TUSSA RADIOLINK RADIOUTSTYR RUTER - SJÅ EIGA RETTLEIING MONTERINGSRETTLEIING FOR RADIOLINK tussa.no
VELKOMEN TIL Denne rettleiinga skal hjelpe deg å kome raskt og enkelt i gang med montering av radiolink. Vi tilrår at du les gjennom heftet før du startar, og at du følgjer instruksjonane nøye. Tussa radiolink... Montering av radioutstyr... - Radiotype: Cambium PMP0 SM Clip...6 - Radiotype: Cambium PMP0d SM...6
TUSSA RADIOLINK 1 2 Figur 1 3 Cambium PMP0 SM Clip I pakken for radiolink skal dette vere med: 1 Antenne/radio Straumkabel til straumadapter 2 Antennekabel Antennefeste inkl. treskruar 3 Straumadapter 1 2 3 Cambium PMP0d SM
MONTERING AV RADIOUTSTYR Finn eit punkt på huset som har fri sikt mot radiobasen du skal rette antenna mot. Gjer ei vurdering på om du har funne ein fornuftig plass å montere den på. Det bør sjølvsagt ikkje vere rett under taket der det sklir av snø om vinteren til dømes. Punktet bør vere så høgt at det ikkje kan bli sperra av verken menneske, vegetasjon eller gjenstandar. Skru opp antennefestet når du er nøgd med plasseringa, bruk vedlagde skruar. Du kan sjølvsagt nytte andre feste om slikt eksisterer frå før. Finjustering av antenne etter montering Sikt antenna inn mot sendaren til Tussa (lokasjon oppgitt i brevet). Tilt antenna oppover eller nedover (som pilene på bileta under syner) om nødvendig, for å få best mogeleg sikt mot Tussa si radioantenne. Skru til alle skruar når du er nøgd med retninga (hugs å feste både skruar for tilting av antenne, og skruar på antennefestet slik at antenna ikkje flyttar seg). På neste side finn du detaljert monteringsrettleiing! Cambium PMP0 SM Clip Cambium PMP0d SM Figur 1a Denne antenna har 3 skruar som må festast godt når du er nøgd med retninga (1 skru på tilting, og 2 skruar på antennefestet). Figur 1b Denne antenna har skruar som må festast godt når du er nøgd med retninga (2 skruar på tilting, og 2 skruar på antennefestet).
Radiotype: Cambium PMP0 SM Clip Figur 2a Figur 2b 1 2 3 Monter antenna på antennefestet som vist på figur 2a og 2b. Figur 2a viser antenna framanfrå, medan figur 2b viser baksida. Sikt antenna inn mot sendaren til Tussa (lokasjon oppgitt i brevet). Tilt antenna oppover eller nedover om nødvendig, for å få best mogeleg sikt mot Tussa si radioantenne. Ref. Figur 1a på side. Skru til alle skruar når du er nøgd med retninga. Hugs å feste både skruar for tilting av antenne, og skruar på antennefestet slik at antenna ikkje flyttar seg. Strekk antennekabelen frå antenna og inn i huset til der du vil plassere straumadapteren og ruteren. Fest gjerne kablane med strips og/eller festeklips. For å føre antennekabelen gjennom veggen må du bore eit hol på minimum 1 mm, eller alternativt føre kabelen inn gjennom ein ventil eller liknande. Pass på at kabelen ikkje kjem i klem. Antennekabelen skal pluggast inn på straumadapteren der det er merkt: Gigabit Data+Power. Du høyrer eit lite klikk når han er på plass. 6 Plugg i radioen sin straumkabel mellom straumadapteren og 230 V stikkontakt. Lampa på straumadapteren skal då lyse grønt. Du kan no kople ein nettverkskabel frå straumadapteren merkt med Gigabit Data til ruteren. Sjå eiga rettleiing for kopling av ruter. Straumadapter 6 6
Radiotype: Cambium PMP0d SM Figur 3a Figur 3b 1 2 3 Monter antenna på antennefestet som vist på figur 3a og 3b. Figur 3a viser antenna framanfrå, medan figur 3b viser baksida. Sikt antenna inn mot sendaren til Tussa (lokasjon oppgitt i brevet). Tilt antenna oppover eller nedover om nødvendig, for å få best mogeleg sikt mot Tussa si radioantenne. Ref. Figur 1b på side. Skru til alle skruar når du er nøgd med retninga. Hugs å feste både skruar for tilting av antenne, og skruar på antennefestet slik at antenna ikkje flyttar seg. Strekk antennekabelen frå antenna og inn i huset til der du vil plassere straumadapteren og ruteren. Fest gjerne kablane med strips og/eller festeklips. For å føre antennekabelen gjennom veggen må du bore eit hol på minimum 1 mm, eller alternativt føre kabelen inn gjennom ein ventil eller liknande. Pass på at kabelen ikkje kjem i klem. Antennekabelen skal pluggast inn på straumadapteren der det er merkt: Gigabit Data+Power. Du høyrer eit lite klikk når han er på plass. 6 Plugg i radioen sin straumkabel mellom straumadapteren og 230 V stikkontakt. Lampa på straumadapteren skal då lyse grønt. Du kan no kople ein nettverkskabel frå straumadapteren merkt med Gigabit Data til ruteren. Sjå eiga rettleiing for kopling av ruter. Straumadapter 6 7
Tussa Kundesenter tlf. 70 0 63 00 kundesenter@tussa.no Meir informasjon om Tussa og dei einskilde produkta finn du på www.tussa.no