GULEN KOMMUNE RUSPOLITISK HANDLINGSPLAN 2008 2012 1. MÅLSETJINGAR 1.1. OVERORDNA MÅLSETJING Ei overordna målsetjing for alkoholpolitikken i Gulen kommune er å førebyggje og redusere alkoholbruken blant innbyggjarane. På den måten ynskjer ein å redusere dei medisinske og sosiale skadeverknadene alkoholbruk kan føre med seg. 1.2 Delmål 1.2.1 Gjere foreldre medvitne og derigjennom ansvarlegjere dei i høve eigne barn og unge. 1.2.2 Motverke rusmiddelbruk mellom barn og ungdom 1.2.3 Fremje ein rusfri kultur og søkje å motverke alle former for drikkepress 1.2.4 Ansvarleggjere den einskilde for eiga helse 1.2.5 Samordne og motivere for tverrfaglege tiltak 1.2.6 Auke innsatsen for personar med rusproblem 2. VERKEMIDDEL OG TILTAK Kommunen tek ansvaret sitt for å drive eit aktivt edruskaps- og rusmiddelførebyggjande arbeid. Sosialdepartementet har i St. melding nr.17 om alkohol og folkehelse delt oppgåvene i slike tiltaksområde: * Informasjon og opplysning * Miljø og haldningstiltak * Løyvepolitikk * Omsorg og behandling Med utgangspunkt i dette finn plannemnda det føremålstenleg å gjere framlegg om konkrete tiltak for kommunen. Der det på linja ansvarleg står fleire involverte, er det den som er skriven med utheva trykk som har asvaret for å få tiltaket på fote. 26
Målområde 2.1 : Informasjon og opplysning/ miljø og haldningstiltak Målgruppe: Foreldre Tiltak 2.1.1. Haldningsskapande arbeid Omtale/ gjennomføring Tidsramme Ansvarleg Budsjett Finansiering Gjennomføre samtale med gravide om følgjer av alkoholbruk i svangerskapet. Kvart år Jordmor Målgruppe: Foreldre Tiltak 2.1.2 Haldningsskapande arbeid Omtale/ gjennomføring Tidsramme Ansvarleg Budsjett Finansiering Gjere foreldra medvitne om korleis born reagerer i møte med dei vaksne si drikking. Kvart tredje år. Informasjonsmateriell vert delt ut i samband med at bornet startar i barnehage/på skule. Barnehage/ PPT/ helsesyster Målgruppe: Foreldre Tiltak 2.1.3. Haldningsskapande arbeid Omtale/ gjennomføring: Gjere foreldra medvitne om korleis deira drikkeåtferd påverkar borna sine haldningar til alkoholbruk. Annankvart år- 5./6. klasse. Informasjonsmateriell vert delt ut i samband med at bornet startar på skule. Skule/ PPT/ helsevesen 27
Målgruppe: Foreldre Tiltak 2.1.4 Haldningsskapande arbeid Omtale/ gjennomføring: Gjere foreldra medvitne om risikosituasjonar/ risikoåtferd i barne- og ungdomsåra. Mellomsteget og ungdomssteget Skule/ PPT/ helsevesen/lensmannen Målgruppe: Born og ungdom Tiltak 2.1.5 Haldningsskapande arbeid Omtale/ gjennomføring: Gjennom systematisk elevaktiviserande undervisning dekke området rusmiddel. 8.-10.klasse Skule/lensmannen/helsevesenet Målgruppe: Born og ungdom Tiltak 2.1.6 Haldningsskapande arbeid Omtale/ gjennomføring: Gje elevar i ungdomsskulen høve til å delta på kursopplegget "Haldning mot rusgift" eller tilsvarande. Årleg Skuleetaten 28
Målgruppe: Lag og organisasjonar Tiltak 2.1.7 Haldningsskapande arbeid/miljøtiltak Omtale/ gjennomføring: Ved tildeling av kulturmidlar skal kommunen prioritere og tilgodesjå lag og organisasjonar som driv barne- og ungdomsarbeid. Dette inneber også at born og ungdom ikkje skal sjå leiarar, trenarar eller andre vaksne følgjarar drikke alkohol eller opptre berusa i samband med møte, reiser, leirar turneringar eller idrettsarrangement. Årleg Kulturetaten Målgruppe: Lag og organisasjonar Tiltak 2.1.8 Haldningsskapande arbeid/miljøtiltak Omtale/ gjennomføring: Kommunen kan etter søknad gje aktivitetsstønad til lag og organisasjonar som skipar til rusfrie arrangement. Opplyse lag, organisasjonar, ungdom og foreldre om kva krav som vert stilt til vakter på festane, og kva reglar som gjeld. Årleg Kulturetaten 29
Målområde 3.1 : Løyvepolitikken Målgruppe: Løyvehavarane Tiltak 3.1.1 Differensierte avgifter Omtale/ gjennomføring: Kommunen innfører gebyr i høve liter omsett alkoholhaldig drikk med desse satsane: Sal av øl Avgift kr. 0,16 pr vareliter Skjenking Øl Vin Brennevin Avgift kr. 0,31 pr vareliter kr. 0,73 pr vareliter kr. 2,71 pr vareliter Årleg, skal fylgja kalenderåret Kommunestyret 30
Målgruppe: Brukarar av einskildløyve (ambulerande løyve) Tiltak 3.1.2 Tildeling av ambulerande løyve Omtale/ gjennomføring: Kommunen har innført slikt reglement for tildeling av ambulerande skjenkeløyve. 1. Med heimel i lov av 2. juni 1989 4-5 vert det oppretta eitt ambulerande skjenkeløyve for skjenking av øl, vin og brennevin i Gulen Kommune. 2. Med heimel i lov av 2. juni 1989 1-12 jfr. lov av 25. september 1992 23 nr. 4 vert avgjerdsmynde ved tildeling av ambulerande skjenkeløyve delegert til Rådmannen. Hovudutval for helse og sosial v/ rådgjevar omsorg, kontrollørane og Lensmannen i Gulen skal ha melding om innvilga løyve seinast ei veke før arrangementet. Gebyr for skjenkeløyve ved einskilthøve vert sett til kr. 200,- Frå ny løyveperiode Rådmannen 31
Målgruppe: Tverretatleg samarbeidsgruppe Tiltak 3.1.3 Målretting av salsavgiftene Omtale/ gjennomføring: Salsavgifter som ikkje vert nytta til kontrollverksemd vert disponert av sosialetaten i samråd med tverretatleg samarbeidsgruppe til: * informasjonsverksemd * haldningsskapande arbeid * rusførebyggande tiltak Årleg Tverretaleg samarbeidsgruppe Målgruppe: Løyvehavarane Tiltak 3.1.4 Løyveperioden Ometale/ gjnnomføring: Løyveperioden for sal av øl og skjenking av alkoholhaldig drikk skal vere 4 år og fylgje kommunestyreperioden, slik alkohollova gjev høve til. Tidsramme : Årleg Kommunestyret 32
Målgruppe: Løyvehavarane Tiltak 3.1.5: Inndraging av løyve Omtale/ gjennomføring: I Gulen kommune skal det ved brot på alkohollova etter skjøn fastsetjast reaksjonar etter følgjande retningslinjer: 1. Ved første gongs brot på alkohollova skal det reagerast med skriftleg åtvaring dersom brotet ikkje er særs alvorleg. 2.Ved nytt brot på alkohollova, etter at skriftleg åtvaring er gjeve, skal det til vanleg reagerast med inndraging av skjenke- eller salsløyvet for kortare eller lenger tid. For kvar gong det vert reagert mot same løyvehavar bør reaksjonen bli strengare. 3. Ved særs grovt første gongs brot på alkohollova kan det reagerast med inndraging av skjenke- eller salsløyvet for kortare eller lenger tid. Brot på føresegnene om alder og sal/skjenking til tydeleg rusa personar vert normalt sett på som grovt. 4. Dersom oppgåve over omsetnad ikkje er levert innan fristen, eller salseller skjenkeavgifta ikkje er betalt i rett tid og etter purring, har rådmannen fullmakt til å inndra løyvet til oppgåva er levert eller avgifta er betalt. Ved trong Rådmannen 33
Målområde 4.1 : Omsorg og behandling Målgruppe: Etatane Tiltak 4.1.1: Tverrettatleg samarbeidsgruppe Omtale/ gjennomføring: Kommunen skal opprette eit tverretatleg samarbeidsgruppe med administrative representantar frå desse etatane: helse og sosial, lensmann, skule og kultur. Minimu m 2 møter pr.år. Snarast Ordførar og samarbeidsgruppa SLT Målgruppe: Etatane Omtale/gjennomføring : Tiltak 4.1.2: Arbeidsoppgåver tverretatleg samarbeidsgruppe Tverretatleg samarbeidsgruppe skal: - halde seg orientert om rusmiddelsituasjonen i kommunen - følgje opp alkoholpolitisk plan sin førebyggande del - utvikle og og iverksetje nye førebyggande tiltak - hjelpe organisasjonar, lag og foreiningar i deira førebyggande arbeid - evaluere igangsette tiltak Tidsramme : 2 møte kvart år. Ordførar og samarbeidsgruppa SLT 34
Målgruppe: Etatane/kommunestyret Tiltak 4.1.3: Vurdere alkoholpolitikken Omtale/ gjennomføring: Før kvar ny løyveperiode skal tverrfagleg samarbeidsgruppe legge fram dokumentasjon som m.a. skal innehalde: - oversikt over utviklinga av alkoholomsetninga i kommunen - vurdering om gjeldande tiltak er tenlege i høve til vedtekne alkoholpolitiske målsettingar. -vurdering av resultata som er nådde i høve til vedteken alkoholpolitisk plan. -forslag til eventuelle endringar I god tid før kommunestyret behandlar søknader om løyve. Sosialleiar Målgruppe: Kommunale arbeidsplassar Tiltak 4.1.4 : AKAN kontaktar Omtale/ gjennomføring: Som stor arbeidsgjevar må kommunen få AKAN-arbeidet i system. Årleg Personalkonsulent 35
Målgruppe: Større arbeidsplassar i kommunen Tiltak 4.1.5 : Informasjon om AKANarbeid Omtale/ gjennomføring: Kommunen innformerer større arbeidsplassar om AKAN-arbeidet. Etter behov Personalsjefen Målgruppe: Rusmisbrukarane Tiltak 4.1.6 : Tiltakskjeder Omtale/ gjennomføring: Eit tverrfagleg team må utarbeide resultatorienterte tiltakskjeder. Ved trong Helse-og sosialetaten 36
Målgruppe: Rusmisbrukarane Tiltak 4.1.7 : Oppfølgjing Omtale/ gjennomføring: Rusmisbrukarar må sikrast tilstrekkeleg hjelp til rehabilitering i eigen heim ved hjelp av helsetenesta, pleie-og omsorgstenesta og sosialtenesta. Årleg Helse-og sosialetaten 37