MØTEPROTOKOLL Utval: Formannskapet Stad: Herøy rådhus, Formannskapssalen Dato: 11.02.2014 Tid: 13:30 15:45 Medlemer som møtte: Camilla Storøy Hermansen Medlem KRF Kjell Runde Medlem FOLK/SP Arnulf Goksøyr Leder H Tor-Sindre Steinsvik Medlem H Ann-Kathrin (Tine) Storøy Medlem H Margaret Leinebø Medlem H Karly Ingunn Teige Medlem FRP Olaug Andreassen Medlem AP Forfall: Per Kristian Furø MEDL AP Varamedlemer som møtte: Andre: Ass.rådmann Olaus-Jon Kopperstad Sekretær Lisbeth Moltu Espeseth Planleggar Ole Magne Rotevatn Frå anlegg- og driftsavdelinga Lene Søvik Huldal Personalleiar Birgitte Sævik Pedersen Til å skrive under møteboka saman med ordføraren vert valde: Kjell Runde og Ann Kathrin (Tine) Storøy Til slutt i møtet vart det orientert om: - Brev av 06.02.14 frå Ulstein kommune med invitasjon til eit møte i Ørsta 28.03.14 vedk. kommunereformen vegen vidare for kommunane på Søre Sunnmøre. - Invitasjon til «Damene først» seminar i Ålesund 03.03.14.
underskrifter Ann Kathrin (Tine) Storøy Arnulf Goksøyr Kjell Runde ordførar
SAKLISTE: Saksnr PS 24/14 PS 25/14 PS 26/14 PS 27/14 Innhold Godkjenning av innkalling og sakliste Protokoll frå førre møte Delegerte saker Referatsaker PS 28/14 Tertialrapport per 01.01.2014. PS 29/14 PS 30/14 Reguleringsendring for detaljreguleringsplan for Tovågen bustadfelt Avtale med Statens vegvesen - Vegarm frå Myklebust til Campus PS 31/14 Kommunedelplan for helse og omsorg 2013-2020 - slutthandsaming PS 32/14 Bulyst-prosjektet. Rapportering. PS 33/14 Pensjonsordning for folkevalde - ny ordning frå 1.1.2014 PS 34/14 Retningsliner for uønska deltid Delegerte saker frå avdelingane: DS 3/14 DS 4/14 DS 5/14 DS 6/14 DS 7/14 DS 8/14 DS 9/14 Søknad om endra serveringsløyve Søknad om serveringsløyve - Lek Takeaway Bålforbod i Herøy kommune Madelynn Coffee - Skjenkebevilling - søknad om endrede vilkår for èn enkelt anledning - romjuldans Søknad om dispensasjon for å legge ut flytebrygge framfor naust - gnr. 24 bnr. 73 i Herøy. Søknad om løyve til utlegging av flytebrygge på Kalvenes gnr. 48 bnr. 76 Serverings- og/eller skjenkebevilling - søknad om endring av løyve.
PS 24/14 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Ingen hadde merknader til innkalling og sakliste. PS 25/14 PROTOKOLL FRÅ FØRRE MØTE Ingen hadde merknader til protokollen frå førre møte. PS 26/14 DELEGERTE SAKER Delegerte saker frå avdelingane låg føre og vart tekne til vitande. PS 27/14 REFERATSAKER Referatskriv frå avdelingane låg føre og vart tekne til vitande. PS 28/14 TERTIALRAPPORT PER 01.01.2014. Tilråding frå komite for helse og omsorg og komite for næring, kultur og idrett vart delt ut. Saka vert tatt til vitande.
PS 29/14 REGULERINGSENDRING FOR DETALJREGULERINGSPLAN FOR TOVÅGEN BUSTADFELT Brev av 27.01.14 frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal vart delt ut. Planleggar Ole Magne Rotevatn orienterte i saka. Vedtak i Formannskapet - 11.02.2014 I medhald av 12-14 i plan- og bygningslova, vedtek Herøy formannskap reguleringsendring for Tovågen, datert 9.12.2013. PS 30/14 AVTALE MED STATENS VEGVESEN - VEGARM FRÅ MYKLEBUST TIL CAMPUS Arnulf Goksøyr reiste sitt habilitetsspørsmål då han er styreleiar i Sunnmørbadet Fosnavåg AS. Han gjekk frå under handsaminga av habilitet. Arnulf Goksøyr vart samrøystes kjend habil. Lene Søvik Huldal frå anlegg- og driftsavdelinga møtte i saka. AP v/olaug Andreassen kom med slikt framlegg: «1. Herøy kommunestyre vedtek å bygge vegarm frå FV 654, Myklebust til kulturhusområdet/badeland. Ein bed administrasjonen utarbeide anbodspapir i henhold til avtale med Statens Vegvesen og deretter legge fram kostnadsoverslag og finansiering av prosjektet. 2. Som pkt. 1 i rådmannen si tilråding. 3. Som pkt. 2 i rådmannen si tilråding.» Framlegget frå Ap vart samrøystes vedteken. 1. Herøy kommunestyre vedtek å bygge vegarm frå FV 654, Myklebust til kulturhusområdet/badeland. Ein bed administrasjonen utarbeide anbodspapir i henhold til avtale med Statens Vegvesen og deretter legge fram kostnadsoverslag og finansiering av prosjektet. 2. Herøy kommune godkjenner utkast til avtale mellom Herøy kommune og Statens vegvesen. 3. Ordførar får fullmakt til å signere avtalen på vegne av kommunen.
PS 31/14 KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG 2013-2020 - SLUTTHANDSAMING Kommunestyret vedtek i medhald av plan- og bygningslova 11-15 kommunedelplan for Herøy helse og omsorg 2013 2020, datert 17.1.2014. PS 32/14 BULYST-PROSJEKTET. RAPPORTERING. Camilla Storøy Hermansen reiste sitt habilitetsspørsmål då ho er prosjektleiar for Bulyst-prosjektet. Ho gjekk frå under handsaming av habilitet. Camilla Storøy Hermansen vart samrøystes kjend inhabil etter KL 40, 1 b. Kommunestyret sluttar seg til handlingsplan 2014 for Bulystprosjektet. PS 33/14 PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE - NY ORDNING FRÅ 1.1.2014 Personalleiar Birgitte Sævik Pedersen møtte i saka. Arnulf Goksøyr og Tor Sindre Steinsvik reiste sine habilitetsspørsmål. Saka har konsekvensar for ordførar og varaordførar. Goksøyr og Steinsvik gjekk frå under handsaming av habilitet. Arnulf Goksøyr og Tor Sindre Steinsvik vart samrøystes kjend inhabile etter KL 40, FVL 6, andre ledd. AP v/olaug Andreassen kom med framlegg om pkt. 1 i rådmannen si tilråding. Ap sitt framlegg vart samrøystes vedteken. Kommunestyret vedtek ny pensjonsordning for folkevalde gjeldande frå 01.01.2014:
- Ordinær tenestepensjonsordning for tilsette PS 34/14 RETNINGSLINER FOR UØNSKA DELTID Personalleiar Birgitte Sævik Pedersen møtte i saka. Tilråding frå administrasjonsutvalet og arbeidsmiljøutvalet vart delt ut. Kommunestyret vedtek: 1. Herøy kommune har som mål at alle tilsette innan 01.01.17 skal minimum ha ei stilling på 60%. Dette med unntak av reine rekrutterings- og helgestillingar og stillingar i brannvernet. 2. «Retningsliner i arbeidet med å redusere ufrivillig deltid», som dei ligg i saksutgreiinga. MØTET SLUTT KL. 15:45
DELEGERTE SAKER FRÅ AVDELINGANE DS 3/14 Søknad om endra serveringsløyve 23.01.2014 00:00:00 LEK TAKEAWAY WILAWAN PORNPRATHAN DS 4/14 Søknad om serveringsløyve - Lek Takeaway 06.01.2014 00:00:00 LEK TAKEAWAY WILAWAN PORNPRATHAN DS 5/14 Bålforbod i Herøy kommune 31.01.2014 00:00:00 Adresseliste DS 6/14 Madelynn Coffee - Skjenkebevilling - søknad om endrede vilkår for èn enkelt anledning - romjuldans 20.12.2013 00:00:00 Madelynn Coffee DS 7/14 Søknad om dispensasjon for å legge ut flytebrygge framfor naust - gnr. 24 bnr. 73 i Herøy. 30.10.2013 00:00:00 John Kåre Almestad DS 8/14 Søknad om løyve til utlegging av flytebrygge på Kalvenes gnr. 48 bnr. 76 13.11.2013 00:00:00 Trond Kyrkjebø DS 9/14 Serverings- og/eller skjenkebevilling - søknad om endring av løyve. 13.01.2014 00:00:00 ELMIR MAZNIKAR