FRIVILLIG- INFORMASJON I DETTE HEFTET FINN DU INFORMASJON OM: FRAMMØTE FRIVILLIGTELTET OPNINGSTIDER OMRÅDEKART PARKERING IKKJE TILLATE RETNINGSLINJER MAT OG DRIKKE ARMBAND FESTIVALADGANG BILLETTOPPGRADERING MALAKOFF TSKJORTE ARBEIDSANTREKK TRYGGLEIK GARDEROBE HITTEGODS KONSERTPROGRAM TIPS TRYGT HEIM HALD DEG OPPDATERT FESTIVALPROGRAM
KJÆRE FRIVILLIG: Vel møtt til Malakoff 2016! Takk for at du er med i produksjonen av #den bestefestivalopplevinga. Eid har som tradisjon å invitere til små og store hendingar - alle med mål om å lage gode opplevingar, relasjonar og minne for alle som er involverte, både medarbeidarar, samarbeidspartar og publikum. Som ambassadør for Eid inviterer er Malakoff opptekne av å ha hjartet på rette staden; vere imøtekomande, hyggeleg, god og hjelpsam mot alle vi inviterer med på dugnadsfesten og for alle som er på festivalbesøk. Som frivillig er DU ein del av sjølve hjartet i festivalen - difor veit vi at det er på rette staden. Malakoff Rockfestival kan lokke med supersterke internasjonale og nasjonale klasseartistar, ein av Norges artigaste og beste festivalcampar, fantastiske og uunnverlege frivillige, kjempehyggelege lokale og tilreisande publikummarar - og eit festivalområde som skapar ei heilskapleg ramme kring arrangementet som få andre festivalar i Norge kan måle seg med. Malakoff er ein stor og svært bra festival også i nasjonal samanheng. Det er ikkje minst takka vere det enorme arbeidet lokale lag og organisasjonar og hundrevis av frivillige legg ned. Det er ei eventyrleg dugnadsmobilisering på Malakoff! Kva forventar vi av deg? Vi ønskjer at du har eit smittande godt humør enten sola skin eller det regnar horisontalt. Vi forventar at du møter opp presis til avtalt tid, er edru og bidreg så godt du kan til arbeidsøkta er over. NB! Hugs at Malakoff også i år er ein kontantlaus festival. Det er ikkje mogleg å betale med kontantar, berre ordinære bankkort og verdikort. Vi håper du får ei hyggeleg vakt! Malakoff-helsing frå frivilligteamet Gunn Guddal Frivilligansvarleg Helga Didrikke Sundal Rekrutteringsansvarleg
FRAMMØTE: Frammøtestad: FRIVILLIGTELTET. Eige telt merka Frivillig/Akkreditering - rett ved sidan av hovudinngangen til festivalområdet, sjå kart. Tidspunkt: Møt i god tid (ca 15 min) før avtalt vakttid. Slik kan vi kome i gang med informasjon og opplæring, og alle skal også registrerast, få ID-kort og arbeidsantrekk. BRYGGEN HOTELL SERVERING P NORDFJORD HOTELL
Frivilligteltet er delt inn slik: Mottak: Her vil du bli møtt av ein hyggeleg gjeng, som kan svare på det meste J Mat/pause: Frivillige som er på vakt, har tilgang på pauserom med mat og drikke, i serveringsdelen av frivilligteltet. Tidspunkt vil vere avhengig av rullering innanfor din arbeidsstasjon /arbeidsområde. Hugs å rydd opp etter deg når du er ferdig med pausen. Basestasjonar: Teltet har også basestasjonar for desse frivillig-gruppene: ordensvakter, barpersonell, kioskpersonell, miljøvakter og frivillige på campen (ikkje om natta). På basestasjonen din er det felles gjennomgang av rutinar før vaktskifte, du blir registrert og du får utdelt arbeidstøy og ID-kort. Det er difor svært viktig at du møter i frivilligteltet når du skal på vakt! Garderobe: Som frivillig ordensvakt, barpersonell, kioskpersonell, miljøvakt og frivillig på campområdet kan du bruke basestasjonen for ditt område som garderobe medan du er på vakt. INFORMASJON: www.facebook.com/frivilligmalakoff www.malakoff.no/frivillig Vi sender SMS til deg før festivalen, med vakttid som gjeld di/dine vakter, til telefonnummeret som er registert i vårt vaktsystem. Er du registert med to vakter, vil du få to SMS-ar. Hugs å lese begge! FRIVILLIG-GODAR: Adgang til festivalområdet for festivaldagane 22. og 23. juli om du har to vakter i løpet av festivalen. Adgang til festivalområdet resten av den dagen du har ei vakt. Festival-tskjorte får du utdelt når du kjem til vaktregistering, eller du kan hente den i Kulturhuset Gamlebanken frå 18. juni. Mat og drikke når du er på vakt. Hyggelege arbeidskollegaer og eit fantastisk rockeminne! Om du vil inn på området før du skal på vakt, hentar du armband i FRIVILLIG/AKKREDITERING, slik at du får adgang til festivalområdet! Det er viktig at du gir beskjed omgåande om du ikkje kan møte som avtalt, eller har spørsmål J. Send ein epost til frivillig@malakoff.no eller SMS til tlf 468 77 763.
RETNINGSLINJER OG TIPS Som frivillige er vår jobb å ta vare på gjestar og område. Vi har også eit ekstra ansvar for å spreie god festivalstemning til alle rundt oss. VI er blide, høflege og imøtekommande mot alle VI svarer på spørsmål når vi kan, eller henviser til informasjonskanalar: App, heimeside, Facebook osv VI er Malakoff/Nordfjordeid sine gode ambassadørar VI ber om hjelp når noko er vanskeleg VI hjelper kvarandre VI seier ifrå til vår kontaktperson når vi går av vakt VI er alltid edru og rusfri på jobb for Malakoff Er det elles ting verken du eller arbeidsleiar finn svar på, kontakt FRIVILLIG/AKKREDITERING. T-skjorte: Festival-tskjorte hentar du i FRIVILLIG/AKKREDITERING når du skal på vakt, eller i Kulturhuset Gamlebanken frå 18. juni. Arbeidsantrekk: Alle frivillige vil få utdelt vest eller forkle, når du kjem på vaktregistrering. Arbeidsantrekket skal leverast inn når du går av vakt. Armband: Alle som er på festivalområdet skal ha armband. Armbandet kan gjelde for heile festivalen, eller være dagsband. Som frivillig får du adgangsband når du møter til vaktregistrering. Om du vil inn på festivalområdet som publikummar før du skal på vakt, må du henvende deg i mottak FRIVILLIG/AKKREDITERING for å få armband. Om du som frivillig ønskjer å oppgradere festivalpass-billetten din slik at du får adgang til festivalcampen, må du henvende deg i motttak FRIVILLIG/AKKREDITERING. Oppgradering til festivalpass inkl camp kostar 300 kr (om du har minst to vakter og dermed får festivalpass for frivilliginnsatsen din). Tryggleik: Malakoff ønskjer at alle skal ha trygge og gode opplevingar på festivalen, om dei er gjester eller frivillige. Vi har ein vaktstyrke med frivilligvakter og innleigd vaktselskap Protect. Desse har eit spesielt fokus på tryggleik, men det er vårt felles ansvar at alle har det trygt og godt. Kontakt din næraste leiar, operasjonssentral eller uniformert vakt, om du opplever eller ser noko som er farleg eller på annan måte uhaldbart. Festivalen har eigen operasjonssentral (OP). Vi oppmodar alle frivillige om å studere detaljert tryggleiksinstruks og evakueringsplan som heng i frivilligteltet. Førstehjelp: Eid Røde Kors Hjelpekorps er til stades på festivalen. Dei held til i Valhall i enden av grassletta utanfor inngangen til festivalområdet og festivalcampen. Treng du hjelp? Gå dit eller ta kontakt med ein av festivalvaktene. Ta vare på hørselen din: Øyrepropper blir delte ut til deg som er på vakt. Publikum kan kjøpe hørselvern og øyrepropper i Rockestæsj-teltet midt på festivalområdet.
GENERELL INFO: MAT Det er ikkje tillate å ta med seg mat og drikke inn på festivalområdet, men vi tilbyr eit godt utval av vått og tørt. I tillegg til rockemat som Rockeburgar, Rockesvele, Rockewraps, Rockepølse og Rockepommesfrites er der øl, vin, kaffi/baileys og mineralvatn å få kjøpt. Vi har glutenfritt og vegetar- og veganmat. ALDERSGRENSE: Festivalcampen har aldersgrense 16 år. Det er ingen aldersgrense på festivalområdet. I avgrensa barområde ved dei to scenene kan ein kjøpe og nyte alkohol, her er det 18 års aldersgrense. Hugs legitimasjon! IKKJE TILLATE PÅ FESTIVALOMRÅDET: Medbrakt mat og drikke Grill/anna påtenningsutstyr Skarpe gjenstandar, t.d. paraply Campingutstyr (telt, stolar osv.) Hund eller andre husdyr Video- eller lydopptaksutsyr Speilreflekskamera Selfie-stang Flasker og termosar IKKJE TILLATE PÅ CAMPOMRÅDET: Forbodne gjenstandar på campen: Glasflasker, aggregat, kvitevarer, lenestolar, sofaer, bord etc. (vanleg campingutstyr er lov) og gjenstandar som kan bli brukt til vald osv. PARKERING I EID Det er avgrensa med parkeringsplassar i nærleiken av festival- og campområdet. Det er skilta til merka parkeringsplass ved Eid Stadion. Elles parkering i Nordfjordeid sentrum. Vi oppmodar fastbuande og alle andre som ikkje treng å parkere heilt nær festivalområdet, om å nytte parkering ved Operahuset Nordfjord og Eid Idrettshus i den nordlege delen av sentrum. BUSS FRÅ MALAKOFF Kom trygt heim med festivalbuss. Bussar etter festivalslutt begge dagar går kl 02:30 frå Eid Rutebilstasjon til: Måløy, Selje/Stadlandet, Volda/Ørsta, Stryn, Hornindal/Stryn, Sandane, Skei, Førde, Florø, Sogndal. Prisar for alle uansett alder: kr 100 HITTEGODS Hittegods funne på camp: ved campinngangen frå fredag kl 10.00 til søndag kl 13.00 Hittegods funne på festivalområdet: I Rockestæsj-teltet i opningstida til festivalen. Funne: Finn du tapt gods under festivalen, så kan du levere det i rockestæsj-teltet i opningstida eller i campinngangen t.o.m. søndagen kl 13. Etter festivalen, frå måndag 25. juli, er det mulig å kontakte Kulturhuset Gamlebanken / Turistinformasjonen om du har spørsmål om hittegods.