Sakshandsamar: Dagny Alvik Vår dato Vår referanse Telefon: 57643142 30.03.2012 2012/841-472 E-post: fmsfdal@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse SAR AS avd. Florø Botnaneset 6900 FLORØ SAR AS avd. Florø - inspeksjonsrapport etter kontroll Informasjon om verksemda Namn på verksemda: SAR AS avd. Florø Organisasjonsnr.: 972117234 Eigd av: 944178228 Stad og kommune: Botnaneset, Flora Kontrolldato: 06.03.2012 Postadresse: 6900 Florø Løyvedato og internt nr.: 19.11.1999, 14.02.2000 og 04.11.2010. Risikoklasse: 3 ISO 14001-sertifisert EMAS-registrert Informasjon om kontrollen Frå verksemda: dagleg leiar Lars Petter Sundal, formann Annbjørg Hestdal, arbeidsleiar Geir Westbø Olsen, tillitsvalt Tom Faye og verneombod Terje Svarstad Frå Fjord Base: Geir Norevik Desse hovudtema vart kontrollert: Internkontroll Risikovurdering Utslepp til luft eller vatn Støy Løyvet med vilkår Forskriftskrav Anna: Bakgrunn for kontrollen: Frekvensbasert inspeksjon Frekvensbasert revisjon Kontrollaksjon Ny verksemd (ikkje kontrollert før) Nytt løyve (ikkje kontrollert før) Frå Flora Brannvesen: brannsjef Magne Igland Frå DLE: tilsynsingeniør Karl-Arne Rimmen Frå Arbeidstilsynet: seniorinspektør Kirsti Solheim Frå Fylkesmannen: overingeniør Anne S. L. Harjo og overingeniør Dagny Alvik Avfallshandtering ordinært avfall Handtering av farleg avfall (merking, emballering, mellomlagring, levering) Handtering av kjemikal (klassifisering, merking, emballering) Sikkerheitsdatablad Substitusjon Oppfølging av eigenrapport Oppfølging av klage/hending/tips Oppfølging av siste kontroll Kartlegging Anna Felles tilsynsaksjon Hovudfunn frå kontrollen Det vart påvist 3 avvik. Avvik er nærare omtalt frå side 4 i dette skrivet. Melding om retting av avvik må vere sendt til Fylkesmannen innan 01.05.2012. I tillegg kjem arbeidstilsynet og el-tilsynet med varsel om pålegg, sjå eigne vedlegg frå dei. Rapporten vert vurdert som endeleg dersom vi ikkje får attendemelding om faktiske feil eller mistydingar innan to veker atter at rapporten er motteke. Varsla kontrollgebyr vert då send via Klimaog forurensningsdirektoratet (Klif) for innbetaling. Med helsing Gøsta Hagenlund ass. fylkesmiljøvernsjef Dagny Alvik overingeniør Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77
2/6 Bakgrunn for tilsynet Tilsynsetatane Arbeidstilsynet, Brannvesen, Det lokale eltilsyn (DLE) og Fylkesmannen har vedteke at vi i 2012 gjennomfører samtidige tilsyn i utvalde verksemder. Utgangspunktet for samordna og samtidige tilsyn er forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter av 12. juni 1996 nr 1127 (internkontrollforskrifta). Forskrifta vert forvalta av fleire tilsynsmyndigheiter, blant anna Arbeidstilsynet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Klima- og forurensningsdirektoratet og Næringslivets sikkerhetsorganisasjon. Desse fører tilsyn med at regelverket vert følgd. Internkontrollforskrifta stiller krav til at alle verksemder skal jobbe systematisk for å kartlegge risiko og om nødvendig gjennomføre tiltak for å redusere denne til eit akseptabelt nivå. Å kartlegge risiko er viktig for å førebygge ulykker og å hindre helse- og miljøskadar. Risikobegrepet kan definerast som den fare som uønska hendingar representerer for menneske, miljø og materielle verdiar. Enkelt sagt handlar det om å sjå på kva som kan gå gale, og kva ein kan gjere for å hindre at det skjer. Målet med tilsyna er å auke verksemdene si bevisstheit og kompetanse om risikoførebyggande arbeid, og auke sikkerheita på norske arbeidsplassar, for samfunnet og for natur og miljø. Arbeidsplassen skal være ein trygg stad. Ingen skal oppleve å bli sjuk eller skada på jobb. Verksemdene må også førebygge hendingar som kan sette omgjevnadane i fare. For å sette i verk gode tiltak er det viktig å ha oversikt over kva som er dei største farane i verksemda. Systematisk HMS-arbeid fører til færre tap og skader, og vil derfor vere lønsamt for verksemdene. Arbeidstilsynet forvaltar og fører tilsyn med at arbeidsmiljølova og aktuelle krav gitt i medhald av denne vert overholdt. Desse krava skal sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda. Arbeidsmiljøet er summen av dei fysiske, psykiske, sosiale og organisatoriske tilhøva på ein arbeidsplass. Krava skal sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremmande og meiningsfylt arbeidssituasjon. Det lokale brannvesenet forvaltar regelverk og krav knytt til brann og eksplosjonsvern, og er ein del av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Krava skal sikre liv og verne verdiar mot fare knytt til brann og eksplosjon. Krava skal sikre forsvarlig handtering av brannfarlege, trykksette og eksplosjonsfarlege stoff, og at ulykkes- og skadeførebyggande tiltak vert sett i verk i samband med handtering av farleg stoff og ved transport av farleg gods på land. Ein kvar pliktar å oppfylle krav til alminneleg aktsemd slik at brann, eksplosjon og anna ulykke vert førebygd og skade vert avgrensa. Det lokale eltilsyn (DLE) forvaltar regelverk og krav knytt til elektriske anlegg, og er ein del av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Krava skal sikre at elektriske anlegg skal utførast, driftast og vedlikehaldast slik at dei ikkje representerar fare for liv, helse og materielle verdiar.krava gjelder for den som er eigar, brukar og utfører (dvs. monterar og vedlikehald) elektriske anlegg. Fylkesmannen si miljøvernavdeling forvaltar regelverk knytt til det ytre miljø, og er ein del av Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif).Krava er knytte til bruk av helse- og miljøfarlige stoff og produkt, avfall, støy og forureining av hav, vann, jord og luft. Regelverket skal hindre at forureining, avfall og produkt med helse- og miljøfarlige kjemikaliar fører til helseskade, går utover trivselen eller skadar naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.
3/6 Skildring av tilsynet Leiinga i SAR AS orienterte om verksemda. Det er 25 tilsette. Deira største kundar er StatoilHydro og Halliburton. Avtalen med StatoilHydro omfattar mottak av farleg avfall og næringsavfall, samt reingjering av bulktankar på supplyfartøy. Elles er hovudvekta av næringskundar i Flora kommune. Dei handterer også avfall frå husstandar for Flora kommune samt SUM kommunane. SAR har kjøpt ny tomt med Fjord base. Planlagt byggestart mai/juni 2012. I tilsynet var det hovudfokus på verksemda sin internkontroll, og då særskilt 5, 2.ledd punkt 1-8. I tillegg vart utsleppsløyva, og då særskilt det nye løyvet som gjeld mottak og mellomlagring av farleg avfall ved tankanlegg kontrollert. Definisjonar: Avvik Brot på krav som er fastsett i eller med heimel i helse-, miljø, og tryggleikslovgivinga. (Døme er brot på krav i ureiningslova eller produktkontrollova, forskrifter til lovene, utsleppsløyve, og verksemda sine eigne rutinar som er nødvendige for å stette styresmaktene sine krav.) Merknad Tilhøve som tilsynsetatane meiner det er nødvendig å peike på for å ivareta helse, miljø og tryggleik, og som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik. (Brot på eigne rutinar som inneheld strengare krav enn lovkrava, kan verte omtala som merknad.) Oppfølging etter kontrollen Verksemda pliktar å rette opp avvika som er omtalt i rapporten så snart som råd. Verksemda må også gå nøye gjennom merknadene og vurdere kva for tiltak som er aktuelle og nødvendige for å tilfredsstille krav etter HMS-lovgivingane. Merknader kan gi grunnlag for pålegg. For å kunne kontrollere at avvika er retta opp, ber vi om at verksemda skriftleg melder attende at tilhøve er kome i orden, og at ein gjer greie for dei gjennomførte tiltaka innan 01.05.2012 evt. dato/ar for planar for gjennomføring. Innan same dato ber vi om at verksemda gjer greie for sine vurderingar og eventuelle utbetringar i tilknyting til våre merknader. Fylkesmannen ventar at verksemda legg ved dokumentasjon på gjennomførte tiltak. Fysiske endringar bør dokumenterast med foto. Vi gjer merksam på at oversikt over miljøloverket kan ein finne på www.lovdata.no eller vist til frå www.klif.no (sjå under regelverk). Dei viktigaste HMS-krava finn ein på nettstaden www.regelhjelp.no. Reglane om gebyrinnkrevjing finn ein under kap. 39 i ureiningsforskrifta. Vedtak om gebyr for kontroll Verksemda er plassert i risikoklasse 3, jf. ureiningsforskrifta 39-6 om gebyr for kontroll som varer inntil ein dag. Risikoklasse er fastset ved handsaming av utsleppssøknad, og er oppgjeve i utsleppsløyvet. Det vil seie at verksemda må betale kr. 11 600,- i gebyr for den gjennomførte kontrollen. Faktura med innbetalingsblankett vert ettersendt frå Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif). Gebyret må betalast innan 30 dagar etter fakturadato. Vedtaket om gebyr kan påklagast til Klif, jf. 28 i forvaltningslova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket gjeld. Ev. klage bør vere skriftleg grunngjeven og den skal sendast via Fylkesmannen som vil vurdere endring av vedtaket eller sende saka vidare til klageorganet for endeleg vedtak. Ein ev. klage vil ikkje få
4/6 oppsetjande verknad, og det gebyret som er fastsett ovafor må betalast inn. Dersom klageorganet tek klagen til følgje, blir for mykje innbetalt beløp refundert. Offentlegheit av rapport Rapporten vil verte tilgjengeleg for innsyn via Fylkesmannen sitt elektroniske arkiv, jf. offentlegheitslova. Avvik Desse avvika vart påvist under kontrollen: Avvik 1 Avvik frå: Verksemda har mangelfull internkontroll Internkontrollforskrifta 5 pkt 1-8, utsleppsløyve om farleg avfall dagsett 16.09.1999 med endring 14.02.2000, og utsleppsløyve som gjeld mottak og mellomlagring av farleg avfall dagsett 04.11.2010 Oversikt over gjeldande regelverk Kjennskap til lovverket er mangelfull. Utsleppsløyva er ein viktig del av lovgrunnlaget for drift av anlegget. Til dømes var kravet om kompetanse på minst bachelornivå med kjemi i fagkretsen i den daglege drifta ikkje kjent. Opplæring og informasjon Det er blitt gjennomført opplæring innan farleg avfall, tankvask, brannøvingar mm. Men verksemda har ikkje eit levande system som sørgjer for at dei tilsette vert tilført all nødvendig kunnskap og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i verksemde, herunder informasjon om endringar. I HMS-planen for 2012 var det satt opp at det i løpet av 1. kvartal skal kartleggjast kva slags opplæring som arbeidstakarane må ha i hht. lovverket. Organisasjonsplan Det er nyleg gjort ei omorganisering med 3 arbeidsleiarar under dagleg leiar. Verksemda har ikkje ein organisasjonsplan som viser korleis ansvarsoppgåver og myndigheit for arbeidet med helse-, miljø- og sikkerheit er fordelt. Risiko Det er fins ikkje kartlegging av nyare dato som omhandlar førekomst og risiko sett opp mot arbeidstakarane si helse og sikkerheit, ytre miljø eller brann. Under førre revisjon som Fylkesmannen gjennomførte i 2009, vart det påpeikt at risikovurderinga var mangelfull. Verksemda meldte då attende at dette skulle gjennomførast i januar 2010. Dette er enno ikkje gjort, og Fylkesmannen ser alvorleg på dette. Verksemda kunne opplyse om at det er planlagt ny risikovurdering i vår saman med bedriftshelsetenesta. Det er viktig at det i denne vurderinga vert teke med dei momenta som vart omtala under tilsynet i forhold til både helse-, brann-, el og ytre miljø. Det er også i løyvet som gjeld mottak og mellomlagring av farleg avfall ved tankanlegg pkt. 9.1. sett spesifikke krav til ei miljørisikoanalyse. Brannvesenet har desse presiseringane: Risikoanalysa må innehalde ei vurdering av sikkerheita til dei som oppheld seg i bedrifta og som jobbar med avfallshandtering. Ein ønskjer spesielt at det blir fokusert på handtering av kjemikalie i forhold til brannsikkerheita og eventuelle kjemikalie som kan være skadelege for personar og miljø dersom dei blir påverka av brann. Kva innverknad kan dette ha på dei som
5/6 jobbar her og kva har det å sei i forhold til nabobedrifter. Det må også utarbeidast ein handlingsplan som seier noko om korleis og når eventuelle avvik skal rettast med omsyn til brannsikkerheita. Det må dokumenterast at krav til brannøvingar er stetta og kven som har delteke. Arbeidstilsynet gjev pålegg om risikovurdering i eige vedlegg til denne rapporten. Avvikshandtering Verksemda har eit avvikssystem som verkar å fungere godt internt, men det fangar ikkje opp avvik frå tidlegare tilsyn. Rapporten frå el-tilsynet viser at verksemda ikkje avdekker og rettar opp avvik på dei ulike anlegga. Det same gjeld risikovurderinga omtala over. Dette tyder på at verksemda har ein jobb å gjere i internkontrollen for å sikre at alle overtredelser av krav fastsatt i eller i medhold av helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen vert avdekt, retta opp og førebygd, jf. internkontrollforskrifta 5, 2.ledd nr 7. Revisjon av internkontroll Verksemda har mangelfull systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at denne fungerer som føresett. Det kom fram under tilsynet at det ikkje vert gjennomført nokon årleg gjennomgang av heile internkontrollen i Florø. Avvik 2 Fleire krav i løyvet om farleg avfall er ikkje oppfylt Avvik frå: Utsleppsløyve om farleg avfall dagsett 16.09.1999 med endring 14.02.2000 Mengde Verksemda har overskride mengda av farleg avfall. Dette vart også påpeika under revisjonen i 2009. Verksemda må søkje om utviding av ramme for løyvet som er i samsvar med dagens drift. Verksemda kan merke seg at ei endring av løyvet vil skjerpe inn lagringstida for farleg avfall frå 1 år til 6 mnd. Typar avfall Verksemda tek inn smittefarleg avfall og avfall som kan vere eksplosive (nødpeilarar) frå Nordsjøen. Desse avfallsfraksjonane er ikkje omfatta av løyvet, jf. pkt 2 om avgrensingar i løyvet. Beredskap I følgje pkt 5.4 har verksemda ei beredskapsplikt som skal syte for å ha ei naudsynt beredskap for å hindre, oppdage eller stanse akutt ureining. Verksemda kunne td ikkje vise til å ha naudsynt utstyr til å dekke over slukar ved ei evt lekkasje.
6/6 Avvik 3 Avvik frå: Fleire krav i løyvet som gjeld mottak om mellomlagring av farleg avfall ved tankanlegg er ikkje oppfylt Utsleppsløyve som gjeld mottak og mellomlagring av farleg avfall dagsett 04.11.2010 Kompetanse Det er i løyvet på tanklagring sett krav til at verksemda i den daglege drifta skal ha kompetanse på bachelornivå med minst kjemi i fagkretsen. Dette var ikkje kjent for verksemda. Overfyllingsvarsel Det er eit krav i løyvet at lagertankar for farleg avfall skal ha overfyllingsvarsel. Dette var enno ikkje på plass. Oppsamlingsanordning for tankfarmar Det er krav i løyvet om at tankfarmar skal ha oppsamlingsanordning som tek minst volumet av største tank + 10 %, jf. pkt. 3.3. Verksemda har eit tankanlegg som består av 17 tankar samt 2 miksekar med total kapasitet på 4 633 m 3. Den største tanken rommar 1350 m 3. Oppsamlingsbassenget har ein ringmur på 1 m høgd, og med eit volum på 622 m 3. Verksemda kunne opplyse om at den største tanken vart leigd ut til Halliburton, og at dei kun kunne fylle opp 500 m 3. Løyvet set krav om oppsamlingsbasseng i høve tankkapasitet og ikkje bruk av tankar, verksemda har difor ikkje ei god nok oppsamlingsordning for tankparken sin. Mangelfull merking Tankane var ikkje merka med innhald. Det er krav i løyvet at lagra farleg avfall skal vere merka slik at det går fram kva som er lagra, jf. pkt 3.3 Miljørisikoanalyse og etablering av beredskap Det er ikkje gjennomført ei miljørisikoanalyse av tanklagringa, og på det grunnlag sett i verk risikoreduserande tiltak jf. pkt 9.1og 9.2 i løyvet. På bakgrunn av dette skal det også etablerast og vedlikehaldast ein beredskap mot akutt ureining. Beredskapen mot akutt ureining skal øvast minst ein gong per år, jf. pkt 9.3. Andre forhold: I NORBAS som er eit nasjonalt register for registrering av farleg avfall er det oppført at verksemda er produsent av om lag 100 000 kg slam og borekaks (avfallskode 7041) i 2011 i tillegg til dei 16 551 097 kg slam og borekaks som er registrert på dykk som aktør. Verksemda bør gjere greie for kvifor noko er registrert på dykk som produsent, og gjere ei vurdering om slikt avfall bør registrerast på dykk som aktør (mottakar av dette avfallet). Vedlegg 1. Forhandsvarsel ifrå DLE (Anleggskontrollrapport) 2. Varsel om pålegg frå Arbeidstilsynet Kopi pr. e-post: Fjord Base, Arbeidstilsynet, Brannvesenet og Det lokale eltilsyn