Innhold Avisprosjekt for 8A... 3 Overgang 7-8. klasse Kristi og Vegard... 5 LEKSER-JA ELLER NEI?... 7 Mobilforbodet på Luster ungdomsskule...



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

«Ny Giv» med gjetarhund

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Valdres vidaregåande skule

mmm...med SMAK på timeplanen

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET


Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Informasjon til elevane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Brødsbrytelsen - Nattverden

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Jon Fosse. For seint. Libretto

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Sandeid skule SFO Årsplan

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

6. trinn. Veke 24 Navn:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kom skal vi klippe sauen

Samansette tekster og Sjanger og stil

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet


Eksamen MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

I N N H O L D. Forord

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kva er økologisk matproduksjon?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Klepp kommune Tu skule

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Minnebok. Minnebok NYNORSK

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Transkript:

1

Innhold Avisprosjekt for 8A.... 3 Overgang 7-8. klasse Kristi og Vegard... 5 LEKSER-JA ELLER NEI?... 7 Mobilforbodet på Luster ungdomsskule... 9 Kva er valfag?... 10 Korleis opplever elevane valfaga på skulen?... 11 På veg utanfor skuleområdet... 12 Kva arbeidsoppgåver har rådgjevaren vår?... 13 Entreprenørskap... 14 Bang! Handballkurs i gang!... 16 Sogn og Fjordane entreprenørskap... 17 Intervju med Mona Kristin Bukve.... 18 Eksamen det er farleg det?... 19 -Det er framleis ei stund til eksamen... 21 -Dei skriv ut tusenvis av ark dei kanskje ikkje treng... 23 2

Avisprosjekt for 8A. I vår har avis og avisskriveri vore tema i norsk. Me avslutta arbeidet med å laga skuleavis der vår eigen skulekvardag vart omhandla i sjangrar som artiklar, intervju m.m. Nedanfor ser du avisredaksjonen samla og elles fotoglimt får ein munter gjeng i ulike aktivitetar. Bak frå venstre: Kristi, Agnete, Anna, Jonas, Venessa, Iver, Martine, Sandra, Daniel, Andrea og Aslak. Framme frå venstre: Vegard, Sander, Jacob, Jakob, Kim, Martin og Rasmus. (Sivert ikkje til stades) Jentebering ny aktivitet i 8A Ein- to-tre og løft! Girl power. Data er kuuuult! 3

Glade gutar frå Luster. Sivert er klar til innsats Timen har starta Til neste skuleår vert dei gamle datamaskinene bytt ut med nye surface-ar! 4

Overgang 7-8. klasse Kristi og Vegard Andrea Gangdal og Sander Elle har intervjua to medelevar frå klassen sin, om korleis dei tykkjer overgangen frå 7. til 8.klasse var. Noko av det som er forskjell er at på barneskulen har ikkje lærarane lov til å gje elevane karakterar, men det har dei på ungdomsskulen. Elevane var og heldige å få lov til å besøkje ungdomsskulen to gonger før skulestart. Første gongen var det med foreldra, der dei vart informerte om litt forskjellege ting, som valfag, veke- og bolkplanar, friminutt osb. Andre gongen elevane var der hadde dei fått vite kva klasse dei skulle gå i, valfag, og fordjupingsfag. Kristi Bjørhusdal og Vegad Weka Kjente du nokon av dei som skulle begynne på ungdomsskulen? -Ja, det gjorde eg, svarte dei begge to. Kva tenkte du om å bytte skule? Kristi svarte at ho trudde det ville bli morosamt, medan Vegard trudde det ville bli bra. Kor lang tid gjekk det før du følte deg «heime» på den nye skulen? Det gjekk ikkje så lang tid for nokon av dei; sånn ca. ei veke. Var det lett å komme inn i ny klasse? -Ja, dei fleste var greie, sa Vegard. Kristi var einig. Kva slags forventningar hadde du til skulen? Kristi var usikker, men Vegard sa at han kom til å lære mykje. Var det noko du grua deg til? -Eg grua meg til at det skulle bli meir lekser, men det blei ikkje så mykje meir, meinte dei begge to. Kva slags fag likar du? Kvifor? 5

Begge likte veldig godt kroppsøving, men Kristi likte også K&H. Kva slags fag likar du ikkje? Kvifor? Ingen av dei tenkte så lenge på det spørsmålet. Eg likar ikkje bading, fordi det er så kaldt vatn, sa Kristi. - Eg trur det må vere KRLE, då eg av og til finn det litt keisamnt, legg Vegard til. Kva synest om skulekantina? Begge synes skulekantina var heilt grei. Kva synest du om mobilforbodet på skulen? -Det går fint, sa Kristi. Vegard var einig, men vil helst få lov til å bruke mobilen i friminutta. Frå 1-10, kor godt liker du deg på skulen? -8 av 10, sa begge. Gler du deg til entreprenørskap i 9.klasse? Dei gler seg til entreprenørskap i 9.klasse, begge to. Saknar du noko med gamleskulen? Vegard saknar ingenting, men Kristi synes det var mykje koselegare på barneskulen. Kva er forskjellen på undervisninga? Dei synes det er strengare på ungdomsskulen. 6

LEKSER-JA ELLER NEI? Den norske skulen har alltid hatt lekser, og det har vore naturlig å ta med seg noko av skulearbeidet heim. I det siste har derimot debatten om me eigentlig treng lekser dukka opp i media og blant politikarane. Treng me eigentleg lekser? Eit argument for lekser er at det skapar gode arbeidsvanar. Med det meiner me at borna sjølv må velje når dei skal gjere leksene, og det må du og gjere i arbeidslivet. Borna må og ta omsyn til treningar og andre aktivitetar i kvardagen. Lekser gjev og elevane eit ansvar, og lærer dei at dei må jobbe med resultata. Derimot lærer elevane på forskjellige måtar, så alle har kanskje ikkje så stort utbytte av lekser. Det tyder at nokon elevar lærer betre utan lekser. Det hadde vore ein mogelegheit å ha ein meir individuell skule, som meiner at behovet av lekser vart tilpassa til kvar elev. Erfaringane viser at dei fleste born får betre resultat med lekser, men resultata hadde nok stege med ein meir individuell skule. Ei anna moglegheit hadde vore å innført heildagsskule, altså at elevane hadde gått 7-8 timar på skulen, i staden for 6 timar. Problemet med dette er at som regel pleier elevane å vere urolege og slitne i 6.time, så tenk korleis det hadde vore i 8.time? Viss det skulle ha vore heildagsskule måtte elevane også ha fått eit måltid på skulen. Med to timar meir på skulen kan det og bli vanskelegare med treningar og aktivitetar, sidan mange gjer ting rett etter skulen. Eit anna argument for heildagsskule er at skulane med lekser oppnår høgare resultat. Når du har lekser, blir det meir arbeid og mindre fritid, men det gjev resultat. Det er fordi lekser er repetisjon. Repetisjon er nødvendig for at du skal lære stoffet godt, men då er det nødvendig at lærarane går igjennom leksene etterpå, slik at elevane får retta opp eventuelle feil. Leksene må og vere stoff som er jobba med på skulen, og ikkje nytt stoff. Læraren må heller ikkje gje lekser som elevane ikkje har noko utbytte av, for dei leksene tek berre tid. Norske lærarar må bli flinkare til å gje lekser som elevane får noko utbytte av. Elevar i Noreg er framleis middelmåtige i viktige fag som matematikk, naturfag og lesing, det tyder at me treng meir øving i det. Ein SSB-studie av 16 OECD-land viser at jo meir undervisning borna får på skulen, jo meir får dei igjen for å gjere lekser i tillegg. «Lekser skapar sosiale forskjellar» seier SV, og meiner med det at ikkje alle har like resurssterke foreldre som andre, og dei får ikkje like mykje hjelp med leksene som andre. Foreldra har kanskje jobbar der dei ikkje får repetert visse typar kunnskap, eller har dei gløymt det, eller så har dei ikkje fått utdanning sjølv. 7

Dei elevane som har det slik, kjem fagleg sett ikkje så langt som andre medelevar, det kan gå på sjølvbiletet, og kan føre til at dei fell ut av skulen, såkalla drop-out. Viss ein tek vekk leksene får me derimot ikkje utnytta den ressursen som nokon foreldre er. Frivillig leksehjelp kan vere ein ide, slik at ingen har meir tilgang på kunnskap enn andre. Det er mange gode argument for og imot lekser. Sjølv vil eg ha lekser, fordi eg føler eg lærer noko av det, men det er viktig at læraren går gjennom det etterpå. At lekser kan kome i vegen for fritidsaktivitetar kan eg forstå, men sjølv om eg går på mange aktivitetar får eg som regel tid til å gjere alle leksene. Viss du ikkje får tid, kan det vere fordi at du ikkje lagar ein plan over når du skal gjere leksene. Det gjer eg, og det fungerer veldig godt. Gaupne 6.juni 2016 Kristi Bjørhusdal 8

Mobilforbodet på Luster ungdomsskule Mobilforbodet vart drøfta og innført i veke 42 i 2013. Mange er elevar er imot dette forbodet. Eg meiner me klarar oss heilt fint utan mobilen på skulen. Her er mitt syn på saka. Ein kan jo seie at det er meir tungvint å gje beskjedar viss alle beskjedar skal gå gjennom skulen. No må alle beskjedar som skal gjevast frå foreldre eller frå elevar gjennom skulen i staden for. På den andre sida er det jo det at ein ikkje skal bli tatt bilete av utan samtykke. Eg har sjølv sett at nokre av timane der me får lov å bruke mobil sklir det heilt ut og folk byrjar å ta bilete av kvarandre og finn på anna tull. Det er også viktig det at ein treng ein pause frå mobilen. Dei fleste brukar mobilen resten av dagen og då kan det vere greitt med ein pause. Når elevane klagar over mobilforbodet viser dei berre at dei ikkje klarar seg utan mobilen og i alle fall treng ein pause. Sjølv om dei ikkje merkar det sjølv, har dei nok godt av ein pause innimellom. Eg meiner mobilforbodet er heilt greitt. Det gjer folk meir sosiale og dei får ein pause. Sidan så mange er ueinige kan ein eventuelt komme fram til eit kompromiss med til dømes eitt friminutt i veka der ein kan få lov å bruke mobilen. Gaupne 6.juni 2016 Rasmus Tennø Loe 9

Kva er valfag? Valfag er eit fag der elevane sjølv får velje mellom fleire alternativ. Det er i alt 14 valfag i Noreg, og på Luster ungdomsskule har me desse: Innsats for andre, Fysisk aktivitet og helse, Teknologi i praksis og Trafikk. Dette er eit eksempel på noko det går ann å lage i Teknologi i praksis Kvifor har me valfag og korleis er det organisert på ungdomskulen? Mange opplever ungdomsskulen som for teoretisk. Derfor innførte ein i 2012 valfag. Ein skal ha ein og ein halv time med valfag kvar veke. På Luster ungdomsskule er dette organisert ved at me har tre skuletimar annankvar veke og kvar sjette fredag har me tre timar. Det er Fysisk aktivitet og Helse og Teknologi i praksis som er tilgjengeleg i 8. klasse. I 9. klasse kan du velje Innsats for andre og Fysisk aktivitet og helse, og i 10. Trafikk, Fysisk aktivitet og Helse og Innsats for andre. I ein oversikt me har laga, kjem det fram at litt over tre femdelar av elevane er med på Fysisk aktivitet og helse. Nytt valfag - programmering Til neste år skal programmering innførast som eit prøveprosjekt og det skal gå over 3 år. Skulen kan søke om pengestøtte til å starte opp dette valfaget, og utdanningsdirektoratet skal plukke ut 46 skular som skal vere med på dette prosjektet. Siste nytt! Den siste informasjonen me har motteke viser at Luster ungdomsskule blei ein av dei som blei plukka ut til og vere med på dette prosjektet. I Sogn og Fjordane var det seks skular som blei vald ut. 10

Korleis opplever elevane valfaga på skulen? Me har intervjua 8. klassingane Andrea Gangdal og Daniel Aarøy om valfag og kva dei synes. 1. Kva slags valfag har du valt? 2. Kva gjer du i dette valfaget? 3. Kva synes du om dette valfaget? 4. Er det nokre valfag du saknar på Luster ungdomskule? 5. Programmering er tenkt som valfag til neste år på Luster ungdomskule, er dette noko du kunne tenkje deg? Daniel Aarøy 1. -Teknologi i praksis 2. -Me brukar plast og lagar forskjellege figurar, og me har laga spel og sånt ut av plast. 3. -Eg synes det er morosamt og det er artig å lage forskjellige ting med plast. 4. -Ikkje noko som eg har høyrt om i alle fall. 5. -Ja, det hadde vert veldig morosamt hadde me fått det her på Luster ungdomskule. Andrea Gangdal 1. -Fysisk aktivitet og helse 2. -Me gjer litt forskjelleg, me er av og til ute i parken og av og til inne i idrettshallen og gjere forskjellege aktivitetar. 3. -Det er veldig kjekt. 4. -Nei. 5. -Nei, eigentleg ikkje. Kva valfag vel elevane på Luster ungdomsskule? Me har lagd ein statistikk basert på valfaga elevane blei plasserte på i haust. Det kan ha skjedd endringar i ettertid ettersom elevane fram til haustferien har moglegheit til å bytte valfag. I undersøkinga kjem det fram at dei aller fleste vel fysisk aktivitet og helse. Dette kan komme av at det er det einaste faget som er tilgjengeleg i alle klassane. valgfag 9 % 11 % 18 % 62 % fysisk aktivitet og helse teknologi i praksis Uteområdet 11

På veg utanfor skuleområdet I ordensreglementet for Luster ungdomsskule kjem det fram at ingen må gå utanfor skulen sitt område utan særskild løyve frå ein lærar. Mange av elevane ved Luster ungdomsskule ynskjer likevel å gå bort på Pyramiden i matfriminutt. Det vil gi moglegheit til å kjøpe mat og drikke. På kantina vår kan ein ikkje tilby så mykje. Der får ein kun kjøpt: yoghurt, nudlar, knekkebrød og juice. Samtidig meiner mange at dei er blitt så vaksne at dei klarer å reise til Pyramiden aleine. Det kan også hende at elevane ikkje har tilgang til næringsrik mat heime. Samtidig kan det vere utfordringar med å sende elevar til Ein kan risikere at elevane spring rundt og herjar og uroar på Samtidig er ein redd for at elevane kanskje vil naske. For og finne ut meir om dette har tre elevar ved Luster intervjua sjefen på Coop Prix, Steinar Lad for og finne ut meir om Coop Gaupne Pyramiden. butikkar. ungdomsskule nasking. Steinar Lad Prix Er nasking og ungdom eit problem hos dykk? - Det er ikkje eit stort problem, men det har skjedd. I tilfelle kva vert teke frå butikk? - For det meste er det øl, brus og litt smågodt som blir stole. Korleis reagerer ungdom dersom dei vert tekne på fersken? - Litt forskjellige, men dei fleste blir skremd og småredde, og tenker på kva konsekvensar det kan få. Kva skjer om ein vert teken? Spelar alder noko rolle? - Ja alder spelar ein rolle, men det er ikkje ei fast grense. Om det er ungar så snakkar me gjerna med foreldra. Men viss det er eldre ungdom, so blir det vanlegvis meldt til politiet. Trur du ungdom veit kva konsekvensar nasking kan få? - Ja, det trur eg dei veit, dersom dei tenkjer seg om. 12

Kva arbeidsoppgåver har rådgjevaren vår? -Eg har jobba på Luster ungdomsskule som rådgjevar i fleire periodar. Etter å ha vore rektor nokre år, og seinare ut i permisjon, er eg no attende som rådgjevar på skulen, seier Gunn Beate Thorsnes Lefdal. Gunn Beate seier at ho trivst i jobben som rådgjevar. Ho møter kanskje elevane på ein annan måte enn lærarar flest gjennom samtalar ho har med dei om utdanning og yrkesval. I tillegg til rettleiinga om utdanning og yrkesval, har ho ansvaret for hospitering i 9. og 10. klasse. Dei to hospiteringsperiodane strekkjer seg over ei veke kvar, og då får elevane velje eit studieprogram frå vidaregåande dei skal prøve ut, med tre dagar praksis i ei eller anna bedrift etterpå. Så dersom elevane vel programområdet Bygg og anlegg og hospiterer i Sogndal i to dagar, så er dei ute i ei bedrift resten av veka som tømrar, murar m.m. Gunn Beate Lefdal Då me spør ho om faget Utdanningsval er viktig, vert ho engasjert. -Ja det tykkjer eg. Det handlar ikkje berre om yrke og utdanning, men å bli kjent med seg sjølv. Finna dei sterke og mindre sterke sidene sine og kva ein likar og ikkje likar. Elles er det viktig å få kunnskap om alle yrka som finst og kva ein kan velja. At skulen får næringslivet «inn i klasserommet» vert viktig ved at personar kjem og kan fortelja om sine yrke, og at elevane er ute på arbeidsplassar og gjer seg kjende. Ein finn ikkje all informasjon på nettet. Så faget Utdanningsval er med på å bestemma framtida til elevane! På spørsmålet om 10.klasse og rådgjeving svarar ho at rådgjevar gjennomfører gruppesamtalar med elevane etter at dei har vore ute og hospitert i 10.klasse. Der snakkar elevane om dei ulike programområda dei har gjort seg kjende med og deler erfaringar. Deretter går ein over til individuelle samtalar når tida for å søkje på vidaregåande skule nærmar seg. Her har dei høve til å stille spørsmål som dei lurer på om utdanning og jobb. Men det er ikkje mi oppgåve å bestemme kva dei skal søkja på, men rettleia dei inn på rett spor fram til tidspunktet dei må velja sjølv. Til slutt hjelper eg dei med praktiske ting knytt til søknaden som er 1. mars kvar år. Søknadane vert sendt elektronisk, avsluttar Gunn Beate. Me lurte på om alle elevane veit kva dei skal søkja på? -Det er både òg. Nokre er veit veldig godt kva dei skal velja, medan andre er meir usikre. Hospiteringa dei har gjennomført tidlegare, er til god hjelp. Heilt til slutt drista me oss til å spørje korleis inntrykk ho hadde av elevane på Luster ungdomsskule? -Det er berre kjekke elevar på Luster ungdomsskule! 13

Kva veit 8.klassingane om utdanning og arbeid? Me spurte dei og her er resultatet. Har du tenkt på kva jobb du vil ha etter videregåande? Har du tenkt på kva linje du vil ta på videregåande? 20 18 16 14 12 10 8 6 4 2 0 18 4 17 ja nei usikker 25 20 15 10 5 0 21 10 ja nei usikker 8 40 35 30 25 20 15 10 5 0 Kan du namnet på ti yrke? 34 5 ja nei 25 20 15 10 5 0 Påverkar medelevane sitt val av linjer deg når du skal velje? 1 17 21 ja nei kanskje litt Føler du at du har nok kunnskap om dei ulike linjene du skal velje i 10. klasse? Føler du deg sikker på valget du skal ta i 10. klasse? 35 30 25 20 31 25 20 15 15 10 5 2 6 10 5 0 nokre alle ingen 0 ja nei usikker Entreprenørskap Entreprenørskap er i 9 klasse. Det varer i 1-2 veker og der har dei halve og heile dagar. Dei tek timar i alle fag. Entreprenørskap går ut på å lære seg kva som ventar i jobblivet. 14

Luster ungdomsskule: Her er ei øving som heiter Skeia. (Arkivfota våren 2014) Korleis organiserer Luster ungdomskule entreprenørskap. Det er lagt til 9. klasse og vanlegvis på våren. Dei har som regel entreprenørskap i 1-2 veker. Når dei har entreprenørskap har dei det i alle fag fordi entreprenørskap finst i alle fag på skulen, som til dømes matte, norsk osb. På Luster ungdomsskule har dei prøvd ut både elevbedrifter og gründercamp. Før dei starter med elevbedrifta må elevane tenkje ut ein plan for kva dei har lyst til å gjere. Dei må tenkje ut ein forretningsidé og kva produkt dei skal laga. Opp gjennom åra har det vore mange forskjellige elevbedrifter. Nokre av dei har vore produksjon av: matvarer, redesign av smykker, skulegenserar med skulelogoar, fotballskule og grupper som tilbyr opplæring av data for personar i nærområdet. Gründercamp er samarbeid mellom næringslivet i Luster og elevane. I tillegg til at grupper av elevar besøkjer lokale bedrifter i Gaupne, får dei eit arbeidsoppdrag frå bedriftene som elevane skal laga ei løysing på. Dei 2 til 3 beste forslaga vert det arbeidd vidare med og seinare vert resultatet presentert på entreprenørskapsmessa. For 2 år sidan presenterte dei løysingar for korleis SIMAS skulle løysa levering av spesialavfall og andre fann løysingar på korleis lokale bedrifter kunne skaffe seg nye tilsette. 15

Bang! Handballkurs i gang! 9. klasse frå Luster ungdomsskule har hatt entreprenørskapsveke. Sandra Fristad og Hedda Njøs hadde kurs i handball som si elevbedrift. (Handballskule: Hedda Njøs og Sandra Fristad) Korleis fann de på idéen med handballkurs? -Me tenkte for det meste at me ville drive me noko innan sport. -Me driv med handball begge to, og det var nokon før oss som hadde prøvd ut fotballskule, og me ville prøve noko nytt med handballskule. Kven var med i denne bedrifta? -Det var Hedda, Sandra,Daniel, Omar, Abdi og Emil. Kor mange kom på kurset? -Det kom 19 personar. Kva var aldersgruppa for dei som kunne komme? -Det var 5.-7. klasse frå Gaupne. Var det eit gratis kurs eller måtte dei som var med betale? -Dei som var med måtte betale 50kr kvar dag, så kunne dei velje kor mange dagar dei ville vere med. Kor mange pengar tente de? 16

-Me tente rundt 2000 kr, men det vart litt mindre fordi me hadde ein del utgifter. I framtida er det slik at de vil forsette med handballkurs? Kvifor? -Ja, me kunne ha gjort det, men det er det å ha tid. Det er masse som skjer elles, og det tek ein del av tida vår. Fekk de god respons av ungar og foreldre? -Ja, foreldra var mest glad fordi dei fekk hjelp med leksene, i tillegg til aktivitetar på same tid. Når var treningane? -Me hadde dei på onsdagar og torsdagar. Me var i gymsalen og der sette me ut bord og stolar til leksehjelpa. Der hadde me mest fokus på handballteknikk. Kvar kom dei forskjellige frå, berre frå Gaupne? -Ja, denne gangen var det berre gaupningar. Me hadde berre tid etter skulen, så det var vanskeleg for dei som kom frå Indre Hafslo og Luster. Sogn og Fjordane Ungt Entreprenørskap (UE) er ein ideell, landsomfattande organisasjon som i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv. NM for Ungdomsbedrifter 2016 skal haldast i Lillestrøm 28-29. april. Ungt Entreprenørskap består av eit nasjonalt sekretariat og 17 fylkesorganisasjonar. UE Sogn og Fjordane vart etablert i januar 2000 og forvaltar merkevara lokalt med eige styre og ansvar for eiga finansiering. Dei fyrste åra var det berre aktivitet i den vidaregåande skulen. I dag kan me tilby inntil 20 ulike program tilpassa heile utdanningsløpet. Me byrjar med entreprenørskap i 9. klasse. Entreprenørskap er slik at ungdommar får prøve å lage ei eiga bedrift. Les meir: http://www.ue.no/ 17

Intervju med Mona Kristin Bukve. Me intervjua Mona Kristin Bukve, teamleiaren i 9. klasse, om entreprenørskap som dei gjennomførte i årets 9. klasse. Interessant for oss då me skal ha entreprenørskap til neste år. Er entreprenørskap eit eige fag eller finst det i alle fag? - Det er ikkje eit eige fag, men det finst i mange fag, då me finn at kompetansemåla som omhandlar entreprenørskap fagplanane. Kvifor har me entreprenørskap på skulen? - For og få litt variasjon i undervisninga, og for å - oppleva litt andre ting der kreativitet vert viktig. Og i matte skal du lære ein del om budsjett, rekneskap og økonomi. Slik at me når kompetansemåla i mange fag ved og jobbe med entreprenørskap. Me har høyrt om elevverksemder-kva er det? - Elevane skal starta med ei elevbedrift, driva ho og avslutta ho. Det er ikkje det å produsere som er det viktigaste, men det å komme med ein forretningside. Deretter vurdere om ein får selt vara eller tenesta og om det er behov for den. Så skal dei lage seg logo og namn. Deretter skal dei lage eit budsjett. Etter det skal dei produsere. Og så skal dei marknadsføra seg og selje. Er det noko form for konkurranse mellom gruppene/elevverksemdene og kva er bedrifts- messe? - Vanlegvis har me kåring av dei tre beste gruppene på skulen, og så reiser me på ei bedriftsmesse. Der møter me andre skular i Indre Sogn. Men me skal på leirskule i den tida messa er så i år får me ikkje delta. Om me hadde delteke og vunne hadde me fått premiar til klassen. Me hadde foreldre kveld i staden der elevane kunne selje til foreldra. Elevane selde produkta som dei hadde laga den kvelden. Likar elevane entreprenørskap? - Ja, det verkar slik. Du merkar at nye elevar jobbar godt når dei får praktiske oppgåver og får ta ansvar. Du ser dei jobbar på ein litt annan måte enn vanlegvis i timane. 18

Eksamen det er farleg det? På 10. steget skal alle elever og vaksne trekkast ut til skriftleg og ein munnleg eksamen. Å trekkje tyder at det blir bestemt kva fag ein skal komme opp i til eksamen. I munnleg eksamen kan du kome opp i norsk, engelsk, mattematikk, fordjupingsfaga, 2.framandspråk, samfunnsfag og naturfag. Du får 30 minutt på deg. Elevane får vite kva fag dei kjem opp i 48 timar før, og 24 timar før byrjar førebuinga. Eleven får utdelt eit tema eller ei problemstilling som dei skal lage ein presentasjon ut frå. Det einaste hjelpemiddelet eleven kan ha på munnleg eksamen er sine eigne notatar knytt til presentasjonen. På den skriftlege eksamen får du 5 timar på deg. Her kan du kome opp i dei grunnleggande faga norsk, engelsk og mattematikk. I dette skuleåret får elevane i 10.klasse vite korleis trekkfag dei kjem opp i 18.mai. 20.mai er det eksamen i matematikk, 24.mai og 25.mai er det eksamen i norsk og 27.mai er det eksamen i engelsk. Dette gjeld den skriftlege eksamen. I norsk og engelsk får elevane ein førebuingsdag, der dei får utlevert førebuingsmateriell. Det får dei ikkje i matematikk. Munnleg eksamen er lokalt gitt. Det tyder at organisering, trekking av fag og elevar, sensorskolering, hjelpemiddel og eksamensoppgåver, er eit lokalt ansvar. Eksamen er det knytt mange reglar til. Dersom ein blir teken i fusk eller forsøk på fusk, skjer følgande Eleven kan få eksamen i faget annullert. Eleven som får eksamen annullert, misser standpunktkarakteren i faget. Elever i vidaregåande opplæring og privatister kan tidlegast gå opp til ny eksamen eit år etter. 19

Plagiat er å bruke andre sine tekstar heilt eller delvis utan å oppgje kjelda. Når alle hjelpemiddel er tillatt til eksamen, er det ikkje plagiat å bruke kjelder, men då skal kjeldene oppgjevast på ein etterretteleg måte. Konsekvensane av plagiat kan føre til lågare måloppnåing, fordi det blir vanskelegare å sjå eleven sin individuelle kompetanse når ein i stor grad har nytta klypp og lim frå andre sine tekstar. Eksamen er ofte forbunde med stress. Det er ofte knytt stress og prestasjonsangst til eksamen. På nettet finst det artiklar om dette emnet. Her er det ei lenkje til ein artikkel om korleis du kan takle eksamensstress eller nervøsitet før t.d. ein presentasjon. http://www.ung.no/leksehjelp/2956_nerv%c3%b8s_f%c3%b8r_framf%c3%b8ringer_og_muntlig_eksame n.html 20

-Det er framleis ei stund til eksamen Ingen kjenner eksamenspresset betre enn elevane sjølv. Difor har me intervjua Siri Sandvik (10A) og Henning Kjærvik (10A) om eksamen. Me spurte dei om dei gruar seg eller er stressa, om korleis fag dei vil og ikkje vil komme opp i, og kor mykje øving det trengst. Korleis førebur de dykk før eksamen? Me driv veldig masse med repetisjonsspørsmål, eller me repeterer veldig mykje. Me har mange heildagar, svarar Siri. -Det er berre å tenke på eksamen som ein vanleg heildag, seier Siri og Henning. Er det mykje stress i eksamenstida? -Du må berre tenkje på det som ein vanleg heildag, seier Henning. Siri seier at ho trur nokon stressar meir enn andre. Ho sjølv tenkjer ikkje så mykje på det. Korleis type stress? Dei tenkjer seg om. -Det er meir eit press, eit karakterpress. Du føler at du må ha gode karkarakterkarakterar, seier Siri til slutt. Får de øve til eksamen i nokon timar på skulen? Begge to svarar ja i kor. -I matte har me ein time i veka, og det einaste dei pratar om er eksamen, held Henning fram. Krev det mykje øving? Henning meiner at det spørst kva du kjem opp i. Du må berre vere godt førebudd, seier Siri. Vert det snakka mykje om eksamen? -Ja, heile tida, svarar dei. Siri tilføyer at det blir snakka om eksamen kvar dag. 21

Kva fag vil de komme opp i munnleg og skriftleg eksamen? Siri vil komme opp i norsk skriftleg og samfunnsfag munnleg. -Det er fordi eg kan snakke norsk, i det minste, og samfunnsfag er og norsk, slik at eg slepp å snakke eit anna språk, og så er det lett å lære. Eg hadde det på prøveeksamen, og det gjekk bra, seier ho. -Matte i skriftleg og naturfag i munnleg., Matte kan du øve til, og naturfag det er morosamt, svarar Henning. Kva fag vil de ikkje komme opp i munnelg og skriftleg eksamen? Siri svarar med ein gong:-matte og tysk. Ingen av dei vil komme opp i tysk munnleg. -Eg vil ikkje komme opp i skriftleg matte, seier Siri. Henning vil ikkje komme opp i engelsk skriftleg. Gruar de dykk til eksamen? -Nei, ikkje enno, men eg kjem sikkert til å gjere det, seier Siri. Kvifor? Siri gruar seg ikkje enno, for ho har andre ting i livet sitt å stresse over. Det er ei stund til framleis, svarar ho. -Du må berre tenke på det som ein vanleg heildag, seier Henning, igjen. Elevane har ulike ynskjer om korleis fag dei vil komme opp i, men sjølve trekkinga er tilfeldig. Dei får og god tid til å førebu seg på skulen. Ingen av elevane er nervøse eller stressa enno, dei seier at det er berre å tenke på eksamen som ein vanleg heildag. 22

-Dei skriv ut tusenvis av ark dei kanskje ikkje treng Me har og intervjua Anne Berit Nytun om korleis det er å vere lærar i eksamenstida. Ho har vore oppe i eksamen med elevane mange gonger, og hadde mange gode svar til oss. Har du vore oppe i eksamen før? -Ja, eg har vore oppe i eksamen med elevar ganske mange gonger. Munnleg, då pleier eg å vere oppe i 10., kvar gong eg har 10.klasse. Skriftleg er litt varierande, sidan elevane berre kjem opp i eit skriftleg fag, men eg har vore oppe i begge to. Sist gong eg var oppe trur eg det var i norsk og samfunnsfag. Korleis erfaringar har du med det? -Eg synst eigentleg det er veldig spennande. I skriftleg eksamen får elevane prøve seg på eksamensoppgåver som heile landet har. Dei får ein sensor utanfrå som skal rette, og dei får sjå kor gode dei er i forhold til dei andre elevane i Noreg. Dei kan samanlikne, og det er litt spennande, for oss lærarar iallfall, og eg trur elevane synst det er kjekt. Merkar du at elevane blir stressa? -Ja, dei blir veldig stressa, og så angrar dei kanskje på at dei ikkje har jobba litt meir grundig før, og så blir det veldig travelt, og så jobbar dei masse. Dei skriv notatar, skriv ut tusenvis av ark som dei kanskje ikkje treng, men dei jobbar veldig grundig. I norsk så har dei ein norskperm som eg trur er veldig viktig for alle å ha på eksamen. Har du vore sensor? -Ja. eg har vore skriftleg, men ikkje munnleg sensor. For to år sidan var eg skriftleg sensor i norsk. Då får me oppgåver tilsendt, eg fekk 120 stilar frå ulike skular rundt om i Sogn og Fjordane og Møre Romsdal som eg skulle rette. Før rettinga starta, var eg på sensormøte i Loen. Der fekk me instruksar, slik at me skulle vere veldig like når me retta. Så retta me våre 120 tekstar, før med møttest igjen. Det eine året i Loen og det andre året i Molde. Så gjekk me gjennom svara. Det er alltid to personar som rettar kvart einaste svar. Viss me ikkje hadde likt, så måtte me gå gjennom dei ein gong til og bli einige slik at me hadde lik karakter. Nesten alltid 23

så hadde me likt. Det var kanskje nokon som hadde fire pluss, og ein som hadde fire, men det var jo ein fire likevel. Det var utruleg like resultat. Når får elevane vite eksamensresultata? -På munnleg får dei vite det same dagen, når dei er ferdig med sin munnleg. På nokre skular har dei det slik at dei ikkje får vite det før alle elevane er ferdige, på slutten av dagen. Medan på skriftleg går det mange veker. Hjå oss er det tradisjon at elevane får karakteren den kvelden me har avsluttingsfest. Då har resultatet komme til skulen på dagen. Bjørg på kontoret har skrive det inn på alle vitnemåla, og så får dei det på festen. I år er det torsdagskvelden dei skal ha fest. 24