posten Velkomen til Tuddal Tuddal Tuddal Triathlon Sommer 2011 Nr. 2 - Årgang 17



Like dokumenter
Tuddal. Vår 2014 Nr. 1 Årgang 20. God påske - 1 -

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Sandeid skule SFO Årsplan

Stemnehandboka for NKSF

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nr. 2 Sommar 2010 Årgang 16

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

posten Sommar 2013 Nr. 1 - Årgang 19 Tu d d a l

posten Sommar 2012 Nr. 2 - Årgang 18 Tu d d a l

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Månadsplan for Hare November

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Bygdeblad. Me ynskjer dykk alle eit Godt nytt år. Bygdesentralen /Frivilligsentralen

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

INFORMASJON om førestellinga:

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Takk til alle i fjellheimen for ein aktiv sommar fyllt med hendingar som bygdedag, triathlon og matfestival!

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

posten Velkomen til Tuddal Tuddal Nr. 1 Vinter/vår 2011 Årgang 17

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Velkommen til songarstemne i Florø!

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

Bygdeblad. Bygdesentralen /Frivilligsentralen. Hipp Hipp Hipp, Hurra for 17 mai

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

august 2013 NESETDAGANE.

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Setring ved Håbakkselet Hareid

Redigert omtale av metode og kommentarar til tiltaksnummer i kartet som følgjer høyringsdokumenta.

Høst 2014 Nr. 2 Årgang 20. Tuddal - 1 -

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Bygdeblad. Bygdesentralen /Frivillighetssentralen. Tlf mob Systermarihand.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Til deg som bur i fosterheim år

«Ny Giv» med gjetarhund

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

ELVASTIEN I ØRSKOG. Jon Per Rødseth

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

Bygdeblad. Bygdesentralen /Frivilligsentralen. Me ynskjer alle ei god jul Og eit godt nytt år. Torhild, Synøve, Ingvill

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

1. Mål med samhandlingsreforma

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Velkomen til Mork barnehage

M/S NYBAKK SI HISTORIE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Valdres vidaregåande skule

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Aurland kommune Rådmannen

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Transkript:

posten Tuddal Sommer 2011 Nr. 2 - Årgang 17 Velkomen til Tuddal Tuddal Triathlon

På turne o på tur upp att På Tuddal Amfi sundag 17. juli, kl. 11.00: "På turne' o' på tur upp att" med Knut Buen og "Bygdebris" (Kjetil Flatland, Frode Flatland og Helge Wahl Flatland) Kulturprogram, tilpassa Bygdedagen i Tuddal, med tradisjon og nyskaping, songar, dikt og frie ytringar, soloinnslag og mykje samspel. Inngangspengar Kr. 200.- Arr.: Buen Kulturverkstad Hjartdal kommune på facebook Nå kan du følgje Hjartdal kommune på Facebook! Her vil du bli løpande informert om kommunale nyhende og kunngjeringar. Facebook-sida er og eit tiltak for å betre kommunen sin dialog med innbyggjarar og hytteeigarar. Du finn Hjartdal kommune på www.facebook.com/hjartdalkommune Dugnad på Folkestigen Torsdag 30. juni kl 17: Dugnad på Vestsida av Bjårvatnet langs Folkestigen, i sundet mellom Nord- og Sudvatnet. Vi skal hogge tre og rydde jordet slik at det blir plass til rastebenkar, aktivitetar og start for Triathlon sprintutøvarane. Næringslaget stiller med motorsag og nødvendig maskinelt utstyr. Vi treng dessutan folk som kan rydde, bere greiner og kvist. Tuddal bygdetun opningstider Tunet er ope for omvising frå og med sundag 3. juli til og med 7. august, kvar dag mellom kl.12 og 18. På onsdagane frå kl. 18 prøver vi å få til aktivitetar av ymse slag. Nærare offentleggjering om dette kjem seinare. Fotoutstilling: Til mogleg fotoutstilling på bygdetunet treng vi gamle fotoapparat. Har du det, og kan tenkje deg å låne det ut i sommar, ta kontakt med Håvard Kaasa på tlf. 91 58 55 26 Tuddal Skyttarlag har treningskveldar på skytebanen med prøveskyting for storviltjakt. Tidspunkt: kvar onsdag t.o.m 14.09.11. Påmelding frå kl.18 til 19. 2

Tuddal Triathlon Publikumssuksessen Tuddal Triathlon går av stabelen 30. juli kl. 10 ved Fossehalli Det blir konkurrert i sprint og olympisk distanse, langt over 100 påmeldt allereie. www.tuddaltri.no Vaktmeister Tuddal bygdetun Vaktmeister gjennom mange år, Owe Kasin, har bede om avløysing, og Tuddal Museumslag takkar han for lang og dyktig teneste. Vi søkjer derfor etter ein person som er viljug til å ta små, eventuelt større jobbar etter avtale med styret. Arbeidsmengda vil variere frå år til år, og det er snakk om avlønning på timebasis. Spørsmål eller søknad sendast styret v/ Håvard Kaasa. BYGDEDAGEN 2011 17. juli er det klart for den tradisjonelle bygdedagen i Tuddal. Dagen startar kl. 11 med konserten "På turne' o' på tur upp att" på Tuddal Amfi. Ca. kl.12 opnar Bygdetunet med utstilling, demonstrasjon, matsal og underhaldning. Enkeltpersonar, lag og foreningar som ønskjer stand, ber ein ta kontakt med: Anne Bjørg Haugan eller Håvard Kaasa. 3

Gaustadagen 2011 Laurdag 13. august kl. 10.30 ved Stavsro parkering / Stavsrohytta på vegen mellom Tuddal og Rjukan, utgangspunkt for turen til Gaustatoppen. Eit arrangement i Sogelandet, www.sogelandet.no. Natur, kultur og bygdesoge, friluftsliv, oppleving og folkehelse. PROGRAM: Frammøte på Stavsro parkering (fylkesveg 651) der Stavsrohytta er open for servering. Mellom kl. 10 og 11: Familievenleg naturstig og forbi tre informasjonsvardar til toppen. Start ved grinda i turstigen. Kar og kløvhest vil følgje med på turen til topps. Kl. 13 på toppen, på Tuddalstippen: Premieutdeling for naturstigen,. Trekning blant alle deltakarane. Premiar: to familiemiddagar for inntil 5 personar, ein på Gaustablikk Høyfjellshotell og ein på Tuddal Høyfjellshotell. Bevis må hentast i Stavsrohytta etter turen. Kl. 13.15 og kl. 14.15, på Tuddalstippen ved toppstasjonen for Gaustabanen: Minispel Bygdekaren møter turistane og huldra. I hovudrollene: Bygdekomikaren Leif Arild Sanden og multiartisten Tone Jorunn Tveito. Kl 15 i Gaustahytta: Helge Songe og Jon Ingebretsen serverer ein musikalsk og fjell-lyrisk hyllingsbukett. Gaustahytta serverer velsmakande vaflar. Jon Ingebretsen signerer og sel boka «Naturen og eg» - skriven med inspirasjonar frå mange opplevingar på Gaustatoppen. Rett nedanfor turisthytta kan ein studere jubileumsvarden med stein frå dei fleste kommunane som ser til Gaustatoppen. Aktørar: Barnas Turlag i Vinje og Tinn og Rjukan Turlag Svein Moen med kløvhest Leif Arild Sanden artist og bygdekomikar Tone Jorunn Tveito multikunstnar og naturmenneske Helge Songe visesongar og kulturarbeidar Jon Ingebretsen programkoordinator og naturformidlar Gaustatoppen Turisthytte sal av mat, reiseminne og friluftsartiklar Samarbeidspartnarar og støttespelarar: Hjartdal kommune, Tinn Kommune, Hjartdal og Gransherad Sparebank, Tinn Sparebank, Telemark fylkes kommune, Telemarksreiser, Tuddal Bygdeutvikling, Sogelandet, Gaustablikk Høyfjellshotell, Tuddal Høyfjellshotell og Vegard Finnekåsa lydanlegg Koordinator: Jon Ingebretsen - Mobil 481 01 435 Konferansier: Torunn Hovde Kaasa Vel møtt til Gaustadagen 2011! Informasjon: www.telemarkturistforening.no www.visitrjukan.no www.visittuddal.no 4

Tuddal Husflidslag Tuddal Husflidslag har lagt opp til eit spanande og variert haustprogram. Vi startar med eit arbeidsmøte på Helsehuset 25. august. Torsdag 22. september samlast vi på hotellet til møte med Annemor Sundbø. Ho vil inspirere oss med foredraget Ånden i fillehaugen som tek utgangspunkt i ei fillesamling av alt som har vore bruka på kroppen frå innerst til ytterst dei siste 150 åra. Dette er eit møte i samarbeid med Tuddal Bygdekvinnelag. Kom og la deg imponere over tidlegare tiders strikke - arbeid, fortald og vist av ein engasjerande tekstilkunstnar og eigar av ein sjoddifabrikk! Det var godt frammøte på strikkekafékveldane sist vinter, så vi vil halde fram med samlingane hos Anne Lise på Bøen kafé. Sett av torsdag 20. oktober og 24. november til strikkekafé. Husflidslaget ynskjer også velkomen til julemøte på Bøen kafé torsdag 1. desember. Kan hende du har høyrt om Amanda, jenta som fekk leve i 10 dagar. Ho levde nesten heile livet sitt på barneintensiven på Rikshospitalet i Oslo. Det blei da avdekke at nyføddavdelingane rundt om i landet har eit stort behov for små plagg og teppe av ULL som kan hjelpe små, sjuke barn til å halde seg varme. Vi i Tuddal Husflidslag ynskjer å sende teppe og klede til sjukehuset i Skien som har nyføddavdeling for barn i Telemark. For å klare dette, treng vi hjelp av strikke- og hekleglade tuddølar. For meir informasjon sjå www.amandaprosjektet.org Kontaktperson i Tuddal Husflidslag: leiar Trine Kahrs, tlf. 350 24047/ 924 15 805. Kom bortom oss på Bygdedagen, smak på lappane våre og få meir informasjon om laget, aktivitetar og Amandaprosjektet. Tuddal pensjonistlag Tuddal pensjonistlag har sine møte kombinert med middag onsdag kvar 14. dag på menighetshuset. Der er alle som er tidlegpensjonerte eller har fylt 67 år, hjarteleg velkomne. Tuddal pensjonistlag er ein del av Norges Pensjonistforbund. Laget har ein representant i eldrerådet i kommunen der m.a. eldre sine rettar i forhold til helsetilbod og boligforhold tatt opp. Dette gjeld både privat og eldre i alders- og sjukeheimar. For at laget skal fungere vidare, er det behov for fleire medlemmar. Alle pensjonistar er velkomne og du behøver ikkje å vente til du er 80 år for å bli med i laget. Tuddal pensjonistlag startar opp etter ferien med møte/middag 17.august på menighetshuset. Ønskjer du å vite meir om pensjonistlaget? Ta kontakt med leiar Anund Sisjord på mob. 95 78 75 87 eller Rolleif Mjellekås på mob. 48 02 94 20. 5

Tuddal Helselag Aller først må vi rette opp en feil frå siste Treskopost. Vi fekk inn 104 200 kr på Julemessa 2010. Eit 2-tal hadde snike seg inn og gjort summen enda høgare! På grunn av desse pengane, er vi nå i full gang med planlegging av arbeidet som skal gjerast på Helsehuset. Som tidlegare nemnd, skal vindskier og vannbord byttast, huset skal beisast og vinduskarmar og dører målast. Vi har allereie hatt ein dugnadsdag med mange hjelparar og bra resultat. Størstedelen av huset har fått eit strøk med beis, men det trengst nok minst eitt strøk til. Vi har sett opp ein dugnad 14. juni kl 9.30 og ein 25. juni kl 17. Vi er svært glad for dei som har sagt at dei vil vere med å ta eit tak. Er det fleire som kan tenke seg å hjelpe til, kan du ta kontakt med Anlaug Tveiten eller Anlaug Mjellekås. Helselaget arrangerer fire gåturar i sommar, to i juni og to i august. Onsdag 29. juni samlast vi ved Bøen kiosk og kafé kl 18. Det blir ein fin kveldstur opp bakkane til Åsdelet og vidare ned til Juvstullia. I august starter vi med ein tur til Toin. Oppmøte ved Bøen kiosk og kafé kl 18. Siste turen i sommar går til Lomtjønn. Det blir mogleg å få litt transport på det brattaste og det ventar ei overrasking når vi kjem opp. Det er Solveig Sisjord som er primus motor for gåturane. Er det spørsmål ang turane, kan du ringe Solveig 99261869. Det er også sett opp plakatar om gåturane. Det har blitt ein tradisjon med Helselagets basar. På grunn av julemarknaden i 2010, var det ingen basar dette året. I år er basaren tilbake, og datoen er 9. oktober. Vi håpar at mange vil støtte opp om basaren med gevinstar og besøk denne gongen også. På årsmøte i februar overtok Margit Helene Bakken leiarvervet for eit år. Elles er det ingen endringar i styret. Helselaget startar opp med første møte etter sommeren måndag 29. august. Pulsrunden I samband med at Norges Idrettsforbund er 150 år i år, arrangerar Tuddal IL mosjonsløp rundt Bjårvatn kl. 18.00 onsdag 14. september Her kan alle delta, og du kan velje om du vil gå eller springe. Alle som deltar får Pulsrundenmerket. Tuddal Høyfjellshotell Gildehallen er open kvar dag i fellesferien, frå kl. 11 til kl. 18, med spekebord og romegraut på menyen. Sjå elles til heimesida www.tuddal.no Du kan bestille bord på hotellet ved å ringe tlf.: 350 28 888 eller sende e-post: gurholt@tuddal.no 6

Jenter på studietur 26. mai drog 23 jenter frå Tuddal og 3 tilsette i Hjartdal kommune på besøk til 6 ulike kvinnebedrifter i Kunstnerdalen i Buskerud. Turen var i regi av Prosjektet Tuddal - frå bygd til landsby og i samarbeid med Næringshagen i Kunstnerdalen. Målet med turen var å sjå og høyre om deira erfaringar, utfordringar og moglegheiter, for læring, inspirasjon, motivasjon og nettverksbygging. Deltakarane på turen er jenter som anten driv eiga næring, planlegg å gjere det, drøymer om det eller rett og slett ynskjer å vite meir om moglegheiter for å kunne bistå Treskoposten nr. 2 2011 andre eller for å få inspirasjon. Dei kommunetilsette var med for å lære om prosessar i andre kommunar og å bli betre kjend med behova i eigen kommune. Felles for kvinnene vi besøkte er at dei har gardsbruk der dei anten har etablera ny næring eller tilleggsnæring. Dette gjer dei fordi dei ynskjer å gjere meir ut av garden sin slik at dei kan leve av det dei gjer der og derfor bli buande. Bygdene dei held til i, har mykje til felles med Tuddal og Hjartdal både med omsyn til utfordringar og mogelegheiter. Vi besøkt: Eiker Gårdsysteri Hokksund som har stort nytt lausdriftsfjøs, eige ysteri, gardsbutikk og eit møte-/ selskapslokale. Bakke Gård Simostrand med mjølke- og kjøttproduksjon, eige bakeri med vedfyra bakaromn og gardsbutikk. Solumsmoen Helse og Velvære på Solumsmoen der hønsehuset er bygd om til "helsehus" med ulike behandlingsalternativ. Lille Sund - Norsk Alpakka i Prestfoss driv med oppdrett av Alpakka og er leiar av Norsk Alpakka. Tines gardsbutikk i Prestfoss med gardiner som ho syr etter mål, interiørartiklar, gåver, smykke, og matprodukt frå Eventyrsmak. Hanne Høne, Veikåker Gård ved Noresund. Besøksgard med lykkelege frittgåande høner, grisar, kyr og hestar. Landhandleri, antikviteter, overnatting, vinkjellar med eigen importera vin, kafé og båtutleige. Alle er driftige stå-på-damer med klare mål som kunne gi oss mykje nyttig input frå erfaringane sine. Det var ein godt fornøgd gjeng som kom heim att til Tuddal seint på kvelden/natta med mange gode og nyttige opplevingar og inntrykk. Turen har lærd oss veldig mykje både om moglegheiter og utfordringar som vi har til felles. Vi har og knytt fleire nye og nyttige kontaktar. Loppemarked Tuddal IL arrangerar den årlege loppemarknaden på Tuddal skule i starten av oktober. Informasjon om kontaktpersonar og dato kjem seinare. Sentrumsutvikling Det er etablera ei gruppe for vidare arbeid med sentrumsutvikling. Dei har starta opp med Trekanten framfor kyrkja. Skulen og barnehagen har kome med mange gode og kreative forslag til opprusting av denne. Gruppa jobbar vidare med forslaga. Profilering / marknadsføring Ei gruppe som er ansvarleg for vidare arbeid med dette er etablera. Turstigane vi treng friviljuge som kan vere med å rydde. Ta kontakt med Anne-Bjørg Haugan tlf. 95832773 eller e-post og meld ifrå om du ynskjer å vere med på dugnad, eller sjekk heimesida www.visittuddal.no når det blir arrangera dugnader og ta direkte kontakt. 7

Tuddalsjentun Eit kvinneforum i Tuddal er eta - blera. Gruppa har fokus på næringsutvikling, stadutvikling og samar beid. Dette er for alle jenter i alle aldrar i Tuddal. Meir informasjon kjem på heimesida www.visittuddal.no Heimesida til Tuddal visittuddal.no Det er viktig at alle som har aktuell informasjon sender dette til post@tuddalutvikling.no slik at Torunn kan legge dette inn på heimesidene. Aktivitetskalenderen er ein god plass for oversikt av alt som skjer her. Hugs: desse blir ikkje betre enn det vi gjer dei til. Tuddal Turistinformasjon Informasjonen ligg i lokala til Bøen kiosk og kafè og følgjer deira opningstider. Ved spørsmål, ring Anne Lise på tlf. 91 58 72 91. Har du brosjyrer om arrangement, opplevingar, overnatting og liknande i Tuddal Lever dette til Tuddal Turist - informasjon på Bøen kiosk og kafé slik at det ligg tilgjengeleg for alle som er innom der. Tysdagslunsjen 2. halvår 2011 Ingen tysdagslunsj i juli og august. 13. sept. - Bøen kiosk og kafé 13. okt. - Tuddal Høyfjellshotell 8. nov. - Bøen kiosk og kafé 13. des. - Tuddal Høyfjellshotell Utsending av informasjon Eg sender ein del informasjonen på e-post til dykk, men dessverre ser eg stadig at eg manglar e-postadresser. Om du ikkje mottek slik info, men gjerne vil ha det, ver snill og gje meg beskjed om e-postadressa di. Viss du ikkje har e-post, sender eg det i vanleg post. Ynskjer dykk alle ein god sommar! Med venleg helsing Anne-Bjørg Haugan, tlf. 95832773, anne.bjorg.haugan@hjartdal.kommune.no På grunn av usikkerhet om vidare finansiering veit vi ikkje når neste utgåve av Treskoposten kan ventast. Følg med på Tuddal si heimeside: www.visittuddal.no Nyttige telefonnummer: Hjartdal kommune, servicekontoret: 35 02 80 00 Bøen kiosk og kafè: 35 02 41 20 Joker Tuddal: 35 02 41 05 Bygger`n Tuddal: 35 02 41 60 Garn og husflidsbutikken: 35 02 41 80 Bondal snikkarverkstad: 35 02 40 99 Tuddal Høyfjellshotell: 35 02 88 88 Legevakt, Notodden: 81 56 80 94 Tuddal Taxi: 35 02 41 87 97 70 55 46 Flugonfjell Skisenter: 99 44 58 00 Grafisk produksjon: Telemark trykk AS, Notodden 8