Fylkesutvalet Side 1 av 6 Høyringsuttale til søknad om konsesjon for Mjølsvik kraftverk, Høyanger kommune. Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet gjere slikt vedtak: 1 Sogn og Fjordane fylkeskommune rår til at konsesjon vert gitt, ut frå at dei økonomiske fordelane av tiltaket vert vurderte til å vere større enn ulempene. Kraftverket vil styrkje næringsgrunnlaget lokalt. 2 Slepping av minstevassføring ved inntaket bør vere på nivå med alminneleg lågvassføring berekna ut frå normalsituasjonen i dag, dvs. uten planlagt overføring av Strupefossvatnet til Østerbøvassdraget. Anleggsvegen bør omgjerast til køyresterkt terreng etter utbygging. Prenta vedlegg: 1. Brev frå NVE 17.04.2008.09.02 2. Nedbørsfelt, vedlegg 2 til søknaden 3. Rørgatetrase, vedlegg 3 til søknaden 4. Høyringsuttale frå Høyanger kommune, brev til NVE 02.06.2008. Uprenta vedlegg: 1. Konsesjonssøknad 29.02.2008 2. Høyringsuttale frå Sogn og Fjordane Turlag, brev til NVE 09.06.2008. 3. Høyringsuttale frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, brev til NVE 08.07.2008.
Fylkesutvalet Side 2 av 6 Saksframstilling 1. SAMANDRAG. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har oversendt søknad om løyve for bygging av Mjølsvik kraftverk i Høyanger kommune. Utbyggingsområdet ligg på sørsida av Sognefjorden, om lag 5 km vest for Ortnevik. Tiltakshavar for prosjektet er Mjølsvik Kraft AS der fallrettseigarane er representerte. Marintech Energy AS er representant for tiltakshavaren. Installert effekt i kraftverket vert 3,9 MW og årleg produksjon ca. 14 GWh. Røyrgata vil bli omlag 1800 meter lang og fallhøgda ca. 380 meter. Inntak på kote 385 og utløp på kote 5. Tilknyting til eksisterande kraftlinje via ca. 200 meter lang luftlinje. Søknaden vert handsama etter reglane i kap. 3 i vassressurslova. Søknaden gjeld også løyve til nødvendige elektriske installasjonar etter energilova. Fylkesrådmannen rår til at konsesjon vert gitt, ut frå at dei økonomiske fordelane av tiltaket vert vurderte til å vere større enn ulempene og kraftverket vil styrkje næringsgrunnlaget lokalt. Slepping av minstevassføring ved inntaket bør vere på nivå med alminneleg lågvassføring berekna ut frå normalsituasjonen i dag, dvs. uten planlagt overføring av Strupefossvatnet til Østerbøvassdraget. Anleggsvegen bør omgjerast til køyresterkt terreng etter utbygging. 2. VIKTIGE LOVER/REGLAR/PLANDOKUMENT Lover/reglar/føresegner Lov om vassdrag og grunnvatn av 24. november 2000 nr. 82 Vannressursloven (løyve til å bygge inntakskonstruksjon, tilløpsrør, kraftstasjon, avløp frå kraftstasjonen) Forureiningslova av 13. mars 1981 (gjennomføring av tiltaket) Energilova av 29. juni 1990, nr. 50 (løyve til bygging og drift av elektriske anlegg) Lov om kulturminne av 9. juni 1978 nr. 50 Kommunal arealplan. Fylkesdelplan for arealbruk I arealdelen av kommuneplanen er området sett av til landbruk, natur og friluftsliv. Nedbørsfeltet grensar i sør til nasjonalt viktig friluftsområde, Stølsheimen nr. 14 i Fylkesatlas. Samla plan for vassdrag Prosjektet er ikkje handtert i Samla plan. Stortinget vedtok i 2005 å heve grensa for handsaming til 10 MW installert effekt/årsproduksjon på 40 GWh. 3. DET PLANLAGDE TILTAKET. Mjølsvikelva har sitt utspring i Strupefossvatnet på kote 878 øvst i den smale Mjølsvikdalen/ Mjølsvikdalstrupen. Strupefossvatnet er planlagt overført til prosjektet Randalen og Østerbø kraftverk. Samla nedbørsfelt til elva utgjer 16,9 km2 og ca. 7,6 km2 vil drenere til elva når naboprosjektet er realisert. Nederst i dalen ligg det to gardsbruk.
Fylkesutvalet Side 3 av 6 Hovuddata for tiltaket (kraftverket) Data knytt til nedbørsfeltet Nedbørfelt (km 2 ) 7,6 Middelvassføring (m 3 /s) 0,79 Alminneleg lågvassføring ( l/s) 43 Kraftverksdata Inntak på kote 385 Avløp på kote 5 Brutto fallhøgd (m) 380 Slukeevne, maks. (m 3 /s) 1,264 Slukeevne, min. (m 3 /s) 0,126 Tilløpsrør, lengde (m) 1800 Installert effekt, maks. (MW) 3,964 Brukstid (t) 6790 Minstevassføring Foreslått minstevassføring ved inntaket heile året, l/sek 60 Produksjon og økonomi Produksjon, årleg middel (GWh) 14,0 Utbyggingskostnad (mill.kr) 33,22 Utbyggingspris (kr/kwh) 2,37 Inntaksdammen på kote 385 vil bli 4-5 meter høg. Tilløpsrøret skal gravast ned.. For øvre deler av rørgata er det tidlegare vurdert tunnel, men dette har ein gått bort frå. Kraftstasjonen med grunnflate om lag 120 m2 vil bli plassert på vestsida av elva rett ovanfor bygdevegen ved sjøen. Det er aktuelt å støyisolere kraftverksbygget i tillegg til å dempe støyen frå utløpskanalen med gummimatter. Nederst i utbyggingsområdet vil eksisterande vegar bli brukte. Det vil bli bygt anleggsveg langs røyrgata og denne er tenkt gjort permanent etter at utbygginga er realisert. Kraftstasjonen skal knytast til eksisterande linjenett via ei kort kraftlinje. Nettkapasiteten i området er planlagt oppgradert som ein del av den planlagde utbygginga i Østerbø-vassdraget. 4. KONSEKVENSAR AV TILTAKET. AVBØTANDE TILTAK Saksopplysningane nedanfor byggjer, med mindre anna er nemnt, på opplysningar i søknadsdokumenta. Vassføring Alminneleg lågvassføring ved inntaket er berekna til 43 liter/sek. Femte lågast vassføring om sommaren er berekna til 83 liter/sek. og for vintersesongen 36 liter/sekund. Det er foreslått slepping av ei minstevassføring ved inntaket på 60 liter/sekund heile året. Middeleavløp frå restfeltet mellom inntak og kraftverk er berekna til 150 liter/sekund. Vasstemperatur, isforhold og lokalklima. Det er ikkje venta nemnande negative konsekvensar. Grunnvatn, flaum og erosjon Det er ikkje venta nemnande negative konsekvensar. Biologisk mangfald og verneinteresser.
Fylkesutvalet Side 4 av 6 Vurdering av verknader for biologisk mangfald i influensområdet er utført av Miljøfaglig utredning v/ Geir Garder i 2006. Samla vurdering: Tiltaket vil få middels/små negative verknader. Fisk og ferskvassbiologi Elva vert ikkje rekna som produksjonselv for laks og aure. Det er ikkje venta nemnande negative konsekvensar av utbygginga. Landskap Inntaket er plassert nedafor fossane i øvre deler av elva. Det er ikkje venta nemnande negative konsekvensar av utbygginga. Kulturminne Ein kjenner ikkje til kulturminne som vert påverka av utbygginga. Landbruk Utbygginga vil ikkje føre med seg nemnande ulemper for landbruk. Vasskvalitet, vassforsynings- og resipientinteresser Tiltaket vil ikkje ha innverknad på vasskvalitet, vassforsynings- og resipientinteresser. Brukarinteresser, ferdsel og friluftsliv Det er ikkje venta ulemper på grunn av utbygginga. Samfunnmessige verknader Det lokale næringsgrunnlaget blir styrkt og utbygginga vil bidra til å oppretthalde busetting og anna lokal aktivitet. Avbøtande tiltak I søknaden er det lagt opp til slepping av ei minstevassføring heile året ved inntaket på 60 liter/sek. I forhold til berekna produksjon utan slepping av minstevassføring vil dette innebere eit produksjonstap på 1,5 GWh. Ein auke i minstevassføringa til 85 liter/sek om sommaren ville bety ytterlegare 0,2 GWh i tapt produksjon. 5. HØYRINGSUTTALAR FRÅ ANDRE Uttale frå Høyanger kommune, brev til NVE 02.06.2008:. Sjå prenta vedlegg, der det m.a. går fram at kommunen ikkje har konkrete merknader til utbyggingsforslaget. Kommunen foreslår at det vert sett nærare på vilkåra for sjøaure, fossesprøytesoner og at det vert vurdert om det trengst ein tilsynsplan for elva etter utbygging. Sogn og Fjordane Turlag, samandrag i brev til NVE 09.06.2008. Vi er sterkt mot at det vert gjennomført meir enn ei utbygging i Mjølsvikvassdraget. Vi er også sterkt mot den konsesjonssøkte overføringa av Strupefossvatnet til Østerbø. Mjølsvik kraftverk er akseptabelt for oss viss det vert den einaste utbygginga i vassdraget. Dette under føresetnad av at minstevassføringane vert så store at fosseengane vil overleve også dei tørraste somrane! Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, brev til NVE 08.07.2008:
Fylkesutvalet Side 5 av 6 Med føresetnad om at det vert kravd minstevassføring tilsvarande naturleg alminneleg lågvassføring i elva heile året, vurderer Fylkesmannen at denne utbygginga er akseptabel i høve til allmenne interesser. Fylkesmannen vurder også at tiltaket kan aksepterast i høve til lakse- og innlandsfiskelova og ureiningslova. 6. FYLKESRÅDMANNEN SI VURDERING AV FORDELER OG ULEMPER, EVT. NYE FORSLAG TIL AVBØTANDE TILTAK Fordelane ved tiltaket er fyrst og fremst av økonomisk karakter og knytt til energiproduksjon på 14 GWh/år. Kraftverket vil bidra til lokalt næringsgrunnlag og skatteinntekter. Aktuelle ulemper er knytt til bygningsmessige tiltak (inntaksdam, rørgate, kraftverksbygning, kraftlinje, vegbygging) og redusert vassføring i Mjølsvikelva. Automatisk freda kulturminne Fylkesrådmannen kjenner ikkje til registrerte automatisk freda kulturminne (før 1537) i det området som vert råka av tiltaket. Ut frå kartet ser det likevel ut til at areala nede ved fjorden kan ha potensiale for funn av automatisk freda kulturminne. Det same gjeld areala oppover i Mjølsvikdalen. Der er det potensiale for funn av automatisk freda kulturminne knytt til utmarksressursar, jakt og fiske. Det er difor naudsynt å gjennomføra ei arkeologisk registrering, jf. 9 undersøkingsplikta i Lov om kulturminne i det området det er søkt konsesjon for. Kulturminne frå nyare tid Dersom viktige og markerte kulturminne frå nyare tid, etter år 1537, kan bli direkte eller indirekte råka av planlagde tiltak, så må tiltaka justerast på ein slik måte at kulturminna kan takast vare på. Oppstrøms for inntaket til det planlagde kraftverket, ligg ruinane etter ein gamal heimstøl. Tiltaket ser likevel ikkje ut til å komme direkte i konflikt med sjølve stølsmiljøet. Fylkesrådmannen vil likevel peike på at eit slikt stølsmiljø må vurderast som eit viktig kulturminne i seg sjølv og tiltak bør i størst mogeleg grad skje på det eksisterande stølsmiljø sine premissar. Gamle ræser og stølsvegar er å sjå på som kulturminne og viktige element i landskapet. Ein stor del av røyrgata ligg i eit variert kulturlandskap med areal til slått og beite. I den grad det er mogeleg, må det ikkje gjerast skade på kulturlandskapselement som vegar, steingardar, bakkereiner eller andre synelege spor etter tidlegare landbruksaktivitet i området. For å få minst mogeleg synelege spor i landskapet og ei raskare revegetering, er det viktig å nytte naturleg vegetasjon frå staden (torv) til overdekking av grøftene. Samla vurdering Sogn og Fjordane Turlag meiner at tiltaket i Mjølsvikelva og det store prosjektet i Østerbøvassdraget lenger vest må sjåast i samanheng. Turlaget er sterkt i mot at vatn frå Mjølsvikvassdraget skal utnyttast både i ei eiga kraftutbygging (nedre del) og ved overføring til Østerbøvassdraget (øvre del, Strupefossvatnet). Ved prioritering mellom desse går turlaget inn for at søknaden ang. kraftutbygging i Mjølsvikelva skal få konsesjon, men at overføring av Strupefossvatnet til Østerbøvassdraget må sløyfast. Fylkesmannen meiner at tiltaket kan realiserast gitt at det vert slept naturleg alminneleg lågvassføring (dvs. lågvassføring berekna slik nedbørsfeltet er i dag, utan overføring til Østerbøvassdraget). Fylkesmannen etterlyser berekningar for slik naturleg, alminneleg lågvassføring i søknaden.
Fylkesutvalet Side 6 av 6 Fylkesrådmannen er samd i Fylkesmannen si vurdering når det gjeld minstevassføring, og meiner at det bør leggast til grunn alminneleg lågvassføring for normalsituasjonen i vassdraget. For å avgrense permanente inngrep langs røyrgata bør anleggsvegen gjerast om til køyresterkt terreng. Det bør iverksettast støydemping både ved bygningsmessige tiltak og ved utløpet frå kraftverket. 7. KONKLUSJON/TILRÅDING Fylkesrådmannen rår til at konsesjon vert gitt, ut frå at dei økonomiske fordelane av tiltaket vert vurderte til å vere større enn ulempene og kraftverket vil styrkje næringsgrunnlaget lokalt. Slepping av minstevassføring ved inntaket bør vere på nivå med alminneleg lågvassføring berekna ut frå normalsituasjonen i dag, dvs. utan planlagt overføring av Strupefossvatnet til Østerbøvassdraget. Anleggsvegen bør gjerast om til køyresterkt terreng etter utbygginga.