Skulehelsetenesta oppsummering frå møta mellom skulane og vertskommunane ved oppstart av skuleåret 2013-2014



Like dokumenter
2. Oppretting, opptrapping og vurdering av miljøkoordinatorstillingar - side 3

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Sandeid skule SFO Årsplan

Audit & Advisory November Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen

Øystese barneskule April - 08

MØTEINNKALLING SAKLISTE. HOVUDUTVAL FOR OPPLÆRING Mo og Jølster vgs avd. Mo. Møtestad: Møtedato: Tid: kl. 10:00

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring"

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Plan for overgangar. for barn og unge

Ny GIV Overgangsprosjektet

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Høle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Plan for Liabygda SFO

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

10/60-14/N-211//AMS

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Høyring- revidering av forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Bjørnehiet SFO - informasjon

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Lisa Follestad. Politisk fadder Ørsta Volda ungd.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

PROSEDYRE FOR KVART ÅRSTRINN I SJUMILSSTEGET «Snakke saman vere saman» OPPGÅVER I PROSJEKTET FORDELT PÅ KVART ÅRSTRINN VÅGSØY KOMMUNE

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Skulens tiltak for å styrke elevars psykiske helse

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

PROSEDYRE FOR SJUMILSSTEGSPROSJEKTET «Snakke saman vere saman» OPPGÅVER I PROSJEKTET FORDELT PÅ KVART ÅRSTRINN EID KOMMUNE

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

PPT no og i framtida.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Kvalitetsplan mot mobbing

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

AKTIVITETSPLAN 2015/2016

Transkript:

Side 1 av 6 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Knut Grinde E-post: knut.grinde@sfj.no Tlf.: 57 65 62 17 Vår ref. Sak nr.: 12/5537-32 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 3015/14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 04.02.2014 Til: Frå: Hovudutvalet for opplæring Fylkesdirektøren for opplæring Skulehelsetenesta oppsummering frå møta mellom skulane og vertskommunane ved oppstart av skuleåret 2013-2014 Fylkesdirektøren har innført praksis med at skulane skal ha møte med sin vertskommune kvar haust før skulestart. I møte avtalar ein omfang og innhald i kommunen sitt bidrag i skulehelsetenesta det kommande skuleåret. God planlegging og koordinering av tenesta gir best utnytting av tilgjengelege ressursar. I møte 2. november 2011, sak 22/11, gjorde Hovudutval for opplæring slikt vedtak: «Fylkesdirektøren rapporterer til hovudutvalet frå dialogmøta mellom dei vidaregåande skulane og vertskommunane». Skulane har rapportert frå møta med sin vertskommune, sjå samandrag under. Ein skule har ikkje hatt møte med sin vertskommune, men rektor melder på e-post at sjølv om dei ynskjer at ressursen burde ha vore større, har dei eit tett og godt samarbeid med helsesyster. Dale vidaregåande skule 148 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid har ikkje endra seg frå i fjor (måndagar 11.00 14.30) helsesøster formidlar timebestilling for elevane til lege (gratistilbod) helsesøster er sentral i opplegg om trafikktryggleik for russen, smitte/åtferd ved meningokokk og trygg sex helsesøster møter fast i folkehelsegruppa, med fleire møte i løpet av skuleåret folkehelsegruppa samarbeider godt både i planlegging og gjennomføring av ulike temadagar, tilbod i kantina og elles ved ulike tiltak for elevane kommunen har ikkje helsestasjon for ungdom, elevane får tilbod gjennom skulehelsetenesta, og helsesøster ordnar med time hos lege og hjelper dei vidare til andre instansar om nødvendig helsesøster og PPT orienterer om tenestene sine i alle klassane ved skulestart, det er oppslag mange stader på skulen og dei finn info på heimesida i samarbeid med kommunen orienterer skulen ekstra til hybelelevane og dei på vg1 om ulike tilbod og tenester i kommunen (Velkommen til Fjaler), og helsesøster informerer om tilbodet på helsestasjonen og skulen helsesøster sitt tilbod på skulen har vore svært stabilt, og ho er tilgjengeleg på telefon Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 6 systemet fungerer svært godt, det er tett samarbeid med legetenesta i Fjaler, og samarbeidet med helsesøster er svært fleksibelt og fungerer godt Eid vidaregåande skule - 377 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid er likt med fjoråret (måndagar 11.00 15.30) skulelege har kontortid ved skulen to timar annakvar onsdag frå nyttår vil helsestasjon for ungdom bli flytta til skulen helsesøster har ansvaret for prevensjonsundervisninga for russen, og er elles med på opplegg som Global Dignity Day, VIP i vg1-klassane og helselære for innføringsklassen helsesøster har faste samarbeidsmøte med rådgjevarar, avdelingsleiarar og spes.ped. koordinator kommunen har helsestasjon for ungdom ved skulen (kvar torsdag 14.30 16.30) det blir orientert om tilbodet ved at helsesøster går rundt i vg1-klassane, det ligg info på heimesida, på skilt og på elektroniske infotavler og det blir opplyst av kontaktlærar det kan skje at elevane blir utan tilbod over lengre tid, utan at kommunen set inn vikar i akutte tilfelle har skulen tett kontakt med legesenteret, i tillegg til at dei har medisinsk fagpersonell på huset Firda vidaregåande skule 396 inntekne elevar auken på helsesøster si kontortid skulen fekk i fjor er no teken ned att (måndag 08.30 12.00) skulehelsetenesta ansvarleg for fagleg opplegg (utvikla i samarbeid med skulen) innan Ungdom og psykisk helse (4 t for vg1-elevane), hybelkurs, russetid og helse. Nytt i år er «Ungdom og samliv» for vg2-elevane helsesøster har organisert og gjennomført vaksinasjon mot meningitt for russen helsesøster har tverrfaglege samarbeidsmøte med rådgjevarane og folkehelsegruppa kvar 14. dag vertskommunen har helsestasjon for ungdom (helsesøster og lege måndag 13.00 15.45) det blir orientert om tilbodet på opningskveld på Open skule, i vg1-klassane, på skulen si heimeside, i skulen sitt informasjonshefte og for lærarane på planleggingsdag i august det hender ikkje at elevane blir utan tilbod over lengre tid helsestasjonen har ei opa dør også utanom den faste tida, og mange elevar nyttar seg av tenestene skulen har eit svært godt samarbeid med helsesøster og vertskommunen, «til beste for elevane ved skulen» Flora vidaregåande skule 526 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid er ikkje endra frå i fjor (tysdagar 09.00 15.00 og torsdagar 09.00 12.00) helsesøster tek del i VIP-opplegget (psykisk helse vg1), prevensjonsundervisning og førebygging av risikoåtferd for russen (vg2 og vg3) helsesøster har faste samarbeidsmøte med sosialpedagogisk team (pedagogisk leiar, rådgjevarar, OT-koordinator (oppfølgingstenesta), Ny Giv-koordinator, miljøkoordinator, bibliotekar, PPT-kontakten kommunen har helsestasjon for ungdom (halv dag ein gong for veka) det blir informert om tilbodet i klassane og på foreldremøte, info i Fronter og på skulen si heimeside. Info til lærarane ved skulestart det blir sett inn vikar ved lengre fråvær av skulehelsetilbodet

Side 3 av 6 Hafstad vidaregåande skule 463 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid har ikkje endra seg frå i fjor, og er måndagar 08.30 11.30 og torsdagar 08.30 14.30 (dette er ei dobling mot kva det var 2010/2011) tilbod om helsestasjon med to helsesystrer og lege kvar tysdag ettermiddag 14.30-17.30 (legekontoret ligg to min. gange frå skulen) helsesøster samarbeider med lærarar om VIP-opplegget til vg1-elevar (psykisk helse), har ansvaret for opplegg til vg2-elevane om anabole stereoidar, graviditet og alkohol og for vg3-elevane seksualundervisning, prevensjon, seksuelt overførbare sjukdommar, smittevern og alkohol helsesøster er med på møta i rådgjevingsteamet kvar månad og er medlem i folkehelsegruppa markerer verdas prevensjonsdag i samarbeid med russestyret, arrangerer klamydiadag (tilbodet mykje brukt) og tilbyr meningittvaksine til alle mellom 17-19 år (tilbodet er mykje brukt) helsesøster informerer alle vg1-klassar, det er info på skulen si heimeside og på plakatar det blir sett inn vikar ved fråvær over lang tid Høyanger vidaregåande skule 172 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid er ikkje endra frå i fjor (tysdag 11.30 15.00) helsesøster i lag med psykiatrisk sjukepleiar har VIP-opplegg for vg1-elevar (psykisk helse) og rusførebyggande tiltak for vg2- og vg3-elevar helsesøster har faste samarbeidsmøte med leiing og rådgjevingstenesta vertskommunen har helsestasjon for ungdom kvar onsdag 14.30-16.30, med helsesøster, jordmor og med lege det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet i klassane ved skulestart og i brosjyre elevane har så langt ikkje stått utan skulehelsetenestetilbod over lengre tid Luster vidaregåande skule 108 inntekne elevar omfanget av tenesta er ikkje endra frå i fjor (annakvar tysdag 11.00 15.00 og annakvar onsdag 11.00 15.00) helsestasjon for ungdom i Gaupne kvar onsdag 15.00 17.00 skulehelsetenesta deltek med hybelkurs, verdas røykfrie dag og psykisk helsedag, der dei også har eigne undervisningsopplegg helsesøster har faste samarbeidsmøte med folkehelsegruppa ved skulen det blir orientert om tilbodet som fellesinformasjon ved skulestart og gjennom miljøkoordinator og kontaktlærar elevane har ikkje stått utan tilbod om skulehelseteneste over lengre tid Mo og Jølster vidaregåande skule (to avdelingar og to kommunar) 181 inntekne elevar omfanget er ikkje endra frå i fjor (kvar veke 08.30 11.30 (Mo) og 09.00 11.30 (Jølster)) helsestasjon for ungdom på Vassenden, medan tilsvarande tilbod for elevane på Mo er på Førde helsestasjon. Her jobbar to helsesystrer og ein lege helsesøster er med på opplegget med VIP for vg1-elevar på begge avdelingane (psykisk helse), og er ansvarleg for opplegg om prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar for russen, inkludert det å ta vare på kvarandre, alkohol og smitteførebygging, t.d. meningokokk og mononukleose skulen markerer verdas prevensjonsdag med film og stand, og arrangerer årleg Klamydiadag helsesøster skal også ha undervisning til alle vg2-elevane om anabole steroider, svangerskap og alkohol det er planlagt at helsesøster skal ha opplegg til alle vg2-elevane om anabole steroider, svangerskap og alkohol

Side 4 av 6 helsesøster har fast samarbeid med avdelingsleiar og rådgjevar, og deltek i folkehelsegruppa ved skulen det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet i alle vg1-klassane og påbyggelevane ved skulestart, og lagt ut info på skulen si heimeside og på oppslagstavle. For avd. Mo finn ein informasjon også på Førde kommune sine sider ved langvarig fråvær prøver kommunen å omdisponere tilgjengelege ressursar (Jølster) dersom helsesøster blir vekke i lengre periodar, blir det sett inn vikar (avd. Mo/Førde kommune) skulehelsetenesta på avd Mo fungerer godt i dag Måløy vidaregåande skule 351 inntekne elevar Skulen har ikkje halde møte med vertskommunen for dette skuleåret. Rektor skriv kort at praksis blir vidareført og at skulen har eit tett og godt samarbeid med kontaktpersonen i skulehelsetenesta (helsesøster), men at ressursen sjølvsagt skulle ha vore større. Sogndal vidaregåande skule 728 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid er ikkje endra frå i fjor, med tilbod 4 dagar kvar veke drop-in-tilbod to av dagane, og fast kontortid måndagar, tysdag og torsdag 09.00 15.00 og fredag 12.00 15.00 skulelege har kontortid ved skulen torsdag 12-15, både timeavtalar og drop-in. Nokre veker er utan slikt tilbod, då skulelegen har oppdrag i grunnskulen helsesøster er med på, og delvis ansvarleg for, temaundervisning om psykisk og psykososial helse for vg1, rusundervisning for vg2, opplegg for russen saman med skulelege på trafikkdagen skulen markerer verdas tobakksfrie dag og Verdensdagen for psykisk helse helsesøster har fast samarbeid om elevtenesta kvar 3. veke med rådgjevarar, miljøkoordinator, oppfølgingstenesta og skuleleiinga skulemiljøutvalet kallar inn helsesøster til møte ved behov vertskommunen har helsestasjon for ungdom, open 3 t. kvar veke det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet i infomøte med elevar og foreldre 10. klasse frå nabokommunar, i alle vg1-klassar ved skulestart (saman med miljøkoordinator og PPT), på foreldremøte vg1, på skulen si nettside og infoskjermar og på kommunen si nettside skulen har hatt tilfredsstillande tilbod for elevane dei fem siste åra, og kommunen har vore flink til å setje inn vikar ved behov ved langvarig fråvær tek helsestasjonen ved leiande helsesøster kontakt med skulen, og finn fram til alternative løysingar skulen er godt nøgd med skulehelsetenesta det er viktig for skulen at helsesøster er så mykje på skulen skulen er veldig tilfreds med at ein har skulelegen tilgjengeleg på skulen Stryn vidaregåande skule 264 inntekne elevar omfanget av tenesta er ikkje endra frå i fjor (kvar tysdag 09.00 12.00) helsesøster deltek i aksjonar for sunt kosthald, vatn, frukt og grønt, som ein del av folkehelsearbeidet helsesøster informerer i klassane om meningokokkvaksine for 17-19-åringar helsesøster har fast samarbeid med skulen sitt spesialpedagogiske team vertskommunen har helsestasjon for ungdom kvar torsdag 14.30-15.30, med tilbod særleg retta mot prevensjonsrettleiing og seksuelt overførbare sjukdommar. Elles gjeld tilbodet alle aktuelle helsespørsmål ungdommen kjem med det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet i klassane, på skulen si heimeside og infoskjermar og i brosjyrar

Side 5 av 6 elevane blir ikkje utan tilbod over lengre tid Øyrane vidaregåande skule 344 inntekne elevar omfanget av tenesta er ikkje endra frå i fjor (tysdagar og fredagar 08.30 15.00) skulepsykolog i kommunen har vore med på samarbeidsmøta ein gong i månaden helsesøster deltek på, og er delvis ansvarleg for, VIP-opplegg for vg1 (psykisk helse), rus og anabole stereoidar, alkohol, graviditet, klamydiadag og elles sosiale eller medisinske spørsmål frå skulen helsesøster har faste samarbeidsmøte med rådgjevartenesta, oppfølgingstenesta og folkehelsegruppa ved skulen vertskommunen har helsestasjon for ungdom, tysdagar 15.00 17.30 og fredagar 08.00 15.00. På fredagar har tilbodet vore variabelt, grunna mangel på skulelege det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet på heimesida og elevsider, av rådgivingstenesta, til alle klassar/elevar ved skulestart og ved seinare besøk i vg1-klassane og nokre vg2-klassar elevane her ikkje stått utan tilbod over lengre tid, skulen tek direkte kontakt med helsestasjon om dette oppstår etter behov som tidlegare år er helsesøster ein naturleg del av rådgjevartenesta ved skulen, og er med og gir eit forsterka tilbod i høve det sosialpedagogiske arbeidet ressursen gir tryggleik for skulen og særleg kontaktlærar i høve oppfølging og kontakt mot elevar som har sosiale og medisinske problem. I høve systemretta arbeid er dette også ein nødvendig ressurs for å kunne gi våre elevar eit nødvendig fullverdig tilbod helsesøster har dette året hatt fokus på å gjere skulehelsetilbodet synleg også for dei framandspråklege, både elevane i innføringsgruppa og elles rundt i klassane fokusområde for inneverande skuleår vil vere vidareføring av det meste som i år, men hovudmoment i årshjulet skal synleggjerast før skuleslutt - organisering av VIP vert endra - skulehelsetenesta er integrert i skulen sin handlingsplan mot rus, mobbing, sorg og krisesituasjonar. Som framtidig rutine vil ein ved skulestart gå gjennom desse for å avklare fokusområde Årdal vidaregåande skule 203 inntekne elevar omfanget av tenesta er ikkje endra frå i fjor (onsdag 08.00 15.00 og torsdag 12.00-15.00), men elevar blir tilviste ved behov helsesøster tek del på VIP-opplegg i vg1 (psykisk helse) helsesøster har samarbeidsmøte med folkehelsegruppa, tverrfagleg team og kontaktlærar etter behov vertskommunen har helsestasjon for ungdom, måndagar 13.30 15.30 det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet ved at helsesøster er rundt i alle vg1-klassane ved skulestart, på heimesida, på plakatar og info på inngangsdør elevane blir ikkje utan tilbod over lengre tid skulen har eit godt samarbeid med helsesøster, og ho blir flittig brukt av elevane Oppsummering Rapporteringa frå skulane viser stort sett same nivå på tilbodet som tidlegare. Skulane er i hovudsak godt tilfredse med samarbeidet dei har med helsesøster og vertskommune. Firda vidaregåande skule har for dette skuleåret fått redusert auken dei fekk i fjor, til tidlegare nivå. Men skulen rapporterer likevel positivt om tenesta, at «helsestasjonen har ei opa dør også utanom den faste tida» og at «skulen har eit svært godt samarbeid med helsesøster og vertskommunen, til beste for elevane ved skulen». Rektor ved Mo og Jølster vidaregåande skule nemner neste skuleår, og peikar på behov for auka ressurs ved avdeling Mo då, etter at fleire programområde og elevar vil bli flytta frå Øyrane og dit.

Side 6 av 6 Fylkesdirektøren meiner skulane tilbyr ei kvalitativ god skulehelseteneste, ut frå ressursane dei disponerer. Ved å planlegge godt på førehand, får ein nytte helsesøster og andre samarbeidspartar på ein god måte. Fylkesdirektøren har ikkje motteke bekymringsmeldingar frå skular dette skuleåret, og har difor ikkje teke initiativ til møte med nokon vertskommune.