VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG Justert av årsmøtet 25. februar 2004 ( 11), 1. mars 2006 ( 11), 4. mars 2008 ( 10), 3. mars 2009 ( 10), 3. mars 2010 ( 12A), 23. februar 2011 ( 11 4. avsnitt) 1
1 Formål Volda Småbåtlag har som formål å skaffe hamneplass til småbåtar i Volda, og elles arbeide for saker av felles interesse for småbåteigarane i laget. 2 Styrande organ Styrande organ i Volda Småbåtlag er årsmøtet og styret. 3 Årsmøtet Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av februar månad og gjerast kjent for medlemene minst 14 dagar på førehand. Saker som eit medlem ønskjer handsama på årsmøtet må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan gjere vedtak om å ta opp lån i laget sitt namn for løysing av større prosjekt. Årsmøtet avgjer slike saker med vanleg fleirtal. Alle medlemer som har betalt båtplass og medlemspengar (hamneavgift) har røysterett på Årsmøtet. Medlemer utan tildelt båtplass (ventelistemedlemer) har møte- og talerett. 4 Årsmøtet skal handsame følgjande saker: 1. Opning, godkjenning, val av møteleiar og referent. 2. Årsmelding frå styret. 3. Rekneskap framlagt av styret i revidert stand. 4. Budsjettforslag frå styret. 5. Fastsetjing av hamneavgift og pris på båtplass pr. breiddeeining hamneplass (ved sal/tildeling og ved utleige). 6. Innkomne saker. 7. Gjere val av: A - styreleiar etter 5 B - styremedlemer og varamedlemer etter 5 C - revisor D - vedlikehaldsnemnd E valnemnd Årsmøtevedtak vert gjort med vanleg fleirtal. Ved like stemmer vert møteleiaren si stemme avgjerande. Årsmøtet kan vedta vedtektsendring med 2/3 fleirtal. Framlegg må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet. Det må framgå av innkallinga til årsmøtet at vedtektsendring vil verte foreslått. Årsmøtet kan vedta utfyllande forskrifter til kvart punkt i vedtektene. 2
5 Samansetjing av styret I perioden mellom årsmøta vert Volda Småbåtlag leia av 1 styreleiar og 4 styremedlemer. Leiaren vert valt med funksjonstid 1 år. Resten av styret vert valt med funksjonstid på 2 år, men slik at 2 av styremedlemene står vekselvis på val anna kvart år. Medlemer frå både Volda Hamn og Rotsethamna skal vere representerte i styret. Styret har 2 varamedlemer ein frå kvar hamn. 6 Styret Det er styret som har bindande signatur for Volda Småbåtlag. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er tilstades og skal ta seg av saker som har tilknyting til dagleg drift av småbåtlaget. Det skal førast møtebok frå kvart møte. Styret konstituerer seg sjølv og vel kasserar og sekretær. Styret gjer framlegg for årsmøtet om pris pr. breiddeeining hamneplass og hamneavgift. 7 Nemnder Under styret sorterer ei Vedlikehaldsnemd med 2 medlemer, ein med båtplass i Volda Hamn og ein med båtplass i Rotsethamna. Funksjonstida er 2 år. Vedlikehaldsnemnda fører tilsyn med hamnene og har ansvaret for at naudsynt vedlikehald vert utført. Nemnda må ha styret si godkjenning før større vedlikehaldsarbeid vert sett i verk. Valnemnda skal ha 3 medlemer og skal levere si innstilling til årsmøtet. 8 Omframt årsmøte Det skal haldast omframt årsmøte med 8 dagars varsel når styret finn det turvande eller når minst 1/3 av medlemene set fram krav om slikt årsmøte. Kravet skal då vere skriftleg og rettast til styret. På omframt årsmøte kan det berre handsamast saker som er nemnt i innkallinga. 9 Medlemskap Medlemer i Volda Småbåtlag er dei som har fått tildelt fast båtplass. Laget kan ta opp som medlem personar som ønskjer å stå på venteliste for tildeling av båtplass. Det gjeld eit pliktig medlemskap både for den som har båtplass og den som står på venteliste. Alle medlemene betalar medlemspengar. Medlemspengar (hamneavgifta) vert fastsett av Årsmøtet og skal betalast innan 31.03. kvart år. 3
10 Tildeling av båtplass Det er styret i Volda Småbåtlag som sel/tildeler båtplassar. Søknad om tildeling av båtplass/medlemsskap skal stilast styret. Ledig hamneplass skal gjerast kjende for medlemene med oppslag på oppslagstavlene i hamneområda. Medlemer utan båtplass som betalar medlemspengar, står på venteliste. Ledig båtplass vert tildelt medlem med lengst ansiennitet på venteliste. Medlemer som har båtplass, og som står på venteliste for å bytte til større/mindre plass, skal prioriterast fram for dei utan båtplass når noko vert ledig. Medlemer som takkar nei til kjøp av båtplass vert stående på plassen sin på ventelista. Eit medlem kan ikkje kjøpe meir enn ein -1- båtplass. 11 Omsetjing av båtplassar All overdraging av båtplassar skal skje gjennom Volda Småbåtlag. Båtplassar kan ikkje overdragast til andre enn Volda Småbåtlag. Båtplassen skal nyttast av det medlem som har fått tildelt plassen. Båtplassar det ikkje er søkjar til, kan styret leige ut til den til ei kvar tid gjeldande leigesats fastsett av Årsmøtet. Eit medlem har høve til å leige ut båtplassen sin bare til medlemmer i Volda småbåtlag når de sjølv ikkje nyttar den. Utleigaren pliktar å sjå til at leigetakar er medlem i Volda småbåtlag. Dersom det er søkjar til båtplass på venteliste, skal utleige over lengre tid (2 månader eller meir) gjerast til interesserte på venteliste. Prisen for slik framleige skal vere den same som laget nyttar for utleige av ledige plassar. Skriftleg melding om leigetilhøvet skal sendast styret. Utleigar pliktar å gjere leigetakar kjend med laget sine vedtekter. Styret har rett til, etter eiga avgjerd, å bestemme at all utleige skal gå gjennom styret eller den styret bestemmer. Vert ein båtplass sagt opp grunna varig sjukdom eller død hjå eit medlem, pliktar laget å løyse inn båtplassen innan 2 månader etter at laget har motteke skriftleg varsel om oppseiing av plassen. Medlem som vil selje sin båtplass gir skriftleg melding om dette til styret. Når plassen er seld skal seljaren ha betaling straks den nye kjøparen har betalt hamneplassen til pris fastsett av siste årsmøte. Seljaren disponerer båtplassen til han får betaling for salet. Dersom ingen står på venteliste for båtplass, og seljar av båtplass også har kjøpar til plassen, må styret ha tungtvegande grunnar til ikkje å godta seljar sitt framlegg til kjøpar. Det kan ikkje takast høgare pris enn den som er fastsett av Årsmøtet. 4
Båtplass kan overførast ved arv til ektefelle, barn eller barnebarn. Styret skal ha skriftleg melding om slikt skifte. Overføring ved arv til andre må godkjennast av styret. 12 Diverse A. Utstyr Volda Småbåtlag eig og held vedlike flytebrygger i hamnene, reiskapsbu og anna utstyr. Kvart medlem må året rundt ha tilsyn med, halde orden og måke snø på bryggja og utriggararne ved båtplassen sin. B. Utgifter til straum Fast avgift (målarleige) vert betalt av Volda Småbåtlag. Prisen for brukte kilowattimar skal kvar medlem betale sjølv etter krav frå Volda Småbåtlag med 1 mnd frist. C. Tjuveri/skader Småbåtlaget er ikkje ansvarleg for ting som vert stolne frå båtane eller anna skade som blir gjort på båtar i hamneområdet. Kvart medlem brukar si eiga forsikring ved herverk/tjuveri. Eigenandelen kan etter søknad refunderast av laget med inntil kr. 3.500,- pr. båt/medlem dersom det skjer herverk/tjuveri når båten ligg i Volda Hamn eller Rotset Hamn. Ein føresetnad er at hendinga er meldt til politiet. Etter pålegg frå Kystverket gjeld følgjande for Volda Hamn: Yrkesfiskarar skal ha fortrinnsrett til fast fortøyningsplass ved flytebryggene på same vilkår som andre medlemer i laget. 13 Ekstraordinære tilhøve Dersom ekstraordinære tilhøve fører med seg at talet på hamneplassar Volda Småbåtlag disponerer blir redusert til mindre enn det tal hamneplassar som er tildelt medlemene, må laget v/styret straks sette i verk tiltak for å få balanse i tal hamneplassar. Skulle det i ei periode syne seg umogleg å gi plass til alle med betalt hamneplass i Rotset Hamn eller Volda Hamn, må medlemene med kortast ansiennitet vike først. Skulle det syne seg at slike ekstraordinære tilhøve vil vare ved, blir laget forplikta til å løyse inn hamneplassane etter nærare reglar. Ansiennitet i Volda Småbåtlag blir i denne samanheng fastsett etter tildelingsdato for hamneplass. Dersom tvist skulle oppstå, gjeld samanhengande ansiennitet i Volda Småbåtlag etter 1979. 5
14 Brot på laget sine vedtekter Medlemene pliktar å rette seg etter vedtektene og regelverket som til ei kvar tid gjeld. Medlemer/leigetakarar som ikkje respekterer laget sine vedtekter kan seiast opp. Eit medlem som blir sagt opp mister retten til båtplass. Styret gjer vedtak i slike saker, men vedtaket kan ankast til Årsmøtet, som har endeleg avgjerd med vanleg fleirtal. Den som blir fråteken retten til båtplass i samsvar med dette punktet, skal ha oppgjer for båtplassen etter reglane som gjeld for innløysing av båtplass ved manglande bruk. Jamfør 11. 15 Oppløysing av Volda Småbåtlag Framlegg om oppløysing av Volda Småbåtlag må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet der vedtak skal gjerast. Vedtak om oppløysing av Volda Småbåtlag kan berre gjerast av eit årsmøte der minst 2/3 av medlemene i laget er til stades og vedtaket om oppløysing krev at 2/3 av laget sine medlemer stemmer for det. Vedtaket om oppløysing er likevel gyldig om det blir vedteke med vanleg fleirtal på to årsmøter etter ein annan. Det årsmøtet som fattar gyldig vedtak om oppløysing må velje avviklingsstyre. Det må dessutan gjerast vedtak om kva laget sine aktiva på oppløysingstidspunktet skal nyttast til og korleis gjeld skal dekkast. ******** 6