Møte nr 3, den 03.12.2013 Side 1 av 7 MASFJORDEN KOMMUNE Vedtaksprotokoll for Den 03.12.2013 kl 09.40 11.00, heldt møte på Kommunehuset. Følgjande saksnummer vart handsama i møtet: 014/13-018/13 Innkalling til møtet var sendt ut den: 27.11.2013. Desse møtte: Arbeiderpartiet: Høgre: Senterpartiet: Bjørn Egil Nordland (vara) Karstein Totland, ordførar Lene Hansen Kvamsdal FORFALL: FORFALL: FORFALL: Arthur Reidar Sjursen Kristeleg Folkeparti: Framstegspartiet: Venstre: Marit Steinestø, varaordførar Egil Kvingedal FORFALL: FORFALL: FORFALL: Frå administrasjonen møtte: Rådmann Svein Helge Hofslundsengen Assisterand rådmann Sveinung Toft Samfunnsutviklar Aina Isdal Haugland som førte møteboka Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Ordførar Karstein Totland Innkallinga vart godkjent. Sakslista vart godkjent.
Møte nr 3, den 03.12.2013 Side 2 av 7 Sakliste 014/13 13/693 Godkjenning av møteprotokoll 3 015/13 13/622 Søknad om tilskot frå kraftfondet 4 016/13 13/637 Søknad om lån/tilskot frå kraftfondet 5 017/13 13/691 Delegerte vedtak 6 018/13 13/692 Skriv og meldingar 7
Møte nr 3, den 03.12.2013 Side 3 av 7 SAK 014/13 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Møteprotokollen frå kraftfondsstyret 22.10.2013 vert godkjent slik han ligg føre. KRFT-014/13 VEDTAK: Møteprotokollen frå kraftfondsstyret 22.10.2013 vart godkjent slik han ligg føre. Det skjedde i den 03.12.2013: Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes godkjent.
Møte nr 3, den 03.12.2013 Side 4 av 7 SAK 015/13 SØKNAD OM LÅN FRÅ KRAFTFONDET Andvik Vel får som frivillig lag stønad frå Norsk tipping og kan søkje fleire andre organisasjonar om midlar. Fordi prosjektet ikkje legg til rette for næring, fell det ikkje inn under intensjonen i Kraftfondet, slik at Andvik Vel ikkje får tildelt lån i denne omgang. Finansiering Inga finansiering. Heimel 2 KRFT-015/13 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Andvik Vel får som frivillig lag stønad frå Norsk tipping og kan søkje fleire andre organisasjonar om midlar. Fordi prosjektet ikkje legg til rette for næring, fell det ikkje inn under intensjonen i Kraftfondet, slik at Andvik Vel ikkje får tildelt lån i denne omgang. Det skjedde i den 03.12.2013: Ordførar Karstein Totland spurde om han var ugild i denne saka pga av at sonen er med i styret i Andvik Vel. røysta over dette og vedtok at ordførar var gild. drøfta kring det prinsipielle i saka og om ein skal opne opp for prosjekt som ikkje handlar om næring, men som er meir retta mot møteplassar. Beløpet Andvik Vel har søkt om på kr 245 000 er dessutan for høgt, ettersom maks utbetaling er 25% av kapitalbehovet og det totale kapitalbehovet for prosjektet er kr 352 926, noko som svarer til 88 000 kr. Dette burde kome fram i saka. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke og tilrådd overfor kommunestyret.
Møte nr 3, den 03.12.2013 Side 5 av 7 SAK 016/13 SØKNAD OM LÅN/TILSKOT FRÅ KRAFTFONDET 1. Kraftfondet løyver kr 100 000 til Corax Film Magne Helge Sleire. 2. 50 % av tilskotet kan utbetalast ved oppmoding, resttilskotet vert utbetalt ved framlegging av rekneskap. 3. Det vert ein frist på to år for å nytta tilskotet, frå 12.12.2013. 4. Vedtaket kan etter forvaltningslova 28 påklagast. Klagefrist er tre veker. Finansiering 100 000 kr frå Kraftfondet. Heimel 2. KRFT-016/13 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Kraftfondet løyver kr 20 000 som tilskot og kr 80 000 som lån til Corax Film Magne Helge Sleire. 2. 50 % av tilskotet kan utbetalast ved oppmoding, resttilskotet vert utbetalt ved framlegging av rekneskap. Lånet vert utbetalt på oppmoding. 3. Det vert ein frist på to år for å nytta tilskotet, frå 12.12.2013. 4. Lånet har ei nedbetalingstid på 4 år og vil bli gitt som serielån. Renta vil svare til den lågaste renta til Husbanken. 5. Vedtaket kan etter forvaltningslova 28 påklagast. Klagefrist er tre veker. Det skjedde i den 03.12.2013: drøfta kring tidlegare søknader frå Magne Helge Sleire. Ettersom han har fått tilskot tidlegare og det er avgrensa med midlar i Kraftfondet bør ein vere litt restriktive. Kraftfondet skal i størst grad skal retta seg mot nyetableringar og ikkje eksisterande bedrifter. Det er difor meir naturleg å løyve størsteparten av summen som lån, slik at ein kan bruke tilbakebetalte midlar til andre bedrifter. Etter drøfting føreslo rådmannen å endra sitt framlegg slik: Kraftfondet løyver kr 20 000 som tilskot og kr 80 000 som lån til Corax Film Magne Helge Sleire. Det nye framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke og tilrådd overfor kommunestyret.
Møte nr 3, den 03.12.2013 Side 6 av 7 SAK 017/13 DELEGERTE VEDTAK Delegerte saker vert tekne til orientering slik dei ligg føre. KRFT-017/13 VEDTAK: Delegerte saker vert tekne til orientering slik dei ligg føre. Det skjedde i den 03.12.2013: Delegerte saker vart samrøystes tekne til orientering slik dei ligg føre.
Møte nr 3, den 03.12.2013 Side 7 av 7 SAK 018/13 SKRIV OG MELDINGAR Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. KRFT-018/13 VEDTAK: Meldingar/orienteringar vert tekne til orientering slik dei ligg føre. Det skjedde i den 03.12.2013: Rådmannen informerte om oppmoding om utbetaling av driftstilskot til GMU 2013, som no har fått ny dagleg leiar etter å ha stått utan sidan mai. Meldingar/orienteringar vart samrøystes tekne til orientering. Rett utskrift av møteprotokoll frå den 03.12.2013 vert vitna Karstein Totland Ordførar Marit Steinestø Varaordførar