REGION NORDVEST NYTT FRA REGION NORDVEST. Våre utsendingar Misjonærar ut frå Nordvest.



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Brødsbrytelsen - Nattverden

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Strategidokument Varhaug Misjonshus

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Til deg som bur i fosterheim år

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Velkomen til soknerådskurs

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jubel for ny oversettelse

Region NordVest. NYtt FrA region NordVest. gleda i herren ei glede å dele, seier Arne Meier.

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Månadsplan for Hare November

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

5. Soknerådsmøte mai Referat

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

6. trinn. Veke 24 Navn:


TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

«Ny Giv» med gjetarhund

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Strategidokument

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Velkomen til Mork barnehage

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

72 døpt. region NORDVest. NYtt FRA ReGION NORDVest. Fullt hele dagen Julemesse på tingvoll. Møt Davka lars Petter ødegård er eittåring i Mongolia.

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

NLM Ung Verden for Kristus: Vi vil lære Jesus å kjenne og gjøre han kjent

Sandeid skule SFO Årsplan

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Nye kristne etter møteserier

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Strategidokument Varhaug Misjonshus

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Foto: NLM/Mari Mongstad VÅRE UTSENDINGER. Januar 2016F

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

INFORMASJON om førestellinga:

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Valdres vidaregåande skule

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Finansiering av søknaden

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Månadsbrev for Rosa september 2014

mmm...med SMAK på timeplanen

Vigsling av evangelist

Teknikk og konsentrasjon viktigast

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Transkript:

REGION NORDVEST 12. september 124. ÅRgang 16 2014 alt arbeid skal dere gjøre helhjertet, for det er Herren og ikke mennesker dere tjener. Kol 3,23 HØSTGAVEN 2014: SØR-AMERIKA Jesus til landsbygda I Peru og Bolivia forlater mange bygda og flytter til byen. Det fører til forgubbing i en del menigheter. Men takknemligheten er stor når misjonærer og evangelister kommer på besøk og deler evangeliet. SIDE 6-7 FOTO: ESPEN OTTOSEN NYTT FRA REGION NORDVEST På plass igjen To nye ville vere i lag med oss på Bible Club i Matsue, fortel Inger Valbø. REGIONSIDE 2 Våre utsendingar Misjonærar ut frå Nordvest. REGIONSIDE 3 Sendt til Noreg Takk og velkomen til Anna Sæther. SISTE SIDE UTS162014-Nordvest.indd 1 02.09.14 10.22

1 REGION NORDVEST LEDER Kva byggjer vi på? KÅRE JOHAN LID RegionledeR I sommar har det i media vore ein debatt om utviklinga ved Menighetsfakultet, starta av NLM sin informasjonsleiar Espen Ottosen. Debatten har eigentleg handla om tekstane i Bibelen, kva er dei og korleis les vi dei eller kort sagt bibelsyn. Brennpunktet har vore i kva grad vår fornuft, tradisjon, anna erfaring og kunnskap skal stå over bibelordet og annullere det. Fleire profilerte prestelærarar kan ikkje akseptere Bibelen som øvste norm for lære og liv. Temaet er kjent i samfunnet generelt, men også i kristne miljø og forsamlingar. At Bibelen ikkje skal vere til å stole på er både forvirrande og dramatisk. For det rokkar ved fundamentet for den kristne trua. Under vegarbeid i nærleiken av Namsos i 2009, starta det eit stort kvikkleireras, og hytter og hus fylgde med på sjøen. Det er dramatisk om grunnvollen sviktar. Jesus seier: «Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Men den som ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand.» (Matt 7,24 og 26) Det er bibelordet sine forteljingar og lovnader som skaper og opprettheld ei kristen tru. Levande kristne «Grunnvollen til Guds kyrkjelyd er apostlane og profetane sitt ord.» lever på og i Bibelen sitt ord. «Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.» (Rom 10,17) Ordet gjev forkynnarar både bodskap og frimod - og gjer dei verd å lytte til. Når vi seier at Bibelen sitt ord er upåliteleg og fullt av motsetningar, rokkar vi ved det åndelege livet sin grunnvoll. Til dei kristne skreiv Paulus: «De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.» (Ef 2,20) Grunnvollen til Guds kyrkjelyd er apostlane og profetane sitt ord. Ved Den heilage ande og Guds ord har vi vorte opplyste og gjennom det møtt ein levande Jesus. Både som enkeltkristne og som Guds kyrkjelyd byggjer både vårt liv og framtidsvon på at Bibelen er til å stole på. Det betyr ikkje at bibeltolking er enkelt. Men vi trur at Bibelen er Guds openberra ord og at Bibelen er ei heil og samstemt bok, slik Gud er det. Vi må lese enkelttekstar i lys av heile Guds ord og i lys av evangeliet om Jesus. Jesus sa «Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.» Matt 24,35 Vår teologiske forsking i akademia, som byggjer på vår fornuft, kan ikkje seie noko om Gud, som er større og står over vår røyndom. Ja, bibelordet lærer oss at vi av vårt eige vit eller forstand ikkje kan finne fram til Gud. Difor openberrar han seg ved eit heilagt, påliteleg og levande ord som står fast. Det gir det det lovar til kvar den som trur. Lat oss difor med frimod lese, forkynne og samlast om Guds ord og ta imot det i tru. La oss, som dei første kristne, ta imot det ikkje som menneskeord, men, som det i sanning er, som Guds ord, som verkar med kraft i dei som trur. 1 Tess 2,13. REGION NORDVEST Besøksadresse: Spjelkavikvn. 132, 6010 Ålesund Postadresse: Postboks 7503 Spjelkavik, 6022 Ålesund Telefon: 70 17 44 00 Giverkonto: 8220.02.90131 E-post: nordvest@nlm.no Internett: www.nlm.no/nordvest Opningstid: ma fre 09 15 Regionleiar og ansvarleg redaktør: Kåre Johan Lid Styreleiar Region Nordvest: Svein Dalen Ung-leiar: Geir Henning Tunheim Administrasjonsleiar: Anne-Marit Engås SMAK AV NORDVEST I denne spalten utfordrer vi medlemmer i regionstyret og barne- og ungdomsrådet til å svare på tre konkrete spørsmål. Dagens medlem er Randi Starheimsæter som sitter i Regionstyret. 1: Hvilke ønsker har du for RNV? Jeg ønsker at Region Nordvest skal være et redskap som Gud får bruke til å møte mennesker i alle aldre med ordet om Jesus. Og at kallet til å være med i misjonen blir levende formidlet slik at det blir noe som griper den enkelte av oss personlig. Å være med i misjonen handler om fellesskap. En står ikke alene, men er med i en stor sammenheng. Samtidig er det viktig at fellesskapet evner å lede enkeltmennesker til et personlig møte med Jesus. 2: Hva er det som gjør at du engasjerer deg i NLM? Jeg har vokst opp i NLM og vært med i kor og på leir siden jeg var liten. Jeg har også gått på Vestborg og på Fjellheim bibelskole, og gjennom dette blitt veldig glad i NLM. Det har derfor på mange måter blitt naturlig for meg å være med i NLM. Det er også NLM som driver arbeid i Engesetdal, der jeg og familien min bor. Men fremfor alt er det kallet fra Jesus som er drivkraften. Det er ingen som kommer til himmelen uten å kjenne Jesus. 3: Hva ser du som muligheter i NLMs arbeid der du er? Vi går på et bedehus som gjennom mange år og generasjoner har hatt et rikt og åndelig godt arbeid for både barn og unge. For et par år siden ble det bestemt at vi skulle definere oss som en forsamling. Vi driver med det samme som før, men har i større grad tatt i bruk søndag formiddag til møte. Dette har vist seg som en stor mulighet, siden mange er opptatt eller rett og slett trøtte på kveldstid etter arbeid. I tillegg har vi søndagsskole samtidig. Det har i vår bygd fungert som brobygger til ikke-kristne som kommer med barna på søndagsskolen. «Å være med i misjonen handler om fellesskap. en står ikke alene, men er med i en stor sammenheng.» Prestegarden på nett Lepsøy Misjonssenter har fått ei flott ny heimeside. Ver med og støtt opp om denne nydelige plassen og bestill eit opphald på den idylliske perla på Nordøyane! ANNE-MARIT ENGÅS Lepsøy Misjonssenter ligg på Lepsøya i Haram Kommune. Senteret er ein tidlegare prestegard, men brukast i dag som lokale for dåp, konfirmasjon, feiringar og andre treff. Staden er godt tilrettelagt for overnatting for grupper, skuleklasser, foreiningar, lag eller private. Det er to overnattingsmoglegheiter på garden: hovudhuset med 5 soverom og plass til 18, og stabburet med overnattingsplass for 9. I tillegg er det tilgjengeleg eit stort naust, gapahuk, grill og ein flott, stor hage. Garden ligg tett inntil Kjerstadsanden, ei nydeleg sandstrand. Naturen på Lepsøya innbyr til flotte turar i fjell og ved sjø. FOTO: LEPSØYMISJONSSENTER.COM På den nye heimesida kan du sjå ei rekke bilete frå prestegarden og det flotte området. I tillegg kan du sjå når lokala er ledige og bestille plassen. Gå gjerne inn på www.lepsøymisjonssenter.com og bli frista til ein tur til Nordøyane! Du kan også kontakte Eli Seth for meir informasjon: E-post: lepsoymisjonssenter@gmail. com. Tlf: 70 21 82 12 / 916 98 542 UTS162014-Nordvest.indd 10 02.09.14 10.22

2 På plass igjen VÅR UTSENDING INGER VALBØ, JAPAN Områdearbeidar i Japan og bur i byen Matsue, der ho bruker mykje tid saman med studentar og ungdom. Nye ungdommar på Bible Club, nytt samarbeid med kyrkja og ny bibelklasse i Nima er noko av det som ventar meg denne hausten. INGER VALBØ, JAPAN Allereie dagen etter at eg kom tilbake til Matsue etter ein lang ferie i Noreg, samlast ungdommar til Bible Club heime hos meg. Det var godt å kjenne at nokon hadde venta på meg, sjølv om Bible Club har gått sin gang også medan eg har vore borte. På Facebook har eg sett nye ansikt, og eg har også vore i kontakt med studentar som gjerne vil komme igjen. Nytt samarbeid med Arashima I mai var eg med på eit møte med stadleg representant for NLM, kyrkjepresidenten og presten i Matsue kyrkje. Temaet var arbeidet eg står i, og særleg korleis studentarbeidet kan bli meir knytt til kyrkja. Kyrkjepresidenten kom med eit overraskande og godt forslag, som har ført til at frå hausten skal presten i Arashima, Junichi Ishimaru, bli min nye koordinator og næraste medarbeidar. Så frå i haust skal eg ha regelmessige møte med han og kona Aika, der vi kan planlegge ungdomsarbeidet ilag og be for kvarandre eit fellesskap som eg håper kan gi gjensidig glede. Det tek omlag ein halvtime å køyre dei 17 kilometrane austover til Arashima. Eg blir også med på to eller tre gudstenester der kvar månad, når eg ikkje har oppdrag i andre kyrkjer. Ein gong i månaden har dei også ungdomsgudsteneste på ettermiddagen. Nokre studentar har allereie vore med dit fleire gonger. Eg trur det også er ei god kyrkje å ta med ungdommar på føremiddag, no når dei er blitt kjende med presten. Ishimaru vart sjølv ein kristen medan han var student i Matsue, og han får god kontakt med studentane. Han er også veldig flink til å tale slik at ungdommane forstår. Han vil også gjerne ta dåpsførebuing og dåp dersom/når det skulle bli aktuelt. Ungdomsgudsteneste i Arashima kyrkje. Junichi og Aika Ishimaru bakerst til venstre. FOTO: INGER VALBØ Engelsk bibelklasse i Nima Køyrer eg eit par timar frå Matsue vestover, kjem eg til Nima. Der har Kari Opperud arbeidd i til saman tolv år og fått mange kontaktar. Ikkje-kristne som ho har samla til engelsk- og kokeklasse i løpet av ei veke, er fleire enn dei som samlast på gudsteneste på søndagane. No har ho avslutta arbeidet der, og ingen ny misjonær er plassert i Nima, men sidan eg er områdearbeidar i Sanin distrikt, er også Nima innanfor mitt arbeidsområde. Ni damer har allereie meldt si interesse for å vere med på engelsk bibelstudie to tysdagar i månaden. Berre ei av dei er kristen, og ho blir med som assistent. Vi startar opp 2. september. Takk for at eg kan rekne med deg i forbøn for arbeidet her! Følg gjerne med på bloggen: ingervalbo.blogspot.com Arashima kyrkje feira 50-årsjubileum i år. FOTO: INGER VALBØ Engelskklasse i Nima. Fleire av desse blir med i den nye engelske bibelklassa som er planlagt å starte 2. september. FOTO: KARI OPPERUD UTS162014-Nordvest.indd 11 02.09.14 10.22

3 Region NORDVEST Våre utsendingar For å nå nye folkegrupper med evangeliet, sender vi misjonærar. På denne sida presenterer vi dei som no er ute. Regionen ønskjer å knyte band mellom utsendingane og dei som ber arbeidet i bøn og økonomisk. Jesus gav misjonsoppdraget til alle kristne. Vi er velsigna ved at Gud gir oss utsendingar. Ta vare på denne sida, og bruk ho i bøn og informasjon. for NLM i Japan i Kobe. Slik er ho ein tilretteleggar når andre misjonærar kjem og reiser. I tillegg er ho deltidsstyrer i Aobaen barnehage med plass til 46 barn, der kontaktflata er stor og Jesus er ein viktig del av kvardagen. BRITT JORUN DALSETH AUST-AFRIKA Britt Jorun kjem frå Smøla og er ute i si første periode. Ho bur i dag på kysten i Aust-Afrika og jobbar med eit lese- og skriveopplæringsprosjekt for vaksne. Dei som kjem er stort sett unge menn og kvinner i alderen 16-30 år. Ca. ein tredel av studentane er kvinner. Dei fleste som kjem høyrer til ei muslimsk folkegruppe. Det er eit arbeid som krev stort tolmod, men kontakt opnar for å dele den kristne trua. INGER VALBØ JAPAN Inger er frå Sjøholt og er ute i si fjerde periode som misjonær i Japan. Ho bur i Matsue by i Shimane fylke og er områdearbeidar for det som frå gamalt heitte «Nordfeltet» (Sanin distrikt), med mest arbeid i Matsue, Arashima og Izumo, og frå hausten også i Nima. Arbeidsoppgåver: student/ungdomsarbeid, song- og musikk, evangeliserande bibelgrupper. LINDA HELEN SLYNGSTAD MONGOLIA Linda kjem frå Slyngstad i Haram. Ho har budd i Ulaanbaatar, Mongolia, sidan slutten av januar og er for tida fulltids språkstudent. Ho skal i løpet av september flytte til Khovd, og i tillegg til språkstudie etterkvart byrje i sosialprosjektet «Strengthening Children s Rights Project». RAGNHILD MYREN OG TEMESGEN S. GALLA ETIOPIA Ragnhild er sjukepleiar og kjem frå Ålesund. Ho har ein periode i Jinka i Etiopa bak seg. Temesgen er økonom og teolog og vart vigsla til misjonær i november 2012. Dei reiste ut i august 2013 saman med barna Ruth Bone (7) og Marie (5). Dei arbeider i Sør- Etiopia, i jordbruks- og utdanningsprosjekt. FAM. KROGSÆ- TER-ARAGON PERU DAGRUNN DYRHOL ETIOPIA Dagrunn kjem frå Innfjorden og arbeider ved Den Desentraliserte Norske Skolen i Etiopia (DDNS). Ho har base i Addis Abeba, men òg ein del reiseverksemd. Misjonen har ikkje lenger ein internatskule, all undervisning er der familien bur, bortsett frå 6 veker felles undervisning. Dagrunn har oppgåver knytt til skule og undervisning, også utdanninga for born av NLMtilsette. Dagrunn kom ut første gong i 2001, og denne perioden skal etter planen vare til 2016. INGEBJØRG HILDRE JAPAN Ingebjørg kjem frå Hildre i Haram, og er rekneskapsførar og kontorsekretær I byen Tacna i søre delen av Peru bur Alice (kjem frå Vatne), Wilber og dottera Elena Victoria. Der trivs dei godt og står i eit veksande kyrkjelydsarbeid. Alice er ansett som misjonær, og Wilber hjelper til som frivillig ved sida av studier og arbeid. Frå starten av har det vore viktig å få kontaktar ved hjelp av ulike aktivitetar som kan opne for å kome til samlingar om Guds ord. Særleg har kyrkjelyden eit ønske om et veksande ungdomsarbeid. aliceogwilber.blogspot.com LARS PETTER ØDEGÅRD MONGOLIA Lars Petter er frå Dyrkorn og held til i Ulaanbaatar. Han driv mykje administrativt arbeid, jobbar med nettsida og er hovudansvarleg for både besøkande som kjem hit og for ei engelskgruppe som spring ut frå kyrkja vi samarbeider med. LINDA OG LEIF THOMAS GJERDE ELFENBENSKYSTEN Linda Aarskog Gjerde (Ålesund) er utdanna sjukepleiar. Ho har ansvaret for gjestehuset til NLM, er sjukepleiar for misjonærfellesskapet og er no i mammapermisjon. Leif Thomas Gjerde (Austrheim) er radio/tv journalist og leiar for radioarbeidet i Vest-Afrika. «Mahourøsten» sendast kvar veke både i Abidjan og i Toubaregionen. Han jobbar saman med eit nasjonalt team som lagar program på mahouspråket. Leon Daniel (4) går i ein kristen barnehage i Abidjan, kor han trivst særs godt. Arwen Elise (5 mnd) er heime med mamma enn så lenge. KJERSTI OG FRANK OLAV HAUG MONGOLIA Frank Olav er nytilsett «Branch Leader» for avdeling NLM Ulaanbaatar og er leiar for kontoret og dei tilsette der. Kjersti studerer per i dag mongolsk på deltid og legg til rette for barna si undervising gjennom Globalskolen. Ungane Johan (12), August (10) og Josefine (8) startar på internasjonal skule denne veka, International School of Ulaanbaatar (ISU). KAREN COLBAN HOEL MONGOLIA Karen er frå Molde. Ho reiser til Mongolia i november 2014. Startar med språkopplæring i Ulaanbaatar før ho skal jobbe med bistandsprosjekt i Vest-Mongolia. HALLELUJA-HJØRNET I denne spalten vil vi trekke frem noen hendelser som vi i vår region vil si halleluja for! Halleluja For full buss med 62 ungdommer på en vellykket turne til Solgry og UL i sommer. For alle store og små fellesskap i regionen som samles om Guds ord og misjon. For lokale ledere som tjener Jesus ved å drive lokalt arbeid. UTS162014-Nordvest.indd 12 02.09.14 10.22

Region NORDVEST 4 Åndeleg leiarskap Utsyn med regionsider inviterte diakon Emil Knardal, pensjonist Hildegun Ulstein og rådgjevar og lærar Robert Vestgarden til samtale om åndeleg leiarskap. Temaet vert oftast snakka om prinsipielt eller når det gjeld stillingar og strukturar. KÅRE JOHAN LID Møter vi åndeleg leiarskap i dag, og kven er åndelege leiarar? Ja, men kanskje på ein annan måte enn før, seier Robert. Dei åndelege leiarane er løfta ned frå pidestallen. Nokre saknar nok dei som seier høgt og tydeleg ifrå, men kanskje er det positivt at det er fleire som vert lytta til enn dei få sterke? Emil legg til at ein ikkje vert lytta til på grunn av tittel eller funksjon. Folk lyttar til åndelege leiarar som er ærlege og ekte i møte med livet. Og dei må kjenne Guds Ord og vere tydelege på eit forståeleg språk, seier han. Jesus som førebilete Hildegun hugsar høvdingane si tid. Ei kvinne etterlyste høvdingar som kunne seie kva som var rett, men kanskje er det ikkje så enkelt. Førebiletet til ein åndeleg leiar er Jesus. «Vår konge går en tjeners vei, han ber oss nå og følge seg.» Dei gode leiarane eg hugsar var tenarar. Dei var svake, men viste styrke, fortel ho. Emil synest dette høyrest paulinsk ut. Paulus kunne verke stolt med stor tru på seg sjølv, men levde nært Kristus og sa «når eg eg svak er eg sterk», forklarar han. Leiarskap i praksis Kristent leiarskap er eit tenande leiarskap. Åndelege leiarar modellerer og går føre. Nokre gonger får vi vite av leiarar kva vi skal gjere som kristne, men ser vi at leiarane gjer dette i praksis? spør Robert. Det er dei som praktiserer det dei seier, vi lyttar til. Og ein åndeleg leiar lever nær Jesus og formidlar vidare det ein får hos han. Jesus vaska føtene til læresveinane og gav oss eit føredøme, seier Hildegun. Eg tenkjer også på Jesu ord om at den som vil vere stor mellom dykk, skal tene. Men så skjer mykje åndeleg leiing uformelt, ved medvandring, samtale og rettleiing, seier Robert. Ein meir erfaren kristen er mentor for ein annan. Hildegun hugsar dette frå ho var ung. Den heilage ande utrusta og minna menneske om ei slik teneste, seier ho. Emil legg til: Og så er det åndelege leiarar både blant menn og kvinner. Mange kvinner har stått i spissen for mykje av arbeidet på lokalplanet i NLM. Då må vi bruke omgrepet åndelege leiarar også om kvinner si teneste. Framleis behov for åndelege leiarar Kan det vere at tida før la meir til rette for «høvdingar»? Robert fortel frå sin kvardag som lærar at ein må gjere seg fortent til autoritet, eller respekt, som han meiner er eit betre ord. Frå venstre Robert Vestgarden, Ålesund, og med i styret for Ålesund Misjonsforsamling. Hildegun Ulstein, Solevågen, og aktiv i same forsamling. Emil Knardal, tidlegare Boliviamisjonær, bur på Godøya og er med på bedehuset. FOTO: KÅRE J. LID Tida då presten, lensmannen og læraren hadde stor autoritet er over, understrekar han. Emil minner om at i dag står individet i sentrum. Folk vel det som passar i augneblinken, seier han. Vi ser at særleg unge vandrar meir mellom ulike forsamlingar og kyrkjesamfunn. Lærespørsmål betyr mindre. Men treng vi åndelege leiarar i dag? Kan ikkje alle lese i Bibelen sjølv? I vår lågkyrkjelege kontekst kan vi lett tenke at vi ikkje treng åndelege leiarar, og vi vil vere vår egen leiar, seier Robert. Da hamnar vi der kor noko kan vere rett for meg, men noko anna for deg. Vi går kvar vår veg. Ja, vi treng åndelege leiarar både i vår tid og vår samanheng. Hildegun minner om at det står i Bibelen at nokre er sett til å vere leiarar. At vi i dag lyttar mindre til dei enn før, betyr ikkje at vi treng dei mindre. Så står det korleis vi skal stille oss til våre leiarar, så dei med glede kan utføre leiartenesta og ikkje misse motet. Det betyr ikkje at leiarar er feilfrie. Ein leiar som er ærleg med sine feil er bra. Skal ein halde ut som åndeleg leiar må ein både ha eit indre kall og bli kalla av samanhengen, fortset Emil. Tenesta kan vere einsam og krevjande, og mange har gått tome. Difor treng leiarar oppfølging og støtte. Utan Paulus si støtte, hadde det nok rakna for unge Timoteus. Hildegun legg til at Timoteus trengde at Paulus stadfesta oppgåva og kallet hans Eg trur nok sviktande oppfølging har gjort at leiarar har kome skeivt ut og brukt makt, i staden for å leie, seier ho. Her er to grøfter. I Noreg kritiserer vi leiarane våre, noko dei må tåle, seier Robert. På andre ytterkanten er den amerikanske pastorkulturen, kor folk heiar og klappar dei fram noko voldsamt. Eg trur vi skulle gått litt meir i den retninga: Bedt og støtta leiarane våre litt meir, tatt alt i beste meining og vore meir takksame. Handlar om tillit Men vil nokon la seg leie i dag? Emil viser til idrettsbevegelsen som er i vekst. Kanskje skulle vi meir oppmuntre kvarandre enn å vurdere kvarandre? spør han. Elles er tillit heilt fundamentalt om nokon skal la seg leie. Når det i Misjonssalen kvar sundag kjem bortimot 200 personar for å høyre ein snakke, fortel det at folk vil late seg leie, seier Robert. Det handlar vel òg om å høyre til og ha ein åndeleg heim. Misjonssalen er privilegert. Mange stadar er det ikkje slik, påpeikar Emil. For kristne så står det i Guds ord at vi skal la oss leie. Det er ikkje mindre åndeleg om leiinga skjer i ei form som passar betre i 2014, seier Hildegun. Men det er krevjande. Like aktuelt som om nokon vil la seg leie er spørsmålet om vi får nye åndelege leirarar som vil gå inn i oppgåvene og leie på ein god måte. Det må vi be om. Robert synest «Å la seg leie» høyrest litt svakt og negativt ut. Kanskje vi heller skal tenkje at generasjonane i dag skal vere kritisk i møte med alle leiarar og prøve dei på Guds ord. Det er jo rett og bra, seier han. Så treng vi åndelege leiarar som er frimodige, ikkje på eigne vegne, men på evangeliet sine vegne, avsluttar Emil. UTS162014-Nordvest.indd 13 02.09.14 10.22

5 Region NORDVEST MITT MISJONSFELLESSKAP Damegruppe Nokre av damene i gruppa. FOTO: PRIVAT Annan kvar veke treffest nokre damer i Ørsta/Volda Misjonsforsamling for å prate om viktige og uviktige ting i livet, der livet med Jesus har vore i sentrum. INGEBORG KATRIN BERGET Vi starta eigentleg med bibelgrupper med både damer og menn, men det passa ikkje alltid å få barnevakter slik at alle kunne kome. Då delte vi det heller opp på ein annan måte. Vi oppdaga at når det berre vart damer, vart det kanskje enklare å prate. Fellesskap og bønnesvar På samlingane et vi god mat, ser ein undervisingsfilm, og samtalar om denne. Filmane er henta frå M4, kurset for misjonsfellesskap i NLM som Ørsta/ Volda Misjonsforsamling har vore med på. Vi fann ut at det var greitt å stoppe filmen undervegs og snakke om det vi høyrer etter kvart. Deretter snakkar vi om det vi tenker på: å vere kristen familie, barneoppseding, vere kristen i kvardagen, om tvil og tru. Til slutt ber vi i lag og nemner for kvarandre noko vi treng forbøn for i livet vårt akkurat no. Ein gong fekk ein av oss konkret svar på bønna dagen etter, og sende melding til dei andre for å fortelje om det. Godt å samlast Det er godt å kunne ha eit fellesskap der ein kan snakke om det som er vanskeleg, og det som er bra. Viss du ikkje er med i ei slik gruppe allereie, må du få med deg nokre og kome i gong! Vær med og gi Foreløpige tall per 31. juli viser at vi har passert 4,7 millioner kroner i gaveinntekter fra Region Nordvest. Tusen takk til store og små som har vært med! Vi ber om Guds rike velsignelse over hver glad giver. 11,7 millioner kroner er gavebudsjettet for 2014. Det trengs derfor 7 millioner i løpet av høsten for at arbeidet i misjonen både i regionen og i utlandet skal kunne drives. Dette er mye penger, men om vi «løfter sammen», får vi det til! Har du tenkt på om du skulle øke din faste givertjeneste? Vær også med og oppfordre andre i ditt fellesskap til å være med i givertjenesten i misjonen. Sammenligner vi gaveinntektene med fjoråret, ligger vi omtrent likt per juli. Men vi ligger kr 570 000 under budsjettet vårt i år. Kontakt regionkontoret om du har spørsmål knyttet til givertjeneste i NLM. NLMs gavekonto: 8220 02 90131 Tusen takk for din gave til misjonen! ANNE-MARIT ENGÅS UTS162014-Nordvest.indd 14 02.09.14 10.23

REGION NORDVEST 6 oppslagstavle for NLM REGION NORDVEST BARNELEIRAR 26. 28.9. Haust- og vitenleir 1. 4. kl. Vestheim Ungdomssenter 26. 28.9. Ride- og aktivitetsleir 1. 4. kl. Rjånes Ungdomssenter VAKSENLEIR 3. 5.10. 60+ Solhøgda leirsted KORHELGER 12. 14.9. Kairos fra 9. klasse Vestheim Ungdomssenter 19. 21.9. Krasp 6. 8. klasse Rjånes og Vestheim 7. 9.11. Krasp 6. 8. klasse Rjånes og Vestheim 14. 16.11. Kairos frå 9. klasse Vestheim Ungdomssenter Info og påmelding til leirar: nlm.no/nordvest Følg med på nettsida, det kan bli endringar. Levande tru seriar Lauvstad: 2., 3. og 5.9. Steinar Dimmen Surnadal: 30.9. 2.10. Kjell Aardal Vatne: 1.10., 12. 11. og 10.12. Steinar Dimmen Ålesund, Misjonssalen: 3. 4.10. Lars Kjetil Emblem Valldal: 7. 9.10., Ole Audun Os Dravlaus: 7. 9.10. Lars Kjetil Emblem Vanylven: 21., 23. og 24.10. Ole Audun Os Daugstad: 21. 23.10. Oscar Nordbø Stranda: 9.10., 13.11. og 4.12. Oscar Nordbø Ørsta/Volda Misj.forsaml.: 11. 13.11., Lars Kjetil Emblem Ulsteinvik: (dato klar senere) Oscar Nordbø Averøy: (dato klar senere) Sakarias Ingolfsson På kryss og tvers Styrer på Solhøgda, Arne-Johan Gagnat, forteller glad om årets fjellleir (bildet): «Vi fikk noen fantastiske dager, fint vær med turer hver dag og rekordoppslutning. Ingvild og Arne Redse delte Guds ord med oss, og Kinakvelden vil vi sent glemme. Planlegging for neste års fjell-leir er allerede i gang.» Johanne Seljehaug (19) fra Averøya går i år på TeFT Norge, som er en ny bibelskolelinje ved Fjellhaug Bibelskole som kombinerer skole og praksis. Johanne skal ha praksis i vår region og skal være med FOTO: ARNE JOHAN GAGNAT ungarbeiderne i regionen, og hun blir å se på leir og rundt i lagene våre. Hele regionen vil være hennes arbeidssted, men hun skal ha base i Ålesund. Johanne har vært aktiv i ung-arbeidet i regionen og blant annet dirigert Kairos. Vi ønsker henne hjertelig velkommen. Karen Colban Hoel frå Molde/Oslo blir vigslet som misjonær for NLM i Mongolia på misjonskonferansen «Frontline» 2. november. Karen er sosionom og var i tenårene med i vårt korarbeid. La oss be for Karen og hennes tjeneste. JANUAR 3. Julefest Rjånes ungdomssenter 10. 11. Inspirasjonssamling Solhøgda leirsted Uke 3 Vestborgturne 16. 18. Kick-off Vestborg 16. 18. Kurs Vestheim ungdomssenter 17. Konfu, superlørdag Vestheim ungdomssenter 17. 18. Vintermøte Åndalsnes 17. 18. Vinterleir 2. 5. klasse Solhøgda leirsted 23. 25. KAIROS Vestheim ungdomssenter FEBRUAR 30.1. 1.2. Vinterleir 1. 4. klasse Vestheim ungdomssenter 6.-8. Skiweekend 8.klasse-1. vgs. Vestborg 7. 8. Familiehelg Solhøgda 7. Fagdag fritidsforkynnere Vestheim Ungdomssenter MARS 27.2. 1.3. KAIROS Vestheim ungdomssenter 6. 8. Bibelhelg Solhøgda leirsted 6. 8. KRASP Vestheim/Rjånes 7. KonFu Superlørdag 14. Kvinnedag Rjånes ungd. senter 20. 22. Påskeleir 5. 7. klasse Vestheim ungdomssenter 20. 22. Påskeleir 1. 4. klasse Rjånes ungdomssenter 20. 22. Påskeverksted 5. 8. klasse Solhøgda leirsted 30. Ungdomssamling Solhøgda leirsted APRIL 1. 4. Åpen påske Solhøgda leirsted 2. 5. Familieleir Vestborg vgs 10. 12. KONFU avslutningshelg 17. 19. KAIROS Vestborg 18. 19. BBB leir Vestheim ungdomssenter MAI 5. Barnehagedag Vestheim ungdomssenter 7. Barnehagedag Rjånes ungdomssenter 29. 31. KRASP, Valderøy 30. 31. Regionmøte og BARNAS Valderøy JUNI 12. 14. Tweensleir 5. 7. klasse Vestheim ungdomssenter 12. 14. Superleir 1. 4. klasse Rjånes ungdomssenter Arrangement 2015 JUNI 19. 21. Hakalleleir 3. 7. klasse Hakallestranda 19. 21. Hest og fotball leir 1. 4. klasse Vestheim ungdomssenter 23. Jonsokfeiring Rjånes ungd. senter 22. 24. Sommerleir 2. 4. klasse Solhøgda leirsted 24. 26. Himmel, hav og hest-leir, 5. 7. kl. Rjånes ungdomssenter 26. 28. Sommerleir 5. 8. klasse Solhøgda leirsted JULI 7. 12. NLMs generalforsamling Randaberg arena 25.7. 2.8. KUL-turné 28.7. 2.8. UL AUGUST 30.7. 2.8. Fjell-leir Solhøgda leirsted SEPTEMBER 4. 6. Topp 3 Rjånes ungd. senter 11. 13. KRASP Rjånes og Vestheim 18. 20. Ride- og aktivitetsleir 1. 4. klasse Rjånes Ungdomssenter 18. 20. Høstleir 1. 4. klasse Vestheim Ungdomssenter 25. 27. Høstweekend for alle Solhøgda leirsted 25. 27. KAIROS Vestheim OKTOBER 2. 4. 60 pluss Solhøgda leirsted 16. 18. PitStop NOVEMBER 6. 8. Juleverksted 2. 4.klasse Solhøgda leirsted 6. 8. KRASP Vestheim og Rjånes 13. 15. KAIROS Vestheim (event. Vestborg) 13. 15. Juleverksted 5. 7. klasse Solhøgda leirsted 20. 22. Juleverksted 5. 7. klasse Vestheim ungdomssenter 20. 22. Juleverksted frå 8. klasse Solhøgda leirsted 20. 22. Julegaveleir 1. 4. klasse Rjånes Ungdomssenter 27. 29. Adventsleir 1. 4. klasse Vestheim ungdomssenter DESEMBER 4. 6. Kule-jule-leir 5. 7. klasse Rjånes ungd. senter 10. 11. Medarbeiderkurs Vestheim Ungdomssenter 12. 13. Medarbeiderhelg Vestheim Ungdomssenter 30. Julefest Solhøgda leirsted UTS162014-Nordvest.indd 15 02.09.14 10.23

Region NORDVEST 23 NESTE UTSYN Utgivelsesdag: 26. september 2014 Vi kjente begge at vi hadde kall til å drive muslim-misjon, sier Liv Aase og Edgar Gamst Kristoffersen. Fargehandel Jernvarer Ovner/peiser/scan/jøtul Johan R. Sunde 6037 Eidsnes Tlf. 70 19 07 03 Fax. 70 19 01 17 FAX: 70 14 24 99 Sve Gravferdsbyrå Per Arne Sve 6200 Stranda Telefon: 922 22 140 Cafe Bistro AS Futurasenteret i Kristiansund Alltid hjemmelaget mat. Organ for Norsk Luthersk Misjonssamband Adresse: Sinsenveien 25, 0572 Oslo Telefon: 22 00 72 00 (redaksjon og annonser), 22 00 73 00 (abonnement) Telefaks: 22 00 72 03 Internett: www.utsyn.no E-post: utsyn@nlm.no (redaksjon) abonnement@nlm.no (abonnement) Ansvarlig redaktør: Espen Ottosen eottosen@nlm.no Redaksjonsleder: Arne Sæteren - aseteren@nlm.no Redaksjonssekretær: Kari Kottum kkottum@nlm.no Journalister: Frida Blaker fblaker@nlm.no Per Ove Aarseth paarseth@nlm.no Narve Jonas Nystøyl nnystoyl@nlm.no Maria Celine Lundeby mlundeby@nlm.no Grafisk formgiver: Margaret Aambø Mathisen mmathisen@nlm.no Trykk: Schibsted Trykk Flesland Utsyn kommer ut hver 14. dag. Pris: kr 500. Ungdomspris (ungdom under 26 år): kr 350. Til utlandet, portotillegg på kr 324. Bladet bestilles i Utsyns abonnementsavdeling, Sinsenveien 25, 0572 Oslo. Abonnementet går til det blir oppsagt. Utsyn kan også bestilles på cd. ISSN: 0802-1716 Kassett: 0806-508S Online: 1500-3728 Annonsepriser: kr 9,00 (kr 13,50 i Utsyn med regionsider) per spaltemillimeter på annonseside. NLMs gavekonto: 8220 02 90131 Abonnementskonto: 8220 02 90905 www.gillen.no Tlf. 992 62 633 Adresse: Sinsenveien 25, 0572 Oslo Telefon: 22 00 72 00 Telefaks: 22 00 72 03 Internett: www.nlm.no E-post: hovedkontoret@nlm.no Generalsekretær: Øyvind Åsland UTS162014-Nordvest.indd 23 02.09.14 10.23

RETURADRESSE: UTSYN, SINSENVEIEN 25, 0572 OSLO Tett med folk på Eidet bedehus den 4. juli. FOTO: BERNT BØE Anna Sæther saman med bibelkvinna Yang. Ho var ein av Asbjørn Aavik sine bibelskuleelevar. Sendt til Noreg 4. juli var Eidet bedehus i Surnadal fullsett for å markere og takke Anna Sæther som avslutta 40 års misjonærteneste på Taiwan. KÅRE JOHAN LID Misjonsfolk frå heile Nordmøre hadde møtt fram, og fleire hadde reist lenger. Frå Bergen kom misjonærkollega Unndis Bergsås og takka i si helsing for tida på Taiwan. Anna har gjennom åra vore engasjert i kyrkjelydsarbeid, evangelisering, studentarbeid og leiarutvikling. Ho har òg vore knytt til China Lutheran Seminary som rettleiar og sjelesørgar. Festen vart leia av Ragna Meisingset, og regionstyreformann i NLM Nordvest, Svein Dalen, helsa Anna på vegne av misjonsfolket og overrekte ein orkidé. Regionleiar Kåre Lid song og delte Guds ord frå Romarbrevet 10 om at alle treng Jesus til frelse, og forkynte kallet til å vere med i Guds redningsaksjon. For «korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om?». Det vart vist ein film laga på Taiwan som takk til NLM og Anna. NLM vil ikkje ha misjonærar plassert på Taiwan vidare. Ber for Noreg Då Anna fekk ordet fortalde ho om ein tre månaders avskjedsrunde i kyrkjelydane før ho reiste heim. Ikkje minst fortalde ho på humoristisk vis om festen i synoderegi, der det rundt langs veggane i salen var bilde i full storleik av henne! Mellom mange avskjedsgåver ho hadde fått, hadde ho med ein raud konvolutt med påskrifta «Herren gir fred». Ho fekk den frå damegruppa i «Fredsgata» kyrkjelyd. I den var det tretten tusen taiwandollar som dei ville ho skulle bruke til å spreie evangeliet i Noreg. Ho fortalde også om førti kristne representantar med biskopen i spissen, som heldt bønnestund på flyplassen då ho reiste. Dei ba høgt om Herrens velsigning over Anna og sende henne med evangeliet til Noreg. «Vi vil be og hugse i bøn på Noreg som har støtta oss i så mange år og sendt evangeliet til oss,» sa dei. Ei omstilling å kome til Noreg Vidare fortalde Anna: «Det var underleg å ta farvel. Eg har vore ein del av livet til så mange, og dei av mitt liv. Så er det stor forskjell på Taiwan og Surnadal, og det blir ei omstilling. Eg er spent på korleis eg kjem til å takle det. Du verden så fort 40 år har gått! Men det heile er nåde at eg har fått vere med. Gud er den same. Herren gir fred. På tross av mine feil har eg fått stå under Guds nåde, og den held. Så ser eg fram til framleis å få vere ein misjonsvenn og sjå korleis Gud leier meg.» Til slutt helsa Anna frå dei kristne på Taiwan som sendte ein takk til misjonsfolket i Noreg. «Dei sa at NLM har vore ei svært viktig støtte for dei, slik at dei har mot til å halde fram,» fortalde ho. Anna sjølv ser fram til å reise for NLM ein del i Noreg komande år. Vidare var det festmat på beste vis, og fleire helsingar. Det kom inn kr 11 250 til misjonen. MITT BIBELORD Frihet i Kristus Nokre ord i Bibelen er spesielle for meg. Eit av dei er Galaterbrevet 5,1: «For til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor fast, og legg dykk ikkje under trældomens åk.» For meg har dette ordet vore ei påminning om at det å vere kristen er å vere frigjort. Eg har ofte kjent det motsett. Motløysa og skuffelsen over seg sjølv kan melde seg i arbeidet med å leve eit liv som «er ein Herrens tenar verdig». Då er det godt å bli minna på at det er Jesus sitt verk som reinsar og frigjer. ARNE VATLAND UTS162014-Nordvest.indd 24 02.09.14 10.23