Generell turinformasjon



Like dokumenter
Generell turinformasjon. Medlemskap. Frivillige. Gradering av turane. Turkontingent:

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Enkel Middels Krevjande Ekstra krevjande

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

«Ny Giv» med gjetarhund

Sandeid skule SFO Årsplan

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Sommertur basecamp på Turtagrø i Jotunheimen august.

Hordaland krins av Norges speiderforbund

Frisenfeldt Spesialist på klassiske førskole-leker. Midt I din flotte gågate I Moss.

Generell turinformasjon

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Plan for Liabygda SFO

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

INFORMASJON om førestellinga:

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

TURPROGRAM 2009 Stordal Turlag - Tur og Trim SIL

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Årsmelding 2015 Sogndal Turlag

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Kulturhistoriske registreringar

Månadsplan for Hare November

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Stemnehandboka for NKSF

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Rutinar for ferdsel i utløpsområde

Tur 1: Høgronden Midtronden 2 Midtronden 1 Digerronden

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

Bli med TIL TOPPS. Norges sprekeste integreringsarrangement juni 2016

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

Topptrimmen 2014 Svalbard Turn

Valdres vidaregåande skule

5. Soknerådsmøte mai Referat

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Erfaring frå samarbeidande kommunar. Skredseminar

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Skattekister. Frisenfeldt Spesialist på klassiske førskole-leker. Midt I din flotte gågate I Moss. Lekehuset

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Gradering av turane våre. Påmelding. Medlemskap. Frivillige. Turane våre er opne for alle

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Fra tare til tind. m/ HEMO Travels Vårskitur 2012

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Vekeplan 9. klasse. Veke 48. Matte Statistikk. Samf Geografi. Naturressursar Eng Am I Blue. RLE: Det skjedde i dei dagar Natur: Hormonsystemet

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

2015/ Høyring - "Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet"

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vedlegg 1: Oversyn over ekstra skuleskyss i Fjell kommune, 2012.

Transkript:

Generell turinformasjon Alle kan vera med turane til Kvam turlag. Sjølvsagt vil me gjerne ha deg som medlem, men alle er velkomne på tur! Dei fleste turane er gjennomførbare for deg med normal form. Tempoet vil variere litt, stavane/skoa fortel noko om kor krevjande turen er (sjå oversikt under). Er du usikker ring og spør turleiaren til råds. Du finn og meir utfyllande informasjon om turane på nettsidene våre. Nettsidene skal alltid ha siste informasjon om turar og aktivitetar! Ting kan endra seg over lang tid Så følg med på kvamturlag.no Gradering av turane Lett Ganske lett Middels Litt krevjande Krevjande Ekstra krevjande Prisar: (Medlem/Ikkje medlem) Barnas turlag: Gratis! Onsdag / kveld: 0 / 20kr Sundag / dagstur: 0 / 50kr Overnattingsturar varierar etter opplegg. Turleiar informerer. I tillegg kjem og fellesutgifter, turleiarutgifter og til dømes transport. Medlemskap: Du bør bli medlem av Kvam turlag fordi du då får økonomiske fordelar ved deltaking på turar, ved overnattingar i hyttenettet til DNT og du får eit bra friluftsmagasin i posten. Og ikkje minst så er du med å støttar vårt arbeid med å gje flest mogleg naturopplevingar for livet. Meld deg inn! Kom deg ut! Frivillige: Turlaget er basert på frivillig innsats og dugnad. Har du lyst å vera turleiar, merka ruter, gjera ein innsats på Vending eller andre hytter gje oss ein lyd! Me har alltid bruk for folk, og kor mykje du vil gjera ut av det bestemmer du sjølv. Du er hjartleg velkomen! Kvam i kryss og krakje Me vidarefører fjordårets suksess Kvam i kryss og krakje i nokolunde same form. Klyppekort vert lagt ut på nett og til henting på biblioteka når me startar opp. Dette vert annonsert, og skjer antageleg rundt 1.mai. Nokre av turmåla er med i turprogrammet og er markert med (KKK).

Turprogram 2015 Sun 01. Februar Kom deg ut dagen Aktivitetsdag på Sjusete skianlegg. Sjå annonse i HF, og informasjon på nettsidene veka før. Helg 14-15. Februar: Kvamskogen Gullhorgabu Fitjadalen Eit fantastisk skiterreng ventar oss. Om vergudane har gitt oss den rette miksen av god såle og lett snø på toppen kan dette bli ein skitur du ikkje vil gå glipp av. To lange og tunge dagar på ski med eit opphald på nye flotte Gullhorgabu burde friste! Påmelding innan 10.februar. Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704 Sun 8. Mars: Såta Breidarusti På kvinnedagen tek Hans flankert av Rakel deg med over Såta og Breidarusti. Ein klassisk skitur på Kvamskogen som er overkommeleg for dei aller fleste, ein del av turen går i oppkøyrde løyper. Oppmøte: Furedalen, nedre parkering, kl 1100. Turleiar: Hans Neteland, telef. 918 51 873 Sun 15. mars: Såta Fagrafjell Neteland Denne sundagen legg me og turen oppom Såta. Men i staden for å returnera via Husaleitet, tek me turen til Fagrafjell og derfrå ned til Neteland i Steinsdalen. Frå ope fjell til skogskøyring på ski. Oppmøte: Furedalen, nedre parkering, kl 1100. Turleiar: Jan Lygre, telef. 918 17 420 Sun 22. mars: Manfjell Manfjell er eit flott turmål uansett årstid. Me bestig det frå Hovland via Blomsete og Hyrting. Turen til Manfjell inneber om lag 1000 høgdemeter, men stort sett jamt fordelt på bortovermetrane, og er med gode forhold ein flott skitur. Påmelding innan fredag 20.mars. Turleiar: Peter Helland-Hansen, telef. 480 62 449 Sun 12. April: Tørviknuten Topptur til Tørviknuten. Fantastisk utsikt på relativt kort tur med fine nedkøyringar på heimvegen. Oppmøte: Torvik-tveiten, kl 1000. Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315 Sun 19. April: 10-topp-tur Nokon seier terrenget mellom Kvittingen og Høgabu byr på eit heilt fantastisk skiterreng. La Evy overbevisa deg òg om at dette stemmer. Dagstur med mange opp og nedturar, ikkje mindre enn ti toppar skal ligg på traseen me går denne dagen. Oppmøte: Haldeplassen, Nhs, kl 0730. Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704

Sun 26. april: Fuglafjell Høgst i Kvam utan rusmiddel. Via Byrkjesete og Myklavatn til høgaste fjellet i Kvam, 1334 meter høge Fuglafjell. Flott vårskitur. Påmnelding innan torsdag 23.april. Turleiar: Kjell Inge Tufte Tyssen, telef. 950 66 789 Helg 08-10. mai: Fanaråken frå Sognefjellshytta Me avsluttar skisessongen med ein helgetur til Jotunheimen. Me satsar på å i alle fall besøkje Fanaråken ein dag, og reknar med at me finn ein topp til å bestige iløpet av helga. Sognefjellet kan vera fantastisk på denne tida. Påmelding: Innan sundag 3.mai. Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315 Ons 13. mai: Fagrasete Me går ein ettermiddagstur over Flyane og Forsete til Fagrasete, tek i rast i Gapahuken før retur. Oppmøte: Parkering, Sjusete skisenter, kl 1800 Turleiar: Rakel Neteland, telef. 959 31 777 Ons 20. mai: Skårsete Hyrting (KKK) Dei flotte stølane over Hovland fortener meir besøk enn dei får. Utsikta frå Skårsete mot Fyksesund er upåklageleg. Oppmøte: Hovland kl 1800 Turleiar: Svein Rune Stakseng, telef. 922 83 087 Man 25. mai: Samlen rundt Erling tek deg med rundt Samlen. Turen er ikkje veldig lang, men han har mykje å visa oss, og mykje å fortelja om på vegen så me brukar dagen. Turen går same dagen som Herand rundt så kanskje det framleis er litt liv i Herand etter turen. Oppmøte: Tørvikbygd kai, kl 1000. Turleiar: Erling Neteland, telef. 950 66 791 Ons 27. mai: Norheimsdalen Kalderassen (KKK) Vakre Norheimsdalen med si vide utsikt, og vakre Kalderassen med glimt av Fuglafjell. Alt ved foten av Geitafjell. Alt ligg til rette for ein flott onsdagskveld. Oppmøte: Selesete, Norheimsund, kl 1800. Turleiar: Rakel Neteland, telef. 959 31 777 Sun 31. Mai: Nessteinen (KKK) Nessteinen ruvar vel 600 meter over downtown Mundheim. Det er nokre bratte bakkar, og du må ta dei fleste av høgdemetrane sjølv. Utsikt mot bla. flotte fjell i Kvinnherad og Varaldsøy. Oppmøte: Velteplassen, Nybru, kl 1030. Turleiar: Kåre Nes, telef. 991 52 195 Ons 3. juni: Ullhovda Svartavatnet (KKK) Kort tur i skogen ved Kolltveit. Oppmøte: Eikjå, Kolltveit, kl 1800. Turleiar: Brita Kolltveit, telef. 917 50 564 Sun 7. juni: Padletur Botnen Me padlar innover det flotte Fyksesundet frå Porsmyr. Om tid og lyst er der tek me ein avstikkar til Skåro. Me kan ordne med leige av kajakk om du ikkje har det sjølv. Påmelding innan 31.mai Turleiar: Øystein Mongstad, telef. 952 01 605

Ons 10. juni: Tolohedla Holseter Me går snarvegen mellom Steinsdalen og Strandebarm. Oppmøte: Neteland, kl 1800. Turleiar: Erling Neteland, telef. 950 66 791 Ons 17. juni: Samlen Samlen. Oftast nyt me utsikta til Samlen. Ofte har han hatten på. Men denne vårdagen håpar me hatten er av og me kan nyta utsikta FRÅ Samlen. Og for ei utsikt! Oppmøte: Tørvikbygd kai, kl 1630. Turleiar: Svein Rune Stakseng, telef. 922 83 087 Ons 24. juni: Ørnottå (KKK) Flott turmål over Oma, som er alt for lite besøkt. Oppmøte: Åse-Oma/Turvegparkeringen, 1800. Turleiar: John Olav Måge telef. 997 28 499 Sun 28. juni: Vesoldo Jubileumstur Bergen og Hordaland turlag (KKK) Bergen og Hordaland turlag fyller 125 år med turar i alle lokallaga. I Kvam vil me vise fram Vesoldo. Fordi Vesoldo er ein fantastisk flott topp. Oppmøte: Byrkjenes, kl 1000. Turleiar: Karen Matthiessen, telef. 991 05 470 Laur 1. august: Botnen Fjellvegen Hovland Fjell-løpet Fyksesundet rundt går av stabelen denne laurdagen. Me set opp fellestur på om lag halve ruta, og reknar med å sjå ein og annan utbrent rakett på vår veg under Manfjell. Påmelding: Innan onsdag 29.juli. Turleiar: Kjell Dysvik, telef. 991 03 461 Helg 30.juli.-2 august: Helg i Nærøyfjorden Husmannsplassen med den spektakulære stien, Naoli på fredag. Verdsarvtur frå Bakka til Dyrdal på laurdag. Bakkanosi eller anna passande turmål på sundag. Nærøydalen har mykje flotte fjell å by på. Påmelding innan 20.juli. Turleiar: Kjell Inge Tufte Tyssen, 950 66 789 Helg 6-9. august: Jenteturen Årets jentetur går til fantastiske Breheimen, der den 2088 meter høge Tverrådalshytta blant anna står på programmet. Påmelding innan 1.juni. Turleiar: Evy Kleivane, telef. 952 89 704 Helg 7-9. august: Sandfloegga Sandfloegga ligg ganske langt sørvest på Hardangervidda og er med sine 1721moh det høgste fjellet på dette høgfjellsplatået. Me bestig toppen frå Valldalen og får sånn sett ei relativt behageleg reise til dette fjellet. Påmelding innan 31.juli. Turleiar: Oddbjørn Borge, telef. 906 26 315

Ons 12. august: Hylmedal Lambadalen Klepp Me tek turen til stølane langs Daurmålsegga, frå Oma til Strandebarm. Oppmøte: Butikken på Oma, kl 1800. Turleiar: Karen Matthiessen, telef. 991 05 470 Sun 16. august: Vassfjøro Vassfjøro med sin karakteristiske steile sydvegg er synleg frå mange stader i fjellet i Kvam. Me reiser til Ulvik og forsøker å bestige toppen. Tung lang tur. Påmelding innan 14.august. Turleiar: Arvid Aasprang, telef. 916 11 408 Ons 19. august: Fossdal Kjel Fin runde på Kvamskogen i området opp mot Kvitingen. Middels tung tur. Oppmøte: Furedalen, nedre parkering, kl 1800. Turleiar: Margunn Sande, telef. 98013551 Helg 22-23. August: Borna sitt turlag: Vending Til Vending kjem ein sjølv med ganske små bein. Turen passar frå ca 4 år. Påmelding innan tysdag 18.august. Turleiar: Ingunn H. Teigland, telef. 481 40 995 Sun 23. august: Saksaklepp Me tek turen til Jondal sitt høgaste fjell, Saksaklepp. Vel verdt turen opp. Oppmøte: Tørvikbygd kai, kl 1000. Turleiar: Erling Neteland, telef. 950 66 791 Ons 26. august: Haukåsfjellet (KKK) Me går sauastien med Fosse-sitat, i Strandebarm til Haukåsfjellet. Lett tur. Oppmøte: Bomvegstart, Haukåsvegen, kl 1800. Turleiar: Ivar Riise, telef. 977 57 628 Fre 28. August: Fullmåne på Torefjell Me satsar på godt ver og at me kan nyta kvelden i selskap med månen på Torefjell. Oppmøte: Parkering, Sjusete skisenter, kl 1800. Turleiar: Helene Leigland Njaa, telf. 971 61 080 Sun 30. August: Klyvenuten (KKK) Klyvenuten byr på fabelaktig utsikt over Fyksesund. Det er nokre bratte bakkar opp dit, men det er så absolutt verdt det. Turen går i forholdsvis bratt terreng. Påmelding innan laurdag 29.august. Turleiar: Torunn Klyve Soldal, telef. 957 48 940 Ons 2. september: Selesete Døgnope (KKK) Det er fleire godt tilrettelagte stader å gå tur til i Fitjadalen. Selesete og Døgnope er to av dei. Lett tur i skogen. Oppmøte: Fitjadalsvegen v/øystesemennene, kl 1800. Turleiar: Anna Mo-Bjørkelund, 952 00 535

Sun 6. september: Melderskin Fjella rundt Rosendal er fantastiske. Me tek turen opp og nyt utsikten til alt det flotte rundt oss. Svært bratt start, men på god sti. Slakar så ut før ein avsluttar i steinur. Påmelding innan 4. september. Turleiar: Vidar Ask, telef. 41 56 36 35 Ons 9. september: Krossfuru Roaldsdalen (KKK) Øksehogget i fjellet bak Ålvik sentrum er ein flott plass. Bratt opp til Krossfuru, seinare slakt innover dalen. Oppmøte: Ålvik skule, kl 1800. Turleiar: Inge Tyssen, 915 915 10 Sun 13. september: Fuglafjell Kjempeflott tur til høgste fjellet i Kvam. Me satsar på køyre til Steinskvandalen og går via Kvitebekk til toppen av Kvam Oppmøte: Ungdomsheimen, 1000. Turleiar: Elisabeth Fremgaard, telef. 414 15 474 Ons.16 september: Stuastøl (KKK) Ta med kveldskaffien til Stuastøl denne onsdagen. Johannes guaidar deg på vegen. Oppmøte: Tveit, Norheimsund, kl 1800. Turleiar: Johannes Heradstveit, telef. 977 30 580 Sun 20. september: Geitafjell (KKK) Geitafjell ligg flott til med utsikt mot Norheimsund, Myklavatn og mykje meir. Forholdsvis lett topptur. Oppmøte: Selesete, Norheimsund, kl 1100 Turleiar: Vert annonsert. Ons 23. September: Borna sitt turlag: Dalamot Øystein stiller som vanleg med gode hjelparar frå Framnes og byr på tur, pølser og litt leik og moro i Dalamot. Oppmøte: Sørheim, kl 1730. Turleiar: Øystein Mongstad, telef. 952 01 605 Sun 27. september: Tysnessåta Me reiser til Tysnes og går på toppen av øya. Ein flott topptur. Påmelding innan 26.septemeber. Turleiar: Vidar Ask, telef. 41 56 36 35 Ons 14. Oktober: Borna sitt turlag: Sandvenlie Ta med kveldsmaten på tur i Sandvenlie. Me serverar nokre eventyr og kanskje eit bål. Oppmøte: Parkering v/nil Fotball, kl 1730 Turleiar: Astrid Holmefjord, telef. 93 60 78 71