SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.



Like dokumenter
Program for. Suldal Venstre

Suldal Venstre for perioden innan 4 år!

Program OSTERØY HØGRE

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Program for Masfjorden Venstre

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Til veljarane i Tysnes

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Ei god framtid for alle!

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Ål Venstre. Ål Venstre

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Politisk program for Jølster KrF

Hemsedal KRF Program

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Utkast til program Meland Høgre 2015

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

«Nordhordland kommune»

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Arbeidsprogram

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Referat frå folkemøta:

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Luster KrF. Politisk program for

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

REGIONALE IDRETTSANLEGG

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.

Program for. Årdal Venstre

Bø senterparti - Program

Program HYLLESTAD HØGRE

Program for. Sykkylven Venstre

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

Fjell Venstre. Program

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

SOGN driftig raus ekte

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Kommunedelplan for oppvekst

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2014/2206 Løpenr.: 12633/2014

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Program for Bømlo Venstre

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

SULDAL HØGRE PROGRAM FOR KOMMUNEVALET Trygge lokalsamfunn - Kvalitet i omsorg - Kunnskap i skulen - Muligheter for alle

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: Møtestad: Tingsalen Møtedato: Tid: 15:00. Tittel

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Avtale mellom Fitjar og Stord kommunar om kommunesamansla ing

Valprogram for Suldal Senterparti

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Å utvikle og drifte spennende og fremtidsrettede helsetjenester er en kontinuerlig prosess

Transkript:

SULDAL VENSTRE PROGRAM 2015 2019 Veit du ein ven som vel du trur, og du hjå han fagnad vil få: gjev han heile din hug og gåva ei spar, far og finn han ofte. (Frå Håvamål) Folk først Venstre er eit parti som set fokus på menneske framfor system, og solidaritet framfor egoisme. Venstre er eit sosialliberalt parti. Kvar einskild av oss skal bli sett og respektert for den me er, ikkje bli forma inn i eit på førehand tenkt system. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST. Den største utfordringa til Suldal er folketalsutviklinga. Suldal Venstre ynskjer at folketalet i kommunen skal auka, og dette skal synast igjen i politikken vår. BARNEHAGE OG SKULE - Liten mann kan kasta stor skugge - (Ivar Aasen) Alle skulekrinsane i Suldal skal ha ein skule og ein barnehage. Desse skal gje borna våre eit godt oppveksttilbod tufta på det beste frå Suldal sin kultur og tradisjon. styrkja samarbeidet mellom heim/barnehage/skule og andre etatar og organisasjonar som rettar seg mot born. stimulera til eit fruktbart samarbeid mellom dei ulike skulane i Suldal og mellom ungdomsskulane og den vidaregåande skulen. arbeida for at ungdomsskulen og den vidaregåande skulen har fokus på entreprenørskap. arbeida for nye liner ved vidaregåande skule basert på det kultur- og idretts-tilbodet Suldal har føresetnader for. at det framleis skal satsast på gode ordningar for vidareutdanning av pedagogisk personale ha fokus på rekruttering av fagpersonale i barnehage og skule. setja av nok midlar til å vedlikehalda skule- og barnehagebygga. arbeida for å sikra fysisk aktivitet i skulen. arbeida for at skulane har nok ressursar slik at elevar som slit får nok hjelp. arbeida for å sikra at det gode og viktige arbeidet ved Gullingen leirskule held fram.

HELSE OG OMSORG - Eld han tarv som inn er komen og om kne kulsar - (Frå Håvamål) Venstre ønskjer at alle som har behov for omsorg og støtte skal få eit godt tilbod der brukaren er i fokus. at eldre og pleietrengjande framleis skal få hjelp til å bu heime dersom dei ynskjer dette. framleis ha lokal legevakt. oppretthalda tilstrekkeleg kapasitet på sjukeheimen og dei kommunale bu og omsorgsentera. vidareføra dei interkommunale samarbeidsprosjekta. Interkommunal legevaktsamarbeid er framleis aktuelt for å stetta nye krav til bakvaktsordningar, men ei eventuell interkommunal legevakta må stetta nasjonale føringar for reisetid og responstid og inkludera lokal legevakt i Suldal. arbeida for at helsesentert vårt får styrka fagmiljøet med ein psykologspesialist. at integreringsarbeidet i kommunen skal vera tufta på god, fagleg kompetanse. NÆRINGSUTVIKLING - Undrande og skapande - (Rasmus Løland) Gode vilkår for næringslivet i Suldal er viktig. Kommunen sine lokale naturbaserte ressursar er eit viktig fundament for næringslivet i Suldal. Anleggs- og bergverksindustrien, landbruket, havbruket og naturbasert reiseliv er viktig. Venstre vil prioritera næringsarbeidet inn mot desse næringane. Auka aktivitet her vil gi positive ringverknadar for anna service- og tenestetilbod. støtta utviklingstiltak for å skapa nye bedrifter basert på naturressursane våre. sikra investeringsstøtta for å halda på det gode fagmiljøet for mjølkeproduksjonen som er bærebjelken i landbruket i Suldal. i samarbeid mellom Suldal Elverk, Hydro Energi og Statkraft/Statnett arbeida for å sikra og utvikla det fagleg miljøet Indre Ryfylke har innanfor energiforsyning. stimulera til at fleire oppgåver som i dag blir løyst i kommunal regi og kan utførast av privat næringsliv. leggja strategiar for å sikra at større del av kommunale innkjøp blir gjort i Indre Ryfylke. at Suldal sine næringsfond må i større grad nyttast til toppfinansiering. motivera til pilotprosjekt for utvikling av statlege arbeidsplassar. styrkja Suldal Elverk si rolle som aktør i utbygging og drift av breiband og småkraftverk.

MILJØ - Treet, dette kjærleiksbarnet av møtet mellom sol og jord - (Alfred Hauge) Venstre skal vera ein miljøpådrivar i kommunen, og tala naturen si sak også der andre omsyn synest viktigare at Suldal kommune i større grad skal ta i bruk alternative energikjelder og leggja vekt på dette ved nybygg, ombyggjing og tilretteleggjing av nye bustadfelt. arbeida for at me i Suldal igjen kan kjeldesortera søppel sikra at det ved hyttefelt eller hytteområde vert teke tilstrekkeleg omsyn til miljø, kulturhistorie og tradisjonelt friluftsliv vera særs restriktive med å la hyttebyggjing trengja lenger inn i villreinen sitt leveområde. at Suldal kommune skal vidareføra den restriktive linja når det gjeld motorisert ferdsel i utmark arbeida for å sikra at Suldalslågen framleis skal vera ei god, sunn lakseelv. arbeida for å sikra at livet i fjordane våre blir teke godt vare på at det i vasskraftutbygging skal vera sett av nok midlar til etterarbeid og oppussing arbeida for at nye eller utskifte straumlinjer i størst mogleg grad skal leggjast i bakken ha ladestasjonar i alle grender ha miljøstasjonar i alle grender motivera til arbeid med skogrydding langs vegane KOMMUNIKASJONAR OG INFRASTRUKTUR - Dette er din veg, berre du skal gå han - (Olav H. Hauge) Gode kommunikasjonar er avgjerande for å skapa livskraftige grender og eit sterkt kommunesenter. For at Suldal skal vera ein attraktiv kommune å bu i, må me ha eit godt kommunikasjons-tilbod og god infrastuktur. arbeida for gode kollektivtilbod til og frå kommunen, og mellom kommunesenteret og grendene. arbeida for gul midtstripe på alle hovudvegar gjennom kommunen. prioritera opprustning av vegen mellom Sand og Lovra. prioritera FV681 med gul midtstripe fram til Hebnes ferjekai. arbeida for å nytta rassikringsmidlar til utbetring av Rv 13. arbeida for god infrastruktur der folk bur, t.d. breiband og mobildekning. arbeida for gang/sykkelveg langs Rv 13 og andre stader der vegen blir brukt som skuleveg. arbeida for at offentlege og private næringsbygg blir universelt utforma.

BUSTADBYGGING/FOLKETALSUTVIKLING - Nok eit hus, endå fleire folk å kjenne - (Ørjan Drange) Suldal Venstre vil arbeida for eit mangfaldig bustadtilbod i kommunen. Suldal kommune skal vera ein kommune som folk vil flytta til. Det skal leggjast til rette for at dei som har arbeidet sitt i ein annan kommune, kan bu i Suldal. arbeida vidare for attraktive og byggjeklare byggefelt i alle grender. vidareføra bygginga av rimelege husvære med livsløpsstandard for til dømes unge i etableringsfasen, eldre og flyktningar i alle grendesentra. arbeida for at det blir tilsett ein integreringsrådgjevar som kan hjelpa dei nye innbyggjarane våre med å finna seg til rette med bustad, arbeid, og sosialt nettverk. arbeida for eigen tilskotsordning til rehabilitering og tilbakeføring av eldre hus med kulturhistorisk verdi. KULTUR - Minne kan gjera det småe stort - (Rasmus Løland) Suldal kjent for gode og varierte kulturtilbod.. Å sikra det frivillige kulturlivet ressursar og gode arbeidsvilkår vil gje gode og pulserande opplevingar for alle brukarane. gjera det lett for unge å delta i kulturaktivetar i kommunesentret. betra dei økonomiske ordningane for frivillige lag og organisasjonar. bruka kulturmidlar til fleire og større kulturarrangement både i kyrkjene våre og andre samlingsstader når organisasjonar samarbeider om slike. bruka nynorsken som ei viktig merkevare for Suldal. byggja ut Rasmus Løland-sentret som del av Ryfylkemusèet. realisera eit bassengtilbod, gjerne i samarbeid med næringslivet. ORGANISERING AV KOMMUNEN OG ARBEIDET TIL DEI FOLKEVALDE - Lat oss vera menneskje mot kvarandre og ikkje partimennar - (Arne Garborg) Suldal Venstre er oppteken av det skal vera kort veg mellom den som vel og den som blir vald. Venstre sine møte er opne for alle. Venstre sine folkevalde har særleg ansvar for for å vera talerøyr for dei som ikkje når så lett fram i det kommunale systemet. Suldal Venstre: vil arbeida for at kommunale ombod blir fordelte på fleire slik at kommunestyret blir den dominerande arenaen for maktutøving. vil arbeida for røysterett for 16-åringar. styrkja dei folkevalde si rolle som arbeidsgjevar. vil at Suldal Elverk skal vera eit eige selskap også i framtida. vil vurdera Suldal kommune si deltaking i ulike interkommunale interesseorganisasjonar. vil arbeida for at Suldal kommune blir eigen kommune også i framtida. Me er opne for

grensejusteringar der innbyggjarane ønskjer det. vil at ei eventuell kommunesamanslåing må vere tufta på det alternativet som er mest framtidsretta, og som totalt sett, vil gi innbyggjarane i Suldal dei beste tenestene. vil at endring av kommunestrukturen først kan skje etter folkerøysting.