Program for Flora KrF Program for bystyreperioden 2016-2019 GRUNNSYN KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Verdigrunnlaget vårt er forankra i det kristne menneskesynet, at alle menneske har lik verdi, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. TRYGG OPPVEKST Vi vil arbeide for at barn og unge skal vekse opp i eit trygt og godt nærmiljø. Gode miljø i heim, skule og fritid er avgjerande for ein sunn og god oppvekst. Arbeide for eit aktivt og forpliktande samarbeid mellom heim og skule for å motverke mobbing, rusmisbruk og vold Stimulere til gode og positive fritidsaktivitetar slik at barn og unge får bruke og utvikle sine evner og ressursar i sitt eige nærmiljø og i naturen. At kommunen skal legge til rette for eit allsidig fritidstilbod Stimulere til eit godt samarbeid mellom dei frivillige organisasjonane Støtte tiltak for å styrke og hjelpe unge familiar. BARNEHAGE Krf går inn for at alle som ynskjer det skal få plass i barnehage. KrF ynskjer at barnehagane skal vere fleksible og tilpassa behovet til familien. Arbeide for utbygging av barnehagen i Brandsøy Legge til rette for private barnehagar i tillegg til offentlege SKULE FRITID KrF vil ha ein skule som baserer seg på grunnleggjande verdiar i vår kristne og humanistiske arv og i menneskerettane. KrF vil styrkje skulen sitt fokus på kunnskap og grunnleggjande ferdigheiter som er viktige for å gi barn og unge god ballast for å meistre utfordringar i samfunnet og i eige liv. Arbeide for utbygging av skulen i Brandsøy til fulldelt 1-7 skule Arbeide for at skulane og skulebygga skal vere viktige nærmiljøsenter for aktivitetar i grendene Arbeide for at vi skal ha gode skulefritidsordningar Arbeide for ei vidareføring av 2 pedagogordninga Støtte tiltak for å hindre mobbing og trakassering At vi skal ha eit inkluderande samfunn for personar som flyttar til landet, og å sikre ei god norskopplæring til desse.
KYRKJE, KUNST OG KULTUR Kyrkje og kristenliv saman med eit mangearta kulturliv er ein kulturarv som KrF vil vere med å ta vare på og føre vidare til etterkomarane våre. Kunst og kultur må halde etiske mål. Flora KrF vil arbeide for at: Det vert tilrettelagt for at samarbeidet mellom det offentlege, kyrkja og dei frivillige organisasjonane vert styrka. Løyvingane til kulturmidlar vert auka Kulturskulen får halde fram med opplæring og kulturformidling i form av song, musikk, dans, drama og biletkunst. Bibliotek og informasjonstenesta i kommunen skal halde eit høgt nivå. Kyrkjeleg fellesråd får budsjettrammer som gjer det mogeleg å utføre lovpålagde tenester og oppgåver som: - å vedlikehalde kyrkjene som brukshus og som kulturskattar - å halde kyrkjegardane i ein verdig stand Det vert iverksett bygging av kyrkjelydshus i tilknyting til Florø Kyrkje. HELSE- OG SOSIALOMSORG, KrF vil arbeide for at det skal vere eit godt helse og sosialtilbod for alle grupper og innbyggarar i kommunen. Flora KrF vil arbeide for: Å bedre tilbodet innan psykisk helsevern, særleg med tanke på barn og unge, flyktningar og innvandrarar Å tilrettelegge for bygging av rimelege husvære for vanskelegstilte At eldreomsorga i kommunen vert styrka At barnevernet vert styrka At bygging av omsorgsbustadar vert starta både i sjukehusbygget og i Docen 2 EDRUSKAP RUSVERN Problema som alkohol og narkotika påfører den einskilde og samfunnet er aukande også i vår kommune. KrF ser rusmiddelbruken mellom unge som eit av dei mest alvorlege teikna på sviktande oppvekstmiljø. KrF vil halde fram kampen mot desse nedbrytande kreftene, og vil støtte positive tiltak mot rusgiftene. Ha færre stadar med alkoholsal. Seie ja til ein rusfri livsstil og prioritere førebyggande edruskapsarbeid. Føre ein aktiv edruskapspolitikk Sikre god kontroll med alkoholomsetninga for å hindre omsetning av alkohol til mindreårige Støtte ettervernsarbeid for russkadde. Støtte utvikling av lavterskeltilbod til rusmiddelavhengige DISTRIKT- OG SENTRUMSUTVIKLING KrF ser det som viktig at vi får til ei kontinuerleg positiv distrikts- og sentrumsutvikling. Dette er viktig både for å oppretthalde folketalet og bidra til tilflytting til kommunen. Levande bygder og eit attraktivt bysentrum vil vere positivt for reiselivet og næringslivet.
Arbeide for opprusting av parkar og leikeområder. Støtte opprustning av turstiar i Brandsøyåsen og elles i kommunen Arbeide for utvikling av nærmiljøsenter i grendene. Styrke Eikefjord som eit sentralt knutepunkt i aksen mellom Florø, Naustdal og Førde Arbeide for utvikling av nye bustadbyggefelt og tilgjengelege tomtar i sentrumsnære områder samt i nærleiken av skular og barnehagar i distrikta Støtte opp om utvikling og gjennomføring av sentrumsplanen Arbeide for tilrettelegging av kaipromenade langs Florø Havn. Å få fortgang i arbeidet med å lage gang og sykkelsti rundt Havreneset og Brandsøy. (Det store 8-talet) SAMFERDSLE Eit godt utbygt samferdsletilbod er viktig for trivsel og utvikling både i distrikta og i dei sentrumsnære delane av kommunen. Flora KrF vil arbeide for: Gode kommunikasjonar på sjø, på land og i lufta. God standard på dei kommunale vegane med fokus på tryggleik. Å få bygt vidare på gang- og sykkelveg ut frå Eikefjord sentrum. Vidare utbetring av hovudtrafikkåra gjennom Florø sentrum. Å halde oppe eit godt kommunikasjonstilbod til øyane og indre distrikt slik at ein kan halde busetnaden i distrikta oppe. Å ha gode pendlarruter inkl ekspressbussruter mellom Florø og Førde Vidareføring av arbeidet med 45 minuttsregionen Vidareføre plan for veg over Grønenga og Terøya til Saga/Årebrot Båt og ferjetakstar på linje med resten av fylket. NÆRINGSLIV KrF ser det som svært viktig at kommunen legg tilhøva til rette for vidare utbygging av eit variert næringsliv. Det må og leggast til rette for at eksisterande bedrifter skal få høve til utvikling og ekspansjon. Kommunen må vere ein aktiv medspelar i å sikre dei arbeidsplassane vi har, og såleis vere med på å skape varige og trygge arbeidsplassar. Flora Krf vil arbeide for: At kommunen til ei kvar tid har areal tilgjengeleg for industritomter. Utvikling av Rota som framtidig industri, nærings og bustadområde. At kommunen sitt planverk tek vare på dyrka jord og skog, slik at jord og skogbruk framleis kan vere ei viktig næring i distrikta. Å betre tilhøva i jordbruket ved å stø tiltak for alternativ sysselsetting innnan jordbruket m.a. ved å utnytte produksjonar i skogbruk, gards- og bygdeturisme, innlandsfiske og jakt. At fiske kan vere ein viktig næringsveg i vårt distrikt. At havbruk kan vere ei vekstnæring i distriktet, men tilpassa dei avgrensingar som natur og miljø set. Å få fortgang i ferdigstilling av kystsoneplanen. Å auke utbygging og bruk av fornybar og bærekraftige energi. At nye arbeidsplassar innan fiskeindustri og fiskeforedling kan etablerast.
At nye arbeidsplassar tilknytta verftsindustrien kan etablerast. At dei store naturressursane, olje og gass utanfor kysten vår må gje nye oppdrag og etableringar knytta til Fjord Base og næringslivet ellers i kommunen. At turistnæringa skal vere ei vekstnæring i kommunen, og at marknadsføring av Flora som reisemål vert styrka. At kommunen får fleire offentlege arbeidsplassar, både fylkeskommunale og statlege. At næringsutviklingsarbeidet som Fram Flora har vore aktivt del i vert styrka og vidareutvikla MILJØVERN Ut frå KrF si grunnleggande forståing er naturen og skaparverket ei gåve vi har til forvaltning. Det må førast ein aktiv miljøpolitikk som viser at kommunen tek på alvor ansvaret sitt for ressursforvaltninga og miljøet. Flora KrF vil arbeide for at: Kommunen legg til rette for ei forsvarleg handtering av boss og miljøfarleg avfall. Det vert tilrettelagt for ei brukarvenleg mottaksordning for alle typar avfall. Det vert lage ein klimaplan for Flora Kommune. Kommunen i all si planlegging tek klart omsyn til natur og miljø. Kommunen skal sette krav til miljøsertifisering av sine leverandørar. KOMMUNEØKONOMI KrF vil arbeide for at kommunen skal ha ein effektiv organisasjon, med godt kvalifiserte medarbeidarar som stadig arbeider med forbetring av tenestetilbodet og kontinuerleg arbeider for å redusere sine driftskostnadar. KrF vil arbeide aktivt for å oppnå stordriftsfordelar ved strukturendringar i kommunen si drift. Auke i folketalet og auke i talet på arbeidsplassar er føresetnad nr 1 for auka inntekter til kommunen. KrF vil arbeide for å halde eigedomsskatten på eit lavast mogeleg nivå, og at den ikkje bør auke meir enn i samsvar med generell prisauke.
FLORA KRISTELEG FOLKEPARTI si valliste til kommunestyrevalet 2015 i Flora Kommune 1. Gustav Johan Nydal, Sivilingeniør Brandsøy 1960 2. John Bjarne Geithus, Ingeniør Florø 1985 3. Knut Byrkjeland, Fagarbeider Florø 1960 4. Hanne Elisabeth Nydal Student Brandsøy 1993 5. Olfrid Morotaie Pensjonist Florø 1941 6. Frode Hovland Rådgjevar Florø 1968 7. Marta Leirvik Lærar Florø 1958 8. Anne Nygård Solheim Jordmor Norddalsfjord 1954 9. Trond Øien Byggmester Florø 1966 10. Kari Kristin Berentzen Rådgjevar Florø 1956
Gustav Johan Nydal Eg er oppteken av at kommunen skal ha eit eit variert og konkurransedyktig næringsliv, og vil arbeide for at kommunen skal vere ein pådrivar og medspelar for vidare utvikling av næringslivet. Vekst i næringslivet og nye arbeidsplassar er vesentleg for vekst i folketalet og vil gje eit auka inntektsgrunnlag for kommunen. Dette vil gjere det lettare for kommunen å gje innbyggarane eit godt tenestetilbod. Prosessen med kommunesamanslåing må være visjonær men også ha brei forankring mellom innbyggarane enten Flora blir del av ein rein kystkommune eller ein stor Sunnfjord kommune John Bjarne Geithus Eg er oppteken av at KrF skal vere pådrivar for å sikre heile Flora kommune ei positiv utvikling og at kommunen skal ha levande bygder. Det er svært viktig å oppretthalde og vidareutvikle eit godt båtrutenett til øyane og bussruter til distrikta Eg er oppteken av at barnehagane og skulane i kommunen skal ha høg kvalitet og gje barna våre eit godt, trygt og allsidig læringsmiljø for å kunne meistre kvardagen og vere rusta for framtida. Kommunen må også arbeide for å vidareutvikle ingeniørutdanninga og få til samarbeid med ulike høgskular for å få fleire desentraliserte høgskule utdanningar til Flora. Knut Byrkjeland Trygg oppvekst for barn og ungdom er svært viktig for meg. Arbeidet som dei frivillige organisasjonane bidrar med i så måte må støttast så langt det er råd. Kommunen må prioritere auke i kulturmidlar til det frivillige arbeidet i åra framover. Å legge til rette for turstiar og for trygge sykkelvegar er viktig. Eg er også oppteken av at alle i kommunen får eit skikkeleg helse og sosialtilbod, og at eldreomsorga i kommunen stadig vert utvikla slik at fleire får eit godt tilbod.