ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Ørstafjord Rådhuset Dato: 19.11.2013 Møtet starta 11:00 Møtet slutta 16:20 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Rune Hovde Ordførar H Gunnar Knutsen Medlem V Hans Olav Myklebust Medlem FRP Wenche Volle Medlem FRP Petter B Bjørdal Medlem AP Ola Perry Saure Medlem SP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Paul Kristian Hovden Varaordførar KRF Monika Barstad Rebbestad Medlem H Hanne Stokke Medlem AP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Per Are Sørheim Monika Barstad Rebbestad H Odd Magne Vinjevoll Paul Kristian Hovden FRP Karen Høydal til kl 15:10 Hanne Stokke AP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann Andrea Fivelstad Stabsleiar økonomi, orienterte Vidar Eltvik Kommunekasserar, sak 115/13 Svein Silseth Seksjonsleiar tekniske tenester, orienterte Gunnar Wangen Avd. leiar plan og miljø, orienterte Knut Åmås Seksjonsleiar helse og velferd, sak 117/13 Inger Johanne E. Løeng Politisk sekretær Wenche Volle og Petter Bjørdal vart valde til å skrive under protokollen saman med ordførar.
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 113/13 PS 114/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar RS 45/13 Søknad om tilskot til utbygging av Ørstaterminalen som tømmerkai/fleirbrukskai 2012/1233 RS 46/13 RS 47/13 Oversendelse av klage på vedtak av 22.8.2013 om avslag på søknad om bygging og drift av Helgåa kraftverk i Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylke. Oversending av klage fra Steffen Nordang m.fl. - Holåa kraftverk, Ørsta kommune, Møre og Romsdal 2012/912 2012/912 RS 48/13 Oppmoding om å redusere prisen og satse på kulturskulen 2013/1660 RS 49/13 RS 50/13 PS 115/13 K-sak PS 116/13 K-sak I høve politisk behandling av Uno-X sin søknad om å etablere sjølvbetjent bensinstasjon i tilknyting til ny Rema 100 butikk på Ose 49/13 Uno- X automatstasjon på Ose. Kommunens saksnr. 2013/880 2013/880 2013/880 Kvartalsrapport 3. kvartal 2013 2013/721 Utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal HF - Nokre konsekvensar for helsetenestetilbodet i fylket og for kommunane 2013/1618 PS 117/13 Oppretting av ny fastlegeheimel 2013/1648 PS 118/13 K-sak PS 119/13 Felles NAV-kontor for Volda og Ørsta - handsaming etter utvida prosjektperiode Møteplan 2014 - kommunestyret, formannskapet, levekårsutvalet og samfunnsutvalet PS 120/13 Næringsprisen for Ørsta kommune 2013 (unntak frå innsyn etter offl. 26 andre avsnitt) Orienteringar før møtet vart sett: 2013/1657 2013/1443 2013/1673 - Avd.leiar plan og utvikling Gunnar Wangen orienterte om rasfare og planar for rassikringar i området Mork/ Vinjevoll og delar av Vallabøen. - Seksjonsleiar tekniske tenester orienterte om saka Fonnevernutbygging i Ørsta kommune, handsama i kommunestyret 24. februar 1986(saka vart delt ut til formannskapet). I protokollen frå kommunestyret 31.10.2013 sto følgjande: Kommunestyret ber om å få referatsak 41/13 vedk. skredsikring i området Mork/Vinjevoll som sak i formannskapet 19.11.2013 og kommunestyret 28.11.2013. Formannskapet var samde i å vente med ny sak nå. Formannskapet ynskjer tilsvarande orientering som ovanfor i kommunestyret 28.11.2013. - Rådmannen orienterte om endringar organisasjonen. - Rådmannen og stabsleiar økonomi Andrea Fivelstad orienterte om budsjett 2014. Rådmannen sitt budsjettframlegg skal presenterast i kommunestyret 28.11.2013
PS 113/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Handsaminga(r.f.) Innkalling vart godkjent utan merknad Handsaming av sak 120/13 i lukka møte, etter offentleglova 26 andre avsnitt. Ordføraren vil orientere om arbeidet i kriseleiinga i helga knytt til flaum og jordskred mellom anna på Vatne og Vartdal. Saklista vart godkjent med ovannemnde merknadar Petter Bjørdal(AP) hadde tre spørsmål til ordføraren. 1. Salsprosessen - Mørebiltomta? 2. Etter reperasjon på bru ved Bondaleidet får ein grunneigar mykje overflatevatn på marka nær brua, spesielt når det regnar. Skjer det noko i høve grunneigaren? 3. Kommunestyret burde kome med uttale i høve omstruktureringar i statlege kontor som t.d. skattekontoret i Volda og Sorenskrivarkontoret i Volda. Spørsmål 1. og 2. ynskjer ordføraren ei orientering om i neste møte i kommunestyret Spørsmål 3. Ordføraren sender spørsmålet vidare til rådmannen og ber om å får eit utkast til uttale til kommunestyret Karen Høydal(AP) fekk permisjon 15:10 før handsaming av sak 115/13, 8 røysteføre.
PS 114/13 Referat og meldingar Handsaminga(9 r.f.) Ekstra referatsak delt ut i møtet: Skriv frå Jan Magnus Ose og Rune Andrè Øye - RS 49/13 Uno-X automatstasjon på Ose. Kommunens saksnr. 2013/880. Referat og meldingar vart tekne til vitande m/ekstra sak RS 45/13 Søknad om tilskot til utbygging av Ørstaterminalen som tømmerkai/fleirbrukskai RS 46/13 Oversendelse av klage på vedtak av 22.8.2013 om avslag på søknad om bygging og drift av Helgåa kraftverk i Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylke. RS 47/13 Oversending av klage fra Steffen Nordang m.fl. - Holåa kraftverk, Ørsta kommune, Møre og Romsdal RS 48/13 Oppmoding om å redusere prisen og satse på kulturskulen RS 49/13 I høve politisk behandling av Uno-X sin søknad om å etablere sjølvbetjent bensinstasjon i tilknyting til ny Rema 100 butikk på Ose RS 50/12 RS 49/13 Uno-X automatstasjonen på Ose. Kommunens saksnr. 2013/880 Ordføraren orienterte om arbeidet i kriseleiinga i helga knytt til flaum og jordskred mellom anna på Vatne og Vartdal.
Karen Høydal(AP) fekk permisjon kl, 15.10(8 r.f.) PS 115/13 Kvartalsrapport 3. kvartal 2013 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre godkjenner kvartalsrapporten for 3. kvartal 2013 slik den ligg føre med eit positivt netto driftsresultat kr 20,4 mill og rekneskapsmessig mindreforbruk kr 6,0 mill. Handsaminga(8 r.f.) Vidar Eltvik, kommunekasseraren orienterte. Formannskapet vedtok med 8 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding. Ørsta kommunestyre godkjenner kvartalsrapporten for 3. kvartal 2013 slik den ligg føre med eit positivt netto driftsresultat kr 20,4 mill og rekneskapsmessig mindreforbruk kr 6,0 mill.
PS 116/13 Utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal HF - Nokre konsekvensar for helsetenestetilbodet i fylket og for kommunane TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Ørsta kommunestyre er svært uroa over den utfordrande økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal HF og dei konsekvensane dette vil få for: sjukehustilbodet i fylket kommunane og dei kommunale helse og omsorgstenestene 2. Ørsta kommunestyre sluttar seg til konklusjonane i saksutgreiinga om Utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal HF. 3. Ørsta kommunestyre krev at kommunar som får konsekvensar av Utviklingsplan for HMR skal ha ein sjølvstendig uttalerett. Vidare er det forventa at prosessane og dialogen mellom kommune og HF kan vere open og god. 4. Det er eit krav at utgreiing og sakshandsaming klargjer konsekvensar både for HF og for kommunane. Det er særleg viktig med grundig utgreiing av spørsmåla i gråsona der begge partar har ansvar (eksempel: rehabilitering og psykiatri) Ørsta kommune viser til signal frå den nye helseministeren og presiserer at oppgåveoverføring først må skje etter ein grundig prosess og når kommunane er fagleg og økonomisk i stand til å ta på seg oppgåvene. 5. Om Sluttrapport frå arbeidsgruppe for kirurgi, Ålesund og Volda vil Ørsta kommunestyre spesielt uttale: Å overføre øyeblikkeleg hjelp funksjonen innan generell kirurgi frå Volda til Ålesund SH vil undergrave Volda Sjukehus sin funksjon som eit fullverdig lokalsjukehus med akuttfunksjonar innan indremedisin, kirurgi/ortopedi og fødeavdeling med gynekologi. 6. Ørsta kommunestyre viser til den nye regjeringsplattforma om at det skal utarbeidast ein ny Nasjonal Helse- og sjukehusplan som også skal omfatte den viktige rolle og det faglege innhaldet i lokalsjukehusa. Regjeringa har sagt at den vil stoppe nedlegginga av akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngjeve med dårleg kvalitet og usikkerheit for pasientane før Nasjonal Helse- og sjukehusplan er behandla. På denne bakgrunn ber Volda kommunestyre om at gjennomføring av Sluttrapport frå arbeidsgruppe for kirurgi, Ålesund og Volda blir utsett i påvente av Stortinget si handsaming.
Handsaminga(7 r.f.) Petter Bjørdal(AP) ville ha sin habilitet vurdert, han er styremedlem i Helse Møre og Romsdal, og gjekk i frå(7 r.f.) Formannskapet kjente Petter Bjørdal inhabil, 7 røysteføre Formannskapet vedtok med 7 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding. 1. Ørsta kommunestyre er svært uroa over den utfordrande økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal HF og dei konsekvensane dette vil få for: sjukehustilbodet i fylket kommunane og dei kommunale helse og omsorgstenestene 2. Ørsta kommunestyre sluttar seg til konklusjonane i saksutgreiinga om Utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal HF. 3. Ørsta kommunestyre krev at kommunar som får konsekvensar av Utviklingsplan for HMR skal ha ein sjølvstendig uttalerett. Vidare er det forventa at prosessane og dialogen mellom kommune og HF kan vere open og god. 4. Det er eit krav at utgreiing og sakshandsaming klargjer konsekvensar både for HF og for kommunane. Det er særleg viktig med grundig utgreiing av spørsmåla i gråsona der begge partar har ansvar (eksempel: rehabilitering og psykiatri) Ørsta kommune viser til signal frå den nye helseministeren og presiserer at oppgåveoverføring først må skje etter ein grundig prosess og når kommunane er fagleg og økonomisk i stand til å ta på seg oppgåvene. 5. Om Sluttrapport frå arbeidsgruppe for kirurgi, Ålesund og Volda vil Ørsta kommunestyre spesielt uttale: Å overføre øyeblikkeleg hjelp funksjonen innan generell kirurgi frå Volda til Ålesund SH vil undergrave Volda Sjukehus sin funksjon som eit fullverdig lokalsjukehus med akuttfunksjonar innan indremedisin, kirurgi/ortopedi og fødeavdeling med gynekologi. 6. Ørsta kommunestyre viser til den nye regjeringsplattforma om at det skal utarbeidast ein ny Nasjonal Helse- og sjukehusplan som også skal omfatte den viktige rolle og det faglege innhaldet i lokalsjukehusa. Regjeringa har sagt at den vil stoppe nedlegginga av akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngjeve med dårleg kvalitet og usikkerheit for pasientane før Nasjonal Helse- og sjukehusplan er behandla. På denne bakgrunn ber Volda kommunestyre om at gjennomføring av Sluttrapport frå arbeidsgruppe for kirurgi, Ålesund og Volda blir utsett i påvente av Stortinget si handsaming.
Petter Bjørdal(AP) tok sete att, 8 røysteføre. PS 117/13 Oppretting av ny fastlegeheimel VEDTAK: Ørsta formannskap godkjenner oppretting av ny fastlegeheimel i Ørsta kommune. Utgifter knytt til etablering av heimelen må dekkast av rekrutteringstilskotet. Handsaminga(8 r.f.) Seksjonsleiar Helse og velferd Knut Åmås orienterte Rådmannen si tilråding vart vedteken med 8 mot 0 røyster Ørsta formannskap godkjenner oppretting av ny fastlegeheimel i Ørsta kommune. Utgifter knytt til etablering av heimelen må dekkast av rekrutteringstilskotet.
PS 118/13 Felles NAV-kontor for Volda og Ørsta - handsaming etter utvida prosjektperiode 1. Kommunestyret sluttar seg til at det vert etablert felles Nav-kontor for kommunane Volda og Ørsta frå 1. mai 2014. Samarbeidet vert organisert som vertskommunesamarbeid etter kommunelova 28 a og b. 2. Ørsta kommune er vertskommune. Det interkommunale Nav-kontoret vert lokalisert i Nav sine lokale i Strandgata i Ørsta fram til 21. november 2017 med dei tilretteleggingar som er skissert i vedlagde prosjektrapport. I god tid før nemnde leigeperiode går ut skal det vere gjennomført prosess som har avklart framtidige og innflyttingsklare lokale i vertskommunen. 3. Kommunestyret legg til grunn følgjande føresetnader for vertskommunesamarbeidet: - Nav Møre og Romsdal dekkjer etableringskostnadene med ombygging/tilpassing av lokale og ev utbygging av fleire parkeringsplassar. - Nav Volda flyttar inn i lokalet i Strandgata i Ørsta og betaler ikkje andel av husleige før det interkommunale Nav-kontoret er etablert i nye lokale frå 21. november 2017. - Etablering av felles Nav-kontor skal ikkje medføre auka kostnader til drift for Ørsta kommune. - Fellesutgifter (som reinhald, straum, data mv) vert fordelt mellom partane etter kostnadsnøkkel basert på tal tilsette. 4. Det skal innan 1. mars 2014 leggjast fram utkast til vertskommuneavtale basert på dei nemnde føresetnadene for godkjenning i kommunestyret. 5. Det skal utarbeidast driftsavtale mellom partane som vert å godkjenne i formannskapet innan 1. april 2014. 6. Partnerskapsavtalen mellom Nav Møre og Romsdal og vertskommunesamarbeidet skal utarbeidast innan 1. mai 2014 og leggjast fram for rådmannen i Volda for uttale før underteikning av vertskommunen. 7. Vertskommunesamarbeidet vert å evaluere innan 1. juli 2016. 8. Brukarutvalet må vidareførast i felles NAV- kontor.
Handsaminga(8 r.f.) Petter Bjørdal(AP) framlegg til nytt punkt 8: Brukarutvalet må vidareførast i felles NAV- kontor. Punktvis røysting Rådmannen si tilråding 1-7 vart samrøystes vedteke Nytt punkt 8. vart samrøystes vedteke Formannskapet vedtok med 8 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding m/nytt punkt 8 1. Kommunestyret sluttar seg til at det vert etablert felles Nav-kontor for kommunane Volda og Ørsta frå 1. mai 2014. Samarbeidet vert organisert som vertskommunesamarbeid etter kommunelova 28 a og b. 2. Ørsta kommune er vertskommune. Det interkommunale Nav-kontoret vert lokalisert i Nav sine lokale i Strandgata i Ørsta fram til 21. november 2017 med dei tilretteleggingar som er skissert i vedlagde prosjektrapport. I god tid før nemnde leigeperiode går ut skal det vere gjennomført prosess som har avklart framtidige og innflyttingsklare lokale i vertskommunen. 3. Kommunestyret legg til grunn følgjande føresetnader for vertskommunesamarbeidet: - Nav Møre og Romsdal dekkjer etableringskostnadene med ombygging/tilpassing av lokale og ev utbygging av fleire parkeringsplassar. - Nav Volda flyttar inn i lokalet i Strandgata i Ørsta og betaler ikkje andel av husleige før det interkommunale Nav-kontoret er etablert i nye lokale frå 21. november 2017. - Etablering av felles Nav-kontor skal ikkje medføre auka kostnader til drift for Ørsta kommune. - Fellesutgifter (som reinhald, straum, data mv) vert fordelt mellom partane etter kostnadsnøkkel basert på tal tilsette. 4. Det skal innan 1. mars 2014 leggjast fram utkast til vertskommuneavtale basert på dei nemnde føresetnadene for godkjenning i kommunestyret. 5. Det skal utarbeidast driftsavtale mellom partane som vert å godkjenne i formannskapet innan 1. april 2014. 6. Partnerskapsavtalen mellom Nav Møre og Romsdal og vertskommunesamarbeidet skal utarbeidast innan 1. mai 2014 og leggjast fram for rådmannen i Volda for uttale før underteikning av vertskommunen. 7. Vertskommunesamarbeidet vert å evaluere innan 1. juli 2016.
PS 119/13 Møteplan 2014 - kommunestyret, formannskapet, levekårsutvalet og samfunnsutvalet VEDTAK: Formannskapet vedtek vedlagde møteplan 2014 som Ørsta kommunestyre, formannskapet, levekårsutvalet og samfunnsutvalet sin møteplan for 2014. Formannskapet 15.4.2014 går ut. Handsaminga(8 r.f.) Framlegg frå Petter Bjørdal(AP) Siste setning går ut. Fellesframlegg Stryke møte i formannskapet 15.04.2014. Fellesframlegget vart vedteke med 8 mot 0 røyster Petter Bjørdal sitt framlegg vart vedteke med 8 mot 0 røyster Formannskapet vedtek vedlagde møteplan 2014 som Ørsta kommunestyre, formannskapet, levekårsutvalet og samfunnsutvalet sin møteplan for 2014. Eldrerådet og råd for likestilling av funksjonshemma kan ha inntil 4 møter kvar i 2014.
Ordføraren lukka møte før handsaming av saka nedanfor, etter offentleglova 26 andre avsnitt PS 120/13 Næringsprisen for Ørsta kommune 2013 VEDTAK: Næringsprisen i Ørsta kommune for 2013 vert gjeven til Ottar Vartdal Handsaminga(8 r.f.) Formannskapet vedtok samrøystes å gje næringsprisen for 2013 til Ottar Vartdal Næringsprisen i Ørsta kommune for 2013 vert gjeven til.