DET KONGELIGE JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT



Like dokumenter
Deres ref Vår ref Dato 15/

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Høringsinstanser. Akademikernes Fellesorganisasjon. Aksjesparerforeningen i Norge. AktuarKonsulenters Forum. Alle departementene. Banklovkommisjonen

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Ot.prp. nr. 38 ( ) Om lov om endringar i lov 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer og finansavtalelova m.m.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

HØRING - FORSLAG TIL ENDRING I ARBEIDSMILJØLOVEN 1-2 OG FORSKRIFT AV 21. FEBRUAR 1986 NR. 540 OM ARBEIDSMILJØ OG ARBEIDERVERN M.V. FOR SIVIL LUFTFART

Deres ref.: vi~ii

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Høyringsdokumenta finn du på regjeringen.no under følgjande adresse:

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høring

Ot.prp. nr. 7 ( )

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Fylkesmannen i Vestfold Postboks TØNSBERG

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Klager over vedtak om tilgang til Sandefjord havn - Sandefjord kommune Vestfold - vedtak

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Namning av vegar i Fræna Kommune

Ot.prp. nr. 78 ( )

Språkstatistikk for departementa for 2010

Ot.prp. nr. 99 ( ) Om lov om endringar i lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (ankesum)

Innst. O. nr. 78. ( ) Innstilling til Odelstinget fra justiskomiteen. Ot.prp. nr. 63 ( )

Høyringsnotat 1. INNLEIING. Lovavdelinga November 2009 Snr

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Nr. 8/180 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 384/2010. av 5. mai 2010

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

DET KONGELIGE JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT

Vår ref. 2012/ Særutskrift - Dispensasjon frå reguleringsplan og kommuneplan - 70/3, 5 - Årsnes - Norsafe AS

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Språkstatistikk for departementa for 2009

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune

1A-534,2 u.off Saksbeh. kk Kopi:

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Juridisk avdeling

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

VANG KOMMUNE. Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: SUNHAK - 15/ , L

Aurland kommune Rådmannen

Likelydende iht liste

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Ønske om innspill - Vedtak om lisensfelling av ulv

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-5/14/

Justis- og politidepartementet Postboks 8005 Dep 0030 OSLO

Møteinnkalling Formannskapet

Adresseføresegner, Sund kommune

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

Deres ref Vår ref Dato. Delegering av myndighet etter inndelingsloven til fylkesmennene. Oppdatering av rundskriv om inndelingsloven.

Nasjonalbiblioteket Depotbiblioteket

0j0,Fw-1 DET KONGELIGE OG POLITIDEPARTEMENT. Til høringsinstansene ifølge vedlagte liste

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Ot.prp. nr. 73 ( ) Om lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Forbrukerrådets husleiekontrakt

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

DET KONGELIGE JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT. Vår ret Dato 2007/06293 SIA W

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Stedsnavntjenesten for norske navn i Nord-Norge

KONKURRANSEGRUNNLAG. Levering og lagring av strøsand. Tilbudsfrist: Kl Eigenerklæring om helse, miljø og tryggleik.

statens vegvesen Saksbehandler/innvalgsnr: Roald Gulbrandsøy

Om avskriving av tap på krav: Sjå økonomihandboka pkt og

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR

Innst. O. nr. 20. ( ) Innstilling til Odelstinget frå justiskomiteen. Ot.prp. nr. 115 ( )

Post Språkrådet Sent: 21. desember :40

2oiioiili-~3. Roald Breistein. Page 1 of i

Lagring av advarsler i personalmapper - Datatilsynets veiledning

Høringsbrev - Forslag til forskriftsendringer - Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.

DET KONGELIGE OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENT

10/60-14/N-211//AMS

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

Styresak. Styresak 11/05 Styremøte I føretaksmøte 17. januar 2005 blei det gjort følgjande endringar i vedtektene til Helse Vest RHF:

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

7 3 DES 251. Helse Sør-Øst PB I-IAMAR

10/ /K2-L32//AEM

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Innst. O. nr. 44. ( ) Innstilling til Odelstinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen. Ot.prp. nr. 17 ( )

Vedtekter for Fusa Kraftlag


Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Høyring - fisket etter sei for kystfartøy - utnytting av kvote

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Videre følger det av offentleglova 3 at alle kan "krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register til organet hos vedkommande organ.

Transkript:

DET KONGELIGE JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT Sjå adresseliste Vår ref. Dato 200405233 EP TFJ/ESI/mk 2. april 2004 Høyring - forslag til endring i inkassolova 5 første ledd bokstav b. Kravet om fast forretningsstad i Noreg 1. Justisdepartementet sender med dette på høyring eit forslag om endring i lov 3. mai 1988 nr 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven). Forslaget går ut på å endre inkassolova 5 om vilkår for inkassoløyve, slik at inkassoforetak som driv frå fast forretningsstad i ein annan EØS-stat, kan få norsk inkassoløyve. I dag er det berre foretak som driv frå fast forretningsstad i Noreg, som kan få slikt løyve. Bakgrunnen for forslaget er omsynet til EØS-retten. 2 For at eit foretak skal kunne få inkassoløyve til stadig og ervervsmessig inndriving av forfalne pengekrav for andre (framandinkasso), må inkassoverksemda drivast frå ein fast forretningsstad i Noreg, jf. inkassolova 5 første ledd bokstav b. Føresegna er grunngitt i kontroll- og handhevingsomsyn og i eit ønskje om å unngå lowalsspørsmål, jf. Otprp. nr. 2 (1987-88) Om lov om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (Inkassoloven) s. 39 og 40. EFTAs overvakingsorgan (ESA) har reist spørsmål om kravet til fast forretningsstad i Noreg er i samsvar med EØS-avtalen. Prinsippet om fri rørsle av tenester er knesett i EØS-avtalen artikkel 36 nr. 1, som lyder slik: "limen rammen av bestemmelsene i denne avtale skal det ikke være noen restriksjoner pa adgangen til å yte tjenester innen avtalepartenes territorium for statsborgere i en av EFs medlemsstater eller en EFTA-stat som har etablert seg i en annen av EFs medlemsstater eller EFTA-stat enn tjenesteytelsens mottager." Postadresse Kontoradresse Telefon - sentralbord Postboks 8005 Dep Akersgt. 42 22 24 90 90 0030 Oslo Org. nr.: 972 417 831 Lovavdelingen Telefaks 22 24 27 25 Saksbehandlar Tore Fjørtoft 22 24 53 88

Føresegna inneber at foretak som høyrer heime i andre EØSstatar, i utgangspunktet skal kunne drive inkassoverksemd i Noreg på same vilkår som norske foretak. Etter EØS-avtalen artikkel 39, jf. artikkel 33, er reglar som diskriminerer utanlandske foretak, berre tillatne i den grad dei er grunngitt i omsynet til offentleg orden, tryggleik og folkehelsa. Andre restriksjonar på retten til å yte tenester kan ifølgje praksis frå EF domstolen aksepterast dersom restriksjonen er grunngitt i tvingande allmenne omsyn, og er eigna til å ivareta desse omsyna. Restriksjonen må dessutan vere objektivt nødvendig, og ikkje gå lenger enn det som er påkravd for å ivareta omsyna bak restriksjonen. Justisdepartementet har vurdert tilhøvet mellom inkassolova 5 første ledd bokstav b og EØSavtalen artikkel 36 nr. 1, og har kome til at det kan vere grunn til å endre føresegna. Departementet legg i denne samanhengen vekt på at dei kontroll- og handhevingsomsyna som ligg til grunn for regelen, langt på veg er varetatt gjennom kravet om at eit foretak må ha norsk inkassoløyve for å drive inkassoverksemd i Noreg, og kravet om at foretaket må vere registrert i Foretaksregisteret, jf. lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak 2-1 andre ledd. Det kan rett nok vere uheldig dersom norske skyldnarar risikerer å måtte halde seg til utanlandske inkassoforetak som ikkje kan kommunisere på norsk. Kredittilsynet kan på den andre sida stille visse minimumskrav med omsyn til språkkunne ved tildeling av inkassoløyve. Justisdepartementet meiner på denne bakgrunn at den norske reguleringa samla sett vil vere tilfredsstillande, sjølv om ein opnar for at inkassoverksemd i Noreg kan dnvast av foretak som har fast forretningsstad i ein annan EØS-stat. Justisdepartementet gjer framlegg om at inkassolova 5 første ledd bokstav b skal lyde: b) inkassovirksomheten drives fra fast forretningssted innenfor EØS og Departementet kan ikkje sjå at forslaget vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Forslaget inneber at det blir lettare for inkassoforetak frå andre EØSstatar å få norsk inkassoløyve. Dette kan ha ein gunstig konkurransemessig effekt. Justisdepartementet ser likevel ikkje for seg at så mange utanlandske inkassoforetak vil starte å tilby sine tenester i Noreg som følgje av lovendringa. Departementet viser i denne samanhengen til at kravet om fast forretningsstad berre er eitt av fleire vilkår for å kunne få inkassoløyve. / 3. Ei liste over adressatane er lagt ved høyringsbrevet. Vi ber om at adressatane sjølve gjer høyringsbrevet kjent for eventuelle underordna etatar og organ. Ein kan få fleire eksemplar av høyringsbrevet ved å vende seg til Justisdepartementets lovavdeling, tlf. 22 24 53 99 / 61. Høyringsbrevet er også lagt ut på følgjande Internett adresse: http://www.odin.dep.no/id/norsk/dubl/hoeringsnotater. Side 2

/ Departementet ber om svar innan 1. juni 2004. Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dersom det let seg gjere, ber vi om at fråsegnene i tillegg blir sendt per e-post til: tore.fiortoft@id.dep.no. Med helsing fung. lovrådgivar Side 3

6<a - <ms> v

Høyringsinstansar: Arbeids- og administrasjonsdepartementet Barne- og familiedepartementet Finansdepartementet Nærings- og handelsdepartementet Utanriksdepartementet Bankklagenemnda Bedriftsforbundet Datatilsynet Debitorforeningen Den Norske Advokatforening Den norske Dommerforening Den norske Revisorforening Finansforbundet Finansieringsselskapenes Forening Finansnæringens Hovedorganisasjon Forbrukerombodet Forbrukarrådet Gjeldsoffer-Alliansen Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon Juridisk rådgivning for kvinner Juss-Buss Juss Hjelpa i Nord-Norge KrediNor Kredittforetakenes Forening Kredittilsynet KredittPartnerAS Landsorganisasjonen i Norge lindorff AS Nordenfjeldske Creditreform AS Norges Bank Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening Norges Kreditorforbund Norske Inkassobyråers Forening Norske Kredittopplysningsbyråers Forening Næringslivets Hovedorganisasjon Regional støtte for behandling av gjeldsordningssaker Regjeringsadvokaten Sparebankforeningen i Norge Statens innkrevingssentral Stortingets ombodsmann for forvaltninga ØKOKRIM Side 4