TAVLA. Bygdeavis for Kjølsdalen krins JULEKONSERT 1. JANUAR ROMJULSDANS. Årgang 39 Nummer 12. Utgjevar: Kjølsdalen Ungdomslag FRIST NESTE TAVLE:



Like dokumenter
Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TAVLA. Bygdeavis for Kjølsdalen krins HUGNAD YOGA 1. MAI. Årgang 39 Nummer 4. Utgjevar: Kjølsdalen Ungdomslag FRIST NESTE TAVLE:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Møteprotokoll for møte i

Denne helga får du sjansen til å reise rundt i Nordfjord og Sunnfjord og møte dyktige og engasjerte bønder, med framtidstru og satsingsvilje.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

5. Soknerådsmøte mai Referat

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

TAVLA Bygdeavis for Kjølsdalen krins

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Songar til julefesten 2014

Månadsplan for Hare November

Årsmelding for O-gruppa 2015

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

TAVLA Bygdeavis for Kjølsdalen krins

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

INFORMASJON om førestellinga:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Hordaland krins av Norges speiderforbund

Finansiering av søknaden

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

6. trinn. Veke 24 Navn:

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

«Ny Giv» med gjetarhund

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

MEDLEMSINFO. august 2009

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kva er økologisk matproduksjon?

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Sandeid skule SFO Årsplan

Til deg som bur i fosterheim år

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Brødsbrytelsen - Nattverden

Kom skal vi klippe sauen

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

M/S NYBAKK SI HISTORIE

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Månadsbrev for Rosa september 2014

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Handlingsprogram og økonomiplan

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Stemnehandboka for NKSF

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Møteinnkalling for Valgstyre

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Transkript:

Årgang 39 Nummer 12 DESEMBER 2015 TAVLA Bygdeavis for Kjølsdalen krins Utgjevar: Kjølsdalen Ungdomslag FRIST NESTE TAVLE: 1. JANUAR Stoff kan sendast til Dianne Eikås, tlf. 918 41 657 eller e-post: diannjor@online.no ^^^ Støtte til drift av TAVLA: Kontonr 3790 21 11981. Merk giroen med Tavla. Bur du utanbygdes og ønskjer å vere e-post mottakar av TAVLA Send e-post adressa di til diannjor@online.no JULEKONSERT KJØLSDALEN KYRKJE 20. DESEMBER KL. 1500 Kjølsdalen skulemusikk Kjølsdalen montessoriskule og Vindfylla spel- og dansarlag Per Haus Nore Stårheim songlag Kjølsdalen musikklag Konferansier: Terje Gilleshammer Kollekt ved utgang Arr. Kjølsdalen musikklag GUDSTENESTER KJØLSDALEN KYRKJE 18.desember klokka 10.00 Førjulsgudsteneste for Kjølsdalen Montessoriskule v/beate Folkestad Osdal 24, desember klokka 15.00 Julegudsteneste v/ Olav Sigurd Gundersen Kjølsdalen Skulemusikk spelar 25, desember klokka 12.00 Julegudsteneste v/ Kaare Michael Christoffersen Kjølsdalen Musikklag spelar Soknerådet ROMJULSDANS DANS I SAMFUNNSHUSET LAURDAG 26. DESEMBER 2. JULEDAG Puben opnar klokka 19.00 Pub-quiz startar klokka 19.30 Dans kl 22.00 Cool Valley All Star Band Spelar til dans i år også Styret i samfunnshuset Per Gunnar Gilleshammer SANITETSTUR 2016 Neste års sanitetstur går til Normandie som er nord-vest i Frankrike. Turen er planlagt i perioden frå måndag 18 april til fredag 29 april. Program med høve til å melde seg på blir sendt ut over nyttår Kjølsdalen Sanitetsforeining Jorunn Breiteig (turnemnd)

TALE PÅ HAUSTFESTEN 2015 Eg vil gjerne ønske alle hjarteleg velkomne til sin haustfest. I år har 4H Sogn og Fjordane bedt klubbane om å ordne haustfestrepresentantar sjølv, så vi er derfor glade for at Camilla Laugerud ville komme hit å dele ut merke til medlemmane seinare i kveld. har i år hatt 33 medlemmar i alle aldersgrupper, frå aspirantar til plakettmottakarar på snart 19 år. Når eg no skal gå gjennom litt av det vi har gjort dette året, så startar eg i romjula 2014. Vi hadde planar om ein romjulstrim til naturmøteplassen, men på grunn av mykje snø, blei det i staden arrangert fakkeltog frå samfunnshuset til skulen. På skulen vart det servert kakao og julekaker, og det vart gang rundt juletreet. Vi delte også ut ein 4H æresdiplom til Marius Årdal, for alt arbeidet han har lagt ned i 4H både i klubben vår, i 4H fylkesstyret og i 4H på landsplan. Trekløveret gav også roser og sølvskei til dei som var plakettmottakarar 2014. Klubben har stått for drifta av bygdekinoen i Kjølsdalen i nokre år no. Ingen av medlemmane valde dette som sitt prosjekt i år. Det har gått på omgang mellom medlemmane å være kinovakt og ha ansvar for kinoen. Kinoen har vist mange bra filmar dette året og er populært blant barn og ungdom. Kinodrifta i seg sjølv kjem nok ut i minus for klubben, men sidan vi tenkjer det er eit godt tilbod til ungdommen, vil vi likevel halde fram med kino neste år også. I februar var det styrekurs på Skei. Dei fleste frå styret og aspirantleiarane var med. Vi deltok også på årsmøtet til 4H Sogn og Fjordane, der vi fekk pris for årets klubb 2014. Det var ei spennande og kjekk helg der vi fekk møte folk frå andre 4H klubbar. I Mars hadde dei fleste bestemt seg for prosjekt og mange av dei yngre medlemmane vart med på pangstart på Stårheim. Der fekk dei komme i gang med prosjektet, være med på ulike aktivitetar og åt mat ute ilag. I år har det vore friluftslivets år, noko som klubben har markert gjennom fleire arrangement på naturmøteplassen. Vi har arrangert familiedag på naturmøteplassen 30.mai og open dag den 11.oktober. Begge arrangementa trekt mykje folk, som koste seg med aktivitetar, riding på hest, klapping av andre husdyr, hyggjeleg prat og god mat. Vi takkar bondelaget og idrettslaget for godt samarbeid med desse arrangementa og håpar vi kan få til noko liknande neste år. Montessoriskulen ønskte hjelp til å få malt skulebygget, og 4H bestemte seg for å ta oppgåva. Vi bestemte oss først for å male berre delar av skulen, i og med at det er veldig mykje jobb. Vi fekk med foreldre og bygdefolk til å hjelpe oss å male skulen i langhelga rundt 1.mai. Dette blei ein suksess og mykje folk stilte opp. Etter fire dagar stod det fargerike skulen nymala. Tusen takk til alle som hjelpte til! Det største arrangementet vi har hatt i klubben i år, er distriktsleiren for dei yngste medlemmane frå klubbane i ytre Nordfjord. Det var tre fantastiske dagar med mykje aktivitetar rundt skulen, og vi vil nytte anledninga til å takke foreldre, bygdefolk, 4H-medlemmar og sponsorar for den hjelpa som vi fekk i samband med leiren. I slutten av august hadde og Hei og Hå 4H frå Bryggja ein kjekk overnattingstur til kystleirskulen i Krokapollen. Godt vêr, bading, fisking, roing, padling og tubekøyring er berre nokon av aktivitetane. Vi hadde songkonkurranse på kvelden og hadde det veldig kjekt ilag. I tillegg til alt dette, har vi hatt ein del vanlege 4H-møter og aspirantleiarane har hatt møter og aktivitetar med aspirantane. Bowlingstur til Måløy har det òg blitt tid til. Vi deltok også på volleyballturneringa til Eid 4H-nemnd, der vi stakk av med sigeren og ein ny volleyball til klubben. Fjelltrimbøkene har vi hatt på 6 toppar i år, og seinare i kveld får de sjå kven som er vinnarane. Nye bøker har kome opp på dei 6 toppane. Så har vi brukt hausten til å gjere ferdig prosjekta våre og øvd inn eit underhaldningsprogram for dokke. Eg må be dokke om å ta mobilar på lydlaust. God fornøyelse!

BARNEHAGEN: Kjølsdalen Montessoribarnehage fekk frå hausten 2015 godkjenning for 4 midlertidige plassar av Eid kommune, og har framleis venteliste. Frå desember 2015 går det 24 barn i barnehagen. Slik det ser ut no er det også fullt i barnehagen frå hausten 2016. Barnehagen ønskjer å dekke det behovet som er for barnehageplasser, ved å tilby eit godt barnehagetilbod. For å kunne arbeide mot dette treng vi å kartlegge kva behovet er for barnehageplassar ved Kjølsdalen Montessoribarnehage, i barnehageåret 2016-17. Ta gjerne kontakt med barnehagen om du tenker på å søkje plass til barnet ditt i barnehageåret 2016-17, eller ønskjer meir informasjon om barnehagetilbodet ved Kjølsdalen Montessoribarnehage. Telefon: 90227540. Ein får tidlegare oversikt over søkjerar om ein er tidleg ute med å søkje plass. Barnehagen nyttar same elektroniske søknadsskjema som dei kommunale barnehagane. Søknadsskjema ligg på Eid kommune sine heimesider. SKULEN: Kjølsdalen Montessoriskule ønskjer å takke på det djupaste for pengegåver gitt til skulen og arbeidet med nytt skulekjøken. Kjølsdalen Musikklag og Kjølsdalen Bygdekvinnelag har gitt skulen 10 000,- kvar som bidrag til den investeringa som skulen skal gjere i eit nytt, moderne kjøken. Det er alltid mogleg å kjøpe andelar i Kjølsdalen Montessoriskule SA. Kvar andel kostar 500,- kr. Andel gjev moglegheit til å røyste under årsmøtet til samvirkeføretaket. Ta kontakt med rektor Thomas Hals eller styreleiar Ove Kjøllesdal om de har spørsmål rundt drifta av skulen, og bygget elles. Pr. 1. oktober 2015 går går det 31 elevar på Kjølsdalen Montessoriskule. Dette er òg talet elevar skulen får tilskot frå det offentlege for. Elevane er fordelt med 12 elevar i småskulen (1.-3. tr.) og 19 elevar i storskulen (4.-7. tr.). Skulen har sendt inn søknad til Utdanningsdirektoratet om å få drive skule på 1.-10. trinn. Søknaden vert handsama og innan 1. april 2016 vil skulen få svar på om ein får godkjenning for dette eller ikkje. JULEAVSLUTTING 2015: Onsdag 16. desember kl. 18.00 er det tid for den årlege julefesten ved Kjølsdalen Montessoriskule. Syngespelet «Finn Englius Fant og nøkkelen som forsvann» vert spelt av elevane i gymsalen frå kl. 18.00. Etterpå vert det mat i vrimlearealet og avslutning med gang rundt juletreet i gymsalen. Julefesten kostar kr. 100,- for alle over barneskulealder. ADVENTSGUDSTENESTE: Fredag 18. desember kl. 10.00 er det adventsgudsteneste i kyrkja der skulen og barnehagen er invitert. Beate Folkestad Osdal held gudstenesta. Alle er hjarteleg velkomne i kyrkja denne føremiddagen. JULEKONSERTEN: Søndag 20. desember kl. 15.00 deltek elevar ved Kjølsdalen Montessoriskule under den årlege julekonserten i Kjølsdalen kyrkje. FØRSTE DAG ETTER FERIEN : Måndag 4. januar er første skuledag etter juleferien.

VIL DU VERE MEDHJELPAR PÅ GUDSTENESTENE I KJØLSDALEN? Tanken bak er å aktivisere og inkludere andre enn dei kyrkjelege tilsette. Gudstenestene er eit felles ansvar. Oppgåvene er mange og varierte, og vi treng menneske med ulike interesser og ulik erfaring. Nokre oppgåver er praktiske og kan gjerast i «det skjulte», andre er meir «synlege». Du kan til dømes hjelpe til med å dele ut salmebøker/program, lese ulike tekstar og telje offerpengar. Saman finn vi ut kva som passar for kvar enkelt. Vi ønskjer å legge til rette slik at det vert trygt å prøve nye oppgåver. Har du lyst? Lurer du på noko? Kontakt einkvan av oss i soknerådet (sjå kontaktinfo under), eller send ei melding på Facebook-sida «Kjølsdalen kyrkjelyd». NYTT SOKNERÅD: Svært mange røysta i Kyrkjevalet i Kjølsdalen sokn i haust. Valoppslutnaden var på nesten 30 prosent! Til samanlikning var oppslutnaden på landsbasis og i Bjørgvin bispedøme om lag 15 prosent, i Eid sokn knapt 14 prosent og Stårheim sokn vel 24 prosent. Soknerådet 2015-19 er sett saman og konstituert slik: Leiar Torfinn Myklebust, tlf 481 49 494, epost 2myk@online.no Nestleiar Jan Arvid Berstad, tlf 902 57 380, epost jarvid-b@online.no Kasserar Lars Frode Humborstad, tlf 971 64 977, epost synnhe-h@online.no Sekretær Helga Didrikke Sundal, tlf 958 89 159, epost helga.didrikke@online.no Bjørn Aardal, tlf 476 61 975, epost aarndal@online.no Dianne Eikaas, tlf 918 41 657, epost diannjor@online.no Sokneprest Henny Koppen, tlf 916 01 630, epost henny.koppen@eid.kommune.no Vara Merete Duestøl, tlf 450 48 055, epost merete_due@yahoo.no Vara Caroline Erviksæter, tlf 477 01 070, epost pippibeckmann@hotmail.com Ta gjerne kontakt med oss om de har innspel, spørsmål osv! KYRKJELYDEN PÅ FACEBOOK Kjølsdalen kyrkje og sokneråd er no på Facebook, på sida «Kjølsdalen kyrkjelyd». Der vil du finne informasjon om gudstenester osv. Lik gjerne sida vår, og kom med innspel til innhald. Soknerådet EIDAKALENDEREN Lions Eid sel Eidakalenderen. Den vart seld på Sanitetsforeininga si messe i Samfunnshuset. Om du ikkje var der, kan du mellom anna få kjøpt den ved å kontakte Ole Reinhart Bugjerde på 91133311 eller e-post: olerbu@enivest.net Prisen er kroner 100,- ta kontakt så snart som råd er. Eidakalenderen er eit av dugnadsprosjekta til Lions ( sjå Fjordabladet 12.11) og inntekta går til ulike prosjekt som kjem innbyggjarane i heile kommunen til gode. Mellom anna har Lions gjeve tilskot til hjertestartaren i krinsen vår. Kalenderen er bygd opp kring gamle bilete frå ulike stadar i kommunen, saman med eit notidsbilete frå same stad. Lions vil gjerne ha mange fleire bilete frå vår del av kommunen. I 2016 kalenderen er biletet frå krinsen vår frå Midthjell. Kalenderen er ei fin julegåve og eit fint samleobjekt. Ole Reinhart Bugjerde

NYTT STYRE I TREKLØVERET 4H Leiar: Thomas Sundal Nestleiar: Anna Humborstad Kasserar: Stein Rune Bakke Sekretær: Julie Nilsen Sundal Styremedlem: Mathias Hopland Eikås Styremedlem: Malene Albrigtsen 4H FJELLTRIM 2015 Mange likar å gå på tur i fjellet. Desse fekk premie i 4H sin Fjelltrim-konkurranse 2015. Lina Aardal Yri Håkon Aardal Yri Magnus Aardal Yri Daniel Leite Oliver Sætre Elise Lefdal Katrine Aardal Ann Margritt Hopland Eikås Arne Reksnes Odd Bjarte Lote VI GRATULERER! JULESONG Det lyser i stille grender, av tindrande ljos i kveld, og tusene barnehender, mot himmelen ljosa held. Og glade med song dei helsar, sin brioder i himmelhall, som kom og vart heimsens frelsar, som barn i ein velsal stall. Der låg han med høy til pute, og gret på si ringe seng, men englane song der ute, på Betlehems aude eng. Der song dei for fyrste gongen, ved nat over Davids by, Den evige himmelsongen, som alltid er ung og ny! God Jul! TREKKINGSLISTE SKULEMUSIKKBASAR Kjølsdalen skulemusikk takkar alle som støtta oss med loddkjøp og gevinstar! Barnebok: Dukke og vogge mm Bjørg Solheim, Brodert kalender Ruben Vambeset Årskog, Fjernstyrt bil Andrea Aarseth Balsnes, To trestolar (InVia) Malene Førde Øvregård, Babyteppe (Ellen Halse) Lilly Andrea Torheim, Arbeidsjakke Stårheim bygg Martha og Einar Kjerpeseth, Frost-plakat Hanna og Martina Telvik, Brio adventskalender Astrid Gilleshammer, Strikka sokkar Bodil Isene, Sophie Midthjell Sundal, Jan Eide, Strikka vottar Kari Bergset, Sander og William Løvlid, Nina M. Haugen. Ungdomsbok: Liggeunderlag Europris Silje Kathrin Brattheim, Elektrisk tannkost (Cato Albrigtsen) Karen Merete Bruland, Smootiemaskin Mathilde Leite Yri, Øyrepropper Kontorpunkt Elise Lefdal, Kinobillettar Unni Hatlegjerde, Smykke BergArt Per Haus Nore, Gåvekort B-Young Helga Gilleshammer, Smykke Walk In Solveig Soldal Haugen, Krus og te Didriks Emil Dale, Bok Anne Helene Borgund Marta og Alf Hopland, Rita Leite og Vidir Bjørgvinsson, Spel Libris Astrid Gilleshammer, Hol i øyrene Nord frisør Britt og Kåre Gilleshammer, Termos og sjal Antonsen/Cubus Sindre Årskog, Sjal og stylingprodukt Coco/Cubus Fam Magne Eikås, Gåvekort Chatlet Mathilde Leite Yri. Vaksenbok 1: Spekeskinke Mega Kirstin og Torfinn Myklebust, Løper i lappeteknikk (Heidi Berstad) Synnøve M Johnsen, Selbuvottar (Solveig Hovden) Fam Torbjørg Lefdal, Juvprodukt (Rønnaug Berge Leite) Fredrik Nordnes Haugland, Sylteflesk (Kjell Humborstad) Per Haus Nore, Fruktkorg Kiwi Måløy Anne Iren Naustdal, Hardangerbestikk Monrad Johnsen Elin og Bern Nes, Vannkaraffel Janne og Kåre Aardal, Bilpolering Stårheim bilverkstad Heidi Berstad, Reservehaldar SH Nesbakk Dianne Eikås, Kopp og bilvask Statoil Helene Bakke, Lykt Mekk Fam Anne Britt Skeistrand, Lyslykt Sunde Gunhild Flo, Dragspelsokkar Inger-Lise Nuland, To sjal Cubus Karen-Marie og Alf Haus, Pastellfargar En rød tråd Inger-Lise Nuland. Vaksenbok 2: Spekeskinke (Bjørn Aardal) Anbjørg Mikalsen, Velkomen-skilt Asvo Fam Vidar Thunem, A cup of me-bilete (Jeanette Sundal) Mariann Haus, Pølse Brito spekemat Turid Sundal, Korg med klutar mm Sissel Høynes, Hushaldningsvarer Bunnpris Bryggja Geir og Torbjørg Lefdal, Gåvekort Eid miljø Dianne Eikås, Dagpakke på Nordfjord hotell Kristin og Cato Albrigtsen, Herreprodukt Cut frisør Sondre Eikeland, Gåvekort Minibakaren Fam Kjell Sundal, Gåvekort Bergset Liv Eikås, To brett egg Bjørhovde Dagnar Myrold, Diverse frå Sunkost Fam Tanja Hatten, S-boks Bakke sag og høvleri Fam Kjell Arne Heggheim, Ullskjorte og arbeidshanskar Stårheim bygg Unn-Asta Nilsen, Kaffi Rema Reidun Starheimsæter. Rett trekning: Heidi Berstad og Helga Didrikke Sundal

a Bygdekinoen KINODAG I KJØLSDALEN SAMFUNNSHUS SØNDAG 13.DESEMBER Kl 16:00 SØSKEN TIL EVIG TID: AMERIKAREISA Aldersgrense: Alle Søskenparet Magnar (75) og Oddny (72) har levd saman på garden Kleiva i Sunnfjord heile livet. Dei driv garden på tradisjonelt vis, som generasjoner før dei. Det er alt dei ønskjer å fortsette med - så lenge helsa held. Ein vårdag kjem det eit brev frå Amerika. Slektningar i Minnesota inviterer dei til å komme over dammen for å sjå kvar deira felles slektningar busette seg då dei kom til USA på 1800-tallet. Skal Magnar og Oddny driste seg til å ta sjansen på å reise mot nye opplevingar? 18.00 JULEKONGEN Aldersgrense: 6 år. Ondskapen hersker i Ridderdalen og jula er avlyst. Bare familien Gran kan redde den. Uheldigvis. Dette er en helaftens komedie basert på den suksessfulle julekalenderen, fylt med humor, trolldom og sosialt kløneri. 20.00 HUNGER GAMES Aldersgrense: 6 år. Medan Panem vert rysta av total krig, står vi framfor den endelege samanstøyten mellom Katniss og President Snow. Saman med ei gruppe av sine nermeste venner, inkludert Gale, Finnick og Peeta, set Katniss og avdelingen fra Distrikt 13 livet på spel for å frigjere heile Panem frå grepet til tyrannane. KINOKAFÉ Ta ettermiddagskaffien på Kino-kafé i Samfunnshuset søndag 13. desember. Open frå 15.00 og utover (stengt under filmframvising) Vi sel sveler - platekake - påsmurt julebrød kaffi - te - brus Der blir også Kinokiosk som vanleg. Utgjevar :Kjølsdalen Ungdomslag - 6776 Kjølsdalen