GOL OG HEMSEDAL. Hemsedal Kyrkje desember 2015. Foto: Rune Abrahamsen. Brannsikkerhet i Hemsedal Kyrkje...4. Kunngjeringar... 5, 6 & 7. Min salme...

Like dokumenter
Brødsbrytelsen - Nattverden

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

5. Soknerådsmøte mai Referat

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Nyhetsbrev fra stiftelsen TO SKO Mars / April 2011

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Temagudstjeneste for Haukeland skole

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

6. trinn. Veke 24 Navn:

Songar til julefesten 2014

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

I N N H O L D. Forord

Valdres vidaregåande skule

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

«Ny Giv» med gjetarhund

INFORMASJON om førestellinga:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller


JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

k o n f i r mant 2013

Kandidater til Fana sokneråd 2015

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

BARNESKOLE klasse KONSEPT SKOLEGUDSTJENESTE JUL. 3. Tenning av adventslysene elever - mens vi synger: Tenn lys!

Velkomen til soknerådskurs

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Møteprotokoll for møte i

Gudstjenestehefte. Gudstjenesteheftet inneholder:

Månadsplan for Hare November

Sorgvers til annonse

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Korpsnytt. Januar og februar «Herre, lær meg din vei, så jeg kan vandre i sannhet» Salme 86,11

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Kva er økologisk matproduksjon?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

og de danser, danser rundt i ring. Men nissefar han truer med sin store skje og kom avsted. For grøten min vil jeg få lov å ha i fred,

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Jeg ber for Lønnkammerbønnen

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord


VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

En eksplosjon av følelser Del 3 Av Ole Johannes Ferkingstad

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Nyhetsbrev fra stiftelsen TO SKO Mai Salig er de som ikke ser, og likevel tror

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Hånd i hånd fra Kilden Konsert Tekster

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Transkript:

GOL OG HEMSEDAL Nr. 1 - februar 2016 67. årgang I n n h a l d Min salme... 2 Vi etterlyser... 2 Andakt... 3 Brannsikkerhet i Hemsedal Kyrkje...4 Digital kollekt i Hemsedal kyrkje...4 Kunngjeringar... 5, 6 & 7 Velkomen til kyrkje!... 7 Taksametret går... 8 Hemsedal Kyrkje desember 2015. Foto: Rune Abrahamsen.

Min salme Karianne Østro Då sønnen vår vart født fekk eg ein kristen CD av tante som er soldat i frelsesarmeen. Og den brukte me som voggesang. Teksten synes eg er så fin, og eg trur alle som har fått barn kan kjenne seg att i den. Når du sit der med babyen i armane på natta og skal prøve å få den til å sova. Du sit der å tenker: Kva skal du bli når du blir stor? Vil eg kunne beskytte deg og verne deg til du greier deg sjølv? Fyrste gong eg høyrde salma tenkte eg ikkje på den som ei salme. Så kopla eg brått at det er Maria som syng til Jesus. Og då fall teksten på plass. Tekst og Foto Kjetil Storebråten Karianne Østro er frå Herad og er vara medlem til sokne rådet der. Ho har valgt seg salma Himlen i min favn Det er egentleg ein julesang av Carola Häggkvist og Erik Hillestad. Himlen i min favn Tekst: Erik Hillestad Melodi: Carola Häggkvist Hvem har tent den stjernen som lyser i ditt øye? Hvem tok mørket bort i hyrders blikk din første natt? Hvem har flettet kronen, av strå omkring din panne hvem har ført tre visemenn til vår stall min kjære skatt? Er du en av tusen små, er du den vi venter på, du mitt lille barn, en engel har gitt navn. Er det jordens største skatt, jeg beskytter denne natt, er det selve himlen som jeg vugger i mitt fang. Hvem har gitt deg frykten, som får deg til å gråte? Hvorfor tar din hånd så hardt et grep om mammas hår? Rundt oss danser skygger, nå er engelen borte han sa så mye vakkert, mye mer enn jeg forstår. Er du en av tusen små, er du den vi venter på, du mitt lille barn, en engel har gitt navn. Er det jordens største skatt, jeg beskytter denne natt, er det selve himlen som jeg vugger i mitt fang. Gi at dine dager får bli til andres glede gi at alle møter deg med kjærlighet mild og god aldri skal jeg glemme, de ord som jeg fikk høre hva som enn oss hender vil de gi oss kraft og mot Er du en av tusen små, er du den vi venter på, du mitt lille barn, en engel har gitt navn. Er det jordens største skatt, jeg beskytter denne natt, er det selve himlen som jeg vugger i mitt fang. Vi etterlyser Kontakt med lesarane. Stoff til bladet. Tips om saker vi kan skrive om. Vi i redaksjonen vil gjerne gje ut eit så godt blad som mogeleg. Til det treng vi hjelp frå dykk som les Kyrkjebladet. Er det ting de saknar? Kva kan gjerast betre? Vi oppmodar også om at de sender oss stoff som de meiner kan passe i bladet. Kanskje eit arrangement som fortener omtale, anten på førehand eller i ettertid? Og kjenner du deg ikkje komfortabel med å skrive sjølv, er vi takksame for alle tips som kjem til redaksjonen. Retting I forrige nummer under Min Salme ble det trykket feil tekst. Riktig salme er Lina Sandell sin Herre gjør meg stille fra 1872. Kyrkjebladet beklager det, her kommer riktig tekst. Herre gjør meg stille, Stille kun for deg, glad for i det lille Å få ofre meg! Nåde gi å møte Glad hver dag som gryr, Og med troskap skjøtte Hva meg livet byr! Herre, hva er lykke? Blott å eie deg. La ei jorden rykke sinnet bort med seg! Bær meg gjennom verden Kjære Herre Krist, Led og styr du ferden Hjem til deg til sist! Lina Sandell 2

Forandring Andakt Me har akkurat forlatt krybben i Betlehem og vandrar mot påske etter å ha feira han som kom for å forandra verden. Det er aldri lett å forandra verden. Tekst Kjetil Th. Storebråten Den som kjem for å endra vil oppleve at mange ynskjer at ting skal vera slik det har vore. Kyrkja er ikkje noko unntak i så måte. Men det er slik forandringens dynamikk er. Når nye kjem så blir det forandring. Etter kvart tilpassar me oss, og langsomt skjer ei forvandling. Eg fekk det rådet ein gong at skal du forandra noko må du ikkje gjera det med meir enn 10 % kvart år. Dette for at det som skal endras treng tid på å tilpassa seg. I så måte gjekk Jesus fort fram. Kvinna ved brønnen, Lasarus, Sakkeus vart alle forandra der og då i møte med Jesus. Det er lett å si at slik har me alltid gjort det. Då er det ikkje lett å koma som ny til ein ukjend stad. Kyrkjekontoret i Hemsedal er eg oppteken av at alle me som arbeidar her er eit team. Eit team der me har ulike roller og opp gåver. Kven som er leder er ikkje viktig men at alle har same mål: At folk skal bli forvandla og finne ei gudstru. Nesten alle me som arbeidar på kontoret er nye i vårt arbeid. Difor blir det forandring. Me må passa på å ikkje endra så mykje at dei som har vore i kyrkja i alle år ikkje trivas lenger. Samtidig så må me endra slik at fleire opplever seg heime. Me behøver å bli møtt med tålmodighet og omsorg om me går litt for fort fram. Når det blir for mange nye salmer, når me ikkje har fått med oss at opp gåvene våre har blitt løyst på andre måtar før. Men med nye ting kjem også nytt liv når det får tid til å vekse. Eg opplever at mykje spirar og gror i kyrkjelyden i Hemsedal. Her er det mange engasjerte kristne som legg ned ein formidabel innsats kvar gong det er gudsteneste. Med erfaring og engasjement taklar desse også forand ring. Fordi dei sjølve ein gong vart for andra. Og med forandring kjem ofte for undring. Forundring over at Gud vart menneske, og at han gjekk inn i påsken og endra verda. Og verda vart aldri den same. Fastetida kan heilt sikkert brukas til å ta inn over seg dette. God vandring. GOL OG HEMSEDAL KYRKJEBLAD Antall nr.: Utgjevar: Redaksjon: 6 nummer i året Sokneråda i Gol og Hemsedal prestegjeld Kjell Slåtten, Kåre Olav Solhjell, Kjetil Th Storebråten, Sølvi Larsen Aalrust (red.), Britt Marie Haraldset Hafsås Ekspedisjon: Kyrkjekontoret 3550 Gol Kasserar: Arne Oddmund Tuv, 3560 Hemsedal. Bankgiro: Sparebank 1 Hallingdal 2367.60.00097 E-post: oaalrust@online.no GOL, herad OG HEMSEDAL Gol kyrkjekontor Ekspedisjonstid månd fredag 9.00 15.00 Gol kommunehus 3. etg. Tlf: 32 02 90 00 kyrkja@gol.kommune.no www.gol.kyrkja.no Kyrkjeverje: Anne Gerd Jorde Dir.tlf. 32 02 91 35 Mobil: 971 58 134 anne-gerd.jorde@gol.kommune.no Fridag torsdagar. Sokneprest: Jan Olav Skinnemoen Dir.tlf. 32 02 91 37 Mobil: 952 75 312 jan.olav.skinnemoen@gol.kommune.no Måndag: Fridag. Soknediakon: Ingrid Økesveen Dir. tlf. 32 02 91 38 ingrid.okesveen@gol.kommune.no Måndag: Fridag. Diakoniarbeider: Wera Waage Frogner Mobil: 943 54 618 wera-waage.frogner@gol.kommune.no Måndag eller onsdag Organist: Justin Vickery Tlf. 474 75 580 justin.vickery@gol.kommune.no Sekretær: Berit Langehaug Tlf. 32 02 91 39 Kontortid: Månd, tysd, torsd kl 9.00 14.00 berit.langehaug@gol.kommune.no Kyrkjetenarar: Arne Braathen Tlf.: 901 36 647 knut Ole Klepp Tlf.: 906 58 761 Menighetspedagog for Gol og Hemsedal: Britt Marie Haraldset Hafsås Tlf: 951 22 136 britt-marie.haraldset-hafsas@gol.kommune.no HEMSEDAL KYRKJEKONTOR Ekspedisjonstid månd torsdag 9.00 15.00 fredag 9.00 12.00 Hemsedal kommunehus Tlf. 31 40 88 45 kyrkjekontoret@hemsedal.kommune.no www.hemsedal.kyrkja.no Kyrkjeverje: Kjetil Th. Storebråten Kontortid: Måndag tors: 9.00 15.00 fre: 9.00 12.00 Tlf: 31 40 88 45 Mob: 908 21 745 kjetil@hemsedal.kommune.no Sokneprest: Camilla Osnes Mobil: 977 15 677 camilla.osnes@hemsedal.kommune.no Måndag: Fridag. Organist: Kjersti Hagen Tlf: 902 45 535 kjers10@yahoo.com Kantor: Peter Rødel Tlf: 950 49 045 kape10@hotmail.no Kyrkjetenar: Helge Haraldset Hafsås Tlf. 991 08 596 Gravplassen: Hans Vidar Sørensen Tlf: 911 76 827 Sokneråda: Herad: Leiar Gunn Astrid Frøysok Tlf. 990 34 376 Gol: Leiar Trygve Lono Smedsgård Tlf.: 900 63 161 Hemsedal: Leiar Sissel Rudningen Tlf: 419 35 246 Fellesråda: Gol: Leiar Ola Grønseth Tlf. 920 97 939 Hemsedal: Sissel Rudningen Tlf. 482 40 275 Ynskjer du å gje ei gåve til kyrkja: Hemsedal: 2367.20.49482 Gol: 2324.20.01354 Herad: 2324.62.05795 3

Brannsikkerhet ved arrangement i Hemsedal Kyrkje Hemsedal Kyrkjelege Fellesråd skal til ei kvar tid sikra at alle som kjem til kyrkja er trygge for brann og andre hendingar. Me gjer alt for å sikre at kyrkja vår skal vera ein trygg plass å vera. Ved store arrangement, konsertar, julaftan, og nokre gravferder o.a. kan det av og til bli for mange inne i kyrkja. Brannreglane vedteke av Hallingdal brannvesen seier at det maksimalt kan vera 420 personar inne i kyrkja inkl. galleri. Ved bruk av brannvakter kan det maksimalt vera 480 personar inne i kyrkja. Kjem det fleir enn dette må me dessverre avvisa folk. Me er leie for dette, men dei som går i kyrkja skal alltid vera sikre på at alle kjem seg trygt ut ved brann eller andre hendingar. Det vil på store arrangement vera synlege vakter inne i kyrkja med gule vestar. Nyttar du rullestol og ynskjer å kome i kyrkja ta kontakt med kyrkjetenar dagen før. Me oppfordrar folk til å vera ute i god tid, og ber om forståing for at me må avvisa folk når max antall inne er nådd. Me teller ved å dela ut program til alle som kjem i kyrkja, liten og stor. På den måten veit me alltid kor mange som er inne i kyrkja. Har de spørsmål så ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret. Mvh Leier for Hemsedal Kyrkjeleg Fellesråd Sissel Rudningen Kyrkjeverje Kjetil Th. Storebråten Digital kollekt i Hemsedal kyrkje Hemsedal Kyrkje har no tatt i bruk mcash til kollekt og støtte. Du vil fortsatt kunne gje kollekt i kyrkja som før, men denne appen er enkel å bruke for dei som ikkje har tatt med seg pengar. DEN NORSKE KYRKJA Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet Hemsedal LAST NED mcash mcash blir brukt som betalingsteneste stadig fleire stader. Du kan også overføra pengar til vener og kjente. For å betala med mcash må du fyrst lasta ned appen til telefonen. Det gjer du slik: 1. Gå inn på App Store eller på Google play. Søk opp mcash og last ned. 2. Følg instruksjonane og legg inn opplysningar om betalingskortet du vil bruka. BETAL KOLLEKTEN RASKT OG ENKELT MED MOBILEN Har du lasta ned MCASH kan du enkelt betale ved å fylje instruksjonane under. 1. Logg inn på mcash på mobilen 2. Velg «betal» i menyen på toppen 3. Skann QR koden 4. Velg ønska beløp 5. «Sveip» for å godta. Kjøpet er gjennomført og blir belasta ditt betalingskort. QR-KODE I samarbeid med: HALLINGDAL VALDRES 4

Jazzgudsteneste Hemsedal kyrkje fredag 4. mars kl 19.00 Takkoffer: Musikkarbeidet i Kyrkjelyden Alle velkommen Konsert i G o l k y r k j e søndag 28. februar kl. 19.00 med Agnes Auer (sopran) og Justin Vickery (orgel/piano). Variert program med blant annet musikk av J. S. Bach. www.facebook.com/events/448577042000469/ FASTEAKSJONEN 2016 TYSDAG 15. MARS Det blir fasteaksjon i Hemsedal, Gol og Herad tysdag 15. mars kl. 17.30. Konfirmanter og foreldre køyrer rundt med innsamlingsbøsser. Ta vel i mot dei! Send GAVE på sms til 2426 (200 kr) eller benytt kontonummer 1594 22 87493 5

Kunngjeringar Døyp te Hemsedal kyrkje 10.01.16 Kala Flaget Larsen Døde Hemsedal kyrkje 08.12.15 Knut Haug f. 1930 21.12.15 Erik Finset f. 1923 Herad kyrkje 08.12.15 Åse Olsen f. 1940 Gol kyrkje 08.12.15 Terje Ivar Sando f. 1955 (gravlagt Ål kyrkje) 30.12.15 Carl Ronnie Landmann f. 1961 (gravlagt Geilo Kulturkyrkje) 04.01.15 Ivar Rudningen f. 1937 04.01.15 Luidmila Aliosina f. 1953 Torsdagstreff for kvinner på Helselagstugu Møteplass for kvinner fra ulike kulturer. Fellesskap Tar opp forskjellige temaer. Spiser mat fra forskjellige land. Sang og underholdning. Torsdag 21. januar kl. 18.30 Torsdag 18. februar kl. 18.30 Torsdag 17. mars kl. 18.30 Ønsker du skyss til treffene ring Gunhild 971 81 627 eller Ingrid 971 12 521. Arr: Gol Røde Kors, Helselaget og Diakoniutvalget. Alle barn frå 4 år er hjarteleg velkomne til Hemsedal sundagsskule. Kyrkjelydens årsfest i Hemsedal Sundag 13. mars kl. 18.00 til 20.00 På Kyrkjestugo Andakt ved Sokneprest Camilla Osnes Alle velkommen DEN NORSKE KYRKJA Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet Hemsedal 6 Åpent hus Torsdag 28. januar kl. 11.00 på Gol bedehus. Andakt ved prest/rådgiver Arne Lie. Ola Stake: Tilbakeblikk på gamle dager i butikken. Torsdag 25. februar kl. 11.00. Andakt. Jan Olav Skinnemoen. Mer program kommer senere. Alle er hjertelig velkommen! Arr: Diakoniutvalget Dugurdstreff på Gol bedehus kl. 11.00 Torsdag 4. februar Torsdag 3. mars Vi snakker litt om gamle dager. Sang og opplesning. Ord til ettertanke. Dugurdsmat. Arr: Diakoniutvalget. Velkomen til Sørbygda misjonsforening på Ulsåk bedehus andre tysdagen i månaden kl. 11.30. Plan for vårsemesteret: 12. januar 9. februar 8. mars basar 19. april 10. mai For meir info kontakt leiaren vår, Einar Thorset tlf. 909 78 213. I vårsemestret 2016 har vi desse samlingane: På Kyrkjestugu kl. 11.00: 24. januar / 14. februar / 28. februar SKIRENNET er på Gravset 6. mars. Gudsteneste "For store og små" 13. mars i Kyrkja kl. 11.00. På Kyrkjestugu (NB!) kl. 10.00 10. april. Gudsteneste "For store og små" 24. april i Kyrkja kl. 11.00. Semesteravslutning vert ein sundag i mai. Dato kjem seinare. Vi gler oss til å sjå deg på søndags skulen! Helsing leiarane i søndags skulen. Vi samlast på Kyrkjestugo i Hemsedal fredagar kl 13.30 15.00 RETT ETTER SKULETID Alle som går i 5. 7. klasse er velkomen! Datoar for vinter/vår: 22. januar 5. februar 19. februar 11. mars 1. april 15. april 29. april 13. mai 27. mai 10. juni - sommaravslutning Britt Marie Haraldset Hafsås - 951 22 136 NESTE KYRKJEBLAD Nr. 2/2016 kjem ut rundt 17. mars. Stoff sender ein til: oaalrust@online.no innan 7. mars.

Velkomen til kyrkje! 31. jan. Kristi forklåringsdag HERAD KYRKJE KL. 11.00 Gudsteneste. Skinnemoen Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet 7. feb. fastelavensøndag GOL KYRKJE KL. 11.00. Gudsteneste. Osnes Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet HEMSEDAL KYRKJESTUGO KL. 16.00 «Søndag for alle». 14. feb. 1. søndag i fastetida HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00 Folkemusikkmesse - Jo Asgeir Lie m.fl. Osnes. Takkoffer: Bibelselskapet. GOL KYRKJE KL. 19.00 Salmekveld. «Lær meg å elske, Herre» (salmeboka nr. 111, vers 5). Salmer om kjærlighet på Valentinsdag og i fastetida. Skinnemoen. Vickery. 21. feb. 2. sundag i fastetida HERAD KYRKJE KL. 11.00 Sprell levande gudsteneste. Dåpsskole for 6-åringane. Gullrekka. Skinnemoen. Takkoffer: Gullrekka. 28. feb. 3. sundag i fastetida GOL KYRKJE KL. 11.00 Gudsteneste. Nattverd. Osnes. Takkoffer. GOL KYRKJE KL. 19.00 Konsert. Agnes Auer sopran, Justin Vickery orgel/piano. HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00 Gudsteneste. Nattverd. Skinnemoen. Takkoffer: IKO- Institutt for Kristen Oppseding. 4. mars Jazzmesse «Etterklang» HEMSEDAL KYRKJE KL. 19.00 Kveldsgudsteneste. Nattverd. Osnes. Takkoffer: Musikkarbeidet i Kyrkjelyden. 6. mars 4. sundag i fastetida HERAD KYRKJE KL. 19.00 Kveldsgudsteneste m/bønevandring og nattverd. Økesveen. Osnes. Takkoffer: Frelsesarmèen. HEMSEDAL KYRKJESTUGO KL. 16.00 «Søndag for alle» 13. mars Maria bodskapsdag GOL KYRKJE KL. 11.00 Gudsteneste. Skinnemoen. Takkoffer. HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00 Gudsteneste for store og små. (Sprell Levande) Dåpsskule for 6-åringane. Osnes. Takkoffer: Kyrkjelydens landbruksprosjekt i Aserbajdsjan. Gol bedehus KL. 19.00 Årsfest for Gol og Herad sokn. 20. mars Palmesundag HERAD KYRKJE KL. 11.00 Gudsteneste. Skinnemoen. Takkoffer: Anne Berit Lagmannsgård sitt arbeid. GOL GRAVFERDSBYRÅ c/o Bente Andreassen Tlf.: 32 07 75 51/mob. 480 23 477 HEMSEDAL GRAVFERDSBYRÅ Olav Støyten og Hans Vidar Sørensen Tlf.: 97 41 41 00 Hallingdal Gravferdsbyrå Steinar Aa www.hallingdalgravferd.no Tlf 32 08 23 00 Ledig klokkar stilling i Herad kyrkje Det er ledig stilling som klokkar i Herad kyrkje. Klokkaren er presten sin hjelper og har oppgåver ved dåp, nattverd, innsamling og teljing av takkoffer, kunn gjeringar m.m. Arbeidstid er kl 10 13 når guds tenesta er kl 11.00, elles etter avtale. Løn etter tariff. Stillinga kan gjerne delast på fleire om ynskjeleg. For meir informasjon om stillinga kan kyrkje kontoret kontaktast på telefon 32 02 90 00. Søknad sendast: Gol kyrkjekontor, Gamlevegen 4, 3550 Gol eller på epost til kyrkja@gol.kommune.no innan 15. februar 2016. I forrige nummer var framsidebiletet av biskopen og Anders Stake. Desse fann tonen på sangstund på Helselagsstugu på Gol. Her er litt meir informasjon om sangstund ene og datoar for våren. Sangstund på Helselagstugu våren 2016, kl. 18.30 til 20.00 Spesielt tilrettelagt for mennesker med nedsatt funksjons evne. Vi samles til sangstund annenhver onsdag på Helselagstugu. Der synger vi litt forskjellige sanger, gamle og kjente sanger og litt nye. Der kan man være med uten å kunne synge, for vi har rytmen og gleden ved musikken. Sang og musikk og kaffepause med kaker. En frivillig er med og lager i stand til kaffepause. Vi avslutter med å tenne et lys for alle. Organist Justin Vickery og under tegnede leder. Petter Rukke spiller trommer, og flere er med på rytmeinstrumenter. Vi er støttet av kristelig studieråd. Velkommen til å være med på en hyggelig sangstund med mye glede. Datoer: Onsdag 27. januar Onsdag 10. februar Onsdag 24. februar Onsdag 9. mars Hilsen Diakon Ingrid Økesveen 7

Taksametret går - for tredje periode Informasjon Det skortar ikkje på kontinuitet i folkevalde organ i Gol kyrkje. Trygve Lono Smedsgård (61) held fram som leiar i soknerådet. Tekst og foto Kjell Slåtten Drosjesjåføren frå Tuppeskogen tek fatt på sin tredje samanhengande periode i rådet, den andre som leiar. Men rutinen stoppar ikkje der. Han var også medlem av soknerådet i to periodar på 80-talet. For å understreke kontinuiteten ytterlegare, går Ola Grønseth laus på ein ny periode som leiar av fellesrådet. - Interessant Trygve Lono Smedsgård er altså ein sann veteran innan soknerådsarbeid. - Det må vel bety at du finn det interessant? - Ja, eg gjer jo det. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta ein ny periode som leiar, men det er ikkje så lett å kome unna når ein har vore leiar før, smiler han. Han sit med positivt inntrykk av dei han hadde med seg i forrige periode. Dei var lette å beda og greie å få med når noko skulle gjerast. Han trur det same er tilfelle no. Dei nye medlemmene verkar engasjerte og tende. Eit godt samarbeid med sokneprest og andre på kyrkjekontoret, gjer også alt mykje lettare. Endring Trygve sit med eit bestemt inntrykk av at dette med sokneråd og oppfatninga folk har av det, har endra seg mykje dei seinare åra. - Før var soknerådet helst eit råd for «spesielt interesserte». Det er det ikkje lenger. No famnar det også om folk som kanskje ikkje er dei flittigaste til å gå i kyrkja. Så kyrkja står nok likevel ganske sterkt i folket, meiner han. - Er det ikkje frustrerande å sitje i eit kyrkjeleg råd i ei tid då samfunnet ser ut til å bli meir og meir verdsleg og mindre og mindre opphengt i kristne verdiar? Trygve Lono Smedsgård er attvald som leiar i Gol sokneråd. - Det viser seg at folk nok er opptekne av kyrkja lell, om dei ikkje akkurat går der til stadigheit. Utfordringar I tilknyting til det siste meiner han ei av utfordringane for kyrkja framover, blir å sjå om ein kan finne arrangement som i større grad får folk til å finne vegen dit. - Også i ein slik samanheng trur eg det er bra med eit sokneråd med stor breidde og medlemmer med ulike interesser. Det kan føre til mange interessante innspel, meiner han. Elles fryktar han at økonomien kan bli ei utfordring: - Gol kommune har vore lett å ha med å gjere. Me fekk mykje til oppussing og oppgradering av begge kyrkjene våre i forrige periode. Eg er redd det blir strammare no. Det knyter seg også uvisse til den nye kyrkjeordninga, etter at kyrkje og stat har skilt lag, konstaterer han. I ein slik situasjon er det neppe nokon ulempe at soknerådsleiaren er utstyrt med sunt bondevett. For sjølv om han har køyrt drosje på heiltid dei siste 15 åra og er dagleg leiar av Gol Drosjesentral, er han framleis gardeigar, om enn ikkje lenger gardbrukar. Men det sunne vettet er vonleg i behald Gol Grafiske as tlf. 32 07 43 65