MED HØGRE FOR Foto: Jørgen Kvitne Walquist heile Sogndal Valprogram Sogndal Høgre 2015 2019
K O M M U N E VA L E T 2 0 1 5 Foto: Keth Øren Våre toppkandidatar 1. Karin Vikane Ordførarkandidat, Kumulert 2. Einar Vatlestad Kumulert 3. Gunnhild Bøyum 4. Arnt Hovland Munthe 5. Arne Glenn Flåten 6. Lise Sundberg 7. Jørgen K. Walquist 8. Håvard Hatle 9. Sunniva Lerum Hollekve 10. Nina Munthe Olsen
Program for perioden 2015 2019 Sogndal som regionsenter Høgre vil leggja til rette for at Sogndal er regionsenter i Indre Sogn, og vil utvikla sentrum med eit levande næringsliv som attraktiv plass å bu og sosial møteplass. Me vil difor: vera ein god vertskommune for regionen bidra aktivt i regionalt utviklingsarbeid utvikla tenester og tilbod som styrker regionen. Sogndal som skulestad Høgre vil vidareutvikla Fosshaugane Campus, og tilbodet til elevar og studentar slik at Sogndal utviklar seg som ein skulestad regionalt og nasjonalt med eit: godt helsetilbod for elevar og studentar samhandling mellom elevar, studentar og lokalsamfunn gode bustadtilhøve for elevar og studentar. Oppvekst Høgre vil at kunnskap skal vera hovudsak i skulen. Trivnad og sosial utvikling er støttefunksjonar for det. Me vil: byggja ny barnehage i sentrum ha minst tre heile stillingar per avdeling i barnehagane syta for at alle får med seg grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter i småskulen satsa på tidleg innsats for elevar som treng hjelp grunnskulane må samarbeida med vidaregåande skule og næringslivet for å få rådgjevarar med variert bakgrunn til yrkesrettleiinga ha nulltoleranse for mobbing i skulen ha meiningsfylt innhald og kvalitet i skulefritidsordninga. 3 Foto: istock
Sogndal skal vera ein trygg stad å veksa opp, ein god stad å bu og arbeida, og ein trygg stad å bli gamal. Helse- og sosialpolitikk Høgre vil arbeida for at kommunen skal ha gode helse- og omsorgstenester, gjerne i samhandling med andre kommunar. Dette omfattar både førebygging, behandling og oppfølging, slik at ein i varetek eit heilskapleg pasientløp. Me vil difor: kjøpa fleire tenester som til dømes øyeblikkeleg hjelp-senger hjå Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal arbeida for eit funksjonelt helse- og omsorgssenter med gode tenester sikra at det til ei kvar tid er nok omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, offentlege eller private leggja til rette for at pleie- og omsorgsarbeidarar kan få heile stillingar oppretta fleire aktivitørstillingar ved Sogndal omsorgssenter leggja til rette for kvardagsrehabilitering slik at dei som kan og vil, får bu heime på sikt nytta Trudvang-området som areal for utviding av helse- og omsorgs funksjonar. Kultur, idrett og friluftsliv Høgre vil utvikla Sogndal som ein regional kulturarena. For å nå målet vil me: støtta frivillig kultur-, friluftsliv- og idrettsarbeid at heile kulturhuset skal nyttast til kulturføremål og vera ein naturleg samlingsplass for kultur at Sogn kulturskule må gi tilbod tilpassa brukarane sine ynskje leggja til rette for gode tur- og rekreasjonsområde i heile kommunen byggja nye og rusta opp dei idrettsanlegga me har i kommunen i samarbeid med frivillige organisasjonar satsa på nyskapande friluftsliv. Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen 4
60 700 1,5 Næringspolitikk Samferdsle Høgre vil leggja til rette for offensiv næringsutvikling i heile kommunen. Me vil mellom anna: byggja opp Sogndal som handelssenter vera aktiv i å utvikla reiselivet mellom anna nyskapande friluftsliv som næring vidareutvikla Fosshaugane Campus som eit skapande og dynamisk miljø vidareutvikla Kaupanger som næringsområde og opna for alle typar næringar arbeida for ei meir rettferdig produktavgift på saft at eigarane skal få betre råderett over eigen landbrukseigedom. Høgre vil: arbeida for å løysa dei trafikale utfordringane i Gravensteinsgata med lokal medfinansiering. Dessutan vil me: ha fjellparkering under Leite leggja til rette for pendlarruter og -parkering arbeida for eit betre vegalternativ til strekningen Hagalandet Valeberg sikra eit godt flytilbod med nattstasjonert fly på Haukåsen arbeida for å utvida Sogndal Lufthamn Haukåsen til framtida sine krav leggja til rette for turistruter på fjorden arbeida for Vikafjellstunnelen, fleire ferjeavgangar til og frå Hella, og stamveg over Hemsedalsfjellet. Foto: Jørgen Kvitne Walquist er har eit Kaupang ingsliv: ær variert n emder verks aman med til s ssar står for la arbeidsp mrd over ing. i omsetn MEN... dersom etablera t.d. IKEA ville seg på K aup ville dei fått avsla anger gjeldan g fordi de opnar fo kommuneplan r nyetab ikkje leringar handel innan på nær Dette yn ingsområdet. skjer Hø å endra gre. 5
Bustadpolitikk Miljøpolitikk Høgre vil ha tilgjengelege bustadtomter i alle deler av kommunen, og vil vera positive med omsyn til privat regulering og bygging utanom byggefelt. Dessutan vil me: leggja til rette for rimelege bustader for unge og nyetablerte leggja til rette for eldrebustader mellom anna på Kaupanger, gjerne i privat regi opna for bygging i strandsona at næringsbygg kan ha husvære frå andre etasje redusera eigedomsskatten raskast muleg med mål om å fjerna han heilt på sikt arbeida for å redusera pris på frikjøpsordninga på parkeringsplassar i sentrum. Høgre vil stimulera og motivera innbyggjarane og næringslivet til å ta klima- og energiomsyn ved mellom anna å: medverka til etablering og tilpassing av pendlarruter leggja til rette for gåande og syklande byggja fullrenseanlegg for kloakk. Innvandring, asylog flyktningepolitikk Foto: Vilde Tøfte Øvstetun Høgre vil arbeida aktivt for å fremje sosial og yrkesmessig integrering av innvandrarar, slik at dei blir ein ressurs for Sogndal kommune. Difor vil me: at før Sogndal kommune buset fleire flyktningar, må me syta for å leggja til rette for dei som allereie bur her at busette innvandrarar hjelper til med integrering av nye innvandrarar som kjem til kommunen at flyktningar ikkje berre skal få bustad, men òg innhald i kvardagen. Alle tiltak og ekstra ressursar til helsestell, barnehage og skule, bør finansierast av flyktningefondet. 6
Folkevald styring Høgre vil arbeida for å få makta tilbake til politikarane mellom anna ved å endra delegasjonsreglementet, det vil seia å trekka tilbake fullmakter som rådmann har i dag, og styrka den folkevalde styringa ved å: oppretta eit nytt utval for helse og oppvekst endra oppgåvefordeling mellom folkevalde og rådmann utvida tal medlemer i forvaltingsutvalet til ni innføra åremål ved tilsetjing av rådmann Kommunal drift Illustrasjonar: istock, Sviggum Design Høgre vil prioritera vedlikehald ved å rusta opp kommunale vegar og bygg til ein fullgod standard. Me vil vidare: at gatelysa i kommunen er tent når det er mørkt krevja inn kommunale avgifter etter reelt forbruk konkurranseutsetja nokre kommunale tenester at Sogndal kommune skal vera ein attraktiv og viktig lærlingeplass. Kommunestruktur Høgre er positive til kommunesamanslutningar i Sogn. Større kommunar vil sikra arbeidsplassar, betre kompetanse og fagmiljø. Me vil difor: arbeida for ein ny kommunestruktur slik at me kan løysa oppgåvene i framtida til beste for innbyggjarane at ein storkommune bør tuftast på frivillig samanslåing der kommunane i fellesskap utformar den nye kommunen ta utgangspunkt i kvar kommune sine sterke sider ved lokalisering av funksjonar. 7
Sogndal Høgre si valliste 1. Karin Vikane Ordførarkandidat Hugs òg å bruke fylkestingslista! 1. Noralv Distad Aurland Foto: CF Wesenberg Foto: Keth Øren 1. Karin Vikane 1965 Sogndal 2. Einar Vatlestad 1961 Sogndal 3. Gunnhild Bøyum 1961 Kaupanger 4. Arnt Hovland Munthe 1940 Årøy 5. Arne Glenn Flåten 1969 Kaupanger 6. Lise Sundberg 1971 Sogndal 7. Jørgen Kvitne Walquist 1981 Sogndal 8. Håvard Hatle 1976 Sogndal 9. Sunniva Lerum Hollekve 1997 Sogndal 10. Nina Munthe Olsen 1969 Årøy 11. Jon-Ove Eineteig 1974 Fjærland 12. Benedicte Flåten 1996 Kaupanger 13. Stian Hellebust 1988 Sogndal 14. Eivind Dahl 1956 Kaupanger 15. Mona Sviggum 1961 Sogndal 16. Vidar Vadseth 1979 Sogndal 17. Sonja Kirkegaard 1964 Kjørnes 18. Asle Roar Hundere 1971 Sogndal 19. Ronny Bäckstrøm 1970 Sogndal 20. Leiv Dag Hollekve 1969 Sogndal 21. Åse Solberg Haugen 1957 Kaupanger 22. Øistein Sørensen 1944 Fjærland 23. Rebecca Munch-Tufte 1976 Fardal 24. Wilhelm F. Tangerud 1975 Sogndal 25. Marit Hovland Munthe 1946 Årøy 26. Ingar Liheim 1972 Sogndal 27. Frank Flåten 1967 Kjørnes 28. Marit Reppen 1962 Sogndalsdalen 29. Svein Olav Haugen 1953 Kjørnes 30. Aslak Randmo 1966 Sogndal 31. Gerd Borghild Kvam 1934 Fjærland 7. Lise-May Sæle Balestrand, ungdomskandidat