MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE
INNHALDSLISTE: Føreord.. side 2 Målbruksplan. side 3 Utfyllande retningslinjer for språkbruken side 5 Tilleggsinformasjon: Praktiske hjelpemiddel for nynorskbrukarar i off. verksemd.. side 7 2
FØREORD Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (der Bømlo kommune er medlem) har oppmoda alle kommunar om å utarbeida eigne målbruksplanar. Bømlo kommunestyre har vedteke ein slik målbruksplan i møte 23.02.98. Målbruksplanen byggjer på ein normalplan som landssamanslutninga har fått utarbeidd. Planen er likevel ein god del omarbeidd og tilpassa. Før kommunestyret gjorde sitt vedtak var planutkastet til høyring internt i den kommunale organisasjonen, hjå tillitsvalde og Bømlo mållag. Vesentlege merknader kom ikkje inn, men ein del nyttige innspel vart innarbeidde i det endelege planutkastet. Føremålet med ein slik målbruksplan er i første rekke ikkje at kommunale medarbeidarar skal verta gode i nynorsk, men at me alle skal skriva godt norsk i nynorsk språkdrakt. Målet er eit ledug, klårt og variert språk, som samstundes er eintydig og lett å lesa! Målbruksplanen tar utgangspunkt i at læreboknormalen skal leggjast til grunn for språkbruken i kommunen, likevel med ei vesentleg presisering: Læreboknormalen skal tilpassast talemålet i kommunen! Der det finst valfrie former, skal me alltid velja dei som ligg nærast opp til talemålet på Bømlo. Dette medfører i praksis at me skal nytta a-infinitiv, og at det m.a. skal skrivast me, skule og då. Innhaldet i planen skulle elles tala for seg sjølv, og treng ikkje vesentlege kommentarar. Målbruksplanen gjeld for alle tilsette i Bømlo kommune. LUKKE TIL I ARBEIDET MED Å OPPRETTHALDA EIN GOD NYNORSK SPRÅKKULTUR I BØMLO KOMMUNE! 3
MÅLBRUKSPLAN for BØMLO kommune Vedteken av Bømlo kommunestyre i møte 23.02.98, sak 006/98. 1. MÅLFORM Bømlo kommunestyre vedtok under sak K. 114/70 i møte 25.09.70 at det offisielle styrings- og tenestemålet i kommunen skal vera nynorsk. Alle tilsette og alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Vedtaket er innarbeidd i kommunen sitt personalreglement. Kommunestyret gjorde i møte 26.11.62 vedtak om å krevja nynorsk i alle skriv frå statsorgan til kommunen (jfr. 5 i lov om målbruk i off. teneste). 2. SPRÅKPOLITISKE MÅL Skriftspråket som vert nytta i kommunen, skal vera så godt og variert som mogeleg, og liggja nær opp til talemålet i kommunen. Kommunen ønskjer eit enkelt, presist og brukarvennleg språk. Dialekten (målføret) er ein særs viktig del av den lokale kulturarven. Å ha eit godt feste i ein dialekt gjev identitet og sjølvkjensle. Kommunen ser det derfor som ei sentral oppgåve å verna om dialekten vår gjennom levande bruk og medviten utvikling. Mykje av grunnlaget for talemålet til borna vert i dag lagt i barnehagane og skulane. Det er difor viktig at me har språkmedvitne medarbeidarar på desse stadene. Særleg er åra i barnehagen og dei første skuleåra grunnleggjande. Nynorsk og dialekt må nyttast i størst mogeleg utstrekning i songar, opplesing, leikar o.a. Skuleadministrasjonen og rektorane har eit særleg ansvar for å sjå til at lærarane i ordtilfang og uttrykksmåte skal ta omsyn til talemålet til elevane. På liknande vis må dei tilsette i barnehagane ta dei same omsyna. Biblioteket har ei svært viktig oppgåve med å kjøpa inn og leggja til rette nynorske bøker, blad og anna materiell tilpassa born og unge, og gjennom andre tiltak vera med å skapa interesse for nynorsk språk og kultur. 3. RETNINGSLINJER FOR SKRIFTSPRÅKET I KOMMUNEADMINISTRASJONEN Ordleggingsmåten er kanskje den viktigaste reiskapen for å få eit flytande, lett og godt språk. Særleg viktig er det at me nyttar aktiv og ikkje passiv setningsbygnad, og at me har ei ordrekkefølgje som i vanleg talemål. Unngå for mykje substantivbruk. På nynorsk er det ofte betre å bruka verb og adjektiv der det på bokmål vert nytta substantiv. Språket vert ledigare om me brukar ei personleg form. Såleis bør me unngå det upersonlege ein. Bruk eg eller me i staden! 4
Me bør bruka norske ord i staden for framandord, så sant det let seg gjera. Ei ordliste og ei synonymordbok er gode hjelparar her. Lokale ord og uttrykk som er i vanleg bruk i kommunen, bør nyttast. 4. TILTAK Opplæring Kommunen tek sikte på å gje alle kommunetilsette tilbod om kurs og rettleiing i nynorsk språkbruk. For saksbehandlarar bør slike kurs vera obligatoriske. Tilsette i skulen og barnehagane skal gjerast kjende med dei lokale tilhøva når det gjeld språkformer, dialektar og lokal kultur. I utlysingar av ledige stillingar skal det stå at administrasjonsmålet er nynorsk. Det må vera eit klårt siktemål å få etablert ei rettleiingsteneste i god nynorsk språkbruk. Dette bør skje ved at ein eller fleire medarbeidarar får i oppdrag å stå til teneste med råd og rettleiing for andre. Hjelpemiddel På alle kontor i kommunen skal det vera nynorsk ordliste og fornorskingsordbok av nyare dato. Dei tilsette må søkja sakkunnig hjelp i målspørsmål. I kommuneadministrasjonen bør det vera ein person som kan stå til rådvelde som rådgjevar i slike spørsmål. Dei einskilde fagetatane skal gjera seg kjende med den nynorske terminologien på sine fagfelt. Nynorskmateriell Kommunen skal syta for at alle skjema, blankettar, kvitteringshefte og liknande som vert brukte i kommunen, er på nynorsk. Alt skriftleg tilfang som vert nytta i skulen og i barnehagar, skal vera på nynorsk så langt råd er. Alle tilsette skal sjå til at departement og andre statsorgan (både lokale, regionale og sentrale) tek omsyn til dei språklege rettane kommunen har, og følgjer reglane i mållova om bruk av nynorsk. Saker der dette ikkje vert gjort, skal takast opp. Me skal også vera pådrivarar for å få meir nynorskmateriell frå Kommunenes Sentralforbund og private samarbeidspartar/leverandørar. Landssamanslutninga av nynorskkommunar er ein naturleg samarbeidspart i dette arbeidet. Stadnamn Byggjefelt, vegar og andre stadnamn skal få lokale namn som byggjer på lokal namnetradisjon. Alle slike namn må skrivast rett, og uttalen må vera i samsvar med målføret. Sjå også lov om stadnamn frå 18. mai 1990 som gjev reglar for fastsetjing av skrivemåten for stadnamn. Samarbeid med næringsdrivande Kommunen vil arbeida for å få til eit samarbeid med næringsdrivande i kommunen om å driva god språkrøkt i lysingar, skilting og anna marknadsføring. Landssamanslutninga av nynorskkommunar Kommunen er medlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har til føremål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. 5
UTFYLLANDE RETNINGSLINJER FOR SPRÅKBRUKEN Ordleggingsmåten er kanskje den viktigaste reiskapen for å få eit flytande, lett og godt språk. Her er nokre døme på aktiv og ikkje passiv setningsbygnad: ikkje ikkje Kommunen vil søkja om lån i den lokale banken. Finansieringa vert forsøkt dekt av lån i den lokale banken. Ordføraren tok saka opp til røysting. Saka vart teken opp til avrøysting av ordføraren. Ordrekkjefylgja bør vere mest mogeleg som i vanleg talemål. Eigedomsformene min, din, sin, vår bør til vanleg koma etter substantivet. Døme: Rådmannen er på kontoret sitt ikkje Rådmannen er på sitt kontor Me bør også bruka dobbel bunden form. Døme: det vedtekne budsjettet, ikkje det vedtekne budsjett. det opphavlege framlegget, ikkje det opphavlege framlegg. Unngå for mykje substantivbruk. På nynorsk er det ofte betre å bruka verb og adjektiv der det på bokmål er substantiv. Døme: Kommunestyret vil drøfta dette spørsmålet i februarmøtet ikkje Kommunestyret vil ta spørsmålet opp til drøfting i februarmøtet Substantiv som byrjar på an- og be- eller sluttar på -heit og -else, bør me vurdera kritisk. Finn gjerne eit anna ord eller skriv om. Me skriv såleis: avgjerd - ikkje bestemmelse sanning - ikkje sannheit motmæle - ikkje innsigelse tryggleik - ikkje sikkerhet røyndom - ikkje verkelegheit osv Kommunen skal i hovudsak nytta ei konsekvent språklinje, og me bør i utgangspunktet halda oss innafor læreboknormalen. Læreboknormalen skal likevel tillempast talemålet i kommunen, og der det finst valfrie former skal me alltid velja dei som ligg nærast talemålet på Bømlo. Dette inneber i praksis at me skal nytta a-infinitiv (gjera, høyra, laga, skriva m.v.), og m.a. skriva me, skule og då (ikkje da). Når det gjeld m.a. først/fyrst og ønskja/ynskja, så bør dette vera valfritt ut frå kva talemålgrunnlag den enkelte medarbeidar har (dette kan m.a. vera ulikt nord og sør på øya). Ved bruk av valfrie former må me likevel vera konsekvente. 6
Ved val av ord skal det i tillegg til kravet om norske ord (målbruksplanen kap. 4, siste avsnitt), også leggjast stor vekt på presise ord og formuleringar. Særleg i avtalar, anbodsdokument, tekniske spesifikasjonar og liknande, kan kravet til presisjon og eintydige formuleringar føra til at framandord og spesielle faguttrykk må nyttast i eit omfang som elles ikkje er tilrådeleg. 7
Tilleggsinformasjon: PRAKTISKE HJELPEMIDDEL FOR NYNORSKBRUKARAR I OFF. VERKSEMD Bøker/oppslagsverk Med andre ord På godt norsk Nynorskordboka Magne Rommetveit. Den store synonymordboka gjev eit rikt utval av avløysingsord og alternative uttrykksmåtar for den som vil utvikla ordforrådet og uttrykksforma si. Nyare engelske lånord er drøfta særskilt. (NKS-Forlaget 1993) 616 s Magne Rommetveit. Ei forkorta og omarbeidd utgåve av Med andre ord, særleg meint for vidaregåande skule. (NKS-Forlaget 1995) 320 s Definisjons- og rettskrivingsordbok (Samlaget 1993). 776 s Nynorsk ordliste Alf Hellevik. Større utgåve (Samlaget 1996) Oppslagsord, brukarrettleiing, bokmål/nynorsk-liste o.a. 334 s Nynorsk ordliste med A- infinitiv Ivar Eskeland. Ordliste med fornorskings- og synonymordliste. Noregs Boklag 1978 (er diverre truleg ikkje lenger å få kjøpt). Nynorsk ordliste for alle Jon Bjones - Halvor Dalene (Universitetsforlaget 1996) Oppslagsord, grammatikk og teiknsetjing, ordval o.a. 423 s Råd for uråd Handbok i referat- og notatskriving Skrivereglar. Nynorsk Praktisk nynorsk På saklista - Nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga Statsspråk Datahjelpemiddel Ordrettingsprogram Nynorsk på data Ola Breivega. Vegvisar gjennom nynorske minefelt. Ei bruksbok for m.a tilsette i offentleg og privat verksemd. (Samlaget 1993) 120 s Ola Breivega. Praktisk innføring på begge målformer. (Samlaget 1991) 95 s Finn-Erik Vinje. (Aschehoug 1991. Ny utg. kjem våren 97) 115 s Olaf Almenningen og Aud Søyland: Øvingar med grammatikk. Høver også for sjølvstudium. (Samlaget 1995) 96 s Jan Olav Fretland. Ei praktisk lærebok i god, offentleg språkbruk, til kurs eller til sjølvstudium. (Landssamanslutninga av nynorskkommunar 1994) Bladet for godt språk i staten. - Er også nyttig for kommunal sektor. Fire nummer i året. Gratis. Utgjevar: Norsk språkråd I tekstbehandlaren Microsoft Word 7.0 er det lagt inn nynorsk ordliste. Denne må likevel nyttast med vit og kritisk sans, ordlista godtar m.a. ikkje a-infinitiv. Ingeborg Donali. Øvingsoppgåver i nynorsk formverk på data for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule, og andre som 8
ønskjer ein gjennomgang av formverk-reglane. (Eksamensforlaget 1992) NYNO for Windows Eit profesjonelt spesialprogram for å setje om bokmålstekstar til nynorsk. (Leverandør: Dag og Tid 1995) 9