Kyrkjer og kapell i Etne



Like dokumenter
Vekeplan 4. Trinn. Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag AB CD AB CD AB CD AB CD AB CD. Norsk Matte Symjing Ute Norsk Matte M&H Norsk

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Brødsbrytelsen - Nattverden

FIRST LEGO League. Härnösand 2012

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Of all the places in the world, I love to stay at Grandma Genia and

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Notat om historie og kulturlandskap

Come to praise. We have come to praise your name and give thanks for all things you ve done We lift our voices up to you You are worthy of our song

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

THE MONTH THE DISCIPLINE OF PRESSING

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

«Ny Giv» med gjetarhund

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

Mannen min heter Ingar. Han er også lege. Han er privatpraktiserende lege og har et kontor på Grünerløkka sammen med en kollega.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Bjerkreim kyrkje 175 år. Takksemd. Tekster av Trygve Bjerkrheim Musikk av Tim Rishton

Kulturhistoriske registreringar

Ørsdalen skule. Gunnhild Vassbø

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Språkleker og bokstavinnlæring

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Jon Fosse. For seint. Libretto

Macbeth: Frozen Scenes

ARBEIDSPLAN FOR : 10C

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jeg vil bare danse Tekst / Mel.: Tor- Jørgen Ellingsen

VEKEPLAN 4.TRINN Veke 13, 14 og 15 Namn:

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Slope-Intercept Formula

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

G A M A L E N G K U L T U R

Tys Innlevering av 2. utkast i norsk i slutten av timen. Veke 49 Mån Tys 1.12 Ons 2.12 Tors 3.12 Fre 4.12 Haustprøve i norsk hovudmål


Setring ved Håbakkselet Hareid

5 E Lesson: Solving Monohybrid Punnett Squares with Coding

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Samansette tekster og Sjanger og stil

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta


Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

MØTEBOK Tysnes kommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Stipend fra Jubileumsfondet skoleåret

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Velkomen til soknerådskurs

S.f.faste Joh Familiemesse

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Common profiles on wooden buildings in the old town of Kuldiga, Latvia. Vanlige profiler på trebygninger i gamlebyen i Kuldiga, Latvia

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Back to school

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Administrasjon av postnummersystemet i Norge Post code administration in Norway. Frode Wold, Norway Post Nordic Address Forum, Iceland 5-6.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Transkript:

Kyrkjer og kapell i Etne Summary in english 1

Kyrkjene i Etne prestegjeld/kommune Den nye trua Me veit ikkje heilt sikkert når den nye trua på Kvite-Krist gjorde sitt inntog i Etne, men mykje tyder på at det skjedde før år 1000. Det innhogne ornamentet og krossen på kross-bautasteinen ved Gjerde kyrkje er truleg det eldste teiknet på at den nye trua fekk innpass. Det kan ha vore Erlends far (Erlend fall i slaget ved Stiklestad i 1030) og hans hus som let laga dette minnesmerket som teikn på overgangen til kristendomen før år 1000. Krossen som no står ved Grindheim-kyrkja, kan ha kome ei tid etter dette. I alle høve er Etne ei bygd der den nye trua har fått inngang før kristenretten på Moster i 1024. I 1163 vart Magnus, son til Kristin og Erling Skakke, vigsla til konge i Bergen. Samstundes vart det bygt kyrkje på Stødle. Dette Krossbautastein ved Gjerde kyrkje. Truleg det eldste teiknet på overgangen til kristen tru i Etne. kyrkjebygget er no den eldste delen av Stødle-kyrkja. Men det har truleg vore kyrkje på Gjerde, og kanskje på Grindheim, før dette. Når ei ætt gjekk over til den nye trua, måtte dei ha eit hus til utøving av trua. Allereie i 1320 er Etne oppført med 3 sokn og tilsvarande mange prestar. Etter Svartedauden (1347-50) var det berre ein prest for desse sokna, slik det har vore seinare. 2 Etne Prestegjeld I 1984 vart Skånevik prestegjeld gjort til eit sokn i Etne prestegjeld. Også i

Skånevik reknar ein med at det har vore kyrkje fleire hundreår før reformasjonen, truleg frå første halvdel av 1300-talet. I dag har prestegjeldet fire kyrkjer og to kapell: Stødle, Gjerde, Grindheim og Skånevik kyrkje, og Fjæra og Frette kapell. Det vert halde omlag 110 ordinære gudstenester årleg. I tillegg kjem andre gudstenester, gravferder og vigsler. Det er to prestar i prestegjeldet, soknepresten bur i Etne og kapellanen i Skånevik. Verksemda i kyrkjene er prega av mange frivillige medhjelparar. Keltisk kross ved Grindheim kyrkje, truleg frå før år 1000. Den øverste delen er borte. det fins slike krossar nordover langs kysten. Stødle kyrkje Denne kyrkja vart oppført i 1165 av Erling Skakke etter at han hadde vore på Jorsalferd. Ho var «høgendeskyrkje», dvs ei privatkyrkje på storgarden Stødle kyr yrkj kje Stødle kyrkje sett frå sør-aust. Steinkyrkja er frå 1160-talet, trekyrkja frå midt på 1600-talet, tårnet frå 1878. 3

kje yrkj e kyr Stødle k Studla der Orms-hallen var. Ho har hatt namnet «Christ Hovedkirke», og er i dag hovudkyrkja i prestegjeldet. Etter reformasjonen vart ho utvida (ca 1650). Den gamle kyrkja utgjer no koret. Kyrkjeskipet fekk ei storvøla i 1698 etter ein storm som herja i 1673. Kyrkja vart pryda med bilete i barokk stil. Den gamle lysekruna er frå 1704. Katekisme-altertavla som no heng på nordveggen, er truleg frå 1600. I einevaldstida, frå 1660-1720, åtte kongen alle kyrkjene. Seinare kom dei på private hender, til dess kommunane kjøpte dei midt på 1800-talet. Katekismetavle frå reformasjonstida. Slik var det også med denne kyrkja. Hausten 1878 fekk kyrkja nytt tårn etter at dette hadde falle ned i ein storm i 1722. Kyrkjeklokkene er frå mellomalderen og er 1 meter i diameter. Det vert fortalt at kongen ville ha klokkene til København for å støypa dei om til kanoner. Men då dei skulle sigla forbi Røynesnes, bar vinden imot, og dei måtte gjera vendereis. Klokkene skulle vera i Stødlekyrkja! Den gamle lysekruna frå byrjinga av 1700-talet, er ei gåve frå oberstløytnant Lillienskiold i Fjeldberg. Kyrkja vart restaurert i 1957/58 slik at dei vakre dekorasjonane frå 1700- talet kom fram. På galleri-brøstninga er bilete av de fem dårlege og dei fem kloke jomfruane. Katekismealtertavla frå 1636 heng no inne i koret. Krossen med den sigrande Kristus er laga av kunstnaren T. Moseid, og glasmaleriet med den lidande Kristus i austveggen er laga av B.Greve, og er datert 1958. Kyrkja har eit pnevmatisk orgel frå 1962. «Stødle kyrkje er ein juvel mellom kyrkjene i Bjørgvin», sa biskop Indrebø ved festgudstenesta etter nyvøla. 4 Gjerde kyrkje Krossbautasteinen som står ved sida av kyrkja, er det eldste teiknet på kristen verksemd i dette området. Kyrkja på Gjerde er nemnt i eit testamente frå 1288. Då hadde det sikkert vore kyrkje der lenge, truleg ei stavkyrkje, og i 1325 høyrer me om «Sigurd prest på Gjerde». Den fyrste kyrkja har truleg stått på

Klokkehaugen. I 1590 vart kyrkja ombygd og truleg flytta dit ho er no. I 1674 bles kyrkja ned, og gravferder måtte haldast under open himmel. I 1676 vart det ført opp ny kyrkje. Det var Lille-Sandviken kyrkje ved Bergen som vart frakta til Etne og oppført på Gjerde. Kyrkja var på private hender frå 1723 til midt på 1800-talet. I 1890 vart kyrkjestolane frigjevne. Det betyr at «de conditionerte» ikkje lenger hadde særskilte plasser framme og husmenn og andre sat bak eller på nordsida i koret.. I 1921 fekk kyrkja det første pipeorgelet med trøbelg. Tårnet vart bygd i 1930 med preste- og dåpssakristi. Kyrkja vart restaurert i 1956. Ein tok bort panelet og fekk fram dekormåleria på veggene. I koret fann dei bilete av Moses og Aron, Samuel og Paulus. Altertavla er måla av Johan Wingård i 1738 med to felt. Øvst er Altertavle i Gjerde frå 1738. Antependiet er frå 1716. Kristus på krossen med Maria og Johannes og Jerusalem i bakgrunnen. Hovudfeltet viser innstiftinga av nattverden. Vengene har vore overmåla, men viser Jesu dåp og Isaks omskjæring. Antependiet er frå 1716. Preikestolen er frå «gamlekyrkja» og har barokk preg med bilete av dei fire evangelistane. Orgelet er eit mekanisk Van Wulpen, bygt i Nederland 1978 og oppført her i 1987. Kyrkjeklokkene er svært gamle. Den eine har innskrift med gotiske majusklar: «På metallsvis, i det eg lovar dei himmelske makters Gud, lyfter eg mi røyst for at folk skal gå til messe og til alt godt». Det står også signatur: «Jakob gjorde meg 1315. Erling prest let meg gjera». Den andre klokka har 28 ulike felt som viser bibelske hendingar. Gjerde e kyr yrkj Gj e k yr kje Gjerde kyrkje sett frå hovudvegen, frå vest. 5

kje yrkj m kyr Grindheim k Grindheim kyrkje Kyrkja på Grindheim er nemnt første gongen i 1326, og var bygt som stavkyrkje. Klokketårnet var frittståande. Men det kan ha vore kyrkehus her lenge før den tid. Den sterke stormen i 1673 gjorde stor skade på kyrkja. I 1728 vart gamlekyrkja riven, og ei ny tømra kyrkje vart bygd. Det fins gamle tretavler med vakre dekorasjonar frå den gamle stavkyrkja. Kyrkja vart utvida på slutten av 1800-talet. Altertavla fekk kyrkja i 1915, og ho er måla av Samuel Tveit frå Sauda og framstiller krossfestinga. Den eine kyrkjeklokka er frå 1628, men ho er no på Historisk museum i Bergen og er erstatta av ei ny. På den andre står innskrifta «Soli Deo Gloria», Ære einast til Gud.. Den keltiske krossen med runesteinen ved kyrkjeveggen. Det vart funne to vokslys i kyrkjegardsmuren etter krigen. Dei er restaurert og ligg i eit monter i kyrkja. Slike lys vart nytta som «påskelys», og desse er truleg fleire hundre år gamle. I 1954/55 vart kyrkja restaurert, med nytt sakristi, golv og stolstader. Ved kyrkjeveggen på nordsida står ein høg runestein. På eine breisida er det hogge inn ein kross. Ved inngangen til kyrkja står den namngjetne Grindheims-krossen, som er ein keltisk kross frå tidleg kristningstid. Den har truleg først stått i krossbakken og vore eit samlingsmerke og eit merke for omskiftet til ein ny gravskikk. 6 2 Altertavle i Grindheim kyrkje frå 1915.

Grindheim kyrkje sett frå sør-vest. Frette kapell Det har vore bedehus på Frette sidan 1910, men i 1959 bygde ein ut bedehuset som då også vart vigsla som kapell. Altertavla er eit krusifiks som tidlegare stod i Stødle. Frette kapell høyrde til 1997 inn under Grindheim sokn. Kyrkjegarden for dei som soknar til Frette, ligg ved Grindheim kyrkje. Frette kapell inst i Stordalen. Fret ette e kape pell 7

Skånevik kyrkje Me veit ikkje sikkert når det første kyrkjebygget vart reist i Skånevik. Men kyrkja er nemnt allereie i 1340, altså før Svartedauden. Ein må gå ut frå at ho då allereie har stått der ei tid, kanskje i hundre år? I ein synfaringsrapport Skånevik k ik kyr yrkj kje 8 Skånevik kyrkje, bygt i 1900. Gamlekyrkja stod like ovanfor den nye.

frå 1665 høyrer me at kyrkja var «meget forfalden! Det var ei stavkyrkje som stod der då. Fleire gardar låg inn under kyrkja. Me veit ikkje sikkert når Skånevik vart eige prestegjeld, men i før-reformatorisk tid låg den inn under Åkra kyrkje på nordsida av fjorden. I 1682 vart det reist ei tømra kyrkje. Den vart ståande til 1901. Då vart det bygt ei ny og større kyrkje nedafor den gamle. Lysekruna frå 1791 og den eine kyrkjeklokka (1701) er frå den gamle kyrkja. Kyrkja vart opp-pussa til hundreårsjubileet hausten 2000. Orgelet i den nye kyrkja, Jämlich, er frå 1975 og vert nytta ved konsertar. Altertavla viser Kristi oppstode. Ei gamal altertavle frå 1704 finst inne i kyrkja. Etter å ha vore eige prestegjeld i fleire hundre år, vart Skånevik eige sokn i Etne prestegjeld i 1984. K o m m u n e - samanslåinga hadde då allereide eksistert i omlag 20 år. Altertavla og koret i Skånevik kyrkje. Nymåla til jubileet hausten 2000. 9

FJÆRA KAPELL Dette kapellet vart bygt i 1913 med 150 sitjeplassar. Altertavla viser den opne grava. Kyrkjeklokka er også frå 1913. Før kapellet vart bygt, høyrde «fjorden» til Åkra sokn med båt som kyrkjeskyss. Det er gravplass ved kapellet. Altertavla i Fjæra kapell. Fjæra k a kape pell 10 Fjæra kapell inst i Åkrafjorden.

English summary The new faith We don t know exactly when Christianity came to Etne, but there is relatively good evidence that this occurred several decades before the year 1000 AD. Several crosses of Celtic design at both Gjerde and Grindheim indicate that the first Christians came from the West. When the head of a family received the new faith, he took his flock with him and built a place of worship, often near the offer cite for the old gods. The earliest churches were most likely raised in the 11 th and 12 th centuries here in Etne. Today there are 4 churches and 2 chapels in Etne and Skånevik. Two pastors serve the congregations, in addition to the other paid employees and many volunteers. Stødle church This church was built by Erling Skakke about 1165, shortly after his son, Magnus, was crowned king of Norway. It was a private church for the family and later became a parish church. About 1650 the church was enlarged and the present spire was built in 1878. The churches two bells are from the Middle Ages, and an old tale says that when the king tried to ship them to Copenhagen to make canons of them, the wind blew so hard that the ship had to return them to Stødle. The pulpit, the old altar catechism and wall decorations are from the 17 th century. The last restoration was made in 1957/58. Gjerde church The present church was set up in 1676, a gift from Lille-Sandviken in Bergen, after the old church had blown down in a storm. The first church, which was most likely a stave church, is mentioned in 1288. The church bells, also here from the Middle Ages, bear the inscription: In the manner of metal, as I praise the Gud of Heaven, I lift my voice so that the people will go to mass. It is also signed: Jakob made me 1315. Pastor Erling had me made. The altar painting is from 1738, and the pulpit from before 1676. During the restoration in 1956, the old wall decorations appeared. Grindheim church The oldest church at Grindheim was also a stave church, and we know that a priest served her before «Svartedauden» in 1347. The same storm that did considerable damage at both Stødle and Gjerde in 1673, resulted in the building of the present structure in 1728. You can also see where the walls were extended at the end of the 19 th century. The altar painting from 1915, is by a local artist. There are two baptismal candles used at Easter on display. They are made from beeswax and are several hundred years old. Skånevik church Skånevik has had at least 3 churches, the first one a stave church from before 1340 till about 1680, and the latest one from 1900. The style is new gothic. A few pieces of inventory from the old church are still in use including a chandelier from 1791 and a bell from 1701. Fjæra chapel The chapel was built in 1913 in the same style as Skånevik church, to which it belonged. Frette chapel Originally a parish house, it was rebuilt as a chapel in 1959, belonging to Grindheim parish. Engl glish su En gl h summary 11