Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 13.09.2018 Tidspunkt: 18:30 20:30 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Astrid Tveten Medlem KRF Solveig Nekstad Grave Medlem AP Magny Lundeberg Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Tarjei Andreas Draugedal Varaordførar KRF Jon Ingebretsen Medlem MDG Terje Nekstad Medlem AP Anne Birgit Sollid Medlem SP Lars Håkon Didriksen Medlem SP Tor Arne Mælen Medlem V Tarjei Gjelstad Ordførar AP Halvor Nyland Medlem H Steinar Torsdalen Medlem SP Einar Søreide Medlem AP Jonn Foldøy Medlem KRF Mona Riis Medlem AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP Geir Kjartan Lid Medlem AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Bjørn Håvard Olsen MEDL AP Magne Wraa MEDL H Bjørn Nordskog MEDL SP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Svein Henriksen Bjørn Håvard Olsen AP Morten Lundevall Magne Wraa H Eilev Omland Bjørn Nordskog SP Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Kari Gro Espeland, ny samhandlingskoordinator informerte om sitt arbeid. Spørjeundersøkinga om inn- og utflytting frå kommunen vart presentera.
Saksliste Utvalssaksnr. FO 4/18 PS 43/18 PS 44/18 PS 45/18 Innhald Interpellasjon og spørsmål Godkjenning av protokoll Orienteringssaker Nytt finans- og gjeldsreglement for Kviteseid kommune PS 46/18 Finansrapportering pr 30.06.2018 PS 47/18 PS 48/18 PS 49/18 Eigarskapskontroll - Vest-Telemark kraftlag AS Overordna samarbeidsavtale mellom Sykehuset Telemark Helseforetak og Kviteseid kommune - 2018 Overføring av kyrkjelege eigedomar til Kviteseid sokn Lukka FO 4/18 Interpellasjon og spørsmål Kommunestyremøtet den 13. september 2018 Grunngjeve spørsmål om renovasjonsordninga v/mdg representant Jon Ingebretsen Det interkommunale selskapet Renovest utfører som kjent renovasjonstenester både til fastbuande og hyttefolk etter ulike ordningar i fem Vest-Telemarkkommunar, deriblant Kviteseid. I Kviteseid kommune er det vedteke at hytter i visse område og på bestemte vilkår kan takast i bruk som heilårsbustader etter permanent eller mellombels dispensasjon ved tilflytting til kommunen. Kvar enkelt søknad skal bli vurdert og avgjort spesifikt. Korleis Renovest sine tenester skal utførast hjå desse, er ei sak for dette selskapet, avhengig av kor mange som velgjer å nytte hytta som bustad ved tilflytting til kommunen, og kor og korleis desse bustadene vil ligge i høve til kvarandre. Spørsmål: I ljos av dette, korleis vurderer kommunen v/ ordføraren måten Renovest sine tenester skal utførast på for desse? Enten som for faste husstandar med kjeldesortering etter dagens opplegg, eller som for hytter, der det, såvidt ein erfarer, etter kvart vil bli lagt til rette for tilsvarande kjeldesortering på praktisk plasserte returpunkt.
Svar frå ordføraren Kommunestyret handsama sak 79/17 «bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad føringar for kommunal saksbehandling» i kommunestyret 15.desember 2017. Saksprotokoll i Kommunestyret - 14.12.2017 Vedtak sak 79/17: Framstillinga i denne saka skal danne grunnlag for å vedta retningsliner for dispensasjon (mellombels) for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad. Retningslinene blir knytt til arealdelen i kommuneplanen og blir innarbeidd ved rulleringsprosessen for planen i 2018. Søknader om dispensasjon for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad fram til rullert kommuneplan er vedtatt, blir behandla politisk, og i samsvar med kva som er tilrådd i denne saka. Vedtekne retningsliner sak 79/17: Det kan bli gitt dispensasjon for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad som mellombels dispensasjon, jf. pbl 19-3. Dispensasjonstidsromet blir knytt til søkars eigartid av fritidsbustaden, og til den tida søkar har denne som si bustadadresse. Dersom fritidsbustaden skal leigast ut, blir tidsromet for dispensasjonen knytt til tida leigetakar har fritidsbustaden som si bustadadresse. For å kunne få slik mellombels dispensasjon, må fylgjande krav vere oppfylte/ gjelde for hovudhytta: Ha innlagt vatn Ha avløpsløysing som tilfredsstiller kravet for heilårsbustad, må dokumenterast. Ha vinterbrøytt veg Ligg hytta langs bomveg, skal offentlege instansar som politi, brann, ambulanse, heimetenester eller liknande ha gratis tilgang (nøkkel, kort etc.) Dokumentere radon-konsentrasjon under grenseverdiar for heilårsbustad. Fylgje renovasjonsordninga på staden, men betale renovasjonsgebyr som for heilårsbustad. Ha avtale om feiing som for heilårsbustad. Må oppfylle byggtekniske brann- og rømmingskrav til heilårsbustad, jf. TEK10/TEK17. Vedtaket legg til grunn at fritidsbustad som blir bruksendra til heilårsbustad skal framleis fylgje renovasjonsordninga som er etablera i feltet/på staden, dvs. at ein må sjølv bringe sitt søppel til nærmaste hytterenovasjonsmottak. Renovest har vedteke i sitt representantskap 07.09.18 å innføre meir kjeldesortering for hytteabonnementane. Det vil for den som får sin fritidsbustad bruksendra til fast bustad medføre meir krav til sortering. Ordførar Tarjei Gjelstad
PS 43/18 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken. PS 44/18 Orienteringssaker Det var ingen orienteringssaker til møtet. PS 45/18 Nytt finans- og gjeldsreglement for Kviteseid kommune Kommunestyret vedtar det framlagte finans- og gjeldsreglement som trer i kraft med kommunetyrets vedtak. Saksprotokoll i Formannskapet - 30.08.2018 Kommunestyret vedtar det framlagte finans- og gjeldsreglement som trer i kraft med kommunestyrets vedtak. Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke. Kommunestyret vedtar det framlagte finans- og gjeldsreglement som trer i kraft med kommunestyrets vedtak.
PS 46/18 Finansrapportering pr 30.06.2018 Kviteseid kommunestyre tek finansrapporteringa til orientering. Saksprotokoll i Formannskapet - 30.08.2018 Kviteseid kommunestyre tek finansrapporteringa til orientering. Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke. Kviteseid kommunestyre tek finansrapporteringa til orientering. PS 47/18 Eigarskapskontroll - Vest-Telemark kraftlag AS 1. Kommunestyrt vedtek felles eigarstrategi for Vest-Telemark kraftlag slik den ligg føre. 2. Eigarstrategien vert revidert i kvar kommunestyreperiode. Geir Kjartan Lid sa sei ugild i saka som styremedlem i VTK AS. Kommunestyret var samd i dette. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke med 20 røyster. 1. Kommunestyrt vedtek felles eigarstrategi for Vest-Telemark kraftlag slik den ligg føre. 2. Eigarstrategien vert revidert i kvar kommunestyreperiode.
PS 48/18 Overordna samarbeidsavtale mellom Sykehuset Telemark Helseforetak og Kviteseid kommune - 2018 Kommunestyret tek revisjon av Overordna samarbeidsavtale mellom Sykehuset Telemark Helseforetak og kommunane i Telemark til orientering. Kommunestyret tek revisjon av Overordna samarbeidsavtale mellom Sykehuset Telemark Helseforetak og kommunane i Telemark til orientering. PS 49/18 Overføring av kyrkjelege eigedomar til Kviteseid sokn Kviteseid kommunestyre godkjenner forslaget til avtale om overdraging av heimel for kyrkjelege eigedomar frå Kviteseid kommune til Kviteseid sokn. Kviteseid kommunestyre godkjenner forslaget til avtale om overdraging av heimel for kyrkjelege eigedomar frå Kviteseid kommune til Kviteseid sokn.