Bakgrunnsmateriale til Helg



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Birger og bestefar På bytur til Stavanger


Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. For seint. Libretto

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min


Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

«Ny Giv» med gjetarhund

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Med tre spesialitetar i kofferten

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5


Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Informasjon til elevane

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kva er økologisk matproduksjon?

FANTASTISK FORTELJING

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Frå novelle til teikneserie

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Rom ved havet, rom i byen

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

IKT-kompetanse for øvingsskular

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Hei alle sjøstjerneforeldre

Månadsbrev for ROSA mars 2015

mmm...med SMAK på timeplanen

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Psykologisk førstehjelp i skulen

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Månadsplan for Hare November

Tor Arve Røssland. Oslo

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

I N N H O L D. Forord

Kom skal vi klippe sauen

Samansette tekster og Sjanger og stil

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Plassebakken Barnehage BA

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Transkript:

Bakgrunnsmateriale til Helg av Torvald Sund Trøndelag Teater i samarbeid med Teateret Vårt i Molde og Nord-Trøndelag Teater Premiere 24. August 2011 i Teaterkjelleren Intro: Helg For fyrste gong i historia samarbeider dei tre største teatra i Midt-Noreg. Trøndelag Teater Nord-Trøndelag og Teateret Vårt i Molde. Dei tre teatra har gått saman om produksjonen av Helg, som etter premiera på Trøndelag Teater skal turnere i alle tre fylka. Vi er stolte av å presentere ei nyskreve tekst av Torvald Sund. Ei tekst som fortel ei gripande historie sett til kystmiljøet på 60- talet, då silda, den klart viktigaste kjelda til inntekt og arbeid var ved å forsvinne. Situasjonen til karakterane i stykket har klare parallellar til korleis vi om nokre år kan komme til å ha det når olja tek til å forsvinne. Det fants ei tid då mange nordmenn var avhengige av silda. Og for dei blei det eit hardt slag då ho forsvann. Handlinga Helg av Torvald Sund er på set og vis eit langt tilbakeblikk. Margit ser tilbake på ei helg i 1967. Mannen hennar Bjørn, er notbas på sildesnurparen Stjørnfjell. Plutseleg får han ei uventa frihelg heime. Helga kjem brått på for Margit. Ho er i gang med ei krevjande NKS kurs. Ho trur ikkje silda vil vare evig og tek kurset for å bli lærar og så ho kan spe på inntekta. Bjørn på si side har ikkje eingong tenkt tanken om at silda kan bli borte for godt. Han meiner han kjem til å finne silda og han skjønar ikkje kvifor Margit vil ta utdanning og komme i arbeid. Margit og Bjørn har guten Benjamin saman og for fleire år sida hadde dei også ei lita jente. Ho døydde av hjernehinnebetennelse ein vinter då Bjørn var på sjøen og Margit var heime aleine. Benjamin blei født kort tid seinare. Han er ein gut Margit vil kjempe for heile livet, som ho sjølv seier. Nå har Benjamin blitt tenåring, og ein dyktig skiløpar. Han trenar støtt. Sjølv når faren er heime på eit kort helgebesøk, prioriterar Benjamin trening framfor familien. Bjørn syns ikkje vidare om all treninga til sonen, men klarar ikkje å gjere noko med det. Når han endeleg har anledning til å snakke med sonen, så stokkar alt seg for ham. Margit ser korleis dei to sklir frå kvarandre, og det gjer ho fortvila. 1

Trenaren til Benjamin har eit dårleg rykte på seg. Det seiast han er glad i gutar og at han brukar mistenkeleg mykje tid saman med ungdommen. Margit meiner at Benjamin har utvikla seg godt saman med trenaren, men Bjørn er usamd. Han blir frå seg når han høyrer at Benjamin trenar saman med ein rompis. Når Benjamin kjem heim søndag kveld for å seie farvel til far sin, renn det over for Bjørn. Noko frå fortida heimsøker han. Han går laus på Benjamin. Margit, som allereie har mista eit born, klarar til slutt å stanse Bjørn. Den siste hendinga i stykket er at Bjørn tar sitt eige liv ved å hoppe i havet. Torvald Sund Sund er oppvaksen i Nord-Trøndelag og bur der framleis. Han debuterte i 1979 med diktsamlinga Dugnadstid. Forfattarskapen til Sund ber preg av tilknytinga til trøndelagskysten. Sund er for nokon mest kjend som forfattar av bøker for barn- og ungdom. Han har i alt skreve 24 barnebøker. Mest kjend er dei to om onkel Oskar. I 1997 blei det til og med laga film av bøkene om onkel Oskar. Sund har dessutan skreve dikt, noveller og fire romanar for vaksne. Dei siste åra har Sund skreve fleire dramatiske tekstar, blant anna Takordi - En sjømanns forteljing ein monolog som blei framførd på Trøndelag Teater i 2006. Også i denne framsyninga var Hallbjørn Rønning skodespelar. Sund har motteke fleire prisar og utmerkingar, særleg for sitt arbeide med å fremje barnelitteratur og nynorsk litteratur. Henning Sommerro Sommerro (1952) er komponist og musikar. Han er i likskap med Sund knytta til Trøndelag og særleg Trondheim gjennom si utdanning og gjennom si tid som musikalsk leiar på Trøndelag Teater. Sommerro har skreve musikk til over hundre høyrespel, filmar og teaterstykke og han har motteke spellemannsprisen tre gonger. Sommerro er tilsett som førsteamanuensis ved NTNU. Silda som forsvann Historia om det norske sildefisket er ei historie om overleving, storm, is, hunger, kulde og død. Men det er òg ei historie om makt, pengar og overmot. 2

Silda har alltid vore viktig for Noreg. I delar av landet har ho til og med vore livsviktig. Heilt sida norrøn tid har norske fiskarar reist på sildefiske i havområda utanfor norskekysten. Silda ga næringsgrunnlag for kystbefolkninga og svekka effekten av økonomiske krisar. Etter kvart ga ho til og med meir enn tryggleik; silda var noko av det som danna føresetnad for noko av rikdommen til landet vårt. Mot slutten av 1800-tallet var de tradisjonelle norske sildebankane nesten tømt, og dei norske fiskarane måtte dra til bankane utanfor Island for å finne sild. I 1881 dreiv om lag 1800 norske fiskarar på 187 båtar sildefiske ved Island. Dei hadde med seg 167 000 tønner med saltsild heim til Noreg. Silda tok dei inne i fjordane, med såkalla landnøter. Men tenk om ein kunne ha tatt de store fiskestimane ute på opent hav! Det hadde vore noko! På byrjinga av 1900-tallet kom eit amerikansk reiskap på marknaden som svarte til dei norske sildefiskaranes behov: snurpenota. Snurpenota skilte seg frå ei landnot ved at den hadde store jernringar på undersida av grunntauet. Eit tykt tau blei dratt gjennom ringane, og dermed kunne ein snurpe heile nota saman til en gedigen sekk. No kunne ein fange enorme sildestimar på opent hav. Og tidspunktet kunne ikkje ha vore betre sildestimar langs land var allereie i ferd med å bli eit sjeldan syn. I 1907 var 25 norske fartøy utanfor Island utstyrt med snurpenot. Eit snurpenotbruk besto av eit moderfartøy (ein snurpar) to doryar og ein lettbåt. Det var to sjefar om bord på eit notlag; den eine var kapteinen, og den andre var notbasen. Av desse to var det notbasen som hadde høgast status. Det var notbasen som bestemte kor snurparen skulle dra for å finne sild. Han satt inne med mykje kunnskap. Ein god notbas var verd sin vekt i gull. Doryanes oppgåve var å gå rundt sildestimen med kvar sin ende av nota og snurpe nota saman til ein sekk. Denne nye og effektive måten å fiske på gjorde at fangsten økte betrakteleg. 50-tallet var gullalder i norsk sildefiske. Enkelte år blei det tatt opp over en million tonn, både med not og garn. Men silda er som veret: flyktig. Og på slutten av 60-tallet var det plutseleg slutt. Dette førte med seg enorme forandringar for kystbefolkninga, som no måtte omstille seg på rekordtid. Fiskarane måtte finne seg nytt arbeid, og i løpet av nokre få år hadde all den liv og røre som høyrde med sildefisket langs kysten stilna. Det er denne brytningstida notbasen Bjørn og kona Margit står midt oppi. 3

Eit historisk samarbeid For fyrste gong i historia samarbeider dei tre største teatra i Midt-Noreg. Nord-Trøndelag, Teateret Vårt i Molde og Trøndelag Teater har gått saman om produksjonen av Helg, som etter premiera på Trøndelag Teater skal turnere i heile området. Noko av årsaka til samarbeidet er at tematikken i stykket har vore med på å sette sitt preg på alle dei tre fylka. Kyststripa i Midt-Noreg var eit område der svikten i sildefisket ramma særs hardt. Framleis kan ein sjå spor av fortidas sildeindustri mange stader. Det er i nett desse miljøa at framsyninga Helg skal visast. Utdrag frå framsyninga: Stampen er klar. Er det no så nødvendig å vaske seg da? Du ha da vel ikkje tenkt å ligge rund i natt, du ha jo vore på sjøen i tre måna`. Eg tok da badstu` på Veidholmen. Og når var det? Det er vel ei veka sia? Ei veka? 4

To veka, kanskje Tre... Jaja, det er no ikkje så mykje over ein månad sia iallfall. Du sat vel fryktelig lenge i badstua og da, kan eg tenke meg. Skulle gjera det ja, men så var det da ein helvettes finnmarking som sat der og skvetta vatn på omn heile tida. Jaså, går di guta, fer heile selskapet, glisa han da vi ikkje klarte å sitte der lenger. Av med buksa! Det er farlig å vaske seg midt i sesongen. Hugsar du han Reinert. Det året vi var på Lofoten? Da vi låg i Stamsund gjekk han på Folkebadet, vaska seg så det skein tå`n. Dagen etterpå vart han forkjølt. Da vi gjekk ut på feltet heldt han på å fryse i hel, så fekk han lungebrann og det vart dauden hans, det. Søyrkaill! Greitt, eg flir meg. Men blir eg forkjølt no - er det di skyld. Neste gong eg gjer eit varp, ska det investeras i dusj! - Besett som undertyet klør. Det går-seg-til. Går-sæ-te? Syns som eg kjenner det. Slutt og klø så blir det bra. 5

Klø meg på ryggen. Jøss, ha musa vore i brylkremtuben? Benjamin begynner å få sveis han og no. Jaja, guten veks, du ska sjå han kjem med svigerdotter snart. Eg skal ta realskoleeksamen no, så eg må berre stå på å jobbe i helga. Stal eg ikkje sjølv brylkrem for å få sveisen te å legge da eg var i den alderen? Nei den alderen har eg glømt. Kan jo komme godt med at eg og tek utdanning no. Gjømt e glømt. - Kva sa du? Eg skal ta Eksamen. Må hjelpe til eg og, så vi klarer oss gjennom knipa. Knipa? Kva slags knipe er det du snakkar om? Silda. Det er mange som har gitt opp alt, flytta til by`n. Flytta til by`n? Det gjer dem som ikkje skjønner at det går opp og ned med silda, sånn er det med alt fiske. 6

Han Benjamin fer no til by`n neste år han og. Han kjem heim i helgen`. MARIT Får håpe det. Han kjem. Der kjem han Benjamin. Det er storm inni meg da eg ser han - nei orkan, som ikkje heilt veit om han skal piske nedåt bølgjene eller løfte havet til himmels: Spørsmål som kan danne utgangspunkt for diskusjon: - Kva for nokon nye næringar har tatt over for silda i Noreg i dag? - Kvifor likar ikkje Bjørn at Margit tar utdanning? - Kva drømmar Bjørn om at Benjamin skal gjere når han blir vaksen? - Kva trur du Benjamin drømmar om å gjere når han blir vaksen? 7