STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Like dokumenter
6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Velkomen til Voss! Voss - ein god stad for alle. Torbjørg Austrud Kommunalsjef tekniske tenester

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Næringsanalyse Sunnfjord kommune. Mars 2019

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kunngjering av planoppstart for ein privat detaljreguleringsplan for Leirdalen gnr. 61, bnr. 8 mfl. i Førde kommune

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Politisk program for Jølster KrF

Næringslivet i Sunnfjord og Ytre Sogn treng Førde lufthamn i dag - og i framtida

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

FØRDE TOMTESELSKAP. Brendeholten

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Plan for Liabygda SFO

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur-

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Program OSTERØY HØGRE

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

Kommunedelplan for oppvekst

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Kvinnherad kommune. Særutskrift : Kollektivtilbodet i Kvinnherad - Skyss. Fellestenester Informasjonsavdelinga

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

Eidegrend klyngjetun

Avdeling for regional planlegging

Teamarbeid og teambuilding

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Tabell F-k viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane i tabell E-k.

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

VARSEL OM OPPSTART AV ARBEID MED DETALJREGULERINGSPLAN FOR HOVLAND BUSTADFELT, GBNR. 95/1 M.FL.- KAUPANGER I SOGNDAL KOMMUNE

Transkript:

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV Førde by er fylkessenter i Sogn og Fjordane, og kommunen har nærare 13 000 innbyggjarar. Men kommunane i Sunnfjord gror meir og meir saman, og Førde ligg såleis sentralt i ein felles arbeidsmarknad i ein region som omfattar nærare 35 000 menneske. Arbeidslivet i Førde kommune tel vel 9000 årsverk. Førde har ei rekkje finans- og andre servicebedrifter, og arbeidsmarknaden er stor lokalt når det gjeld sektorar som it, bygg og anlegg, media, hotell og restaurant. Førde Sentralsjukehus er den største arbeidsplassen i kommunen med sine vel 1400 arbeidsplassar. 1914 1936 1949 1951 1952 Førde sitt kommunale kraftverk vert sett i drift. Seinare utbygd i fleire etappar. Førde Samyrkelag vart grunnlagt i 1936. Bilsakkunnige for Sogn og Fjordane, (Statens Vegvesen) flytta til Førde. Førde kommune har 3080 innbyggarar. Fylkesyrkesskulen opnar i Førde. Frå 1961 Førde Yrkesskule.

1954 1957 1962 1965 1965 Berge og Co blir etablert, og blir på kort tid fylkes største bilforhandlar. G & F. Hjelmelands entreprenørforretning stifta. Firda Billag bygger rutebilstasjon, godsterminal, verkstad og administrasjon. Førde vert peika ut som vekstsenter av Statens Industrivekstanlegg (SIVA). Førde Handelsskule starta. Integrert i Hafstad vidaregåande skule i 1993.

OPPVEKST OG FRITIDSTILBOD Førde kommune har bevisst prioritert utbygging av barnehagar og skular for å møte utfordringane med omsyn til den unge befolkninga i Førde. Fritidstilboda er også i særklasse. I tillegg til det etablerte idrettsmiljøet, kan vi by på musikk- og kulturskule, danseverkstad og allaktivitetshuset Skrivarløa. glad i naturen. Ei vandring på tilrettelagde og merka stiar i Sunnfjord, gjev deg eit flott utsyn og varierte opplevingar frå fjella i Fosseheimen, breen, fjorden og havet. For fiskeinteresserte er distriktet eit eldorado. 15 minutt frå byen ligg dessutan ei golfbane, og like utanfor byen finst alpinanlegg og eit større skianlegg med lysløyper i eit variert terreng. Førde er byen mellom dei fem fjell, og byr på mykje for deg som er 1966 1966 1968 1968 1968 Førde Boligbyggelag skipa. Førdefly starta. SIVA fekk hand om industriområdet Øyrane. Sunnfjord Hotell opnar, bygd av eit «folkeaksjeselskap». Førde tekniske fagskule opnar toårig fagskule.

Førde kommune har bevisst prioritert utbygging av barnehagar og skular. 1970 1970 1971 1971 1972 Veksten i folketal i Førde har omtrent dobla seg etter satsinga på Førde byrja. Førde Gymnas kom i gang. Det blir vedteke å bygge Ankerløkken Verft på Øyrane. Førde får flyplass på Øyrane. Førde passerer 5 000 innbyggarar.

UTDANNING OG KOMPETANSE Førde har eige høgskuletilbod, sjukepleiarhøgskule og ingeniørhøgskule. I tillegg har vi teknisk fagskule, jordbruksskule, og det finst vidaregåande skular for allmennfag og for yrkesfag. Førde og Sunnfjord har vist seg å vere store nok til etablering og utvikling av kunnskapsbedrifter. Eitt døme er Lotteri- og stiftelsestilsynet som etablerte seg i Førde frå januar 2001, og som i dag har vel 70 tilsette. Tilsynet, som også har direktoratfunksjon, rekrutterte alle sine nøkkelpersonar lokalt, og har på kort tid bygt opp ny juridisk og teknisk kompetanse på fleire område. 1973 1976 1979 1979 1979 Sunnfjord Sparebank skipa. Førdehuset står ferdig. Førde sentralsjukehus ferdig etter tre år byggetid. Førde får 460 nye innbyggar dette året. Den høgaste veksten i eit enkeltår. Sjukepleiehøgskule starta i Førde.

Førde Norsksenter held til på Sanderplassen1. 1979 1983 1984 1984 1986 Magne Hafstad AS maskinentreprenørforretning skipa. Førde Ølutsal AS skipa. Sunnfjord Slakteri blir ombygd til Førde sitt første kjøpesenter Handelshuset. Vestlandske Salslag bygger nytt storslakteri på Reset. Førde lufthamn flytta til Bringeland.

GODT HELSETILBOD Administrasjonen for helseføretaket Helse Førde er plassert i Førde. Her ligg også Førde sentralsjukehus, og gir regionen eit godt helsetilbod. Førde har også nyleg fullført ei større utbygging av sjukeheimstilbodet. 1986 1987 1988 1988 1988 Sogn og Fjordane Bustadbyggelag skipa i 1986 med hovudkontor i Førde. Handelshuset opnar. Sogn og Fjordane Sparebank skipa. Ingeniørhøgskulen i Førde skipa. Frå 1994 ein del av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Åsen & Øvrelid grunnlagt i 1988.

TYNGDEPUNKT I KULTURLIVET Førde er «kulturhovudstaden» i Sogn og Fjordane med Førdehuset, eit stort og moderne kulturhus, som naturleg samlingspunkt. Her er den største kinoen i fylket, profesjonelt teater, konsertar, utstillingar og bibliotek. Førdehuset har også stor idrettshall, symjehall og stadionanlegg, og er den naturlege samlingsstaden for mange av aktivitetane til dei om lag 200 frivillige lag og organisasjonane i kommunen. Førdefestivalen er den største festivalen for folk/trad/world musikk i Skandinavia med nærare 30 000 besøkande kvar sommar. Midt i Førde sentrum ligg Sogn og Fjordane kunstmuseum. 1991 1991 1994 1997 1998 Vinmonopolet opnar sitt første utsal i Sogn og Fjordane, i Førde. Sparebanken Sogn og Fjordane flyttar inn i nytt bygg. Yrkesskulen flyttar til nybygg på indre Øyrane. Utbygginga av industrifeltet på Hornnes byrjar. Førde passer 10 000 innbyggarar.

SENTRALT I FYLKET OG SENTER FOR HANDEL Førde har direkte flysamband med Oslo og Bergen. Byen ligg elles kommunikasjonsmessig sentralt til ved E39 som bind Vestlandet saman, og har daglege ekspressbussruter til Oslo, Bergen og Trondheim. Førde er det største handelssenteret mellom Ålesund og Bergen, og er ein naturleg møtestad for 50 000 personar som bur innanfor ein radius av ein times reise. Difor ligg Førde heilt i landstoppen når det gjeld omsetnad per innbyggjar, noko som avspeglar seg i eit variert forretnings- og servicetilbod som gir sysselsetjing til vel 1000 personar. 1999 2000 2001 2005 2006 Hafstad vidaregåande skule inn i nybygg. Enivest AS skipa i Førde. Lotteritilsynet vart skipa. I 2005 kom Stiftingstilsynet. Nytt høgskulebygg i Førde opna, ved Sentralsjukehuset. Gjensidige Bank skipa, med hovudkontor i Førde.

2007 2007 2012 2013 2013 Handelspark etablert på Brulandsvellene. Trafikkskulen AS starta, av 20 transportverksemder i fylket. Første del av Idrettsparken på Hafstad opna. Førde passerer 12.500 innbyggarar, og har per. 1. juli 12.678 innbyggarar. Førde Kommune får nytt Rådhus.

Rein Design Olve Grotle ordførar Tlf. 57 61 27 00 olve.grotle@forde.kommune.no Ole John Østenstad rådmann Tlf. 57 61 27 01 ojo@forde.kommune.no Pb. 338 Hafstadvegen 42 6802 Førde Tlf. 57 72 20 00 Fax: 57 82 38 76 epost: postmottak@forde.kommune.no www.forde.kommune.no / fordekommune