Valprogram for Volda SV



Like dokumenter
TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Politisk program for Jølster KrF

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Til veljarane i Tysnes

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Hemsedal KRF Program

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Kommunedelplan for oppvekst

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Ål Venstre. Ål Venstre

Program OSTERØY HØGRE

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Program for. Sykkylven Venstre

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

LINDÅS. Framtida i fokus

Program Årdal AP

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

Program for Masfjorden Venstre

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

ETNE VENSTRE

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Program for. Årdal Venstre

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Volda ei internasjonal distriktskommune

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Frivilligpolitisk plattform

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

KOMMUNEVALET 2015 LINDÅS SENTERPARTI

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Oversyn over økonomiplanperioden

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

SULDAL HØGRE PROGRAM FOR KOMMUNEVALET Trygge lokalsamfunn - Kvalitet i omsorg - Kunnskap i skulen - Muligheter for alle

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Valprogram SENTERPARTIET !

Program for Bømlo Venstre

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

Transkript:

Valprogram for Volda SV Det handlar om Volda Vi tek kampen for eit varmt samfunn, for framtida og for likeverd Eit samfunn der menneske løyser problem i fellesskap er mogleg. Klasseskilje kan erstattast av rettferdig fordeling og meir demokrati. Diskriminering og undertrykking kan erstattast med fridom for alle. Klimaendringane er menneskeskapte, og dei kan stoppast av oss menneske. Det er mogleg å skape eit samfunn der menneske og miljø går føre profitt. Vi ønskjer eit samfunn som er trygt, og som gir alle gode utgangspunkt for å skape seg gode liv. SV vil ha eit samfunn som gir den enkelte fridom innanfor rammene til fellesskapet, og som er bygd på rettferd og solidaritet. Politikk handlar om å ta val og å velje verdiar, om å velje miljøet framfor uhemma vekst, om å velje velferd og fellesskap i staden for privatisering, om å velje solidaritet og demokrati framfor pengemakt. SV vil legge til rette for at alle skal få same høve til livsutfalding, arbeid og deltaking, og at lov om likestilling og diskriminering blir brukt aktivt i alt arbeid i den kommunale verksemda. Sosialistisk Venstreparti vil arbeide for eit kommunalt tenestetilbod med rammer til å møte innbyggjarane etter behov. Alle skal ha tilgang til velferdstenester utdanning, helsebehandling og omsorgstilbod uavhengig av inntekt. Ein god kommune tek hand om barna i barnehagane, skulane og dei eldre på sjukeheimen på ein verdig måte. Kommunen stiller miljøkrav og støttar kulturlivet, og støttar og fremjar næringslivet og verdiskapinga i lokalsamfunnet. Ein god kommune byggjer på eit rettferdig skattesystem, som sikrar trygge velferdstilbod til innbyggjarane og gode arbeidsvilkår for dei tilsette innanfor dei ulike områda som kommunen har ansvar for. Ein god kommune legg til rette for folkestyre, oversikt og medråderett. ------------ Volda SV stiller til val for å få størst mogleg gjennomslag for sakene våre. Kor stort gjennomslag SV får i samarbeid med andre parti, kjem an på kor mange stemmer SV får ved valet. Det nyttar å stemme SV - inga stemme er bortkasta. Dess fleire stemmer til SV, dess betre kår for rettferdig fordeling og trygge velferdstilbod i Volda kommune. 1

Velferdskommunen Volda fordeling, likeverd og folkestyre Kva er viktigare enn god folkehelse? Kva er viktigare enn å gi omsorg og god pleie til dei som treng det mest, og å gi dei som jobbar med desse oppgåvene eit løft? Ein god arbeidsplass er ein arbeidsplass der flest mogleg får heile stillingar og har tid nok til å gjere ein god jobb. auka medverknad frå brukargrupper, føresette og pårørande i møte med kommunen sitt tenestetilbod at tilsette i Volda kommune vert sett på som ressursar for fellesskapet, og at kommunen som arbeidsgjevar viser tillit til sine tilsette å hindre konkurranseutsetting og privatisering av offentlege tenester at førebygging skal ha ein sentral plass i alt arbeid som vedkjem helse og omsorg å skape ein heiltidskultur ved at deltidsjobbar i størst mogleg grad vert gjort om til heiltidsjobbar tilstrekkeleg og kvalifisert personale i helse- og omsorgstenestene å førebyggje slik at eldre menneske kan bu heime lengst mogleg, til dømes ved å satse på høvelege bustader, rehabilitering og nok heimehjelp at sjukeheimsplassane er der når gamle treng dei, og at det er tilbod om einerom til alle å sikre eit godt sjukehustilbod og tryggleik ved alvorlege ulukker i heile landet. Difor tek vi kampen for akuttkirurgi ved sjukehuset i Volda og for Mork senter å styrke helsestasjonen gjennom øyremerking av fleire stillingar, mellom anna kommunepsykolog og valdskoordinator å etablere fleire arbeidsplassar for funksjonshemma å styrke tilbodet for dei med rusproblem og psykiske lidingar ei legevaktordning som fungerer godt for innbyggjarane våre å bruke eigedomsskatten til å styrke velferdstilbodet i kommunen å styrke kvinner sin representasjon og makt i lokalpolitikken at folkerøystinga om kommunesamanslåing vert lytta til Oppvekstkommunen Volda: ulike menneske like sjansar Volda SV vil arbeide for at Volda kommune skal vere ein god oppvekstkommune for barn og unge. SV ønskjer ei sterk satsing på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid og nært samarbeid mellom offentleg og frivillig innsats. Førebygging og tidlege tiltak er viktig for å sikre alle ein trygg barndom. Inkludering og sosial utjamning er viktige føresetnader. at det vert tilsett nok kvalifisert personale i barnehage og skule mange nok og rimelege barnehageplassar, og auka kunnskap om psykisk helse i barnehagen gjennom Voldaprosjektet å fullføre og vidareutvikle Øyra skule for å møte den auka busetnaden i sentrum skulemåltid for alle og leksehjelp til dei som treng det allsidige uteområde for leik og trivsel på alle skulane våre 2

symjeopplæring i tråd med læreplanen for alle barn i grunnskulen fagleg utvikling av SFO-tilbodet i kommunen fram til vi får ein heilskapleg skuledag for barn i grunnopplæringa å ha eit høgt tal på lærlingplassar i kommunal regi og påverke næringslivet til å gjere det same å vidareutvikle tilbodet ved Volda vidaregåande skule, mellom anna ved å styrke samarbeidet med nabokommunane og arbeids- og næringslivet at kommunen er medspelar for Høgskulen i Volda og vidareutviklar Volda som studiebygd å styrke tenestetilbodet ved vaksenopplæringa at barnevernet blir prioritert og følgt opp med kapasitet og kompetanse at det vert satsa på skulebiblioteka, og på å gjere folk meir medvitne på språket sitt i nynorskkommunen Volda tiltak mot mobbing, rasisme, rusmisbruk, vald og kriminalitet at barn og unge skal ha ein trygg skuleveg å utvikle ein målbruksplan for Volda kommune Miljøkommunen Volda menneska i sentrum Volda SV ønskjer at kommunen skal vere ein føregangskommune og pådrivar når det gjeld miljø- og naturvern. Alle klimautslepp er lokale. I kommunen vår kan vi også gjere mykje for å minske utsleppa og legge betre til rette for ei berekraftig utvikling. at kommunen aktivt følgjer opp og gjennomfører den vedtekne klima- og energiplanen at Volda kommune i all eiga verksemd er god på kjeldesortering og kompostering å styrke retten til fri ferdsel i utmark og ved strendene ved vern om allemannsretten at det blir tenkt framtidsretta og transportøkonomisk når nye område skal byggast ut vern av dyrkajord og biologisk mangfald å bevare kulturlandskapet å få kartlagt og redusert lokale utslepp i vassdrag, vatn og sjø å vurdere nye oppdrettsløyve i lys av miljøkonsekvensar, og verne villaksen som genetisk ressurs å ta vare på dei resterande fossane i Volda grøn finansforvaltning i kommunen turstiar frå Munken til Andaneset, rundt Rotevatnet, og mellom Klepp og Reset å vidareutvikle Årneset som friluftsområde sikre tilgang til strandsona på Mork å følgje opp Trafikktryggingsplanen med vekt på tryggare skuleveg, og fleire gang- og sykkelvegar i Volda å vidareutvikle Volda som Fairtrade-kommune 3

Bu- og næringskommunen Volda busetting og bulyst Volda SV vil arbeide for å auke busetting og bulyst i heile kommunen, og støtte tiltak som har som mål å fremje næringsutviklinga i kommunen. å vidareutvikle og styrke kulturnæringssatsinga i Volda at kommunen legg til rette for framtidsretta arbeidsplassar som byggjer på miljøvenlege løysingar at kommunen legg infrastrukturen til rette slik at næringslivet lettare kan skape nye arbeidsplassar at landbruk og skogbruk skal ha gode rammevilkår å stimulere og støtte entreprenørar til etablering i kommunen, og arbeide for fleire tilgjengelege næringslokale i Volda sentrumsutvikling. Målet er eit meir levande sentrum. Vi vil legge til rette for fotgjengarar og gjere torget til den naturlege møtestaden. Leikeareal for born, grøntareal og møteplassar skal prioriterast. Vi vil stenge Halkjelsgata for trafikk og arbeide for miljøgate gjennom sentrum sentrumsfortetting, men sjå dette i samanheng med kommunikasjonstilhøve, kollektivtilbod, sykkelvegar og skuletilbod rimelege tomter i alle delar av kommunen og levande bygdemiljø. Det må bli enklare å dele frå tomter på område som ikkje kan brukast til matproduksjon gjennomføring av Volda-tunnellen, og om nødvendig sikre framdrift med finansiering gjennom bompengar å styrke ferjetransporten som kollektivtransport i kommunen venterom med toalett på busshaldeplassen på Moritsmarka å betre vedlikehaldet av vegane våre Kultur- og mangfaldskomunnen Volda fellesskap for framtida Eit lokalsamfunn utan mangfald og eit rikt kulturliv, er eit fattig samfunn. at alle skal ha dei same rettane og muligheitene uavhengig av bakgrunn, kjønn og seksuell orientering. Vi vil kjempe mot alle former for diskriminering at rammene for busetting av flyktningar i kommunen vert utvida integrering av flyktningar gjennom tilrettelegging av arbeidsplassar at det vert enklare for unge å kome seg inn på bustadmarknaden i Volda, og legge til rette for rimelege utleigebustader for ungdom nytt kulturhus i Volda sentrum at Volda folkebibliotek får rammer til å kunne vere ein tilgjengeleg og god møtestad for alle at barne- og ungdomskulturen vert styrkt gjennom auka rammer for Volda kommunale fritidsklubb, Volda kommunale kulturskule og Ungdomsrådet 4

å oppretthalde og utvikle tilboda ved Kulturskulen, og at alle som ønskjer det kan delta uavhengig av foreldreinntekt at eksisterande bumiljø i Volda sentrum vert verna om. Vi ser trehusa som ein viktig del av kulturarven i kommunen å støtte rehabiliteringa av Gamlegymnaset for å ta vare på Volda si skulehistorie at kommunen styrkar kultur-, lag- og organisasjonslivet i Volda, og spesielt støttar dei frivillige organisasjonane retta mot barn og unge at kulturkommunen Volda har ein aktiv kulturadministrasjon å støtte festivalane i Volda ei vidareutvikling av området kring Mørehallen og Volda Skatepark ny fleirbrukshall i Volda å ha både grendene og sentrum i mente når det gjeld tiltak for å stimulere kulturlivet Felles kampsaker for Volda og Ørsta SV: Vi vil: sikre Volda sjukehus og Mork senter få fortgang i gjennomføringa av Volda-tunnellen få fortgang i arbeidet med bru over Ørstafjorden at folkeavrøystinga om kommunesamanslåing vert lytta til at eigedomsskatten vert brukt til å styrke velferdstilboda i kommunane fullføre gang- og sykkelvegen mellom Volda og Ørsta betre kollektivtilbodet i regionen vår arbeide for at staten framleis gir tilskot til drift av ruteflygingane til og frå Ørsta- Volda lufthamn seie nei til søndagsopne butikkar 5