Fyresdal kommune Møteprotokoll Utval: Kommunestyret Møtestad: Roan, Næringshagen Dato: 05.07.2018 Tid: 19:00 21:30 Fylgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Erik Skjervagen Ordførar AP Olav Gisle Noraberg Varaordførar AP Nils Kristian Moe Medlem AP Martha Schrøder Momrak Medlem AP Nils Vidar Pettersen Medlem AP Ingunn Lauvrak Medlem AP Kjell Sverre Thoresen Medlem SP Tone Irgens Veum Medlem SP Svein Slyngstad Medlem SP Per Helge Seltveit Medlem SP Guro Blessum Libjå Medlem SP Thor Inge Levang Medlem SP Karl Rune Hansen Medlem AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer Torleiv Hvistendahl Medlem AP Øyvind Kile Medlem AP Ellen Elisabeth Gasmann Medlem SP Anne Serine Nærum Medlem AP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerer Elise Lauvrak Øyvind Kile AP Olav Åge Dale Anne Serine Nærum AP Thorstein Wøllestad Torleiv Hvistendahl AP Arne Dag Lassemo Ellen Elisabeth Gasmann SP Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Ketil O. Kiland Rådmann Sarke Veum Rektor Gimle skule Eva Greivstad Personalkonsulent Kjersti Bergland utvalssekretær Saker til handsaming:(sak nr./år, f.o.m. t.o.m.) 50/18 57/18 Merknader til møteboka:
Godkjenning av protokoll: Erik Skjervagen Ordførar Fellestenesta utvalssekretær Rådmannen si godkjenning, jfr. sakshandsamingsrutiner pkt. 12.0: Ketil O. Kiland rådmann
Saksliste Utvalssaksnr PS 50/18 RS 11/18 RS 12/18 RS 13/18 PS 51/18 PS 52/18 PS 53/18 PS 54/18 PS 55/18 PS 56/18 Innhald Referatsaker Referat frå Vest-Telemarkrådet Orienteringar Søknad om endring av skjenkestad - to enkelthøve, sommaren 2018 - Skræi AS Gjennomgang av politisk og administrativt delegeringsreglement, økonomireglement, finasreglement, personalpoltiske retningsliner og reglement for kommunestyret Endringar i politisk struktur - politikargodtgjering Tilsetting av assisterande rådmann Oppretting av 70 % heimel Gimle skule Endring i rutiner ved vurdering av ledige stillingar. Søknad om fleire ressursar til einskildelevar for skuleåret 2018/2019 Lukka møte(x) X Fyresdal 26. juni 2018 Erik Skjervagen ordførar Fellestenesta utvalssekretær Samrøystes for å handsame ettersendt sak 57/18 Overordna samarbeidsavtale mellom Sykehuset Telemark Helseforetak og kommunane i Telemark. Sak 54/18 og 56/18 samrøystes for å handsame desse sakene til slutt og under lukka møte.
PS 50/18 Referatsaker RS 11/18 Referat frå Vest-Telemarkrådet RS 12/18 Orienteringar RS 13/18 Søknad om endring av skjenkestad - to enkelthøve, sommaren 2018 - Skræi AS I møtet: Innspel frå Senterpartiet v/tone I. Veum: Formannskapet avviste tidlegare ein invitasjon frå Seljord kommune om mogleg samarbeid om legevakt i Seljord utan sakshandsaming. Dette er ei stor og viktig sak som treng grundig sakshandsaming og Senterpartiet ber om at det vert lagt fram ei sak om dette til politisk handsaming etter sommarferien. o Samrøystes for at det vert lagt fram ei sak for politisk handsaming. Orientering om arbeidet rundt sal av Gardar med estimat på kostnader og konsekvensar. Kommunestyret ber om at det vert lagt fram ei ny sak på dette etter sommarferien. Orientering om forhandlingar vedrørande kjøp og utleige av lagerhall på Molandsmoen for strøsand. o Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre kjøpet. PS 51/18 Gjennomgang av politisk og administrativt delegeringsreglement, økonomireglement, finasreglement, personalpoltiske retningsliner og reglement for kommunestyret Kommunestyret set ned eit utval for å gå igjennom: 1. Politisk delegeringsreglement for 2019-2023. 2. Økonomireglement for perioden 2019-2023. 3. Finansreglement for perioden 2019-2023. 4. Reglement for kommunestyret 2019-2023. Utvalet er samansett av kommunestyrerepresentantar som er:... Utvalet blir leia av.. Utvalet skal vere ferdig med sitt arbeid innan 1. oktober 2018. Rådmannen stiller med sekretær, fagkompetanse etter behov og kallar inn til første møte. Etter at kommunestyret har vedteke politisk delegeringsreglement set rådmannen ned ei gruppe samansett av rådmannens leiargruppe, hovudverneombod og hovudtillitsvalde for å tilpasse det administrative delegeringsreglementet det politiske. Personalpolitiske retningsliner blir å gå igjennom innan 1. februar 2019. I utvalet sit to frå rådmannens leiargruppe, hovudverneombod, hovudtillitsvald og to frå kommunestyret som er.. Utvalet blir leia av. og personalkonsulenten er sekretær og kallar inn til første møte. Etter at nemnte reglement er vedteke set rådmannen ned ei eiga grupper som tilpassar det administrative delegeringsreglement desse.
Samrøystes for at det skal vere 3 representantar i utvalet for gjennomgang av politisk delegeringsreglement, økonomireglement, finansreglement og reglement for kommunestyret. Framlegg frå AP v/ Nils Kristian Moe: Representantar til utvalet for gjennomgang av politisk delegeringsreglement, økonomireglement, finansreglement og reglement for kommunestyret: Olav Gisle Noraberg og Elise Lauvrak. Olav Gisle Noraberg som leiar. Utvalet skal vere ferdig med sitt arbeid innan 1. november 2018. Representant til utvalet for gjennomgang av personalpolitiske retningsliner: Martha S. Momrak som leiar. Framlegg frå SP v/ Tone I. Veum: Representant til utvalet for gjennomgang av politisk delegeringsreglement, økonomireglement, finansreglement og reglement for kommunestyret: Kjell Sverre Thoresen. Representant til utvalet for gjennomgang av personalpolitiske retningsliner: Tone I. Veum. Begge framlegga vart samrøystes vedteke. Kommunestyret set ned eit utval for å gå igjennom: 1. Politisk delegeringsreglement for 2019-2023. 2. Økonomireglement for perioden 2019-2023. 3. Finansreglement for perioden 2019-2023. 4. Reglement for kommunestyret 2019-2023. Utvalet er samansett av 3 kommunestyrerepresentantar som er: Olav Gisle Noraberg, Elise Lauvrak og Kjell Sverre Thoresen. Utvalet blir leia av Olav Gisle Noraberg. Utvalet skal vere ferdig med sitt arbeid innan 1. november 2018. Rådmannen stiller med sekretær, fagkompetanse etter behov og kallar inn til første møte. Etter at kommunestyret har vedteke politisk delegeringsreglement set rådmannen ned ei gruppe samansett av rådmannens leiargruppe, hovudverneombod og hovudtillitsvalde for å tilpasse det administrative delegeringsreglementet det politiske. Personalpolitiske retningsliner blir å gå igjennom innan 1. februar 2019. I utvalet sit to frå rådmannens leiargruppe, hovudverneombod, hovudtillitsvald og to frå kommunestyret som er Marthe S. Momrak og Tone I. Veum. Utvalet blir leia av Martha S. Momrak og personalkonsulenten er sekretær og kallar inn til første møte. Etter at nemnte reglement er vedteke set rådmannen ned ei eiga grupper som tilpassar det administrative delegeringsreglement desse.
PS 52/18 Endringar i politisk struktur - politikargodtgjering - Det setjast ned eit utval som skal kome med forslag til politisk godtgjering for neste valperiode. - Utvalet skal og gjere ei vurdering av politisk organisering for kommunestyreperioden 2019-2023. - Forslag til endringar leggast fram for kommunestyret seinast til møte i desember 2018. Utvalet vert sett saman slik: To representantar frå Arbeiderpartiet. Desse er: 1.... 2.... Ein representant frå Senterpartiet. Denne er: 1.... Rådmannen er sekretær for utvalet. Framlegg frå AP v/ Nils Kristian Moe: Representantar frå AP: Nils Kristian Moe som leiar og Ingunn Lauvrak. Framlegg frå SP v/ Kjell Sverre Thoresen: Representant frå SP: Elisabeth Gasmann. Samrøystes for begge framlegga. - Det setjast ned eit utval som skal kome med forslag til politisk godtgjering for neste valperiode. - Utvalet skal og gjere ei vurdering av politisk organisering for kommunestyreperioden 2019-2023. - Forslag til endringar leggast fram for kommunestyret seinast til møte i desember 2018. Utvalet vert sett saman slik: To representantar frå Arbeiderpartiet. Desse er: 3. Nils Kristian Moe, leiar 4. Ingunn Lauvrak Ein representant frå Senterpartiet. Denne er: 2. Elisabeth Gasmann Rådmannen er sekretær for utvalet.
PS 53/18 Tilsetting av assisterande rådmann Intervjuutvalet han nå konkludert med at ein ynskjer å gå til ny utlysing i midten av august. Framlegg frå ordføraren: Kommunestyret tek konklusjonen til intervjuutvalet til vitande. Samrøystes for framlegget frå ordføraren. Kommunestyret tek konklusjonen til intervjuutvalet til vitande. PS 54/18 Oppretting av 70 % heimel Gimle skule Der blir oppretta ein ny heimel på Gimle skule, 70 % pedagog. Stillinga blir finansiert av refusjon frå annan kommune. Samrøystes for å handsame saka under lukka møte etter off. lova 13 og forvaltningsloven 13.1. Samrøystes i samsvar med innstillinga frå rådmannen. Der blir oppretta ein ny heimel på Gimle skule, 70 % pedagog. Stillinga blir finansiert av refusjon frå annan kommune. PS 55/18 Endring i rutiner ved vurdering av ledige stillingar. Hovudregelen er at ledige faste stillingar, med unntak av stillinger i turnus innan pleie og omsorg, skal vurderast av hovudutval og administrasjonsutval før endelg vedtak i formannskapet. Stillingane skal fyrst vurderast av ordførar slik at han unntaksvis kan fatte vedtak om at stillinga kan lysast ut direkte utan politisk handsaming. Framlegg frå Arbeiderpartiet v/ Nils Kristian Moe: Hovudregelen er at ledige stillingar skal vurderast av hovudutval og administrasjonsutval før endeleg vedtak i formannskapet. For at tilsettingar skal kunne skje smidig får ordføraren fullmakt til å vurdere kva for stillingar som kan tilsettast utan vidare politisk vurdering. Stillingar i turnus i pleie og omsorg treng ikkje slik vurdering og kan tilsettast direkte av administrasjonen etter vanlege reglar.
Samrøystes i samsvar med framlegget frå Arbeiderpartiet. Hovudregelen er at ledige stillingar skal vurderast av hovudutval og administrasjonsutval før endeleg vedtak i formannskapet. For at tilsettingar skal kunne skje smidig får ordføraren fullmakt til å vurdere kva for stillingar som kan tilsettast utan vidare politisk vurdering. Stillingar i turnus i pleie og omsorg treng ikkje slik vurdering og kan tilsettast direkte av administrasjonen etter vanlege reglar. PS 56/18 Søknad om fleire ressursar til einskildelevar for skuleåret 2018/2019 Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg gjer Gimle skule høve til å lyse ut og tilsetje ein 100% spesialpedagog og ein 50% fagarbeidar utover ramma på heimelslista. Handsaming i Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg - 07.06.2018 Samrøystes i samsvar med innstillinga frå rådmannen. Vedtak i Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg - 07.06.2018 Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg gjer Gimle skule høve til å lyse ut og tilsetje ein 100% spesialpedagog og ein 50% fagarbeidar utover ramma på heimelslista. Handsaming i Kommunestyret - 21.06.2018 Framlegg frå Guro Libjå: Saka vert utsett til neste kommunestyremøte. Samrøystes i samsvar med framlegget frå Guro Libjå. Vedtak i Kommunestyret - 21.06.2018 Saka vert utsett til neste kommunestyremøte. Samrøystes for å handsame saka under lukka møte etter off. lova 13 og forvaltningsloven 13.1. Samrøystes i samsvar med vedtaket i hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg. Dette gjeld for skuleåret 2018/2019. Kommunestyret gjev Gimle skule høve til å lyse ut og tilsetje ein 100% spesialpedagog og ein 50% fagarbeidar utover ramma på heimelslista for skuleåret 2018/2019.
PS 57/18 Overordna samarbeidsavtale mellom Sykehuset Telemark Helseforetak og kommunane i Telemark Praksisen med at delavtaler godkjennast av styringsgruppa for samhandlingsprosjektet held fram og overordna samarbeidsavtale mellom Sjukehuset Telemark Helseforetak og kommunane i Telemark vert godkjent. Samrøystes i samsvar med innstillinga frå rådmannen. Praksisen med at delavtaler godkjennast av styringsgruppa for samhandlingsprosjektet held fram og overordna samarbeidsavtale mellom Sjukehuset Telemark Helseforetak og kommunane i Telemark vert godkjent.