1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen inn til Valdres Crossenter starter. Herifrå fylgjer du skogsbilvegen i ca. 2,5 km før du kjem til eit vegskilje. Her tek du til høgre og fylgjer denne vegen fram til stølen Handeslette. Du skal ikkje gå opp til stølen, men fylgje vegen vidare langs med tjednet og fram til posten. Den siste delen av vegen er berre ein traktorveg. Nord: 6772615 Aust: 502634
2 Kvithøvd (1001moh) Også her har du mange startmulegheiter. Dersom du parkerer ved Finneberg, fylgjer du stølsvegen opp til Slidrestøladn. Vidare traktorvegen som går over til Volbu til denne flatar ut. Her står det skilta til Kvithøvd inn mot venstre og du fylgjer denne stigen opp til Kvithøvd. Etter å ha passert eit stort kvitt hus på høgre hand og eit lita hytte på ventre hand, og har besøkt Øystre Slidre eit lite øyeblikk, nærmar du deg posten og det vestre utsiktspunktet på Kvithøvd. I det store kvite huset som du passerte, har det for øvrig vore hotelldrift for ein god del år sida. Tar du til høgre ved dette huset, kjem du for øvrig ut på det austlege utsiktspunktet der varslingsvarden på Kvithøvd står. Hytta mellom det kvite huset og turmålposten er ei ungdomslagshytte der det har vore mykje aktivitet og festlege lag opp gjennom åra. Nord: 6775892 Aust: 500306
3 Risteberget (520 moh) Turalternativ 1. Parker ved Ristetun. Finn fotballbanen og følg turmålskilt. Følge ein traktorveg som går ut frå sør- vestre hjørne av fotballbanen, over eit lite jorde og vidare oppover skogen. Dersom du kjem til ei grind ver slill å let den att etter deg. Det vil stå turpiler på stikryss. Det står og skilta Risteberget etter at du har gått litt oppover. Denne turleia vil gi deg fleire høgdemeter og eit lenger turalternativ enn om du tek turalternativ 2. Du kan og lage deg ein rundtur med å gå stig opp og gardsveg og fylkesveg ned eller omvendt! Turalternativ 2. Kjør Norda Berget. Ta av der det står skilta til Syndin og parker etter at du har kjørt forbi Høyme og kjem til fyrste skarpe svingen på stølsvegen til Syndin / Strø. Der gamle bommen stod. Dei lokalkjente kjenner denne plassen som Skal. Følg turmålpiler og merking innover til venstre ( når du kjem nedanfrå). Gå berre nokre meter på grus / gardsvegen før du tek innover til venstre på ein stig som fører deg til Risteberget. Nord: 6776973 Aust: 491349
4 Kruk (1582 moh) Turmålskilt ved Pyttingen. Hit kjem du ved å kjøre forbi Syndinsøga, ned mot Pyttingen. Parker her og gå opp langsmed jordene og følg tydeleg stig som startar der bilveg sluttar. Du går og langsmed ein bekk oppover. Etter å ha komme opp det fyrste bratte partiet går stigen ganske mykje til høgre (vestover) og rundt Nonskampen før du svingar rundt denne og opp i steinura. Dei siste metrane går du på verdens tak med ei fantastisk utsikt i alle himmelretningane, her er stigen utydleg men du vil lett sjå toppen. NB! Du skal runde Nonskampen og kome inn bak og lenger opp for denne lett synlege toppen. Nord: 6768994 Aust: 482709 Når du fyrst er på Kruk og har godt vær bør du gå bortom eit anna høgdepunkt. Eit lite fjell med utsikt over heile Helin, Svørsbotn og Svørsåne. For dei med høgdeskrekk hald dykk langt vekk frå kanten.! Her kan du og besøke eit vel 1000 år gammalt bøgahi like ved toppen. Dette er freda og er eit steingamalt kjennemerke på korleis folk har brukt fjellet i gammal tid.
5 Strøshøvda (932 moh) Parker på parkeringsplass før stølslaget. Følg enkel stig til venstre bak oppslagstavle (ca 400 m). Fin utsikt til heile Vestre Slidre Vestfjell og Vangsfjellet. For å få ein lengre tur, parker ved stig til Skardtjernet. Det er guida tur i området sundag den 26. juli. Turen startar kl 11:00 frå parkeringsplassen ved Strø. Nord: 6763273 Aust: 486477
6 Gråkampen (1595 moh) Kjør til Buaråne, forbi fyrste avkjøring til Halvorstølen og parker ved neste avkjøring til Halvorstølen. Her vil Turmålskiltet stå. Dersom du kjører så du ser eit grustak må du parkere her eller kjøre litt tilbake. Start turen med å gå på gamal stølsveg nord- vestover mot Halvorstølen. Like før du kjem til dei fyrste husa, skal du ta til venstre og følge ein fin stig oppover. Det er ein liten steinvarde og ei lita turmålspil der du skal ta av stølsvegen. Stigen går på skrå oppover til venstre før den rundar mot høgre og fører deg vidare oppover på ryggen. NB! Det går mange sauestigar på langs av Bukonofjellet, dersom du blir gåande for lenge på dei same høgdemetrane må du ta til venstre oppover til du finn ny stig å gå på. Når du er oppe på ryggen vil du sjå Gråkampen og stigen som leder deg til topps. Det står ei turmålpil der stigen fører opp i steinura. På den siste delen av turen må du vere ekstra observant. Her er det mange gamle fangstgroper å sjå og du går og i Hulabakkens rike. Det er guida tur til Gråkampen laurdag den 11. juli. Turen startar kl 11:00 frå Halvorstølen. Nord: 6759709 Aust: 485130
7 Trølltjedet (1077moh) Kjør til Nøsen og vidare sørover og over demninga synst på Storfjorden. Ta så til høgre der vegen delar seg (ved Føsseisstølen) og kjør ca 8 km vidare inn til Raubekk. Parker på høgre side etter brua. Fylg stig forbi stølen (til høgre), stigen går forbi Trøllklantadn (ta gjerne ein tur opp her også), vidare langs elva Trølla. Turmålet er plassert ved utløpet av Trølltjednet. Det er guida tur til Trølltjednet den sundag 19. juli. Turen startar kl 11:00 frå parkeringsplassen ved Raudbekk. Nord: 6754568 Aust: 483375
8 Knippa (1368 moh) Fantastisk turmål som kan nås frå alle kantar. Turmålskilt står på Grønsenhøgde. Parker her og følg lett synleg og gå-bar stig. Toppen ser du nesten heile vegen.du vil og ha ei fantastisk utsikt på tur opp og ned, denne åleine er verdt turen. Nord: 6761157 Aust: 491467
9 Landsrudfeten (1079 moh) Her har du fleire plassar du kan starte frå. Turmålskilt er satt opp ved Haugrudstølen på Høyset. Parker her og følg veg /stig oppover til du treffer på skiløypa mellom Knippeset og Ålfjell. Følg stigen til venstre. Etter kort tid kryssar du ein hytteveg. Følg stien/skiløypa vidare opp på høgaste punktet på Landsrudfeten (1079 moh). Her har du flott utsikt til Knippa, Gilafjellet og toppane i Jotunheimen. Det er også mogeleg å starte turen frå Knippeset. Frå parkeringsplassen som ligg like sør for krysset mellom stølsvegen Neste Buaråne og vegen til Vaset, fylgjer du vegen til Vaset ca. 100 m før du tek til venstre og fylgjer skiløypa oppover mot Veståsen hytteområde og vidare heilt fram til Landsrudfeten. Skiløypetraseen fylgjer vekselvis traktorveg og bilveg til du har passerte alle hyttene på Veståsen. Den siste strekninga fylgjer skiløypa ein sti fram til turmålet. Nord: 6766442 Aust: 497040
10 Olberg varde (987 moh) Frå Slidre kjører du over Einangsbrua og opp Trillebakkane. Etter du har kjørt 4 km på stølsvegen er det avkjøring til høgre til Gamlestølane. Parkeringsplass like før Gamlestøladn. Følg merka stig vidare. Varden ligg på 987 moh, medan toppen på Olberg ligg på 1001 moh. Den 28. juni er det opning av vakthytta. Meir opplysningar om arrangementet kjem i annonse i avisa Valdres. Nord: 6771634 Aust: 496915 Olberg tyder Olavs berg etter at Heilag Olav kom gjennom Slidre på kristningsferd Trevarden (veten) er frå den tida dei varsla krig ved å tenne vardane opp gjennom dalane. Segna fortel om krig mellom Hallingkongen og Valdreskongen. Etter eit slag inne på fjellet, rømte Valdreskongen ned til Hamrisløtet. Hallingkongen fylgde etter. Ein valdris ville vise vegen. Dei rei over Olberg. Då dei kom mot stupet i mørkret, kasta valdrisen fakkelen sin utover stupet, bråsnudde sjølv til sida. Hallingane fylgde fakkelen utfor stupet og slo seg i hel.