Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 21.06.2018 Tidspunkt: 09:00 10:30 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Tarjei Andreas Draugedal Varaordførar KRF Jon Ingebretsen Medlem MDG Anne Birgit Sollid Medlem SP Tarjei Gjelstad Ordførar AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Bjørn Nordskog MEDL SP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Halvor Nyland Bjørn Nordskog H Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Berit Lundeberg Sekretær Formannskapet vedtok samrøystes å handsame sak 64 Briskelid søknad om lagerbu og flytebrygge dispensasjon og sak 65 Bukti søndre søknad om oppføring av fritidsbustad 2 dispensasjon. Svein Dag Midtsund var forhindra for å koma og orientere om starus for drift og utfordringar framover for tingretten og jordskiftedomstolen i Kviteseid. Orienteringa vert sett opp ved eit seinare møte. Ordføraren orienterte kort om rådmannen si utdanningspermisjon.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 59/18 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker RS 20/18 Referatsaker RS 21/18 Delegerte vedtak 15.05-11.06.18 Kviteseid kommune RS 22/18 Svar på søknad om skjenkeløyve 16.06.18 - Kviteseid Næringslag PS 60/18 PS 61/18 K - 13/3 - Massetak ved Fiskebekk - Lovbrotsgebyr - ny vurdering K - 13/8 - Vråliosvegen 518 - Bruksendring frå einebustad til fritidsbustad - dispensasjon PS 62/18 K - 15/1/2 - Straumsnesvegen 100B - Tilbygg til fritidsbustad - Etablering av gråvatnutslepp - Dispensasjon PS 63/18 PS 64/18 PS 65/18 Etablering av innkjøpssamarbeid i Midt- og Vest-Telemark K - 16/19 - Briskelid - Kviteseidvegen 1753 - Søknad om lagerbu og flytebrygge - dispensasjon K - 24/3 - Bukti søndre - Skarprudvegen 98 - Oppføring av fritidsbustad nr 2 - dispensasjon Lukka PS 59/18 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken.
Referatsaker RS 20/18 Referatsaker Referatsakene 21 og 22 vert tekne til orientering. PS 60/18 K - 13/3 - Massetak ved Fiskebekk - Lovbrotsgebyr - ny vurdering Vedtaket om lovbrotsgebyr i delegert sak ved interkommunalt plankontor, sak 131/17, blir oppretthalden. Tarjei Draugedal sa seg inhabil som representant for Skorve som part i sak. Formannskapet var samd i dette. Vedtaket om lovbrotsgebyr i delegert sak ved interkommunalt plankontor, sak 131/17, blir oppretthalden. PS 61/18 K - 13/8 - Vråliosvegen 518 - Bruksendring frå einebustad til fritidsbustad - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for bruksendring etter pbl 20-3 for einebustaden på g/bnr 13/8, Rudvang, frå heilårsbustad til fritidsbustad, slik det er søkt om. Bygningskoden blir endra frå 111 til 161 i matrikkelen. Ordføraren kom med framlegg om å utsette saka til om konsesjon vert avgjort. Saka vert utsett til konsesjonssaka vert avgjort.
PS 62/18 K - 15/1/2 - Straumsnesvegen 100B - Tilbygg til fritidsbustad - Etablering av gråvatnutslepp - Dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for eit tilbygg til hytte på g/b/fnr 15/1/2, slik byggesøknaden viser. Det blir også gitt dispensasjon for etablering av eit avløpsanlegg for gråvatn under føresetnad av at det blir gitt utsleppsløyve for eit slikt anlegg. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for eit tilbygg til hytte på g/b/fnr 15/1/2, slik byggesøknaden viser. Det blir også gitt dispensasjon for etablering av eit avløpsanlegg for gråvatn under føresetnad av at det blir gitt utsleppsløyve for eit slikt anlegg. PS 63/18 Etablering av innkjøpssamarbeid i Midt- og Vest-Telemark Kviteseid kommune vedtek å gå inn i eit vertskommunesamarbeid med kommunar i Midt- og Vest-Telemark. Rådmennene får i oppdrag å etablere eit samarbeid og vurdere egna organisasjonsform, innan 1.1.2019. Dette inkluderer vertskommuneavtale, vedtekter, driftsmodell og budsjett basert på «Forslag 2» Kviteseid kommune vedtek å gå inn i eit vertskommunesamarbeid med kommunar i Midt- og Vest-Telemark. Rådmennene får i oppdrag å etablere eit samarbeid og vurdere egna organisasjonsform, innan 1.1.2019. Dette inkluderer vertskommuneavtale, vedtekter, driftsmodell og budsjett basert på «Forslag 2» PS 64/18 K - 16/19 - Briskelid - Kviteseidvegen 1753 - Søknad om lagerbu og flytebrygge - dispensasjon Formannskapet gjev i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforboda i LNF-sona og i 50-meters beltet langs Nisser for bygging av ei (lager)bu, liten molo (ca. 2 m) og flytebrygge på g/bnr 16/19, Briskeli, på desse vilkåra: (Lager)bua: - Grunnflate 15-20 m2, og elles innanfor grensene for eit ikkjebyggesøknadspliktig bygg, sjå faktaavsnittet over. Moloen/flytebrygga: - Molo som forlenger eksisterande steingard ut i vatnet, ca. 2 m. - Avgrensa til maks. tre båtplassar.
- Etablering elles i samsvar med vedtekne retningsliner, så langt desse er relevante, sjå faktaavsnittet over. Formannskapet gjev i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforboda i LNF-sona og i 50-meters beltet langs Nisser for bygging av ei (lager)bu, liten molo (ca. 2 m) og flytebrygge på g/bnr 16/19, Briskeli, på desse vilkåra: (Lager)bua: - Grunnflate 15-20 m2, og elles innanfor grensene for eit ikkjebyggesøknadspliktig bygg, sjå faktaavsnittet over. Moloen/flytebrygga: - Molo som forlenger eksisterande steingard ut i vatnet, ca. 2 m. - Avgrensa til maks. tre båtplassar. - Etablering elles i samsvar med vedtekne retningsliner, så langt desse er relevante, sjå faktaavsnittet over. PS 65/18 K - 24/3 - Bukti søndre - Skarprudvegen 98 - Oppføring av fritidsbustad nr 2 - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for bygging av fritidsbustad nr 2 på g/bnr 24/3, 36/40, Bukti søndre, slik det er søkt om, men med ei endring av minimumsavstanden til uthuset, til 8,0 m. Tiltaket kan ikkje iverksetjast før det eventuelt er gitt byggeløyve etter pbl 20-1. Spørsmålet om utslepp til eksiserande anlegg vil også bli avgjort i eiga sak. Den nye fritidsbustaden skal matrikkelførast som ei sjølvsendig bueining (byggkode 161), og skal difor også vere eiga abonnementseining i den kommunale renovasjonsordninga. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for bygging av fritidsbustad nr 2 på g/bnr 24/3, 36/40, Bukti søndre, slik det er søkt om, men med ei endring av minimumsavstanden til uthuset, til 8,0 m. Tiltaket kan ikkje iverksetjast før det eventuelt er gitt byggeløyve etter pbl 20-1. Spørsmålet om utslepp til eksiserande anlegg vil også bli avgjort i eiga sak. Den nye fritidsbustaden skal matrikkelførast som ei sjølvsendig bueining (byggkode 161), og skal difor også vere eiga abonnementseining i den kommunale renovasjonsordninga.