INNHALD. 1.0 INNLEIING - Bakgrunn for planarbeidet 2.0 MÅLSETJING FOR PLANARBEIDET



Like dokumenter
Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Masfjorden kommune KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

10/60-14/N-211//AMS

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Rullering av kommunetemaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv, kulturbygg og kulturminne for 2015

Sandeid skule SFO Årsplan

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Strategiplan

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Øystese barneskule April - 08

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Friluftslivets år 2015

Handlingsprogram og økonomiplan

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Framlegg til: Kvinnherad Kommune. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Program OSTERØY HØGRE

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Plan for Liabygda SFO

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Tertialrapport 2 tertial 2015

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

«Ny Giv» med gjetarhund

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Finansiering av søknaden

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Forslag til nytt handlingsprogram for anleggsinvesteringar

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Adresseføresegner, Sund kommune

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Transkript:

INNHALD 1.0 INNLEIING - Bakgrunn for planarbeidet 2.0 MÅLSETJING FOR PLANARBEIDET 3.0 UTFORDRINGAR OG VERKEMIDDEL - Sikring av aktivitetsområde - Finansiering av aktivitets- og anleggskostnadene - Godkjenning av tiltak eller anlegg 4.0 RESULTATVURDERING AV PLANEN FRÅ 2006 5.0 SAMORDNING AV ULIKE INTERESSER OG PLANAR 6.0 SITUASJONEN FOR AKTIVITETAR OG ANLEGG 7.0 EKSISTERANDE ANLEGG - Regionale uteområde - Kommunale uteområde - Nærmiljøområde utandørs - Kommuneområde innandørs - Nærmiljøanlegg innandørs 8.0 PRIORITERT HANDLINGSPROGRAM FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET 9.0 LISTE OVER LANGSIKTIGE OPPGÅVER

1.0 INNLEIING Masfjorden kommune har eit folketal på 1669 pr. 1.10.2010. Dette er ein auke på 22 personar sidan den førre kommunedelplan for idrett og friluftsliv vart vedteken i 2006. Heile auken har kome i 2010. Fordelinga på skulekrinsane er slik pr.1.1.2010, tala frå 2006 i parentes: Nordbygda Sandnes Matre 718 (698) 465 (487) 452 (462) I aldersgruppa 0-16 år er fordelinga slik pr.1.10.2010: Nordbygda Sandnes Matre 131 (120) 107 (104) 106 (83) I 2010 har kommunen 6 ulike idrettslag og skyttarlag. Medlemstala for 2009 samanlikna med 2005: 2009 2005 Under 19 år 376 315 Over 19 år 431 446 Bakgrunn for planarbeidet Den førre kommunedelplanen for idrett og friluftsliv vart vedteken av kommunestyret den 14/12 2006 og prioritert handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet vart seinast revidert av kommunestyret den 9/12 2010. Dette utkastet til kommunedelplan for idrett og friluftsliv byggjer på den førre planen og er tenkt dekka fireårsperioden 2011-2014. 2.0 MÅLSETJING FOR PLANARBEIDET Den vedtekne målsetjinga frå 2006 lyder slik: Gjennom denne planen skal ein - legga til rette for auka fysisk aktivitet for alle aldersgrupper - motivera innbyggarane til auka fysisk aktivitet - prioritera planlegging og utvikling av anlegg/område som kan gjera det lettare for fleire å driva ei eller anna form for idrett og fysisk aktivitet Målsetjinga er ikkje blitt mindre aktuell i den fireårsperioden som er gått. Behovet for fysisk aktivitet i befolkninga er aukande. Problema med feilernæring, overvekt og livstilssjukdomar som har sin bakgrunn i liten fysisk aktivitet, ser ut til å stiga. Målsetjinga i planen kan såleis vidareførast til neste fireårsperiode: Gjennom kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet for perioden 2011 2014 ønskjer Masfjorden kommune å: - legga til rette for auka fysisk aktivitet for alle aldersgrupper - motivera innbyggarane til auka fysisk aktivitet - prioritera planlegging og utvikling av anlegg/område som kan gjera det lettare for fleire å driva ei eller anna form for idrett og fysisk aktivitet - gjennom tilrettelegging av turvegar/-løyper og -stiar og møteplassar i naturen motivera alle aldersgrupper til å komma seg ut - stimulera etablert idrett og friluftsaktivitet for å hindra fråfall

3.0 UTFORDRINGAR OG VERKEMIDDEL Sikring av aktivitetsområde Behov for aktivitetsområde til leik, idrett og friluftsliv som kjem fram gjennom planarbeidet, må sikrast gjennom kommuneplan, kommunedelplanar og reguleringsplanar. For byggeområde og for landbruks-, natur og friluftsområde bør det stillast areal- og funksjonskrav til leikeareal og anna opphaldsareal ute, også krav om samstundes ferdigstilling av bustad- og uteområde. Sjølv om kommunen har ein grisgrendt byggestruktur, er ikkje det nokon garanti for at behovet for leike- og opphaldsområde for barn og unge er teke tilstrekkeleg omsyn til. Det er viktig at barn og unge kan nå barnehagar og skular med minst mogeleg transport og gjerne på eiga hand utan å risikera liv og helse. Slik blir dei ikkje så avhengige av skyss til alle mogelege aktivitetar. Det er også aktiviserande at barn og unge kan nå sine område på eiga hand. Hos oss er det teke lite omsyn til dette t.d. med å byggja gang-/sykkelvegar. Dette har m.a sin bakgrunn i den spreidde busetnaden. Det gjer at det blir viktig å utvikla lokale aktivitetsområde. Finansiering av aktivitets- og anleggskostnadene Nordbygda sentralidrettsanlegg er eigd av kommunen, men det er Masfjord fotballag som er ansvarleg for vedlikehaldet gjennom ein driftsavtale med kommunen. Kommunen gjev pr. 2010 eit årleg tilskot på kr 150000 til fotballaget for å driva anlegget tom. 2013. Matre symjebasseng er eigd av kommunen. Driftsmodellen går ut på at kommunen har ein drifts- og vedlikehaldsavtale med IL Bjørn West og Einekavane om vakthald, vaktmeistertenester og reinhald. Kommunen løyver eit fast tilskot til IL Bjørn West for vakthald og Einekavane for vaktmeistertenester og reinhald. I 2010 er det budsjettert med kr 115000 til dette. Dei andre driftskostnadene betalar kommunen direkte. IL Bjørn West får billettinntektene for offentleg bading. Billettinntektene utgjorde i 2009 kr 28855. Matre idrettsanlegg er privat. Kommunen har ein leigeavtale med grunneigar og vedlikehaldsavtale med IL Bjørn West. Kommunen har gjennom denne teke på seg ansvaret for vedlikehaldet, men det er ikkje konkretisert faste summar. Eit slikt samvirke om drift og vedlikehald mellom kommune og idrettslag er positivt og gjev kanskje meir vedlikehald for kvar krone enn om kommunen åleine skulle ha ansvaret. Kommunen må i framtida prioritera mindre kostnadskrevjande tiltak og gjerne vri tilskot og investeringar over på meir aktivitetsbaserte tiltak som instruktøropplæring, samordning, turløyper og friluftsliv. Idrettslaga bør tenkja nøye gjennom kva for investeringar og driftsmodellar som gjev mest aktivitet for kvar krone. Kommunen vil halda fram med årlege løyvingar gjennom kulturmidlane til instruktøropplæring og drift av aktivitetar Rimelege nærmiljøanlegg har løyst ut stor dugnadsinnsats hjå idrettslag og foreldregrupper. Kommunen må her vera ein positiv medspelar og tilretteleggjar.

Aktivitetsmønster i endring Både idrett, friluftsliv og anna fysisk aktivitet er i stadig endring. I konkurranse med andre aktivitetar, dei fleste stillesitjande er det vorte stadig knappare tidsrammer for både organisert og uorganisert aktivitet. Kravet hjå brukarane er også endra i takt med dette. Kvalitet på tilbodet får meir å seia enn kvantitet, og lokal forankring får mindre å bety. Dette set krav til tilbydarane av idrett og fysisk aktivitet i Masfjorden i konkurranse med omliggande kommunar. For å imøtekomme slike krav når det gjeld kostnadskrevjande anlegg, må ein i større grad samarbeide med nabokommunar om interkommunale og regionale anlegg. Grøne kunstgrasbaner har t.d. resultert i formidabel aktivitetsauke innan fotballen i andre kommunar. Den manglande bruken av grusbanene i Masfjorden underbyggjer dette. Skianlegg er også konkurranseutsett, der tilgjenge og kvalitet på arena er viktige faktorar for å stimulere aktiviteten. I enkelte idrettar kan det vere aktuelt å inngå hospiteringsavtalar med andre lag og miljø for å kunne utvikle seg i sin idrett. Det må då takast omsyn til alder og avstand. Nye aktivitetsformer dukkar også opp, som 3-ar og 5-ar fotball i yngre klassar, endring frå kostbare kaliber til rimelegare kaliber i skyting. Opne og tilgjengelege anlegg er og ein viktig faktor for å motivere til uorganisert aktivitet. Gymnastikksalane ved skulane bør òg i endå større grad kunne nyttast til uorganisert aktivitet og møteplass for ungdom. Nye grensesprengande aktivitetar har vakse fram i kjølvatnet av mediefokusering. Dette gjeld både organisert og uorganisert aktivitet, med og utan anlegg. Terskelen for å komme i aktivitet er svært variabel, og for mange svært høg. Det er difor også viktig innan dei fleste aktivitetsområde å leggja til rette for lågterskeltilbod som kan inspirera til vidare aktivitet. Dette gjeld ikkje minst for brukarar med særlege behov. Samfunnet er også i endring og blitt eit fleirkulturelt samfunn som og set tilbuda til aktivitet på prøve. Integrering i det sosiale fellesskap som er ein del av idretten sin eigenart, er ein god start for anna integrering også. Det er viktig at både handlingsplanar og tiltak tek omsyn til nye utfordringar. Tiltak For å sikra at anlegga vert brukte, må ein syta for at dei er lett tilgjengelege og opne for aktivitet. Det er viktig at anlegga er lagt til rette for allsidig aktivitet, gjerne parallelle aktivitetar for born og vaksne. Nasjonalt råd for fysisk aktivitet meiner at meir av spelemidlane bør gå til turstiar, sykkelvegar og friluftsliv. Den mest effektive måten å få folk opp av sofaen på, er å gjera det lettare å driva friluftsliv. I folkehelsesamanheng vil noko av det viktigaste me kan gjera, vera å legga til rette for turgåing for ulike aldersgrupper til alle årstider. Informasjon om idrett og fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv må bli tilgjengeleg for innbyggjarane.

Godkjenning av tiltak eller anlegg Det er opp til kommunen å godkjenna planar for det einskilde idrettsanlegg. Dette omfattar idretts- og friluftspolitiske tilhøve, idretts- og friluftsfaglege tilhøve eller tekniske tilhøve som tilkomst, plassering, tryggleik osb. Planar bør ikkje godkjennast før dei er samordna og vurdert opp mot andre kommunale planar. Idrettsrådet er høyringsinstans i arbeidet med kommunale planar. Dei estetiske og miljømessige sidene ved planane er alltid viktige. Planane må også korrespondera med overordna planar og fellesinteresser. 4.0 RESULTATVURDERING AV PLANEN FRÅ 2006 Fleire av tiltaka i det prioriterte handlingsprogrammet frå 2006 er gjennomførte. Det gjeld turkart for heile Masfjorden (2009), miniatyrskytebane Sandnes skule (2010), oppgradering av skytebane, Frøysetvågen (2008), rehabilitering av idrettsbana på Matre (2007), garderobebygg og klubbhus på sentralidrettsanlegget (2009) og vidare utbygging av nærmiljøanlegg på Nordbygda skule. Alpinanlegget i Stordalen har vorte utbygt stegvis gjennom perioden. Nærmiljanlegg ved Sleire grendahus kom med i 2008. I tillegg ligg ein i startgropa for arbeid i marka med nærmiljøanlegg på Matre, slik at kommunen kan vera rimeleg nøgd med gjennomføringsgraden. Av tiltaka på lista over langsiktige oppgåver er ein no i gang med forprosjektet til fleirbrukshall. Det vart ikkje vedteke noko ny eiga prioriteringsliste når det gjeld friluftsliv i 2006 i og med at ein då gjekk over til å laga ein samordna handlingsplan for idrett og friluftsliv. Idrettsskulen kom i gang i 2007. Kommunestyret reviderte handlingsprogrammet seinast i desember 2010. Av anlegga på den lista er pkt. 1, klubbhus på Nordbygda idrettsanlegg langt på veg fullført sjølv om ein enno ikkje har fått spelemidlar til det. Det same gjeld det 2. punktet, elektroniske skiver på miniatyrskytebana på Sandnes. 5.0 SAMORDNING AV ULIKE INTERESSER OG PLANAR Handlingsprogrammet med idrett og fysisk aktivitet, må samordnast med Plan for oppvekstsektoren i Masfjorden kommune. Denne planen skal rullerast i 2011. Mykje av den fysiske aktivitet born og unge er med på, skjer i tilknytning til skule og barnehage. Det er difor viktig at det på desse stadene er eit fysisk miljø som stimulerer til fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet er komen inn i skuledagen for 5.-7. klasse etter pålegg frå sentralt hald. Tiltak som vert sette inn mot born i barnehage- og skulealder, kan påverka aktiviteten på fritida og såleis motivera til ein aktiv kvardag. Idrettsskulen er eit viktig verktøy i så måte. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet må vera eit verktøy for arbeidet med folkehelse i Masfjorden.

Planlegging og utvikling av nærmiljøanlegg ved Matre skule må prioriterast. Det vil vidare verta ei stor oppgåve å halda vedlike nærmiljøanlegga ved skulane og leikeområda i barnehagane. Oppvekstplanen, vedteken i kommunestyret 11.05.06, seier i kap 5: Når planperioden er over, har ein i minst eit av oppvekstområda sett i gang forsøk med tilbod om varmt måltid, leksehjelp, fysisk aktivitet og fritidsaktivitetar i ein forlenga skuledag for at borna skal få meir tid saman med foreldra. Fullt så langt er ein ikkje komen enno. I kap 7 i same planen har kommunestyret vedteke: Kommunen skal oppretta idrettsskuletilbod i dei 3 oppvekstområda for barnesteget. Det er viktig at kommunen ser desse planane i samanheng, slik at vi klarar å nå målsetjinga om å leggja til rette for auka fysisk aktivitet. Idrettsskulen har hatt årlege løyvingar til drift frå 2007, men har hatt nedgang i talet på deltakarar det siste året. 6.0 SITUASJONEN FOR AKTIVITETAR OG ANLEGG Nordbygda sentralidrettsanlegg mangla tilfredsstillande lokalitetar til garderobe og kontor fram til 2009. Garderobebygget vart offisielt opna i august 2009. Banene som er knytt til anlegget har no tilfredsstillande standard og eit bra vedlikehald. Drifts- og vedlikehaldsavtalen med Masfjord fotballag ser ut til å ha fungert bra. Det er ønskje om krøllgras på grusbana og kunstdekke på løpebana. Det er trong for betre parkeringstilhøve ved anlegget. Idrettsbana på Matre blei rehabilitert i 2007 med nytt grusdekke. Det er ynskje om krøllgras på fotballbana og kunstdekke på løpebanene. Bana er også ein del av leikeområdet på Matre skule. Drifta og bruken av Matre symjebasseng såg ut til å ha funne si form då bassenget vart stengt, men det vil vera naturleg å gjera nye avtalar når det kjem i drift att hausten 2011. Mangel på kvalifiserte instruktørar er ein av flaskehalsane for idrettslaga når det gjeld organisert trening. Tilrettelegging for og motivering av instruktørar må prioriterast, og det bør setjast av kommunale tilskot til utdanning og kursing av desse. Ei anna utfordring er kollisjonar mellom ulike aktivitetar for born og unge. Godt samarbeid mellom ulike lag er nødvendig for å unngå dette. Idrettsskule ligg som ei forlenging av skuledagen, jfr. pkt 5 ovanfor, slik at flest mogeleg av borna kan vera med utan at heimane vert belasta med meir kjøring. Det har også ein miljømessig effekt. Det er behov for nærmiljøanlegg som stimulerer til auka fysisk aktivitet på Matre skule og vidare utbygging på Nordbygda. Sandnes skule har eit svært bra nærmiljøanlegg. Stor bruk året rundt fører til slitasje, og det er viktig både for framtidig bruk og tryggleik med eit jamnleg vedlikehald av anlegget frå starten av. Uteområda i barnehagane og nærmiljøanlegga ved skulane er kommunale anlegg der kommunal vedlikehaldsteneste står for vedlikehaldet. Tarzanbana er eit meir komplisert anlegg som kommunen må leiga inn sertifisert personell for å halda vedlike. Det må årleg setjast av midlar til vedlikehald av nærmiljøanlegga ved skulane og leikeområda ved barnehagane.

Ballbingar har vist seg som gode og attraktive nærmiljøanlegg. Det er trong for slike der det er lang avstand til nærmiljøanlegga ved skulane, t.d på Solheim, Andvik og Einestrand/Kvingo. Dersom det skal bli aktuelt å byggja fleire ballbingar, må bygdelag/velforeiningar eller idrettslag ta initiativet til det. Masfjorden kommune har oppretta ei 50% stilling som folkehelsekoordinator. Vedkomande skal vera koordinator mellom kommunen, ulike kommunale tenester og frivillige lag når det gjeld å auka den fysiske aktiviteten i befolkninga. Målet er m.a. å få fleire av dei som no ikkje er fysisk aktive, til å delta i fysisk aktivitet. Tilrettelegging av turstiar, turløyper og turvegar er eit aktuelt tiltak for å få fleire til å driva fysisk aktivitet året rundt. Idrettslaga fekk midlar til merking av turstiar i 2009. Merkinga er no i tråd med ei nasjonal og internasjonal norm for merking som er gradert etter kva type sti/løype det er, og kor krevjande stien/løypa er. Vidare merking må tilpassast denne norma. Merkinga er òg samordna med turistforeninga si merking (T). Det er truleg bruk for fleire turløyper og turvegar i åra som kjem i ulike deler av kommunen. Ein kan få inntil 50% tilskot til desse. I Kommunestyret sitt vedtak 9/12 2010 om forprosjekt fleirbrukshall står det m.a.: Masfjorden kommune arbeider vidare med planane om å få realisert fleirbrukshall ved Nordbygda skule. Framdriftsplanen går ut på at spørsmålet om endeleg plassering og kjøp av areal vert avklara i 2011. Dersom ein skal kunna søkja om spelemidlar i 2012, må planane vera førehandsgodkjende av departementet før 15. januar 2012. Idrettsskulen kom i gang i 2007. Føremålet er å stimulera interessa for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i ung alder med von om at den einskilde finn glede i og ser verdien av å vera fysisk aktiv. Tilbodet har vorte gjeve til elevar i 1.-7. klasse og går over 1,5 timar ein dag i veka. Det er laga årsplan for aktiviteten. Øvingar og opplegg blir endra og har ein viss progresjon i høve til alder. På kvar skule er det ein til to lærarar som er instruktørar. Der gruppene er store, nyttar ein assistentar i tillegg. Den idrettsfaglege kompetansen i idrettsskulen må ivaretakast. Deltakartalet har utvikla seg slik: År 1.-4. 5.-7 Totalt % av elevane 2007 62 48 110 68 2008 52 41 93 62 2009 49 47 96 67 2010 50 19 69 49 Ein må sjå på korleis ein kan auka deltakinga i idrettsskulen, særleg i aldersgruppa 10-12 år. Det frivillige skyttarvesen har gjennom skyttarlaga eit tilfredsstillande anlegg utandørs hjå Frøysetvågen skyttarlag og eit innandørs gjennom Fjon skyttarlag si bane på Sandnes skule. Innandørsanlegget ved Nordbygda skule må utvidast. Konkurranseforma kan bli endra i høve nye kaliber, og anlegga må i så fall tilpassast dette.

7.0 EKSISTERANDE ANLEGG Regionale uteområde: 1 Båtutfartsområde frå Holsøy til Sogn grense 2 Areklettsanden 3 Masfjordfjella og Fjonfjella 4 Frøysetvassdraget 5 Stordalen hytteområde og alpinanlegg 6 Stordalen skianlegg 7 Steinareset Uteområde som tener heile eller større deler av kommunen 1 Nordbygda sentralidrettsanlegg 2 Matre idrettsbane 3 Ballbane Sandnes 4 Haukelandsdalen lysløype 5 Fjon fjellkyrkje, uteområde Lokale badeområde, merka i arealplanen 1 Sandnesvika badeområde, vil vera aktuelt å avgrensa området i sjø 2 Merkesdalen badeområde 3 Haugsværvågen badeområde 4 Ådnekvamsholmen 5 Einestrand badeområde 6 Grunnevika badeområde 7 Solheim Lokale fiskeområde, merka i arealdelen av kommuneplanen

Nærmiljøområde utandørs 1 Sandnes skule nærmiljøanlegg 2 Nordbygda skule nærmiljøanlegg 3 Matre skule nærmiljøanlegg 4 Leikeområde Indre Masfjorden barnehage 5 Leikeområde Nordbygda barnehage 6 Leikeområde Sandnes barnehage 7 Nærmiljøanlegg Sleire 8 Leikeplass Ildalsåsen 9 Leikeplass Skolten 10 Solheimsneset leikeplass 11 Haugsvær leikeplass 12 Stien leikeplass 13 Frøysetvågen skytebane 14 Solheim skytefelt 15 Andvik skytebane 16 Kjetland Haukeland turløype 17 Vågeneset Matre tursti 18 Botneneset tursti 19 Ballbinge Haugsvær 20 Ballbinge Ytre Haugsdal 21 Klatrevegg Hatlevik 22 Buldrestein Matre 23 Sykkelbane Matre Kommuneområde innandørs 1 Matre symjebasseng 2 Garderobeanlegg Nordbygda idrettsanlegg 3 Varmestove Stordalen Nærmiljøanlegg innandørs 1 Gymnastikksal Nordbygda skule 2 Gymnastikksal Matre skule 3 Gymnastikksal Sandnes skule 4 Miniatyrskytebane Sandnes skule 5 Miniatyrskytebane Nordbygda skule

8.0 PRIORITERT HANDLINGSPROGRAM FOR 2012-2015 A Ordinære anlegg 1. Miniatyrskytebane Sandnes, elektroniske skiver 2. Matre symjebasseng 3. Kunstgras på treningsfelt Nordbygda idrettsanlegg 4. Lysløype/turveg på Sleire 5. Kunstgras på idrettsbana på Matre 6. Fleirbrukshall 7. Vidare utbygging alpinanlegg Stordalen, herunder klubbhus 8. Kunstdekke på løpebane på sentralidrettsanlegget Planføresetnader til handlingsprogrammet: Prioritet 1, 3, 4, 5, 7 og 8 vert finansiert privat, vurdert kommunal støtte. Prioritet 2 og 6 er kommunale tiltak B Nærmiljøanlegg 1. Matre skule, fritidspark 2. Kunstgras på grusbane, Sandnes 3. Nordbygda skule, fritidspark 4. Miniatyrskytebane, Nordbygda 5. Ballbinge på Sørsida 6. Vidare utvikling nærmiljøanlegg Sandnes skule 7. Turløype ved sentralidrettsanlegget 8. Orienteringskart for områda rundt skulane Planføresetnader til handlingsprogrammet: Prioritet 1, 2, 3 og 6 vert finansiert privat, med kommunen som drifts- og vedlikehaldsansvarleg. Prioritet 8 vert finansiert i eit samarbeid mellom kommunen, idrettsrådet, idrettslaga, turlag, næringslivet og grunneigarar. Prioritet 4, 5 og 7 vert finansiert privat, vurdert kommunal støtte. C Anlegg som må planleggast og konsekvensutgreiast før dei kjem med på prioriteringslista 1. Turveg Amundsbotn Sandnes barnehage 2. Kunstdekke på løpebane, Matre 3. Rehabilitering skytebane, Fjon skyttarlag 4. Turveg mellom Haugsvær og Matre 5. Turvegar i fleire bygdelag

9.0 LISTE OVER LANGSIKTIGE OPPGÅVER (5-12 ÅR) A Ordinære anlegg B Nærmiljøanlegg 1 Ballbingar i nye byggjefelt 2 Tennisbane på Matre 3 Sykkelkrossbaner C Anlegg som må planleggast og konsekvensutgreiast før dei kjem med på prioriteringslista 1 Vassportsanlegg 2 Anlegg for nytt kaliber i skyting, 50 m bane 3 Anlegg for jakt, øvingsskyting 4 Turløype i Stordalen i tilknytning til alpinanlegget