Fylkeseldrerådet Årsmelding 2010
2 Innleiing Innføring av lovfesta eldreråd i kommunar og fylkeskommunar som vart lovpålagt frå 1. januar 1992, har gitt eldre personar auka medråderett i saker som vedkjem eldre. Dette er i samsvar med FN sine prinsipp som vart vedteke av FN i 1991. Fylgjande punkt er tekne med under hovudområde deltaking: Eldre skal vera integrert i samfunnet, delta aktivt i utforming og gjennomføring av politikken som direkte vedkjem deira velferd, og dela sine kunnskapar, dugleik og erfaringar med yngre generasjonar". Eldreråda er viktige talerør i denne samanhengen. Fylkeseldrerådet i Hordaland er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen og fylkeskommunale verksemder når det gjeld tilhøve som vedkjem eldre og eldre sine levekår. Rådet skal handsama saker på alle samfunnssektorar. Rådet kan også sjølv ta opp saker. Fylkeseldrerådet samarbeider og har kontakt med dei 33 kommunale eldreråda i Hordaland og med Statens Seniorråd, som vart oppretta ved Kongeleg resolusjon 19. april 2002. Eldrerådet si funksjonstid er 4 år og fylgjer fylkestingsperioden. Nytt eldreråd vart oppnemnd etter fylkestingsvalet i september 2007. Protokoll frå rådsmøta i fylkeseldrerådet vert sendt kommunale eldreråd og pensjonistforeiningar på fylkesnivå. Samansetjing Rådet har 7 representantar med personlege vararepresentantar. 2 av representantane er politisk valde frå fylkestinget og 5 representantar er valde etter forslag frå alderpensjonistforeiningar i fylket. I året 2010 har fylkeseldrerådet hatt fylgjande samansetjing: Valde etter forslag frå pensjonistforeningar: Olga Johannessen Willy Gustafson Solveig Johnsen Johann Belsvik Johannes H. Fosse Personlege vararepresentantar: Ralf Willy Persen Ingri Linde John Fløysand Rolf Solberg Thorsen Margot Bertheussen
3 Politisk valde medlemar: Turid Sveen (FRP) Jette Lunemann Hansen (A) Personlege vararepresentantar: Bjørn Arne Aakvaag (FRP) Guro Fosse Haraldsen (A) Fylkeseldrerådet er representert i brukarutvala ved: Helse Bergen: Representant: Olga Johannessen Vararepresentant: Willy Gustafson Helse Fonna: Representant: Johann Belsvik Vararepresentant: Anny Kristoffersen Helse Vest: Felles representant/vararepresentant med Rogaland og Sogn og Fjordane Haraldsplass Diakonale Sykehus: Representant: Willy Gustafson Vararepresentant Olga Johannessen Åstveit Helsesenter: Representant Johannes H. Fosse Vararepresentant: Solveig Johnsen Fagråd undervisningstenester i Bergen Kommune: Representant Willy Gustafson Vararepresentant Olga Johannessen Sekretariat Fylkeseldrerådet har møtesekretær/rådgjevar som administrativt er tilknytta organisasjonsavdelinga i fylkeskommunen, og som tilsvarar om lag 35% stilling. Budsjett Fylkeseldrerådet i Hordaland hadde for 2010 til disposisjon eit budsjett på kr. 225.000,-. Budsjettet vart nytta til rådet sine møter, den årlege konferansen for dei kommunale eldreråda, deltaking på konferansar og seminar, vitjingar i kommunale eldreråd og samarbeidsmøter med eldreråda i Sogn & Fjordane og Rogaland fylkeskommuner.
4 MØTER OG SAKER I FYLKESELDRERÅDET 2010 Fylkeseldrerådet i Hordaland har i 2010 hatt 6 møter og handsama 25 saker, samt hatt føre 49 meldingar. Årsrapportar frå andre fylkeskommunale eldreråd og frå Statens Seniorråd vert fortløpande lagt fram for rådet. Saksområde har m.a. vore: Aktuelle saker innan folkehelsearbeidet Fylkeseldrerådet har i fleire år hatt samarbeid med kultur- og idrettsetaten i fylkeskommunen når det gjjeld å stimulere og motivere til auka bruk av trening og mosjon som helseførebyggande tiltak og fremje forståing for at fysisk aktivitet har ein positiv verknad på folk si fysiske, mentale og sosiale helse. Fylkeseldrerådet vil framleis ta aktivt del i folkehelsearbeidet og tek sikte på å halde fram med informasjonsarbeidet om mosjon og friluftsliv ut valperioden. Samarbeidet med fylkeskommunen sitt idrettskontor har vore resultatretta og vil halde fram. Det er turvande med informasjon, kunnskap og motivering. Visjonen må vera å få mange fleire brukarar ut i naturen. Fritidssentralane i kommunane er også ein tenkeleg samarbeidspartnar i folkehelsearbeidet. Også i 2010 arrangerte fylkeseldrerådet, saman med med kultur- og idrettsetaten konferansar der programmet sette søkelys på kor viktig det er at også bebuarar i institusjonar får dagleg mosjon. Seminara er delte i ein teoretisk og ein praktisk del, der deltakarane får demonstrert innspel på fysisk aktivitet tilrettelagd etter dei ulike behov brukarane har. Fylkeseldrerådet deltek i dei folkehelsekonferansane som fylkeskommunen og fylkesmannen arrangerer. 15. oktober 2010 deltok fylkeseldrerådet i det førebuande høyringsgsmøte om regional plan for folkehelse i Hordaland. Den internasjonale eldredagen Den Inernasjonale Edredagen er av FN bestemt til å vere kvart år 1. oktober. Dagen vart i 2010 markert ved eit større arrangement i Fysakhallen på Slettebakken i Årstad bydel. Bergen kommune ga løyve til bruk av hallen til mosjonsretta tiltak innafor ramma av folkehelsearbeidet. Kultur- og idrettsetaten samt folkehelsekoordinator sa seg villige til å delta i arrangementet. Det same gjorde studentar ved fysioterapilina ved Høgskolen i Bergen. Informasjon om arrangementet brosjyrar og plakatar- vart delte ut til eldresenter, pensjonistlag, andre organisasjonar samt lagt i postkassar til bebuarar i m.a. Årstad bydel. Oppslag vart også sett opp i supermarked, bibliotek og på bystasjonen. Arrangementet vart annonsert som ein åpen dag med gratis servering av kaffi, rundstykker og frukt. Ulike organisasjonar innan trim, trening, idrett og mosjon var til stades i Fysakhallen og viste enkle mosjonsretta tiltak som kvar og ein kan ta med seg inn i eigen kvardag. Aktivitetane gjekk føre seg i dei ulike salane i Fysakhallen. Det var lagt inn ein pause midt på dagen der det var kulturinnslag med allsong og filmprosjektet Mine dagar vart vist. I denne dokumentaren fortel 25 menneskje i alderen 79 til 104 år sine historier om store og små hendingar som har sett seg ekstra godt i minnet i løpet av eit langt liv.
5 Tannhelse Fylkeseldrerådet har engasjert seg mot nedskjeringa av tannhelsetilbodet i fylket. For eldre menneske vil reduserte tilbod bety auka tid til transport og auka kostnader. Fylkestannlegen viser til vanskane med å få tannlegar og meiner at ei viss sentralisering kan bidra til å sikre god rekruttering av tannlegar, men reisevegen for pasientane vert ofte lengre. Uttale til fylkesbudsjettet Årsbudsjett 2011 og økonomiplan 2011 2014 vart lagt fram 4. oktober 2010. Fylkeseldrerådet tok til etterretning at fylkeskommunen ved utgangen av 2011 vil ha stor brutto lånegjeld med tilsvarande høge renteutgifter. Difor rådde fylkeseldrerådet til at ein viste stor varsemd med å auke investeringane. Hovedutfordringa vert å sikre økonomiske rammer som set fylkeskommunen i stand til og ta vare på fylkesvegnettet. HØYRINGSFRÅSEGNER Klimaplan for Hordaland Fylkeseldrerådet vil gi honnør til fylkesutvalet/fylkestinget for å ha teke initiativ til ein omfattande regional klimaplan for fylket, som skal leggast til grunn for fylkeskommunal, kommunal og statleg planleggging og verksemd i regionen. Planen er grundig og den belyser mange utfordringar innan det aktuelle området. Aktiv deltakelse, likeverd og inkludering et helhetlig hjelpemiddel Fylkeseldrerådet var samd i at det vert sett ned eit lovutval til å greie ut framtidig lovgiving innan dette området, og at ansvaret for hjelpemidlarvert overført fra staten til kommunane. Eldrerådet meiner også at Hjelpemiddelsentralen sin innsats må styrkast når det gjeld å gi hjelp til at personar med funksjonshemming skal behalde eller få tilbod om nytt arbeid.det er greit at denne ordninga er knytt til NAV. Planprogram for regional plan for Haugalandet Planprogrammet for areal og- og transport på Haugalandet gav eit oversyn over korleis planarbeidet skulle gjennomførast og kva problemstillingar som regionplanen skal finne løysingar på. Før planprogrammet vart vedteke av dei respektive fylkestinga, vart det sendt ut på brei høring til kommuner, statlege verksemder og aktuelle interesseorganisasjonar. Fylkeseldrerådet hadde ingen særskilde merknader til planprogrammet Regional planstrategi for Hordaland 2010 2012 Fylkeseldrerådet ønskjer å sette fokus på den kulturelle spaserstokken. Det er eit tiltak som betyr mykje for eldre i heile fylket med eit aukande tal eldre bør også bevilgninga aukast tilsvarande. Det er også positivt at det vert satsa på amatørar. Midlane til den kulturelle spaserstokken bør øyremerkast.
6 Ny folkehelselov Ny folkehelselov skal erstatte kommunehelsetenestelova, sosialtenestelova og lov om fylkeskommunen sine oppgåver i folkehelsearbeidet. Hovedtrekket i den nye lova er at ansvaret for folkehelsearbeidet vert lagt til kommunen. Dei skal fastsette mål og strategiar for folkehelsearbeidet og mål og strategiar skal forankrast i planprosessane i kommunen. ERFARINGSUTVEKSLING MED ANDRE FYLKER Landskonferansen 2010 Det vert årleg skipa til ein landskonferanse for fylkeskommunale eldreråd. Eit fylke i landet tek på seg arrangementet saman med Statens Seniorråd. I 2010 vart denne konferansen lagt til Hurdalsjøen konferansesenter tida 2. 4. juni med Akreshus fylkeskommune som vertsfylke. Tema for konferansen var Folkehelse og kultur i fylkeskommunen. Frå fylkeseldrerådet i Hordaland deltok 6 medlemar. Konferansen vart åpna av fylkesordføraren i Akershus. Han peika på den viktige funksjonen som eldreråda har som rådgjevarar i saker som vedkjem eldre. Det vert stadig fleire eldre i samfunnet og det er naturleg at dei bidreg med si erfaring til påverknad av samfunnet, meinte fylkesordføraren. Av programmet elles kan nemnast foredrag av folkehelsekspert Bengt Lindstrøm som snakka om ressursar for helse. Akershus fylkeskommune la fram sin kunstpolitiske handlingsplan den skal vere eit redskap for politikarane til å utforme kunstpolitikken i fylket. Høgskulen i Akershus tok føre seg kultur i eit førebyggande perspektiv og Åshild Ulstrup snakka om alderdommen og om omgrepet gamal. Vestlandssamarbeidet Fylkeseldrerådet i Hordaland tok i 2004 initiativ til å skipe eit samarbeid mellom Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane og Rogaland inna for det geogafiske området til Vestlandsrådet. Sidan oppstarten har det vore årlege samlingar. Samlinga i 2010 vart arrangert som ei studiereise til Orknøyane i juni 2010. Målet for reisa var å utveksle erfaringar og synspunkt innan ulike område som gjeld eldre og deira levekår. Orknøyane vart vald avdi Hordaland fylkeskommune frå langt attende har hatt venskapsavtale med denne øygruppa. Oppsummering Rådet har handsama saker på ei rekkje område. Særleg viktig er oppfylgjng av fylkeskommunale saker. Rådet har m.a. som oppgåve å gje råd til fylkeskommunen i saker som vedkjem eldre. Fylkeseldrerådet får seg førelagt alle saksdokument til utvala og fylkestinget, og kan såleis gi merknader til alle saker som vert handsama i det politiske apparatet og som vedkjem eldre.
7 Når det gjeld eigne tiltak har rådet særleg drøfta tiltaket på Den Internasjonale Eldredagen i Fysakhallen 1. oktober. Oppsummeringa etter avslutta tiltak er at oppslutninga kunne ha vore betre, men omlag 60 personar var innom hallen i løpet av dagen. Informasjon gjekk ut i god tid, men likevel motiverte ein ikkje nok deltakarar. Samarbeidet mellom Kultur- og idrettsetaten og fylkeseldrerådet var vellukka. Kostnadene vart delte mellom aktørane i prosjektet. Fylkeseldrerådet vil halde fram med samarbeidet med ulike aktørar innafor folkehelsearbeidet i fylkeskommunen. Fylkeseldrerådet har sitt eige budsjett og det gjer det mogleg å kunne vitja kommunar og andre fylkeskommunar i regionen - noko som har ein positiv effekt på arbeidet i rådet. Eit samarbeid med ulike etatar gjev god innsikt i fylkeskommunale verksemd. Fylkeseldrerådet bør såleis vera ein god rådgjevar for fylkeskommunen i saker som vedkjem eldre. Bergen, 20.04.2011 Olga Johannessen -leiar-