FRILUFTSMORO i Sogn og Fjordane 20.-29. mai Friluftsorganisasjonane i Sogn og Fjordane inviterer barn, ungdom, vaksne og eldre til friluftsmoro i tida 20.-29. mai. Dei fleste arrangementa er gratis, opne for alle og nokre inkluderer også mat. Friluftsmoro 20.-29. mai har eiga facebookgruppe. Her vert all informasjon om dei ulike aktivitetane lagt ut: https://www.facebook.com/ groups/1650253235206744/ Oversikt Friluftsmoro: 20.-21. mai, Flatbygdi Skule, Vik i Sogn 21.-22. mai, Berledalen Bremanger 21. mai, Nordfjordeid, Eid 22. mai, Svidalsøyra Jølster 22. mai, Småbåthamna Leikanger 23. mai, Veslevatnet Gloppen 24. mai, Ura i Myklebustdalen i Gloppen 24. mai, Vereide i Gloppen 24. mai, Langedalen Davik Bremanger 25. mai, Sandane Gloppen 26. mai, Askvoll kyrkje, Askvoll 27. mai, Osvika badestrand, Eid 28. mai, Sageflåten Gloppen 28. mai, Løland Åfjorddalen, Hyllestad 29. mai, Myklebustdalen Gloppen 29. mai, Gåsemyrstøylen Gloppen 29. mai, Sanden, Naustdal 29. mai, Navestøylen Kjølsdalen Eid 29. mai, Kleppa Leikanger Les om kvart enkelt arrangement på dei neste sidene.
ASKVOLL KOMMUNE 26. Mai. Oppmøte ved Askvoll Kyrkje kl 17.30. Dagsarrangement, kort tur til gapahuken, eller ein lengre tur i nærområdet. Ein kan teste ut sykkelen i terrenget, eller vere på leit etter orienterings-postane. Servert kveldsmat i gapahuken frå kl 18.30 19.30. Kom og delta, både barn, ungdom, vaksne og eldre! Arrangørar: Barnas Turlag og Ung Askvoll, Røde Kors,Trim og Orienteringsgruppa og flyktningekonsulenten i Askvoll. Anne Grethe Lien, 90988542, anneglien@yahoo.no. Linda Karin Solheim, 97592327. Heidi Helle Lindenskov, heidi_helle@hotmail.com BREMANGER KOMMUNE BERLEDALEN NB! KREV PÅMELDING 22.-22. Mai. Telttur til Berledalen. Krev påmelding! Vi startar frå Berle Skule kl 11.00 og har quiz på turen opp. Vi riggar leir og et mat. Utover ettermiddagen har vi fiskekonkurranse, vi lærer å ro og padle kano, bruke kart og kompass og lærer enkel førstehjelp. Vis vêret tillet det kan vi bade også. Kveldsmaten grillar vi på bål, kanskje kan vi mette alle med sjølvfiska middag? Søndag startar vi med frukost og nedrigging av leir før vi tek ein tur opp på Heilekinna (579 moh). Det er mogleg å få transportert telt og utstyr opp fredag og ned att søndag mot ei lita betaling per kolli. Mat og fellesutstyr som bålpanner og slikt tek vi oss av, så denne turen passar for dei med små ungar (og kanskje ikkje all verden med erfaring med overnatting ute). Vi må ha påmelding for å vite kor mange vi må ha mat til, og evt. Matallergiar vi bør ta omsyn til. Bortsett frå evt. Transport, er turen gratis for alle. Målgruppa er barnefamiliar, og vi legg vekt på at dette er eit arrangement der foreldre og barn skal ha det moro ilag i naturen. Barnas Turlag Keipen. Kontaktperson: Karin Songedal, keipenturlag@gmail.com https://keipen.dnt.no DAVIK 24. Mai. Draumeplassen i Langedalen i Davik. Friluftsmoro med natursti og mat på bål, informasjon om utviklinga av Draumeplassen. Troda 4H Kontaktperson: Camilla Nesheim, 97018133, milla_nesheim@hotmail.com
EID KOMMUNE SKRIDULAUPEN (Strynefjellet) 21. Mai. Oppmøte ved rutebilstasjonen på Nordfjordeid kl 08.00. Topptur til Skridurlaupen. Krevjande tur som passar ungdom og vaksne. Midtre Nordfjord Turlag Kontaktperson: Ove Lotsberg, 41564481 https://mnt.dnt.no/aktiviteter/831295/ OSVIKA BADESTRAND NB! Krev påmelding 27. Mai. Oppmøte ved Osvika Badestrand kl 18.00. Påmelding innan 25. mai. Introkurs i kajakkpadling, ope arrangement som er gratis for medlemer i DNT, deltakaravgift for andre kan bli inntil kr 500. Midtre Nordfjord Turlag Kontaktperson: Katrine Fjellestad Aske, 47456485, katrine@sfe.no https://mnt.dnt.no/aktiviteter/834412 NAVESTØLEN I KJØLSDALEN 29. mai. Naturmøteplassen ved Navestølen kl 13.00 17.00. Naturmøteplassen finn du lengst nord i Kjølsdalen. Parkeringsplassar vert skilta langs setrevegen, med gangavstand til Naturmøteplassen. Kom gjerne i litt god tid slik at du finn parkering og kan gå eit stykke. Vi lagar mat og popkorn på bålpanne, bålkaffi og saft til drikke. Aktivitetar: «Dyra på setra» - her kan du ri og kose med dyr, lage fugleholk (ferdig kutta material, berre å bruke hammar og spikar), orienteringsløype / natursti, hesteskokasting og fiske i Ljådalsvatnet -ta med eige fiskeutstyr. Trekløveren 4H, Kjølsdalen Bondelag og Kjølsdalen Idrettslag Dianne Eikås, 91841657, diannjor@online.no www.facebook.com/events/1791641317726513/ GLOPPEN KOMMUNE VESLEVATNET 23. mai kl. 17.30 19.30 ved Veslevatnet. Friluftsmoro for funksjonshemma. Vi inviterer til triveleg ettermiddag i gapahuken ved Veslevatnet. Det vert kanopadling, fisking og natursti. Ta med eigen grillmat og drikke. Roseklubben og Gloppen Jeger- og Fiskarlag Kontaktperson: Kjersti Rønningen, Gloppen kommune, 91703477
GLOPPEN KOMMUNE SKYTEBANA I URA, MYKLEBUSTDALEN 24. Mai. Kl 18.00 21.00. Open dag på leirduebana. Pris medlemer NJFF kr 75, andre kr 100,- Gloppen Jeger- og Fiskarlag Kontaktperson: Arild Kvernevik, 95362363, arilkver@online.no www.njff.no/gloppen VEREIDE NB! KREV PÅMELDING 24. mai kl. 19.00 ved Brynnesteinsvika på Vereide. Tysdagspadling teknikk, rulle og leik med kajakk. Mat / kaffepause på stranda. Ta med eigen føde og ekstra klesskift. Påmelding til Else Margrethe Larsen innan søndag 22. mai, slik at vi får reservert kajakkar. Gloppen Padleklubb Kontaktperson: Else Margrethe Larsen, 91305361 SANDANE 25. Mai. Oppmøte ved G-Sport kl 18.00. Fottur der flyktningar er spesielt invitert. Arrangørar: Midtre Nordfjord Turlag og Røde Kors Katrine Fjellestad Aske, 47456485, katrine@sfe.no, Anni Felde, anni.felde@gmail.com www.mnt.dnt.no SAGEFLÅTEN 28. Mai. Har du lyst til å klatre ute, møte opp på Sagefllåten mellom kl 11 og 15. Klatreklubben stiller med utstyr om du trenger å låne. Med atterhald om tørt vêr. Parkeringsplassen oppe i svingane mot Hunskår. Gloppen Klatreklubb Kristin Follevåg, 91375476 www.facebook.com/gloppenklatreklubb «ODDEN» I MYKLEBUSTDALEN 29. Mai. Oppmøte ved «odden» i Myklebustdalen like ovafor Byrkjelo kl 13.00. Det vert fiske både med garn og stang, grilling og røyking av fisk, natursti, ulike barneleikar, båt og kanotur på vatnet. Vi har med naudsynt utstyr. Snønipa 4H Pål Sandal, 95261269. sandal954@yahoo.no GÅSEMYRSTØYLEN 29. Mai. Tur til Gåsemyrstøylen, startar frå Egge kl 12. Barnas Turlag Gloppen Kontaktperson: Hege Marita Svalheim, 96901871
HYLLESTAD KOMMUNE 28. Mai. Løland på Åfjorddalen. Oppmøte klokka 14. Fiskekonkurranse, natursti, matlaging på bålpanne og grilling i grue/ grill, hesteskokasting, kanopadling + + Arrangørar: Lauvsprett 4H, Hyllestad Jakt- og Fiskelag, Barnas Turlag Hyllestad, Røde Kors Hyllestad Eilev Strandos, 90828605, eilev.strandos@enivest.net JØLSTER KOMMUNE 22. Mai. Kl. 11.00 14.00 Svidalsøyra. Kano og kajakkpadling, fiske, mat på bål, natursti, orientering, tennis, volleyball og frileik. Arrangørar: Barnas Turlag Jølster, 4H, Jølster Jeger og Fiskerforening, Sunnfjord Kajakklubb, Orienteringsgruppa i Førde og Jølster Helselag Jill Årdal, jill.berit.ardal@sfj.no LEIKANGER KOMMUNE SMÅBÅTHAMNA 22. mai. Oppmøte ved småbåthamna på Leikanger. Sjøfiskekonkurranse kl 12 15. Leikanger Jakt- og Fiskelag Svein Inge Lundheim, 90605267, leikanger.jfl@njff.org KLEPPA 29. mai. Kl 13-16, Skytebana på Kleppa. Gratis skyting med hagle og kal.22. Servering av gratis grillpølser, kaffi, vafler og saft. Leikanger Jakt- og Fiskelag Svein Inge Lundheim, 90605267, leikanger.jfl@njff.org NAUSTDAL KOMMUNE 29. mai. Oppmøte kl 14.00 på Sanden i Naustdal. Luftgeværskyting, hesteskokasting, rebusløp, grilling med meir. Naustdal Jakt- og Fiskelag, Barnas Turlag Naustdal, 4H og Speidaren Kontaktperson: Jarle Øvrebø, 91862206, jarle.ovrebo@yahoo.no
VIK KOMMUNE 20.-21. Mai. Oppmøte ved Flatbygdi Skule kl 18.00 Overnatting i friluft, eventuelt i telt. Skulle det bli dårleg vêr vert det aktivitetskveld istadenfor. Ope for alle aldrar, born i fylgje med vaksne Barnas Turlag Vik, Super 4H Kontaktperson: Ellen Harbakk, 91522564, etharbakk@hotmail.com www.dnt.no/vik Friluftsliv er for alle, både barn, ungdom, vaksne og eldre! Det gjer godt for både kropp og sjel, så ta med nokon og bli med på arrangementa :) https://www.facebook.com/groups/1650253235206744/ Foto: Anita Berg, Friluftslivets år 2015