3.4 Pensjonsordning Ordføraren vert innmeldt i pensjonsordninga for folkevalde i 100 % stilling.

Like dokumenter
REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE

REGLEMENT FOR MØTEGODTGJERSLE, DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE OG UTGIFTER ELLES I HØVE POLITISKE VERV I VOLDA KOMMUNE.

Reglement for godtgjersle til folkevalde. Vedteke i kommunestyre sak 21/16.

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune

Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår I SUNNFJORD KOMMUNE Illustrasjon: Gregory Idehen

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

2 Kommunale møte Reglementet gjeld møte i kommunestyre, formannskap, forvaltningsutval og administrasjonsutval, heretter kalla folkevalde organ.

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Reglement for møtegodtgjering for folkevalde

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE FOR PERIODEN

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE FOR PERIODEN

Reglement for godtgjering til folkevalde Ørskog kommune

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL MEDLEMER AV KOMMUNALE NEMNDER, STYRE, RAÅ D OG UTVAL I SULA KOMMUNE

Reglement for Folkevalde og politiske parti i Fjaler kommune

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR JUSTERING Kommunestyret fastset sjølv møteplan for dei politiske organa for kvart halvår.

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

1.1.3 a) Leiarane i Planutvalet 4 % av ordførargodtgjersle ,-

GODTGJERSLEREGLEMENT - FOLKEVALTE

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Folkevalde sine arbeidsvilkår

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

REGLAR FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE, GJELDANDE FOR 2016

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE I KVAM HERAD

Reglement for møte- og reisegodtgjersle for folkevalde i Tysvær kommune.

2. Godtgjersla til ordføraren blir sett til 90 % av løn/godtgjersle til ein stortingsrepresentant slik denne til kvar tid blir vedteken.

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Saksnr. Møtedato Sakshandsamar FORMANNSKAP 086/ GOSODE KOMMUNESTYRE 085/

Flora kommune Rådmannen

Reglement om godtgjersle for folkevalde i

Flora kommune Rådmannen

Kapittel 1. Folkevalde sine rettar s Heimel og definisjon.. s Folkevalde sine rettar s Folkevalde sine plikter.. s. 2.

Reglement for godtgjering til folkevalde

Reglement om godtgjersle for folkevalde i Hordaland fylkeskommune

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til Servicekontoret på telefon

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Reglement for godtgjøring og utgiftsdekning for folkevalgte i. Indre Fosen kommune

Endringar i «Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

Formannskap/økonomiutval. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Trond Johnsen Medlem AP

Arbeidsvilkår for folkevalte Revidert KS-sak 145/16

Arbeidsvilkår for folkevalte 2019

Reglement. for godtgjørelse til folkevalgte i Hustadvika kommune

Endringar i "Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

REGLEMENT FOR GODTGJØRELSE OG UTGIFTSDEKNING FOR FOLKEVALGTE I LEKSVIK KOMMUNE

REGLEMENT OM GODTGJERSLE FOR FOLKEVALDE

Evje og Hornnes kommune

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - ny kommune

Folkevalde sine arbeidsvilkår

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE OG ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE I VESTLAND FYLKESKOMMUNE

Evje og Hornnes kommune

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE

GODTGJØRINGSREGLEMENT FOR FOLKEVALGTE

FOLKEVALGTES ARBEIDSVILKÅR GODTGJØRELSE. Gjeldende

Tilleggsinnkalling til Bystyret

Forskrift om folkevalgtes godtgjøring og velferdsgoder i Tønsberg kommune, Vestfold

H E M S E D AL KO M M UN E

Nissedal kommune Rådmann

FORSLAG TIL ENDRINGER I REGLEMENT FOR GODTGJØRELSE TIL FOLKEVALGTE I SØNDRE LAND KOMMUNE. Vedtatt av kommunestyret og gjeldende fra

Godtgjøring for folkevalgte i Arendal kommune

REVIDERT REGLEMENT FOR GODTGJØRING TIL FOLKEVALGTE I SØNDRE LAND KOMMUNE - gjeldende fra og med

SONGDALEN KOMMUNE REGLEMENT FOR FOLKEVALGTES ARBEIDSVILKÅR P360 sak 17/

Reglement for godtgjøring til folkevalgte i Ørland kommune

Behandlet av Gjerstad kommunestyre i møte 15. desember 2010 og gjelder fra 1.november 2011

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

Reglement for godtgjørelse til folkevalgte i

Reglement for godtgjøring til folkevalgte kommunestyresak 16/12 i møte

Evje og Hornnes kommune

Tillegg til sak - reglement for godtgjersle og arbeidsvilkår for folkevalde i Vestland fylkeskommune

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 16:00 - Møtestad: Kommunehuset

Godtgjøringsreglement for folkevalgte Arendal kommune

GODTGJØRINGSREGLEMENT FOR FOLKEVALGTE I RINGSAKER KOMMUNE

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Reglement for arbeidsvilkår og godtgjørelse av folkevalgte

GODTGJØRELSER FOR KOMMUNALE OMBUD

TVEDESTRAND KOMMUNE Reglement Godtgjørelser for kommunale ombud Vedtatt av kommunestyre den som sak nr. /15

Godtgjørelsesreglement for folkevalgte i Drammen kommune

PERMISJONSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Reglement for folkevalgtes arbeidsvilkår

Reglement for godtgjørelse til folkevalgte

Reglement for Godtgjørelse til folkevalgte i Stjørdal kommune

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

4. Godtgjøringsreglement for folkevalgte i Ringsaker kommune

Godtgjørelsesreglement. for folkevalgte - fra Froland kommune. Vedtatt Froland kommunestyre Sak 17/91 (arkivsak 17/2208-1)

GODTGJØRINGSREGLEMENT FOR FOLKEVALGTE I RINGSAKER KOMMUNE

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Vedtatt av kommunestyret sak 11/2015 Revidert av kommunestyret sak 121/15 Revidert av kommunestyret

HOL KOMMUNE Reglement for folkevalgtes arbeidsvilkår

M I N I G U I D E. Idrettslag og ideelle organisasjonar plikter som arbeidsgjevar

Rendalen kommune FOLKEVALGTES ARBEIDSVILKÅR. Revidert i kommunestyret Sak 14/12

Forskrift for godtgjøring av folkevalgte

Transkript:

SANDE KOMMUNE REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I SANDE KOMMUNE 1. KVEN REGLEMENTET GJELD FOR Reglementet gjeld for folkevalde i Sande kommune. Som folkevald vert rekna medlemmar av kommunestyret, formannskap, alle faste utval og komitear etter 10 i kommunelova og lovpålagde råd og utval. Reglane gjeld og varamedlemmar når dei gjer teneste som folkevald. 2. KRAV PÅ FRI FRÅ ARBEID I samsvar med 40, nr. 1, 2.ledd i kommunelova har arbeidstakar krav på fri frå arbeid i den utstrekning dette er nødvendig på grunn av møteplikt i kommunale organ. Den folkevalde må sjølv syte for nærare avtale om dette med sin arbeidsgjevar. 3. GODTGJERSLE FOR ORDFØRAR M.M 3.1 Fast årleg godtgjersle Godtgjersle for ordførar i 100 % stilling er definert som ein del av grunnbeløpet i folketrygda (G). Godtgjersla vert regulert prosentvis kvar år i samsvar med endringar i dette grunnbeløpet. Endringane vert gjort gjeldande frå 1.1. året etter. Ordføraren si godtgjersle skal til ei kvar tid utgjere 8,8G. Godtgjersla skal utbetalast med 1/12 kvar månad saman med lønsutbetalinga for administrativt tilsette (vanlege reglar for skattetrekk mv.). Godtgjersla gjev ikkje grunnlag for feriepengar. Ordføraren får ikkje møtegodtgjersle eller refusjon for tapt arbeidsforteneste for å utføre kommunale ombod. 3.2 Ferie Ordførar har rett til fem veker ferie pr. år. Ordførar melder tida for ferieavviklinga til formannskapet. 3.3 Sjukdom Ved sjukdom har ordføraren rett til godtgjersle i 50 veker. Deretter skal formannskap/kommunestyre gjere naudsynte vedtak. 3.4 Pensjonsordning Ordføraren vert innmeldt i pensjonsordninga for folkevalde i 100 % stilling. 3.5 Forsikringar Ordføraren skal ha same forsikringsordning som rådmannen.

3.6 Etterløn Ordførar får 1,5 mnd godtgjersle etter avslutta periode, dersom han/ho har permisjon frå fast stilling. Dersom ordførar ikkje har fast arbeid å gå attende til, får han/ho godtgjersle i 3 mnd. Ordførar som ikkje tek attval, og som har permisjon frå fast arbeid får ikkje ettergodtgjersle. Det vert føresett at avtroppande ordførar som får slik godtgjersle, stiller seg disponibel for kommunen i ettergodtgjersleperioden. Pensjonsrettane følgjer godtgjersletida. 4. GODTGJERSLE FOR VARAORDFØRAR 4.1 Fast årleg godtgjersle Godtgjersla for varaordførar skal utgjere 10 % av ordføraren sin løn. Godtgjersla skal utbetalast med 1/12 kvar månad saman med lønsutbetaling for administrativt tilsette (vanlege reglar for skattetrekk m.v.). Varaordførar får i tillegg møtegodtgjersle for alle møter, og refusjon for tapt arbeidsforteneste ved innsending av dokumentasjon. Godtgjersla gjev ikkje grunnlag for feriepengar. 5. MØTE- OG LEIARGODTGJERSLE Definisjon på møte som gjev rett til godtgjersle: møter som den folkevalde vert innkalla til i egenskap av vervet sitt, samt møter og oppdrag som den folkevalde vert pålagd å delta i som representant for Sande kommune. 5.1 Møtegodtgjersle Utvalsmedlemmer i driftsutval, kontrollutval, formannskap og kommunestyre: 0,054 % av ordførarløna pr møte. Utvalsmedlemmer i andre utval: 0,040 % av ordførarløna pr møte 5.2 Leiargodtgjersler Leiarar i driftsutvalet Leiar i kontrollutvalet: Leiar i eldrerådet: Leiar i ungdomsrådet: Leiar i naturforvaltningsnemnda: Råd for likestilling av funksjonshemma 1,34 % av ordførarløna pr. år. 1,07 % av ordførarløna pr. år. 0,67 % av ordførarløna pr. år Faste medlemmar i formannskapet (utanom ordførar og varaordførar): 1,07 % av ordførarløna pr. år. 5.3 Generelt for alle politiske utval Deltaking i delar av møte Frammøte i ei sak gir rett til halv godtgjersle. Varamedlemmar som er innkalla men ikkje vert nytta har rett på halv godtgjersle. Utover dette vert det ytt full møtegodtgjersle. Synfaringar og andre pliktige oppmøte: For synfaringar og andre pliktige oppmøte på andre dagar enn møtedagen, vert det betalt same møtegodtgjersle som for møtedagen.

Utbetaling av leiargodtgjersle Leiargodtgjersla vert utbetalt i si heilheit saman med anna møtegodtgjersle kvar haust. Avkorting i årleg utbetalt godtgjersle Dei som mottek fast årleg godtgjersle vert trekt 25 % i godtgjersla dersom fråværet utgjer meir enn ¼ av møta. 6. DEKNING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE I samsvar med 41, nr. 2 i kommunelova har folkevalde rett på dekking av ev. tap i inntekt på grunn av vervet. Føresetnaden for å krevje erstatning er at det ligg føre eit faktisk økonomisk tap. Kravet om erstatning må dokumenterast. 6.1 Refusjonsbeløp Dokumentert tap av arbeidsinntekt vert dekt med inntil kr 1.000,- pr/time. Udokumentert tap i arbeidsinntekt vert dekt med kr. 150,00 pr. time innanfor tidsromet 08.00 og kl 16.00 6.2 Dokumentasjon Lønsmottakarar Lønsmottakarar som verte trekte i løn i samband med politisk verksemd må ha bekreftelse frå arbeidsgjevar v/lønsansvarleg i firmaet at vedkomande ikkje har fått løn dei timane ein har vore på møte. Bekreftelsen skal innehalde antal timar, timeløn og om timeløna er rekna med eller utan feriepengar. Ny bekreftelse må fylje med for kvar gong ein krev refusjon. Sjølvstendig næringsdrivande Sjølvstendig næringsdrivande skal leggje fram likningsattest over næringsintekt for dei siste tre åra. Tap pr. dag vert utrekna etter gjennomsnittleg årsinntekt for dei siste tre åra, dividert på 230 dagar, og tap pr time er dagstap dividert med 7,5. Deltidstilsette Deltidstilsette som arbeider nokre heile dagar og har heilt fri andre dagar, får refusjon etter udokumentert tap dersom møtedagen fell på ein fridag (mellom kl 08.00 og kl 16.00) Deltidstilsette som arbeider eit redusert timetal pr dag, får refusjon etter udokumentert tap dersom møtetida fell utanfor arbeidstida (mellom kl 0800 og kl 1600) Arbeidstakarar med arbeidstid mellom 1600 og 0800 og turnusarbeidarar Dersom møte fell på fridag som er ein kompensasjon som følgje av turnus eller forskjøve arbeidstid, vert det gjeve refusjon etter udokumentert tap. Andre grupper Grupper utan fast løna arbeid heimeverande, studentar, pensjonistar m.m får refusjon etter satsen for udokumentert tap i arbeidsinntekt, når dei må forsømme sine ordinære gjeremål for å ivareta tillitsverv.

7. DEKKING AV ANDRE UTGIFTER I samsvar med 41 i kommunelova har folkevalde rett på dekking av utgifter i høve reiser og ev. andre utgifter på grunn av vervet. 7.1 Reiseutgifter Folkevalde får godtgjort utgifter til skyss, kost- og overnatting for reiser i høve vervet (pålagde møte, kurs, m.m.) etter det til ei kvar tid gjeldande reiseregulativet for kommunalt tilsette. Innan kommunen godtgjer kommunen alltid ferjebillett og bil i den grad det er nødvendig eller tenleg. Det vert ikkje godtgjort berre for bil ved reiser under 4 km. Utgifter som ikkje blir refundert etter faste satsar (ferje, buss, fly og liknande), skal dokumenterast gjennom vedlagte kvitteringar. Skjema for reiserekning skal nyttast ved innsending av krav. Ved møter utanfor kommuna skal møteinnkalling vedleggast reiserekninga, saman med billettar. Ved møter innanfor kommune skal evt. billettar vedleggast reiserekninga. Ikkje dokumenterte krav om reisegodtgjering vert rekna som lønsinntekt. 7.2 Omsorgsutgifter m.m. Ekstra og uunngåelege utgifter som den folkevalde får pga vervet, td utgifter til pass av born under 12 år, omsorg for funksjonshemma og eldre (pleietrengande) vert dekt med faktiske dokumenterte utgifter. 7.3 Telefongodtgjersle Ordførar får tildelt kommunal mobiltelefon. Abonnementet vert teikna av rådmannen, som også er ansvarleg for innrapportering. Skattlegging etter Skatteetaten sine satsar for dette. Folkevalde elles kan etter søknad i særlege tilfeller få refusjon for utgifter ved bruk av eigen telefon som er nytta til utøving av ombodet. 8. INNSENDING AV KRAV OM GODTGJERSLE, TAPT ARBEIDSFORTENESTE ELLER DEKNING AV UTGIFTER Godtgjersle I utval der det er fast sekretariat (administrativt) er sekretæren ansvarleg for å registrere info om frammøte. I alle andre tilfelle har leiaren for utvalet eller den han pålegg dette ansvaret. Registreringane skal meldast inn til Servicekontoret seinast 31. oktober, og utbetalinga skal normalt skje på novemberløna. Tapt arbeidsforteneste m.m Tapt arbeidsforteneste eller dekking av andre utgifter har den enkelte sjølv ansvar for å melde inn.

Krav, samt nødvendig dokumentasjon skal leverast Servicekontoret innan 15.mars, 15. juni, 15. september og 15. desember, og utbetaling skal normalt skje i april, juli, oktober og januar. Reiserekningar Reiserekningar skal sendast inn til Servicekontoret innan 31.12. Generelt Skjema for refusjon for folkevalde i Sande kommune skal brukast. 9. ULUKKES- /YRKESSKADEFORSIKRING Kommunale folkevalde er omfatta av ulukkes-/yrkesskadeforsikring som Houvdtariffavateln 11 pålegg kommunen. Forsikringa gjeld under utøving av vervet, samt på reise til og frå og under utøving av representasjonsplikter. 10. TOLKING AV REGLEMENTET Dersom det oppstår tvil i høve reglane i dette reglementet, vert spørsmålet avgjort av rådmannen sjølv. Avgjerda til rådmannen kan påklagast til ei nemnd som består av dei politisk valde medlemmane i administrasjonsutvalet. 11. VERKNADSTIDSPUNKT Reglementet trer i kraft frå 1.1.2014 Reglementet er godkjent av Sande kommunestyre i møte den 17. september 2013, sak K-36/13-