup Seip om bruk av modellar som analyseverktøy i samfunnsfaga og historiefaget. Spissformuleringa modellenes tyranni som Jens Arup Seip lanserte, er eit omgrep som er blitt ståande i all ettertid, men som framleis eksisterer som planverktøy, merkeleg nok. All endring i helsepolitikken i vårt fylket skal nemleg basera seg på modellbruk. Desse skal vera heilt firkanta, enkle, utan nyansar og skiljast frå kvarandre med tal: Modell 1, modell 2. Å kopla fornuftige element frå modell 2 til modell 1 er strengt forbode. For å få desse modellane så enkle som råd er, må ein ha direktørar som forstår seg på det enkle eller som kan gjera det enkle, slik som vatn, til noko komplisert. Eg trur at ein kan bruka modellar for å planlegga fellesfjøs. Men reiskapen er ubrukelege der det handlande og tenkande mennesket er aktør og objekt. Dette gjorde filosofen Hans Skjervheim oss merksame for over førti år sidan. Planar med modellbruk som basisteori høyrer gamletida til. Moderne menneske les og tenker og handlar sjeldan som robotar, innafor ein firkanta modell, knytt til sentraliseringsstrevet frå 1960-åra, med Vestlandskomiteen sitt idegrunnlag i botn. Altså; kva vil denne støyen ha å seia for fylket framover? Er nådetida over? Nådegåva, no som før, heiter dialog og handlar om å sjå løysingar som alle kan kjenna seg att i og eiga. Det er til og med historisk empiri for å kunna hevda at dialogen si fane, som kunst og løysingsreiskap, kan løftast høgt. Regionale karakterskilnader Når vi først talar om skilnader i fylket, ser eg meg nøydd til å marsjera opp ein tysk filosof, kritikar og teolog med namn Johann Gottfried von Herder(1744-1803). Hovudtanken hans var at naturen rundt menneska skapte folkekarakteren. Natur og menneskesinn flaut saman. Herders tankeverd fekk mykje å seia for romantikken i all kunst, for nasjonsbygginga på 1800-talet, for historieskriving. Herders tankar slo også inn hos forfattarar som skreiv om sogningen og sunnfjordingen. Jens Brekke har no sett dette emnet på dagsorden att. Sogningen framstår i litteraturen som rask i alle rørsler, handels- og prateglad., omringa av solrenningstindar. Moralske normer var så å seia ukjent. I tillegg hadde han ein naturleg aversjon mot alle næringsaktivitet, skriv Einar Førde. Sunnfjordingen derimot var den rake motsetningen, sein og treg i alle rørsler, subbande i myrvæte med surklande ull-labbar, lytefri moralsk. Han pusta i usunn havskodde, året rundt. Om hus brann, og om grannar heldt på å drukna i fjøra hans, var alltid omkvedet: Ja, eg skal komme, men eg lyte ete fyrst. Å vera rask, og ikkje sein og treg, er i hovudsak genetisk, arveleg, betinga. Om litteraturbiletet av sunnfjordingen var rett, skulle vi tru at han alltid kom sist i mål på 100- meteren. Her har eg gjort meg så mykje føre at eg har studert krinsrekordane på denne distansen frå 1922 og frametter mot vår tid. Og konklusjonen er eintyding: 100-meteren har vore sunnfjordingen sitt suverne domene, med hurtigtog som Alf Apneset, Arne Erdal, Idar Mo og Atle Strandos i spissen. Berre Ola Lillesvangtu frå Sogn braut denne lynrekkja. Førestellinga om den seine sunnfjordingen lever i beste velgåande og er framifrå kåseristoff, men høyrer ikkje heime i ein historisk analyse. Førestellinga har lite med røyndom å gjera, men kan sjølvsagt innpassast i eit historiografisk oversyn, der tankesettet i ulike tidsbolkar blir drøfta.

For få konfliktar i fylket På den andre sida att kan vi hevda at det er for få politiske konfliktar i Sogn og Fjordane. Politikkens inste vesen er å fordela fellesressursar. Der ligg alltid konfliktane. Utan konflikt ingen politikk, kan vi seia. Dette fråværet av konfliktar har ført til at vi delvis kan karakterisera fylkespolitikken som politisk apatisk, for å nytta eit omgrep frå Svein Lundevalls bok Framover, men.. frå 1999. Oppslutnaden ved fylkestingval er no så låg at forvaltningsnivået held på å ta sitt eige liv på grunn av interessemangel blant veljarane. Sjølve den politiske arbeidsmåten i fylkestinget må såleis setjast på dagsorden. Kvar blei det av fylkesparlamentarismen som føreset klåre partipolitiske grenser, i sak etter sak? Konfliktfråværet har vidare ført til at når det først dukkar opp eit brennheit sak, som til dømes helsepolitikken no, står fylkespolitikarane heilt hjelpelause for å løysa ho. Dei byrjar dessutan å bli uklare fordi dei vil dela ei sak i to: overordna synspunkt og underordna synspunkt. Dette er politisk hjelpeløyse på eit raffinert plan. Evna til dialog eksisterer ikkje fordi konsensuspolitikken har fått rådd altfor lenge. Nyorientering i fylkespolitikken Det er dessutan på høg tid å evaluera fylkespolitikken frå 1970-åra og fram til i dag. Då var mottoet at fylket skulle stå på eigne bein. Brotet med dei store folkekonsentrasjonane nord og sør for oss skulle vera absolutt. Ei evalueringa vil truleg syna Sogn og Fjordane ikkje har nått målet med å vera sjølvhjelpen. I dag står såleis Bergen like sterkt i folks medvit, i handlemønsteret og i ålment tenestekjøp som byen gjorde i 1970-åra då fylkespolitikken også blei partipolitisert, mot Sogn og Fjordane fylkesting, som det einaste i landet, sitt fleirtalssyn. Vi gjekk med bukkebein inn i den regionale framtida. Vi går med bukkebein enno for ikkje noko parti ser ut til å ha utvikla ein strategi i forhold til det faktum at Bergen eksisterer framleis. Vi har heller ingen strategi med omsyn til at fylket altså ligg innekila mellom relativt store folkekonstrasjonar i nord og sør. I tillegg verkar den såkalla akse-tenkinga tilslørande. Aksen nokre talar om, går frå Sogndal til Førde og vidare til Flora. Ein slik strategi fører til at sentrumsstadene våre isolerer seg i forholdet til omlandet sitt. Ikkje noko sentrum kan leva utan eit levande omland, har Eli Bjørhusdal peikt på. Det er sjølvsagt ein korrekt observasjon, og kven ville finna på å tala om aksen Arna- Åsane- Knarvik i Bergensområdet, som har meir enn eit femdobbelt folketal i forhold til vår akse? Historikarane kjem alltid etter, med sine spørsmål og sine analysar. Deira oppgåve er alltid å kle av, ikkje å kle på, lærde Jens Arup Seip oss, også. No er det faktisk ei viktig oppgåve å kle av nokre gamalmodige førestillingar. Erfaringssynspunktet vårt kan gjerne vera eit småbruk med fire kyr og ein hest.