Vinjehuset. Program. Hausten 2014

Like dokumenter
august 2013 NESETDAGANE.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

INFORMASJON om førestellinga:

Stemnehandboka for NKSF

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Månadsplan for Hare November

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

«Ny Giv» med gjetarhund

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

MEDLEMSINFO. april 09

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Sandeid skule SFO Årsplan

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Brødsbrytelsen - Nattverden

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

6. trinn. Veke 24 Navn:

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Teaterforestillinger for barnefamilier

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

MEDLEMSINFO. august 2009

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Strategidokument Varhaug Misjonshus

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Kvalitetsplan mot mobbing

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Til deg som bur i fosterheim år

5. Soknerådsmøte mai Referat

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Vinjehuset. Program. våren 2015

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Årsplan i Musikk for 2.årssteg

Velkomen til Mork barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

k o n f i r mant 2013

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Les for livet - del 2 (Ref # )

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

Transkript:

[ ] Vinjehuset Program Hausten 2014

august september JENNY JENSEN Verbalt og musikalsk har Jenny vareoppteljing blant norske og internasjonale allsongslagere. Publikum får utdelt hefter med songar i beste «Allsang på Grensen-stil». Bli med og syng! DATO: Tysdag 16. september Odd Nordstoga og Barokksolistene Med låten sin «Ein Farfar i livet» i bakhovudet, overtydd om at eit barokkensemble passa som hand i hanske til musikken sin, ringde Odd til Bjarte Eike, som han kjende frå studiedagane i Bergen for å høyre om det kunne la seg gjera å dela ein konsert heime i Vinje. Det synte seg at det var mogeleg. Så på fredagskvelden under Litteraturdagane er det derfor duka for ein salig fusjon av Nordstoga, Eike og Barokksolistene. Her blir det songar om både Frøken Franzen og farfedrar i og blanding med fortidas popmusikk frå Europa utført av dei aller beste på sitt felt. Ei unik konsertoppleving, spesialarrangert for denne kvelden i Vinje. Så dette vil du ikkje gå glipp av! DATO: Fredag 29. august KLOKKESLETT: 19:30 PRIS: kr 400,- ARR. Litteraturdagane i Vinje og Folkeakademiet YNGVE HÅGENSEN «Er ideologiene døde?» Den kjende fagforeiningsleiaren Yngve Hågensen tar for seg samfunnsutviklinga i historisk perspektiv og komande utfordringar. Yngve Hågensen, norsk fagforeiningsleiar, opphavleg papirarbeidar. LO sekretær 1977 89, leiar av LO 1989 2001. Ein av våre mest markante LO leiarar, og Hågensen sin kombinasjon av moderne lønsoppgjer og sosiale reformer var eit vesentlig bidrag til den positive økonomiske utvikling i hans leiarperiode. 2003 2008 var han dommar i Arbeidsretten oppnemnt etter innstilling frå LO. I 2004 gav han ut memoarane sine «Gjør din plikt, krev din rett». DATO: Torsdag 18. september PRIS: Medlem 100,- Ordinær 150,- I døra 200,- [ 2 ] [ 3 ]

september september LARS FYKERUD TRIUMF OG TRAGEDIE E I K O N S E R T F O R T E L J I N G PER ANDERS BUEN GARNÅS HARDINGFELE HALLGRIM BERG FORTELJAR PER ANDERS BUEN GARNÅS OG HALLGRIM BERG «Lars Fykerud triumf og tragedie» Ei konsertforteljing. Programmet har fleire siktemål: - Presentere norsk slåttemusikk og solo hardingfelespel på sitt beste. - Løfte fram Lars Fykerud musikalske geni og hans viktige rolle i folkemusikken. - Lage ei fin stund for publikum, med overtyding om at ei konsertoppleving kan vera minnerik sjølv om ho er reint akustisk. Me markerar kulturminnedagen med dette kulturinnslaget. JONAS ALASKA TRIO Det er snart tre år sidan Jonas Alaska dukka opp, tilsynelatande frå ingenting, og på rekordtid fekk sitt store gjennombrot i Noreg. Sjølv om han er ung, er Jonas ein tekstforfattar og låtskrivar som ein legg merke til, med eit særeige uttrykk og ei sterk stemme. Artistar som Paul Simon, John Lennon og Bob Dylan blir ofte nemnt som referansar til Alaska sin musikk, men han klarar kunststykket å aldri bli ein kopi. Tekstane har ein tematikk og eit språk som speglar den tida han sjølv lever i. Debutalbumet «Jonas Alaska» i 2011, fekk ein strålande mottaking, selde til gull og blei trippel «Spelemann» nominera. Jonas fekk «Spelemann» for «Årets nykommar» og «Gramostipend». Alaska har aldri vore på latsida når det gjeld låtskriving mellom konsertrundane, og våren 2013 blei oppfylgjaralbumet, «If Only As A Ghost» sleppt. Denne gongen med legendariske Kjartan Kristiansen (Dumdum boys) i produsentstolen. Foto: Bjarne Bare DATO: Laurdag 20. september KLOKKESLETT: 14:00 og Folkeakademiet DATO: Fredag 26. september PRIS: 290,- I døra 350,- [ 4 ] [ 5 ]

oktober oktober og Victoria Production AS presenterer Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen INGEBJØRG BRATLAND MED BAND Ingebjørg fekk Vinje kommune sin kulturpris for 2013 og den blir delt ut denne kvelden. Det rår alltid rosande omtale der Ingebjørg Bratland opptrer. Med sitt vare vesen og inderlege formidlingsevne rører ho publikum på ein heilt spesiell måte. 3. mars i år kom Ingebjørg med fyrste soloalbum «Berre meg», noko som mange hadde sett fram til. I fjor turnerte Ingebjørg saman med sambygding Odd Nordstoga og prosjektet «Heimafrå». Turnéen blei på heile 132 konsertar frå Varanger i nord til Lindesnes i sør - den varte frå mars til november. Og blei avslutta med to utselde hus i Oslo si storstoga Den Norske Opera. Ingebjørg Harman Bratland er ein av Noregs fremste unge utøvar innan vokal folkemusikk. Ingebjørg har med si unike stemme utmerka seg som en utøvar som går nye vegar og som gjerne utfordrar sine folkemusikalske røter. Mange minnes Ingebjørg som ho som fekk kongen til å gråte, då ho song «Den fyrste song» på Kong Harald, sin 70-årsdag. 11. oktober kjem Ingebjørg heim med sitt eige band for å spele på Vinjehuset. DATO: Laurdag 11. oktober PRIS: Ordinær 350,- I døra 400,- KARIUS OG BAKTUS, TEATER IBSEN Alle kjennar vel Thorbjørn Egners historie om Karius og Baktus, de to tanntrolla som bur i munnen til stakkar Jens. Og det er litt synd på Jens, for det kan ikkje vere morosamt å ha to ivrige tanntroll i munnen som hakkar laus på tennene sine. Men Jens har også litt skuld i det sjølv. Han er nemleg glad i loff med sirup på, karamellar og andre søtsaker. Og det er sjølvsagt Karius og Baktus òg. Så korleis vil det gå med Jens? Og kva med Karius og Baktus? Puss tennene, og kom og finn det ut! DATO: Torsdag 16. oktober KLOKKESLETT: 18:00 PRIS: Ordinær 150,- [ 6 ] [ 7 ]

oktober oktober Plakaten "for to":layout 1 06-05-09 13:07 Side 1 FOLKEAKADEMIET I VINJE FYLLER 60 ÅR! Dei feirar 60 års jubileum denne helga, og Folkeakademidagen og FN dag. Alle 60 åringar som fyller 60 år i 2014 får fri tilgang på ei av tilskipingane laurdag 25. oktober. 24. oktober skal Igor Dunderovic rundt til alle ungdomsskulane med produksjonen «på feil side av låven». Dette er ei gåve frå FA Vinje til skulane. Og Prøysen for to er på Nordheimstunet, Rauland bygdeheim og helsesenteret. TEATER FABEL. DE TRE SMÅ GRISER «Det var ein gong ei grisemor som hadde tre små grisungar. Då dei blei store, var det fleire munnar å mette enn kva grisemor klarte, så ho bestemte seg for å sende dei ut i verda for å søkje lykka. Og ein vakker dag, gav grisane seg i veg ut i den store verda:» Eventyret om «de tre små griser» er velkjent for mange, både igjennom eventyrforteljing og som teiknefilm. Dette er ei framsyning der dokkespelarane/skodespelarane er godt synleg for publikum og kor dokkene er store. Teater Ibsen presenterer «PRØYSEN FOR TO» 2014 er Prøysen-året! Da er det 100 år sidan vår kjære Alf Prøysen blei født. Her får du høyre kjende, mindre kjende og ukjende songar av Alf Prøysen. Her blir det fart og moro, humring og gapskratt, så vel som viser til ettertanke. Og du er invitert til allsong på fleire av dei mest kjende songane! I forbindelse med Prøysenåret, har Elin arbeida med ei samleutgåve av alle visene. Somme av dei er songar som ikkje tidlegare er gjeve ut. Elin og Egil vil presentere somme av desse visene på forestellinga. DATO: Laurdag 25. oktober KLOKKESLETT: 14:00 PRIS: Medlem Gratis, - Voksen 50,- Barn 50,- Familie 100,- DATO: Laurdag 25.10 og måndag 27.10 (Vinje Pensjonistlag.) KLOKKESLETT: 17:00 i Blåmann /DKSS og Folkeakademiet Vinje Pensjonistlag arrangerer i samarbeid med Vinje kommune/ DKSS Prøysen for to måndag 27. oktober kl. 14:00. [ 8 ] [ 9 ]

oktober november HJEM, TEATER IBSEN «Fire mennesker møtes på et Hjem. To kvinner og to menn. Lite vet vi om dem; mer når stykket er slutt, men avgjort langt fra alt. Hvorfor de er der er et hovedtema, og tydeligvis kan de ikke forlate området. Alle er skyldige i noe svært alvorlig, og de fire snakker og snakker og lyver og lyver. Det får vi med oss, og de liker hverandre ikke. Tonen mellom dem er ikke spesielt sivilisert, Men de er fordømt til å tilbringe sin utmålte tid sammen. Det er en fascinerende blanding av Sartres For lukkede dører hvor hovedtesen er: HELVETE ER DE ANDRE og Beckets Mens vi venter på Godot. Våre folk venter ikke på Godot. De venter på ingenting.» INGVILD LILLETVEDT NORDSTOGA Instruktør Stein Winge. DATO: Fredag 07. november KLOKKESLETT: KL. 19:00 PRIS: Honnør 200,- Ordinær 250,- Student 150,- Songar, låtskrivar og tekstforfattar frå Stamnes i Vaksdal kommune. Ho kom med sin debutalbum «Den minste cafeen» januar 2014. På Ingvild Lilletvedt Nordstogas debutalbum finn me musikk med element frå pop, viser, jazz og bossa-nova. Det musikalske uttrykket er reint og enkelt. Tekst og musikk er forteljande og biletskapande, og kan gjerne utfordre popmusikkens formspråk og låtlengde. Lydbiletet er akustisk og ope og tek vare på det umiddelbare og nære i song og formidling. Musikken trekkjer vekslar på nordisk visetradisjon - og er samstundes vakker og iøyrefallande popmusikk. Tekstene er kvardagsbetraktingar - det store i det små. DATO: Laurdag 25. oktober KLOKKESLETT: 20:00 og Folkeakademiet Inkl. Quiz i Blåmann etter konserten. BIRGITTE GRIMSTAD Me markerar grunnlovsjubileet med Viser, dikt og song Kjend visesongar, nå med teater og opplesing på repertoaret. Dei siste åra har ho laga musikk til fleire danse- og teaterførestillingar. DATO: Onsdag 12. november [ 10 ] [ 11 ]

november desember Foto: Luke Tennant FERAL SEASON Det var ein traust og mørk vinterkveld i slutten av 2013 at fire karar møttest rundt nokon musikkinstrument og fikk ei openberring. «Me startar eit band!» kom det frå han med mest hår. Alle dei andre karane var einige og me byrja å spele. Feral Season er et nytt band frå Vinje som hentar impulsar frå klassisk 70-talls rock, folkemusikk, jazz og pop. Sjekk ut heimesida: www.feralseason.no JOLEKONSERT MED KULTURSKULEN Alle dei flinke kulturskuleelevane er klare for å gje deg ei fantastisk musikk- og teateroppleving. DATO: Laurdag 15. november KLOKKESLETT: 20:00 PRIS: Ordinær 150,- I døra 200,- FA Vinje har quiz etter konserten. DATO: Måndag 08. desember KLOKKESLETT: 18:00 PRIS: Gratis OLAV STEDJE Programmet «I Levande Livet» tar for seg Stedjes karriere, med muntre historier og kjende songar. Den varme stemma til Olav Stedje er framleis like god og trollbind publikum. Vokalist, gitarist og tekstforfattar. Platedebuterte i 1981 med årets mest populære debutplate «Ta meg med». Blant songane var «Vi vandrar saman» og «Når ho er hjå meg». I løpet av 30 år har Olav Stedje gitt ut 12 plater. Han har fått både «Spelemann pris», «Medaaspris», fylkeskulturpris og i 2011 «Lutt sin hederspris». Olav Stedje har lege på Norsktoppen med om lag 40 ulike låtar, og han har deltatt i norske Melodi Grand Prix fire gonger. DATO: Torsdag 27. november PUBQUIZ I BLÅMANN: Laurdag 20. september Laurdag 25. oktober Laurdag 15. november Laurdag 20. desember KLOKKESLETT: 21:00 PRIS: Ordinær 50,- Medlem gratis ARR. Vinje folkeakademi VRIMLEDAG: DATO: Sundag 28. desember KLOKKESLETT: 12:00 PRIS: Gratis JOLETREFEST: DATO: Sundag 28. desember KLOKKESLETT: 17:00 PRIS: 50,- [ 12 ] [ 13 ]

annonser annonser Folkeakademiet i Vinje Målet vårt er å skape gode møtestader der barn, unge, vaksne og eldre kan deltaka i kulturaktivitetar. Me samlar folk på tvers av kulturar og generasjonar. Og bidreg til å auke trivselen i nærmiljøet. Me legg vekt på kulturen sin eigenverdi men ser og kultur som eit viktig element i utvikling av einskildmenneske og i helsefremmande og forebyggande arbeid. www.folkeakademiene.no 29. 31. august 2014 Me ynskjer å samarbeide med andre lag og einskildpersonar. Er dette noko du har lyst til å vera med på så meld deg inn i FA Vinje. Hausten 2014 startar me opp med desse tilboda: Torsdag 25. september / 6 kveldar Dans og yoga 3 6 år Kl. 17:00 Pris: 200,- Dans fri aldersgrense Kl. 18:00 Med blant anna latinamerikanske rytmar Yoga avspenning Kl. 19:30 Kontakt: Åse Hylland moraase@hotmail.com Vinjedagen 2014 laurdag 23.august Vinjedagen er ein marknadsdag med lange tradisjonar. Me ynskjer at det skal vera liv og røre i sentrum. Vinje IL skipar til Vinje-cup på Åmot stadion der det i fjor var over 300 deltakarar. Det vil òg vere mogleg å gjera ein god handel i buine som har opent frå kl. 10.00 16.00 (matbuine har eigne opningstider). Det vil bugne av gode tilbod! Du er hjartleg velkomen til Vinjedagen laurdag 23.august. Det er Vinje Næringslag, Vinje IL og Folkeakademiet Vinje som organiserer Vinjedagen 2014. dag solstad andreas hompland Ruth Lillegraven Gine C. Pedersen Dagne Groven Myren Ingrid Storholmen odd nordstoga barokksolistene stein versto olav vesaas torgeir straand aasmund nordstoga ///////////////////////////// www.litteraturdaganeivinje.no [ 14 ] [ 15 ]

bygdekino Hugs bygdekino annakvar måndag (partalsveker). Komande filmar: «Dragetreneren 2» (2D, norsk tale) «Guardians of the Galaxy 2D» «Børning» «Operasjon Arktis» Sjå heile programmet på www.bygekinoen.no BLÅMANN Blåmann er ein kafè i kjellaren på Vinjehuset som blir driven på dugnad av frivillige. Dei har eit ynskje om å ha ein uformell møtestad der ein kan treffe andre utan at det må vere i samband med eit særskild arrangement. Her kan du setje deg ned og slappe av aleine, med familien eller venene dine og nyte kaffi, te, øl, vin og litt småmat i trivelege lokale. Me har ope torsdagar 19.00-22.00 og laurdagar 19.00-23.00. VINJE FOLKEBIBLIOTEK 2 etg. i Coopbygget Tysdag og torsdag kl. 12.00-19.00 onsdag, fredag og laurdag kl. 12.00-15.00 Tlf: 35 06 22 42 FRIVILLIGSENTRALEN Ved biblioteket, 2 etg. Coopbygget Måndag, onsdag og fredag 08:30-16:00 Tysdag 11:30-19:00 Torsdag, tilgjengeleg på telefon: Tlf: 35 06 21 70/ 959 39 201 For meir informasjon om andre tilskipingar i Vinje kommune eller endringar, sjekk ut: www.facebook.com/vinjehuset www.vinje.kommune.no Kva skjer [ ] Kjøp billettar på www.vinje.kommune.no