Rapport Camp Svalbard vinter 2019
Side 2 av 6 Innleiing Camp Svalbard vinter er eit samarbeid mellom Longyearbyen lokalstyre, Ung i Longyearbyen, Arktisk Naturguide (ANG) og Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps (LRKH). Campen vart arrangert ved Tellbreen frå 5.- 7.april og det var 20 ungdommar i alderen 13-18 år som deltok. Et av hovudmålet til Camp Svalbard er at «Camp Svalbard skal være en naturarena som legger det forebyggende perspektivet til grunn. Campen skal være tilrettelagt for glede og mestringsopplevelser i Arktisk natur, under trygge forhold». Forarbeid Tette samarbeidspartnarar er studentar ved ANG og frivillige hjå LRKH. Ei styregruppe på 5 studentar og 1 tilsett ved Longyearbyen hadde i oppgåve å planlegge camphelga. Dei ulike arbeidsoppgåvene til studentane var blant anna logistikk, sikkerhet, mat og aktivitetar. Informasjon om campen vart sendt ut til ungdommane gjennom skulen, på Ungdomsklubben og sosiale media. Påmeldinga starta i januar. Det vart gjennomført ein motivasjonskveld for alle deltakarane med foreldre/føresette før utreise. Målet var her å sikre seg at ungdommane har med seg riktig utstyr til eige bruk, samt gi inspirasjon til å delta på vintertur. Det vart samla saman ustyr som vart lånt av ulike aktørar i byen veka før gjennomføringa av campen. I tillegg vart det gjennomført ein tur til campområdet for å sjå på plassering av camp og snøforhold, samt eit informasjonsmøte til alle frivillige som skulle delta. Fredag morgon reiste ANG- studentane ut for å sette opp campen, før deltakarane kom fredag kveld. Eit godt forarbeid er heilt essensielt for ein vellukka camp! Sponsorar og samarbeidspartnarar 2019: *Coop Svalbard *Henningsen Transport og Guiding * Hurtigruten Svalbard *Korkpengestøtten *LNS Svalbard *Longyearbyen Lokalstyre kultur og idrett * Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps* Longyearbyen skole* *Svalbard Adventures *Sysselmannen på Svalbard* Svalbard Bygg AS * UNIS *Universitetet i Tromsø - Arktisk Naturguide
Side 3 av 6 Nyinnkjøpt utstyr I 2018 ble Camp Svalbard tildelt midlar frå Svalbard Miljøvernfond. Det vart gjort innkjøp av 8stk venorgammer til overnatting for ungdommane, samt 8stk multifuel- omnar til bruk i telta. Utstyret er meint som sambruksutstyr- dvs at dersom andre aktørar i byen, som t.d. Svalbard Turn eller Arktisk Naturguide ynskjer å bruke telta, skal dei ha mogelegheit til det. Denne vintercampen var den første campen der telta vart brukt i felt. Erfaringa er at telta er av svært god kvalitet, enkle å sette opp og ta ned, og gir godt med lys inne i telta i og med at dei er kvite og har store vindauger og i tillegg er st. Vi ser på dette som ei lur investering som aukar tryggleiken for teltakarane i camp. Logistikk Det er mykje utstyr som trengs for å lage ein friluftslivcamp på Svalbard. Det blir lånt utstyr frå ulike aktørar i byen til å arrangere Camp Svalbard. Det er mykje logistikkarbeid i forkant av arrangementet, og dette arbeidet blir gjort med mykje hjelp frå ANG- studentane. Alt av camputstyr vart i løpet av helga sendt ut og tilbake på beltevogn frå Henningsen Transport og Guiding. Deltakarar på campen og studentane frå ANG vart transportert fram og tilbake til campplassen med beltevogn frå Sysselmannen og Henningsen Transport og Guiding. I tillegg var det ungdommar med førarkort på skuter som køyrte sjølv. Lokalstyre sine lokalar ved gamle brannstasjonen vart brukt som base for utstyr før og etter campen. Både ungdommar og vaksne overnatta i telt. Samlingspunktet for campen var eit stort messetelt. Dette vart brukt til å ete felles måltid og sosial samlingsstad.
Side 4 av 6 Sikkerhet Ein ANG- student fekk i oppgåve å ha det overordna ansvaret for sikkerheten i campen. Vedkommande hadde ansvar for å sette opp lister for vakne isbjørnvakter, ansvaret for våpen og ammunisjon, ansvar for multifuel- omnane samt hovudansvar ved eventuelle uønska hendingar. Alle ANG- studentane rullerte på å stå isbjørnvakt. Branntepper vart plassert i alle telta med parafinomn eller open flamme. Førstehjelpsutstyr var lett tilgjengeleg i hovudteltet. Venorgammene som ungdommane sov i hadde varmeomnar, men desse vart skrudd av før leggetid, slik at dei ikkje brant i løpet av natta. Det var enkelt å fyre opp og gikk raskt å få varmen i desse telta, noko som er ein viktik backup å ha dersom nokon vert for kalde eller nedkjølt. Det vart teikna ei skade-/uføreforsikring på deltakarane knytt til Camp Svalbard. Det var ingen alvorlege personskader i løpet av camphelga. Mat Måltidet er ein viktig del når ein er ute og i aktivitet heile dagen, og det vert lagt vekt på at maten skulle serverast varm. Ein hadde også bestemt at maten skulle ha eit internasjonalt preg, og det vart difor servert både mexicanske, russiske, svenske og norske rettar. Det var ein matansvarleg på campen, som fikk hjelp av andre ANG- studentar. Program Eitt av hovudmåla til Camp Svalbard er at: «deltagelse på campen skal være frivillig, og alle i målgruppen skal ha lik mulighet for å være med.» Det vart lagt opp til eit program basert på vinterfriluftsliv med aktivitetsleiarar frå ANG og LRKH. ANG- studentane hadde ansvar for å lage heile programmet for helga. Dei ungdommene som mangla friluftslivutstyr, fikk lånt nødvendig utstyr av skolens utstyrslager, eller så samla ein saman nødvendig utstyr frå ANGstudentane eller andre private personar i byen.
Side 5 av 6 Aktivitetane som vart arrangert var: snøhulebygging, skileik med hoppekonkurranse, fjellskitur, randonee- skitur, 1.hjelps- «case» med LRKH samt mulighet til å hjelpe å ta ned redningshelikopter, musikkquiz, bålkos og andre sosiale aktivitetar/leikar. I tillegg til det oppsette programmet, er ein viktig del av det å vere på friluftslivcamp å bli kjent med kvarandre, å dele felles opplevingar. Konklusjon Det har vore gode tilbakemeldingar frå både ungdommane og ANG- studentane på årets vintercamp, og vi meina at Camp Svalbard vinter 2019 vart eit vellukka arrangement! Vi ser nytta og læringsverdien av å arrangere ein vinterfriluftslivcamp for ungdommar busett på Svalbard, og håpar at vintercampen kan bli ein årleg tradisjon som vert lagt til vinterferieveka til ungdommane som bur i Longyearbyen.
Side 6 av 6 Takk for turen! Foto: Tine W. Thorstad