TELEMARKFESTIVALEN SIGRID MOLDESTAD VALKYRIEN ALLSTARS 6.-9.AUGUST 2015 BØ I TELEMARK



Like dokumenter
7.-8. august 2015 NESETDAGANE.

august 2013 NESETDAGANE.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

BØ KAPPLEIK PÅ SANDVIN 05. NOVEMBER Resultatliste Spel hardingfele klasse A. Resultatliste Spel hardingfele klasse B

Til deg som bur i fosterheim år

No sprett knuppane og sevja stig

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

MEDLEMSINFO. august 2009

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Senior: Spel. Junior: Spel

Resultater for Markenskappleiken 2018

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

MEDLEMSINFO. april 09

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Velkommen til kulturskulen.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

INFORMASJON om førestellinga:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Vågå kulturskule. Skuleåret

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsplan for Hare November

6. trinn. Veke 24 Navn:

Velkommen til songarstemne i Florø!

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

BØ KAPPLEIK PÅ SANDVIN 01. NOVEMBER Resultatliste Dans klasse A Jenter. Resultatliste Dans klasse B Jenter. Resultatliste Dans klasse C Jenter

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Brukarrettleiing E-post lesar

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Hei alle sjøstjerneforeldre

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kom skal vi klippe sauen

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

/

mmm...med SMAK på timeplanen

Informasjon Mangerfestivalen

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

BØ KAPPLEIK PÅ SANDVIN 02. NOVEMBER Resultatliste Spel hardingfele klasse A. Resultatliste Spel hardingfele klasse B

Låt o Link. Medlemsblad for Valdres Folkemusikklag

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Folkemusikkveka i Kvinnherad oktober

Å skape og presentere ei framsyning

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Årsmelding for år (Endringar / tillegg frå årsmøtet 14.mars 2013 er innarbeida)

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Stort lagsengasjement

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage


Månedsbrev april 2015

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Time Bibliotek. Haustmeny 2015

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

TIL DELTAKANDE KORPS:

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane

Transkript:

FOTO: STEIN HOFVE. DESIGN: NOWHERE.NO BØ I TELEMARK 6.-9.AUGUST 2015 TELEMARKFESTIVALEN SIGRID MOLDESTAD VALKYRIEN ALLSTARS MATTIS KLEPPENS «RESJEMHEIA» / KNUT BUEN & HALLVARD T. BJØRGUM TUPELO (IRL) / NI LIV / VILLNISS DANSEKOMPANI / BYTING / ARVVAS / VINCENT CROSS (US) ANNE HYTTA & ØYONN G. MYHREN / RUBY RED & THE MOONSHINE BROTHERS / JON SOLBERG LAURA ELLESTAD / IGOR DUNDEROVIC MED FETTERE MED FLEIRE BILLETTAR PÅ GULLBRING KULTURANLEGG WWW.GULLBRING.NO TLF: 35 06 03 90 1 WWW.TELEMARKFESTIVALEN.NO

FOTO: STEIN HOFVE VELKOMEN TIL TELEMARKFESTIVALEN 2015 Velkomen til Telemark, velkomen til Bø og velkomen til Telemarkfestivalen! I 26 år har Telemarkfestivalen vore ein arena for mangfaldig og livskraftig folkemusikk frå heile verda. Me er stolte av å kunne by på ein festival litt utanom det vanlege ein festival som gir deg unike konsertopplevingar i idylliske omgjevnader. Telemarkfestivalen er ein arena for all folkemusikk; den folkelege, den tradisjonelle og den nyskapande. Tilbodet spenner frå det vare, vakre og nære til det intense, medrivande og heseblesande. Me vil gi deg ei unik samling av inntrykk og uttrykk helga i gjennom, og me gleder oss til å dele årets festival med deg! Velkomen til ei festivalhelg fylt til randen med musikk, sol og glede! Med venleg helsing Terje Kili, Kristian W. Rantala, Arnhild Gjessing, Anne Ingun Bakaas, Øystein Akselberg, Ingebjørg Nordbø, Marita Kristina Valkeinen og Kristoffer Mosfjeld Styret og administrasjon BILLETTAR GULLBRING KULTURANLEGG WWW.GULLBRING.NO / TLF. 35 06 03 90 INFO WWW.TELEMARKFESTIVALEN.NO TLF. 482 05 066 2 3

TORSDAG 6. AUGUST GULLBRING TORSDAG 6. AUGUST GULLBRING TORSDAG 6. AUGUST FJOSET FOTO: KNUT UTLER FOTO: ARNE SVALASTOG Konfekteska med dei mange gode bitane OPNINGSKONSERT KL 19.00 TORSDAG 6. AUGUST STORSALEN I GULLBRING 285,-/100,- (BORN U. 16) + BILL. AVG. Opningskonserten gir publikum nokre smakebiter frå den store, smakfulle konfekteska som er festivalprogrammet. Dei musikalske innslaga vert som vanleg mange og varierte med både kjende og ukjende utøvarar frå fjern og nær, som alle vil spegle den musikalske festen som Telemarkfestivalen er. Spelemannslaget Bøheringen og Dansarringen opnar som vanleg festen. Per Anders Buen Garnås framfører ein eigen «bestillingsslått», medan Mattis Kleppen byr på utdrag frå årets bestillingsverk. Arvvas er ein spanande duo der amerikansk roots og samisk joik legg grunnlaget for noko heilt nytt. Frå Amerika kjem trubaduren Vincent Cross som har blitt samanlikna med nokre av dei store amerikanske visepoetane. Visesongaren Stanley Jacobsen gjer ein sjeldan opptreden. Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren kjem til Telemarkfestivalen med eit rykande ferskt samarbeid, medan Igor Dunderovic vil sørgje for at latteren sitt laust i Storsalen denne kvelden! Programleiar er Halvor Kleppen. UNG KL 18.00 TORSDAG 6. AUGUST FRAMSTUGO I GULLBRING GRATIS Høyr framtida i norsk folkemusikk allereie no UngFolk opnar Telemarkfestivalen med høge spark og spente bogar! Etter ei veke med spel og dans er Ungfolk klare for å halde konsert på Telemarkfestivalen. Det vert tradisjonelt felespel og dans, samt tradisjonell forteljarkunst og nyare folkemusikkuttrykk i samspel og band. Ungfolk er eit sommarkurs for born og unge mellom 8 og 20 år. Gjennom ei lita veke får kursdeltakarane lære slåttar og stev, pardans og lausdans. Slik tradisjonen er, tek Ungfolk turen til Bø og Telemarkfestivalen for å oppleve artistar og halde konsert. Få med deg folkemusikarar frå neste generasjon! BILLETTAR WWW.GULLBRING.NO TLF. 35 06 03 90 JON SOLBERG KL 21.30 TORSDAG 6. AUGUST FJOSET 200,- Jon Solberg på eigne bein PLATE- SLEPP! Jon Solberg er mest kjent som vokalist, låtskrivar og frontfigur i Telemarksbandet Ni Liv, men er no aktuell med hansfyrste soloplate Svarteper. Svarteper er som alle veit eit kortspel der para stikk av, eitt etter eitt, og taparen sit att med sparknekt, altså svarteper. Gjennom Ni Liv har Solberg for lengst sett spor etter seg som ein av landets fremste låtskrivarar. Når Solberg no presenterer ny musikk under eige namn bevegar han seg i eit meir nedstemt og nakent vise-landskap. Her er det fokus på formidling av nære tekstar om livet på godt og vondt og alt det som er midt i mellom og ein kjem sjølvsagt ikkje unna kjærleiken. Jon Solberg vokal, gitar og fele Anders Røine langeleik og munnharpe Jan Birger Akkerhaugen gitarar Stian Dalen mandolin og dobro 4 5

TORSDAG 6. AUGUST BØ GAMLE KYRKJE TORSDAG 6. AUGUST THE BULL INN FREDAG 7. AUGUST BØ HOTELL KURS PÅ TELEMARKFESTIVALEN 2015 ØYONN G. MYHREN OG ANNE HYTTA: SOGESONG KL 21.30 TORSDAG 6. AUGUST BØ GAMLE KYRKJE 200,- Vedunderlege viser og forunderlege forteljingar frå folketradisjonen Kvedar Øyonn Groven Myhren og felespelar Anne Hytta byr på eit nytt møte med våre gamle middelalderballadar med stemme, stryk og klimpring i duoen SogeSong. Konserten på Telemarkfestivalen er premierestaden for dette nye samarbeidet. Groven Myhren og Hytta er folkekunstnarar som båe har repertoaret frå Telemark, der folkevisene har overlevd som tradisjon. Dei har lenge interessert seg for sambandet mellom middelaldermusikk og vår eigen folkemusikk. Med kraviklyre og fidle, instrument som er kopiar av middelalderinstrument, får visene eit eige eventyrleg preg, og det let ganske nytt i dagens øyre. Men kanskje er det klangen av noko som har vore spelt og sunge også for lenge sidan? Saman gir desse instrumenta eit ope og varmt klangbilde, som passar stemma til Groven Myhren særs godt. Øyonn Groven Myhren - song og lyrer Anne Hytta - fidler BULL INN LIVE: VINCENT CROSS KL 23.00 TORSDAG 6. AUGUST THE BULL INN GRATIS Amerikansk trubadur med glimt i auget Vincent Cross er ein trubadur som er fødd i Dublin, oppvaksen i Australia og bur no i USA. Hans beste ven er «Martin», den gamle gitaren hans som følgjer Vincent på den musikalske landevegen som no fører han til- Noreg for fyrste gong. Med humor og glimt i auget speler han både eigen og andre sin musikk som stort sett høyrer heime i eit landskap med mykje blågras og røter, men og med nokre innslag av country og blues. Vincent vil spele fleire konsertar i Bø i løpet av festivalhelga. Vincent Cross song, gitar, banjo BILLETTAR WWW.GULLBRING.NO TLF. 35 06 03 90 KVEDARKURS MED INGVILL MARIT BUEN GARNÅS KL 11.00 16.00 (INKL. LUNSJBUFFET) FREDAG 7. AUGUST BØ HOTELL KR 600,- Ingvill Marit Buen Garnås syng i telemarkstradisjon, og har vakse opp med folkesong, spel og dans. Ho har eit breittrepertoar og god kunnskap om dei ulike sjangrane ein finn i folkesongen. I dei seinare åra har ho arbeidd mykje med born og unge, og nytta kvedinga i samband med formidling knytt til kulturlandskap. Ved sida av songen er ho utdanna naturforvaltar. Ho har til no gjeve ut tre plater, «På Grønalihei» med band (2003), «Gåtesong» med Jon Anders Halvorsen (2005) og «Salme, segn og solbøn» med broren Per Anders Buen Garnås (2010). «Gåtesong» var nominert til Folkelarmprisen, medan «Salme, segn og solbøn» fekk den. Plata var også nominert til Spelemannsprisen. Buen Garnås er kvalifisert til eliteklassa på Landskappleiken (Klasse A), og har ligge i tet der over mange år. Tre gonger har ho vunne klassa (1999, 2003 og 2013). PÅMELDING TIL POST@TELEMARKFESTIVALEN.NO MUNNHARPEKURS MED ANDERS RØINE KL 11.00 16.00 (INKL. LUNSJBUFFET) FREDAG 7. AUGUST BØ HOTELL KR 600,- Anders Røine fekk høyre mykje munnharpespel då han var liten ettersom både faren, bestefaren og onkelen hans spelte, og då han var gammal nok begynte han å spele på munnharpe sjølv. Seinare vart Per Åsmund Omholdt og Ånon Egeland ved Raulandsakademiet store inspirasjonskjelder. Men Røine har lært aller mest av å høyre på gamle innspelingar med munnharpespel. I tillegg til å vere er ein av dei leiande utøvarane påmunnharpe har Røine god, teoretisk kunnskap om instrumentet. I 2006 leverte han hovudfagsavhandlinga «Munnharpa, speleteknikk mellom 1937 og 1990». Kursdeltakarane tek med seg eigne munnharpar. BEGRENSA PLASSAR ALLE KURSA VIL BESTÅ AV TO ØKTAR FRÅ KL 11 13 OG FRÅ KL 14 16. LUNSJ MELLOM KL 13 14. 6 7

FREDAG 7. AUGUST BØ HOTELL / MARIPOSA KURS PÅ TELEMARKFESTIVALEN 2015 TELEDANS FOR NYBYRJARAR KL 11.00 16.00 (INKL. LUNSJBUFFET) FREDAG 7. AUGUST BØ HOTELL KR 600,- TELEDANS FOR VIDAREKOMNE KL 11.00 16.00 (INKL. LUNSJBUFFET) FREDAG 7. AUGUST BØ HOTELL KR 600,- FREDAG 7. AUGUST GULLBRING Dette kurset er for deg som har lyst til å lære teledans, men som aldri har prøva det før. Kurset vil gi ei innføring i telegangar og telespringar, og motivasjon og inspirasjon til å halde på vidare. Ingen forkunnskapar er nødvendig. Kurshaldarar er Jorunn Manheim Torjussen og Ole Kristian Torjussen frå Seljord. Jorunn og Ole Kristian tevlar båe i eliteklassa på kappleikar, og har mange gode plasseringar bak seg. BEGRENSA PLASSAR Kanskje du tidlegare har dansa telespringar eller telegangar, og gløymd nokre tak eller turar? Og korleis var no den springartakta att? Dette kurset er for deg som dansar eller som har prøva å danse teledans før, og som ønskjer å friske opp kunnskapane eller lære enda meir. Instruktørar er Rønnaug Larsen og Olav Sem, båe frå Heddal. Rønnaug og Olav har halde ei mengde dansekurs opp gjennom åra, og har blant anna vore fleire turar til USA for å lære bort teledans. Dei har ved fleire høve hevda seg i toppsjiktet på Landskappleiken. PÅMELDING TIL POST@TELEMARKFESTIVALEN.NO LAURA ELLESTAD KL. 12:00 FREDAG 7. AUGUST MARIPOSA 150,- (INKL. DAGENS SUPPE) Norsk-kanadisk hardingfele. Laura Ellestad er kanadiar med røter i Valdres. For sju år sidan flytta ho til Valdres-garden Midtre Berge, men felespelet freista meir enn gardsarbeid. Etter fire år på Ole Bull-akademiet og master frå Noregs Musikkhøgskole, er ho no aktuell med si første soloplate som ho og vart nominert til spellemannspris for. Plata inneheld slåttar etter spelemenn frå Valdres som reiste over Atlanteren til Amerika på midten av 1800-tallet, og tok med seg spelet frå Valdres i bagasjen og praktiserte den i sitt nye miljø. Ellestad har studert slåttematerialet etter spelemennene, og via transkripsjonar og lydopptak har ho tileigna seg repertoaret deira. Ellestads spel er sparsamt og formidlar eit tydeleg og ærleg musikalsk bodskap der assosiasjonar til musikken på den andre sida av Valdresflye raskt melder seg. Laura Ellestad hardingfele GRATISKONSERT KL. 13:00 FREDAG 7. AUGUST ROXY GRATIS Den amerikanske trubaduren Vincent Cross spiller gratiskonsert på Roxy kl. 13:00. VILLNISS «AARSTIDENE» KL. 19:00 FREDAG 7. AUGUST STORSALEN, GULLBRING 235,- + BILL.AVG. Villniss har skapt eit eige univers i denne førestillinga som dreier rundt dei fire årstidene. Dei raude sjala dansar, snøen sviv rundt i springartakt og nordavinden bles frå alle kantar. Midt i dette står fem nysgjerrige musikarar og dansarar som i ulike naturelement møter kvarandre og seg sjølve. I ei leiken, stemningsfull og visuelt fengslande framsyning utforskar Villniss tilhøvet til naturen og skifta i dei ulike årstidene.villniss Dansekompani er ein nye aktør innan sceniske folkemusikk- og folkedansproduksjon i Noreg. Villniss vart til som resultat av eit felles ynskje om å utforske det forteljande i dans og musikk, og utfordresameksistensen mellom levande musikk og dans på ei scene. På scena: Silje Onstad Hålien, Ådne Kolbjørnshus, Mari Midtlie, Tuva Færden og Andreas Ljones Lysdesign: Sture Moslåtten Festivaldans med Spelemannslaget Bøheringen og Festivalorkesteret på Bø Hotell etter framsyninga i Gullbring. Inngang kr 100. 8 9

FREDAG 7. AUGUST KROA I BØ FREDAG 7. AUGUST KROA I BØ FREDAG 7. AUGUST KROA I BØ PRISAR, KROA I BØ BERRE BESTILLINGSVERK: 250,- / BERRE ARVVAS+VALKYRIEN ALLSTARS: 250,- HEILE KVELDEN: 350,- PRISAR, KROA I BØ BERRE BESTILLINGSVERK: 250,- / BERRE ARVVAS+VALKYRIEN ALLSTARS: 250,- HEILE KVELDEN: 350,- FREDAGS Slåttar på fire strengar MATTIS KLEPPENS «RESJEMHEIA» KL 20:30 (KONSERTSTART KL 21:00) FREDAG 7. AUGUST KROA I BØ Årets bestillingsverk er gitt til bøheringen Mattis Kleppen. Kleppen er 1.amanuensis i musikk ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og NTNU i Trondheim og har bassgitar som hovudinstrument. Han er ein svært profilert musikar som har vore medlem i mange konstellasjonar både i og utanfor Noreg. I 2013 gav han ut albumet Mattis Kleppen & Resjemheia (Resjemheia er heia ein må over for å kome frå Bø til Notodden eller frå folkemusikken til bluesen om du vil). Albumet malar eit unikt musikalsk landskap som strekk seg frå urnorske slåttetradisjonar frå Telemark, via blues frå Mississippi-deltaet i USA til afrikansk musikk og særleg ørkenbluesen i Vest-Afrika. Albumet var nominert i open klasse under årets Folkelarm. Årets bestillingsverk vil male dette spanande musikalske landskapet vidare, der Kleppen set musikk frå hans eigen oppvekst i Telemark opp mot kvarandre på nye måtar hardingfelemusikken frå oppveksten i Bø, bluesmusikken frå bandmiljøet på Notodden, samt afromusikken han oppdaga utover 80-tallet. Me vil få nyskriven musikk der denne kraftfulle musikalske symbiosen vil vere eit nåtidsbilete av Kleppens oppleving av Telemark på 70- og 80-talet. Mattis Kleppen komponist, ymse bassgitarar, song Ottar Kåsa hardingfele, gitar, song Kristoffer Lo tuba, flugabone, gitar, song Kenneth Kapstad trommer, song FREDAGS ARVVAS KL 22.30 FREDAG 7. AUGUST KROA I BØ Nytt spanande samarbeid Arvvas er eit heilt nytt samarbeid mellom Sara Marielle Gaup Beaska som joikar og bassisten og songaren Steinar Raknes. Steinar Raknes og Sara Marielle Gaup Beaska møtast gjennom jazz, joik og americana, ogskaper eit nytt, rått og grensesprengande uttrykk. Musikken er vakker, nedstrippa og melodiøs, og samstundes spontan og leiken. Dei to musikarane utfyller kvarandre gjennom sine motsetningar, - med eld og is lager dei balanse, og med varme og kulde skaper dei lyn og tore. Til sommaren slepp dei første plata si på Riddu Riddu-festivalen. Ein månad seinare kjem dei til Bø og Telemarkfestivalen! Steinar Raknes song, kontrabass Sarah Marielle Gaup Beaska joik VINCENT CROSS KL. 23:00 FREDAG 7. AUGUST THE BULL INN 100,- Den amerikanske trubaduren Vincent Cross avsluttar fredagskvelden med konsert på The Bull Inn. FREDAGS VALKYRIEN ALLSTARS CA. KL 00.00 FREDAG 7. AUGUST KROA I BØ 10 år som Norges fremste folkemusikk-grupper Valkyrien Allstars har etter knallhardt arbeid og hundrevis av spelejobbar vakse til å bli landets fremste folkemusikkgruppe. Den siste plata, «Farvel slekt og venner», fekk strålande mottaking frå presse og publikum og VG og Dagbladet rangerte plata som ein av dei beste norske utgjevingane i 2014. Valkyrien Allstars er fyrst og fremst vokalist og felespelar Tuva Livsdatter Syvertsen og multi-instrumentalisten Erik Sollid. Saman lagar dei musikk med solid forankring i den tradisjonelle folkemusikken samstundes som den er eksperimentell og nyskapande. «Farvel til slekt og venner» er ein heilskapleg lyttaroppleving med fokus på gode tekstar og fengande komposisjonar. I sitt tiande år grunnfester Valkyrien Allstars sin posisjon Noregs fremste folkemusikk-gruppe. Tuva Livsdatter Syvertsen song, hardingfele Erik Sollid song, hardingfele, fele, bratsj, gitar Magnus Larsen - bass og Martin Langlie trommer, perkusjon. 10 11

Velkomen til ein variert og triveleg handel i Bø! LAURDAGS LAURDAG 8. AUGUST BØ TORG FOTO: STEIN HOFVE TORGFESTIVALEN KL 11:00 16:00 LAURDAG 8. AUGUST BØ TORG GRATIS Etikett 50x50m Etikett 90x90m Telemarkfestivalen inviterer alle born, unge, unge vaksne, vaksne og eldre vaksne til å delta på Torgfestivalen! Det vil bli gratiskonsertar, festivallunsj, Roheim-parade og artige aktivitetar for store og små. Barna kan mellom anna delta på sirkuskurs, hallingdans for mini-dansarar og natursti før ein forrykande konsert med Igor Dunderovic og Fettere avsluttar Torgfestivalen. Fetterorkesteret er ei samling av fetterar i 12. ledd som likar å ta norske barnesongar og putte dei i ein eigen balkanifiserings-maskin. Ut frå denne maskinen kjem låtar som «Sangen om Mika Ilryev», «Lille fetter Edhi Yerkov» og «Ti små albanere». Igor Dunderovic og fetterane hans vil garantert skape god stemning blant store og små! Igor Dunderovic forteller Elvis Medic gitar, song Mili Orucevic gitar Sanjin Orucevic bass, grimaser Daniel Lazar fiolin Almir Meskovic trekkspill Boris Iochev trommer Eige program for Torgfestivalen kjem! ROHEIM-PARADE KL. 14:00 LAURDAG 8. AUGUST BØGATA PARADE Rindegården 3800 Bø Tlf.: 35 95 02 87 Timebestilling/Drop in 3800 Bø i Telemark - Tlf. 35 95 03 31 Meisterspelemannen Anund Roheim frå Bø var også ein bilentusiast som eigenhendig sørgja for at Bø kommune lenge var den kommunen med flest Amcars per innbyggjar. For tredje gong hyllar me Roheimen medein eigen Roheim-parade der Eagle Car Club visar fram nokre av glisa som Roheim tok med seg over dammen frå «Junaiten» - med ein og annan spelemann som passasjer! 12 13

LAURDAG 8. AUGUST GULLBRING LAURDAG 8. AUGUST SANDVIN PRIS FOR LAURDAGS, 5 KONSERTAR 400,- DØRENE OPNER KL 18:00. LAURDAGS FOTO: THOMAS BRUN HYLLESTKONSERT FOR TARJEI ROMTVEIT KL 16.00 LAURDAG 8. AUGUST STORSALEN I GULLBRING 235,- + BILL.AVG. Spelemann og eldsjelen for folkemusikken, Tarjei Romtveit, fyller 90 år den 25. juli 2015. I dette høve set Telemarkfestivalen og Norsk Hardingfelesenter fokus på rekrutteringsarbeid med å samle ein god gjeng med utøvarar på fleire nivå i ulike aldrar til ei hyggeleg samkome. Tarjei har arbeidd heile livet for å vidareføre hardingfeletradisjonen som låg nede i Vinje da Tarjei tok fatt på sitt livsverk. Vinje Spelemannslag har han fronta i ein mannsalder. Seinare samarbeid med Ellen B. Nordstoga har gjort Vinje til ein stad som er landskjent for spel, dans og kveding og ein levande tradisjon. Tarjei har alltid sagt ja til å spela til dans, noko han er landskjent for. Han har vunne klasse B på landskappleiken, og er dokumentert med gode innspelingar og CD-utgjeving. Gjennom tallause kurs i samarbeid med fleire spelemannslag har han gledd seg over å vidareføre hardingfelespelet, og gjort det som for han sjølv var vanskeleg tilgjengeleg mogleg for dei neste generasjonane å lære seg. Og då ferske spelemenn skulle vera med på kappleik prioriterte Tarjei å stå tidleg opp om morgonen for å stemme feler og gi tryggleik til dei unge. Som forteljar med alltid hyggeleg framferd er han eit førebilete. Tarjei ønskjer å dele denne konserten med alle andre framfor å sjølv vera midtpunkt. Programmet vil innehalde musikalske innslag og helsingar frå Spelemannslaget Bøheringen, Spelemannslaget Falkeriset, Seljord og Tinn Spelemannslag, Arne Vinje, ordførar i Vinje kommune, Øystein Romtveit, Hill Romtveit og Trygve K. Vågen frå familien, Tor Hoslemo spelar i tradisjon etter spelemannsvenen Olav Heggland frå Setesdal, Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Torgeir Straand, Knut Hamre, Jan Beitohaugen Granli og Myllargjengen, Småmyllarane og Minimyllarane fyller scena, leia av Ellen B. Nordstoga. Programleiar er Torgeir Straand. Dans i framstugo etter konserten. Vakkert om kjærleiken SIGRID MOLDESTAD KL 19.00 LAURDAG 8. AUGUST SANDVIN 14 15 Sigrid Moldestader eit av dei verkeleg store namna i norsk folkemusikk. Ho har vitja Telemarkfestivalen ved fleire høve tidlegare, og det er ikkje tilfeldig. I 2014 slapp ho det svært kritikarroste albumet «Brevet til kjærleiken» som mellom anna vart kåra til «Årets album» av Norsk På Norsk på NRK P1. På albumet er tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim i fokus. Moldestad har laga eit utfordrande og vakkert album som er reinskåre og røft, rytmisk drivande og melankolsk lengtande i grenselandet mellom folk-, pop- og rootsmusikk. Eit solid lag musikarar trakterer langeleik, munnharper, pedal steel og el-gitarar om kvarandre - i tillegg til hardingfeler, trommer og trøorgel. I sentrum står Moldestad sjølv og formidlar sterke tekstar som har gått frå å vere Bruheims dikt til å bli Moldestads songar. Sigrid Moldestad fele, vokal Sigbjørn Apeland trøorgel, tangenter Anders Bitustøyl bass Jørgen Sandvik gitarar, mandolin Kåre Opheim trommer Anders Røine langeleik med meir

LAURDAG 8. AUGUST SANDVIN PRIS FOR LAURDAGS, 5 KONSERTAR 400,- DØRENE OPNER KL 18:00. LAURDAG 8. AUGUST SANDVIN PRIS FOR LAURDAGS, 5 KONSERTAR 400,- DØRENE OPNER KL 18:00. LAURDAGS TUPELO CA. KL 20.30 LAURDAG 8. AUGUST SANDVIN Prisvinnande irsk musikk Tupelo er ei prisvinnande folkemusikk-gruppe frå Irland som har eit varemerke: å få publikum til å danse på borda! Tupelo har tatt den grøne øya dei kjem frå med storm med sin eigen svært fengande tilnærming til den irske folkemusikken. BBC Radio Magazine skriv: «Til tider let dei som The Pogues, andre gonger som om dei kjem frå roots-scenen i New Orleans - og i tillegg spelar dei nydelege irske balladar». Dette er med andre ord ein sjarmerande fusjon av blå tonar, jazz, bluegrass, rock n roll og irsk folkemusikk. Tupelo vitja Vikedal Roots Festival i fjor sommar og fekk mange nye fans der festivalsjef Jarle Nes var ein av dei: «Telemarkfestivalen har absolutt noe å glede seg til. I Vikedal fikk de publikum til å danse på bordene kl. 12 på formiddagen!» James Cramer song, banjo, gitar, guitjo, munnspel Kevin Duffy - fele, mandolin, kor Damien McMahon kontrabass, kor Paul Murray - gitar, dobro, mandolin, guitjo, kor LAURDAGS NI LIV CA. KL 21.30 LAURDAG 8. AUGUST SANDVIN Ni Liv med nokre liv ekstra! Ni Liv er eit countryrockband frå Bø og Midt-Telemark. Musikken ligg i landskapet i og rundt sjangrane amerikana, countryrock og folkrock. Gruppa spelar originale låtar og framfører tekstar på Bø-dialekt forfatta av frontfigur og vokalist Jon Solberg. Dei har sidan starten i 2003 spela over 350 konsertar rundt i Noreg og gjeve ut sju album. Plata Langhelg frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i country-klassa. I 2013 feira bandet sitt 10-årssjubileum, og slapp konsertplata «Ein kveld med Ni Liv». Den inneheld 17 live-versjonar av tidlegare utgjevne låtar i tillegg til live-hiten Late Jon. I 2014 kom bandets siste studioalbum, «Leva meg opp». Bandet er for tida aktuelle med EP en «Stram meg opp», og nytt album er planlagt i slutten av 2015. Publikum fårgarantert høyre nokre smakebitar herifrå! Jon Solberg song, gitar, fele Knut Olav Sandvik bass og kor Terje Meisen Meisingset tangentar og trekkspel Jan Birger Joffe Akerhaugen gitar og kor Eivind Aase trommer og kor LAURDAGS RUBY RED & THE MOON- SHINE BROTHERS CA. KL 23.00 LAURDAG 8. AUGUST SANDVIN Fengande folkemusikk-pop Ruby Red & the Moonshine Brothers består av eitt ektepar, eitt søskenpar og to som heiter Mats. Alle som hausten 2011 kom saman i Oslo for å spele fengande countrypop med ein snert av hardingfele. Bandet tek utgangspunkt i alt frå halshoggingssoger frå Setesdal, epleslang i Vennesla til grubling under eit tre utanfor Arendal. Det musikalske uttrykket er amerikansk, men likevel har musikken ein norsk bygdeklang over seg. Musikken deiras kjenner ingen aldersgrenser, og difor kan både en bestefar på 87 og ein ungfole på ni år høyre på og setje pris på musikken. Marte Herwell vokal Nicolai Herwell akustisk gitar, vokal Mats William Wennerberg elektrisk gitar, vokal Johanne Flottorp hardingfele Tobias Flottorp bass Mats Jakob Nesmann trommer LAURDAGS BYTING CA. KL 00.00 LAURDAG 8. AUGUST SANDVIN Lyden av Midt-Telemark Med beina planta innanfor country, rock n roll og norsk folkemusikk, er Byting eit nytt og spanande band frå Bø. Låtar om livets realiteter - på godt og vondt - står i fokus for Byting; Høvdingen handlar om bortgangen til ein god ven, mens til dømes Med håndjønna på er ein alvorlig, men munter låt om ein tur på «by`n» med begge henda lenka fast på ryggen - begge kledt i ei musikalsk drakt som har element frå dei nemnde sjangrar. Ein byting var i følgje folketrua eit barn av dei underjordiske som blei lagt i vogga i staden for det eigentlege barnet. I Bø i dag blir byting, for dei som måtte lure, brukt for å skildre ein person som til tider er ein villbasse, eller som dei kan seie; «Eru heilt forbanna byting eller?!». Thomas Hellekås gitar, vokal Svein Eivind Mo Haugen gitar Per Anders Buen Garnås feler Marius Skjelbred bass Halvor Halvorsen trommer På Sandvin vil det være eit bongsystem for kjøp av drikkevarer. Ein kjøper ønskja tal bongar i ei eigen bongbod, og vekslar så bongen inn mot ønska drikke. Dette er eit enkelt system som me vonar skal hindre kø i baren! Me tek kort og kontantar! 16 17

VALKYRIEN ALLSTARS, TELEMARKFESTIVALEN 2012 FOTO: STEIN HOFVE 18 19

SUNDAG 9. AUGUST GULLBRING SUNDAG 9. AUGUST EVJU BYGDETUN FOTO: KNUT UTLER Riddarmøte BORGJAKONSERTEN: KNUT BUEN & HALLVARD T. BJØRGUM KL. 13:00 SUNDAG 9. AUGUST GULLBRING 235,- + BILL.AVG. Borgjakonserten er ein av dei mest tradisjonsrike konsertane me har på Telemarkfestivalen, og han har vore med oss heilt sidan 1993. Borgjakonserten har sidan den gong etablert seg som ein eksklusiv del av festivalen reservert dei mest akta hardingfeleutøvarane i landet. Når me no inviterer publikum til Borgjakonsert for 23. gong, så er det definitivt snakk om to akta hardingfeleutøvarar. Både Knut Buen og Hallvard T. Bjørgum er Riddarar av den Kongelege Norske Orden, ei anerkjenning som dei har fått for sitt sterke engasjement og arbeid med å ivareta og fremje den norske tradisjonsmusikken både på og av scena. Under årets Borgjakonsert treff me dei på scena, der både Buen og Bjørgum er framifrå formidlarar av slåttespel, men også gode forteljarar og med desse to i lag er det duka for mykje godt spel og gode historier! Knut Buen hardingfele Hallvard T. Bjørgum - hardingfele Kjende og kjære folkeviser I samarbeid med Evjuspelet og Telemark folkemusikksenter har me satt saman eit folkevisekor som syng tradisjonelle viser frå Telemark som fortel historier om lukkeleg og ulukkeleg kjærleik. Folkevisekoret vil mellom anna synge visa om Margit Hjukse frå Sauherad, visa om Sveinung og Astrid og Folkestadvisa som har blitt knytt til biskop Halvor Folkestad frå Bø. EVISEKORET SYNG KL. 15:00 SUNDAG 9. AUGUST EVJU BYGDETUN 200,- BILLETTAR WWW.GULLBRING.NO TLF. 35 06 03 90 Folkevisekoret skal og få synge - eller «tulle» - Møllargutens bruremarsj etter Edvard Grieg si omarbeiding av slåtten. Folkevisekoret vil bli grunnstamma i førestillinga i samspel med solistar og musikarar. Grete Sele og Rolf Axelsen Lie vil instruere Folkevisekoret, medan Roar Klever Bøye er regissør. 20 21

SUNDAG 9. AUGUST GULLBRING TILJETAKT BYGDA DANSAR I TELEMARK KL. 17:00 SUNDAG 9. AUGUST GULLBRING 100,- + BILL.AVG. Ungdommane i Tiljetakt inviterer deg med på ei reise inn i den løyndomsfulle verda som spinn seg ut i sogene frå Telemark. Gjennom dans utforskar dei mystikken, spenninga og tradisjonen som ligg i desse kjente forteljingane. Bli med inn i bergekongens mektige rike la Kivlemøyane forføre deg med musikk og dans opplev den kraftfulle fossegrimen - la deg lokke inn i det mørke underjordiske riket. Dansarar Tiljetakt - Bygda Dansar i Telemark med Margrete Andersen, Silje Nilsen Østensen, Annbjørg Sagvolden Gunleiksrud, Birgit Haukås, Såmund Midtbøen, Åsne Haugen, Anlaug Nørstebø, Tone Bergen, Helge Sigurd Amdal Telnes, Tone Anne Tveiten, Sondre Haugen, Astri Chatura Øverdal, Ingrid Storlid, Vilde Westeng, Marianne Tvitekkja, Heidrun Midtbøen, Knut Boksasp Berge, Torjus Westeng, Even Westeng, Rebecka Lauritzen, Ingrid Gjerlid, Malin Gjerlid, Helle Luraas Lilleland, Gjertrud Raftevold Rue Musikarar Lars Ingar Meyer Fjeld hardingfele Oddbjørn Aase - perkusjon Koreografi/regi Hæge Manheim, Bjørnar Blaavarp Heimdal STRAUM TIL INNKJØPSPRIS Du betalar det same for straumen som vi gjer på straumbørsen + kun 45,- pr. mnd. Gjeld kun hushaldningar epost: firmapost@mtenergi.no Tlf.: 35 94 90 00 www.mtenergi.no 22 23

OVERNATTING Bø Vertshus midt i Bø sentrum 35 06 08 00 post@bohotell.no Bø Hotell midt i Bø sentrum 35 06 08 00 post@bohotell.no www.bohotell.no Booking: tlf: 35 06 08 30, www.boferie.no Bø Sommermotell og Ferieleiligheter 35 19 76 00 post@bosommermotell.no www.bosommermotell.no Beverøya Hytteutleie og Camping 35 06 18 81 www.beveroya.no Bø Camping 35 95 2012 bocamping@bo.online.no www.bocamping.no Banken for Telemark og telemarkinger ANNONSE #2 Stolt hovedsponsor Kos deg med flotte konsertopplevelser under Telemarkfestivalen! Åsgrav Familiecamping 35 95 01 95 post@aasgravcamping.no www.aasgravcamping.no Sanda Camping 35 95 47 10 post@sandacamping.no www.sandacamping.no RESTAURANTAR Den Gode Nabo Bøgata 70 35 95 16 80 Ope mån-tors kl. 11.00-01.00, fre-laur 11.00-02.00 og sundag 12.00-22.00. Matservering kl. 11.00-22.00. Pizza og salatbord, lunsj, dagens middag. Stor á la carte meny. Uteservering. Stor parkering. Pizzafjoset Bøgata 11 35 95 00 12 Ope kl. 12.00-23.00. Pizzabuffet kvar dag. Steakhouse/familierestaurant. A la carte. Uteservering. Dattebayo Folkestadvegen 1 35 95 20 00 Ope mandag - torsdag kl. 11.00-21.00, fredag - lørdag kl. 11.00-22.00 og søndag kl. 14.00-21.00. Sushi og wok. Pizzabakeren Bøgata 61 35 95 23 00 Ope kvar dag kl 13:00 til kl 22:00 (kl 23:00 i helgene) «Rykende ferske pizzaer hjem til deg!» FLYTTING AV ARRANGEMENT PGA. REGN Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimsider og med plakatar på festivalkontor og arenaer. TAKK TIL SPONSORAR SAMARBEIDSPARTNARAR FRIVILLIGE 24 25

LAST NED VÅR FESTIVAL-APP FOTO: STEIN HOFVE HALD DEG OPPDATERT MED DEI SISTE NYHEITENE OG FÅ FULL OVERSIKT OVER ÅRETS PROGRAM. LAST NED VÅR FESTIVAL-APP VED Å GÅ INN PÅ APPSTORE/GOOGLE PLAY PÅ DIN TELEFON, ELLER VED Å SKANNE INN EIN AV QR-KODENE NEDANFOR. LAST NED GRATIS APPSTORE BILLETTAR WWW.GULLBRING.NO TLF. 35 06 03 90 INFO WWW.TELEMARKFESTIVALEN.NO POST@TELEMARKFESTIVALEN.NO TLF. 482 05 066 GOOGLE PLAY STØTTESPELARAR BØ KOMMUNE 26 27

PROGRAM TELEMARKFESTIVALEN 2015 TORSDAG 6. AUGUST ARRANGEMENT KL PRIS STAD UngFolk 18:00 Gratis Gullbring Opningskonsert 19:00 285,- Gullbring Jon Solberg 21:30 200,- Fjoset Øyonn Groven Myhren & Anne Hytta: SogeSong 21:30 200,- Bø gamle kyrkje Vincent Cross (us) 23:00 Gratis The Bull Inn FREDAG 7. AUGUST ARRANGEMENT KL PRIS STAD Kurs (se s. 7 og 8 for meir info)* 11-16:00 600,- Bø Hotell Lunsjkonsert: Laura Ellestad 12:00 150,- Mariposa Vincent Cross (us) 13:00 Gratis Roxy Villniss «Aarstidene» 19:00 235,- Gullbring Festivaldans 20:30 100,- Bø Hotell Fredags*: Bestillingsverk: Mattis Kleppens Resjemheia ) / Arvvas / Valkyrien Allstars 20:30 250,-/350,-* Kroa i Bø Vincent Cross (us) 23:00 100,- Fjoset LØRDAG 8. AUGUST ARRANGEMENT KL PRIS STAD Familiedag med aktivitetar og gratiskonsertar 11:00 Gratis Bø torg Familiekonsert med Igor Dunderovic og Fettere 15:00 Gratis Bø torg Hyllestkonsert for Tarjei Romtveit 16:00 235,- Gullbring Laurdags*: Sigrid Moldestad / Tupelo / Ni Liv Ruby Red & the Moonshine Brothers / Byting 18:00 400,- Sandvin SUNDAG 9. AUGUST ARRANGEMENT KL PRIS STAD Borgjakonserten: Knut Buen & Hallvard T. Bjørgum 13:00 235,- Gullbring Folkevisekoret syng 15:00 200,- Evju bygdetun Bygda dansar 17:00 100,- Gullbring GENERELL INFORMASJON OG BILLETTAR Billettar: *Personer under 18 år må gå i følge med foreldre/foresatte på Sandvin. *Pris for barn under 16 år er 100 kr. til arrangement der det ikkje er 18 års aldergrense. *Kurs er ikkje inkludert i passprisane. *Alle som kjøper festivalpass og dagspass må også tinge plassbillettar i Storsalen i Gullbring. *Fredagskvelden på Kroa i Bø er delt i tre - kr. 250 for kun bestillingsverk, kr. 250 for kun Arvvas og Valkyrien Allstars og kr. 350 for heile kvelden. Med atterhald om endringar. Dagspass torsdag: kr. 400,- / Dagspass fredag: kr. 500,- / Dagspass laurdag: kr. 500,- / Festivalpass: kr. 1000,- Billettar får du kjøpt i Gullbring tlf. 35 06 03 90 eller www.gullbring.no. *alle prisar er ekskl. bill avg. Tidspunkta angir konsertstart, med unntak av Fredags og Laurdags. Publikum bør kome til arena i god tid før konsertstart.